St.prp. nr. 33 (1997-98)

Om kapitalutviding i Telenor AS

Til innholdsfortegnelse

2 Formålet med kapitalutvidinga

Formålet med denne kapitalutvidinga er å styrke grunnlaget for å oppnå høg verdiskaping gjennom verksemda til Telenor. Høg verdiskaping er eit mål i seg sjølv, men Regjeringa legg og vekt på at ein med dette medverkar til å oppretthalde eit sterkt og konkurransedyktig Telenorkonsern som er den beste garantien for at utviklinga av moderne telekommunikasjons- og informasjonsteknologi kjem heile Noreg til gode.

Samferdselsdepartementet vil peike på at verken formålet eller forretningsstrategien som ligg til grunn for forslaget om ny kapitalutviding i Telenor AS skil seg frå det som Stortinget slutta opp om ved handsaminga av St.prp. nr. 64 (1995-96), og som resulterte i at Telenor si resterande gjeld til staten på 2 mrd. kr blei omgjort til eigenkapital.

Den direkte grunnen til det nye forslaget om å utvide eigenkapitalgrunnlaget i Telenor AS er at selskapet no ser for seg eit større potensial for å engasjere seg i lønsame prosjekt i utlandet, men som vanskeleg let seg realisere utan at selskapet blir tilført meir eigenkapital. Å utnytte dette potensialet er viktig for å utvikle Telenors kompetanse vidare på område der selskapet har oppnådd særlege konkurransefordelar og for å tryggje Telenors relative posisjon på den europeiske marknaden. Samstundes er det klart at denne ekspansjonen vil auke risikoen til selskapet i vesentleg grad.

Ei gjennomføring av Telenors utvida investeringsplanar utan tilføring av ny eigenkapital, vil med realistiske overslag føre til at konsernet sin bokførte eigenkapitalprosent vil falle under målsatt nivå. Samferdselsdepartementet viser til at kravet til Telenors soliditet sist blei vurdert i samband med handsaminga av St.prp. nr. 64 (1995-96), der det var semje om at eigenkapitalprosenten ikkje burde falle under 42 pst. Departementet finn det likevel tilstrekkeleg sannsynleg at eigenkapitalprosenten bør kunne haldast på dette nivå med ein kapitaltilførsel på 2 mrd. kr i denne omgang.

Finansiell soliditet er ein viktig konkurransefaktor på ein telemarknad der aktørane gjennomfører omfattande posisjonering og restrukturering av verksemda som følgje av ei dynamisk teknologi- og marknadsutvikling og innføring av generell konkurranse både på regionalt og globalt nivå.

Samferdselsdepartementet vil understreke at staten som eineeigar av Telenor normalt må vere villig til å tilføre selskapet ny eigenkapital dersom forretningsbilete tilseier det. Dersom Telenor ser fleire lønsame prosjekt som selskapet har føresetnader for å investere i, vil selskapet stå overfor ei konkurranseulempe dersom eigaren ikkje stiller ny kapital til rådvelde.

Med den høge veksten som venteleg vil prega tele-/IT-industrien i mange år framover, vil det kunne bli aktuelt med nye eigenkapitalinnskott på seinare tidspunkt og kanskje noko tidlegare enn om Telenors forslag blei fulgt fullt ut. Departementet ser det likevel som ein fordel å følgje eigenkapitalutviklinga i selskapet nøye og heller gjere fleire og mindre justeringar i eigenkapitalen enn få og store. Dette vil gi ei tettare eigaroppfølging og betre høve for eigaren til å vurdere overordna strategispørsmål.

Telemarknaden gjennomgår for tida store endringar. Regjeringa må stadig vurdere dei eigarformene/alliansane som er mest høvelege til oppnå dei telepolitiske måla på kort og lang sikt. Telenor treng likevel ny eigenkapital no. Det er no og i dei næraste åra etter gjennomføringa av den globale liberaliseringa av telemarknaden frå 1.1.98 at dei mest interessante investeringsprosjekt truleg vil syne seg. For at Telenor skal kunne utnytte investeringspotensialet er det avgjerande å ha finansiell styrke til å kunne forplikte seg når høve oppstår.

Regjeringa vil komme attende til spørsmålet om delprivatisering før en evt. neste utviding av eigenkapitalen i Telenor.

Som statsministeren gjorde greie for i Stortinget 22. januar 1998 har det sidan slutten av 1997 blitt ført samtalar mellom eigarane av Telia og Telenor representert ved det svenske Næringsdepartementet og det norske Samferdselsdepartementet med tanke på å undersøke moglege samarbeidsformer, eventuelt samanslåing, på likeverdig basis. Før dette om samtidig har dei to selskapa også ført samtalar, og det er utarbeidd eit utkast til ein intensjonsavtale mellom selskapa. Samtalane blei avbrotne mellom eigarane i midten av januar etter at den norske Regjering vurderte det som viktig først å hauste erfaring med den nyetablerte situasjonen med allmenn konkurranse på den norske telemarknaden, og kor Telenor og Telia er hovudaktørar og viktige konkurrentar. Telenor blei orientert om at dei ikkje kunne rekne med å få generalforsamlinga si støtte, dersom styret i Telenor ville legge fram forslag om samanslåing av selskapa. På bakgrunn av at det i debatten om statsministeren si utgreiing kom fram at eit fleirtal i Stortinget ønskjer at samtalane blir vidareført, har Regjeringa teke initiativ til å få prosessen i gang att. Samferdselsdepartementet og det svenske Næringsdepartementet er samde om å føre vidare samtalar for å avklare grunnlaget for forhandlingar som kan føre til ei samanslåing. Samferdselsdepartementet vil halde nær kontakt med Telenor i den vidare prosessen.

Regjeringa meiner at det utan omsyn til resultatet av forhandlingane om samanslåing av Telenor og Telia vil vere føremålstenleg å tilføre Telenor 2 mrd. kr i ny eigenkapital no. Det er ein føresetnad at ei evt. samanslåing av selskapa skal vere basert på likeverd mellom partane. Tilførsel av ny eigenkapital til Telenor bidrar til å gjere selskapa meir jamnstilte. Verdien av eit nytt nordisk telekonsern vil vere større enn summen av verdiene av Telenor og Telia kvar for seg. Dette inneber at tilførsel av ny eigenkapital til Telenor vil kunne vere ei god investering for staten. Ei evt. samanslåing av selskapa vil ikkje medføre store reduksjonar i investeringsbehova, sjølv om investeringane i Norden isolert sett vil kunne bli mindre. Sist må ein òg kunne ta omsyn til at ein ikkje no veit noko om resultatet av forhandlingane.