St.prp. nr. 41 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 79/96 av 13. desember 1996 om endring av vedlegg II og vedlegg X til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn

Ved EØS-komiteen si avgjerd nr. 79/96 av 13. desember 1996 vart europaparlaments- og rådsdirektiv 95/47/EF om standardar for overføring av fjernsynssignal (TV-standarddirektivet) innlemma i EØS-avtala. Reglane vil gå inn i vedlegg II og vedlegg X om høvesvis tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering og audiovisuelle tenester. Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart EØS-komiteen si avgjerd teken med atterhald om samtykke frå Stortinget.

I 1989 vedtok EU ein grunnleggjande strategi for innføring av avanserte fjernsynstenester og høgoppløysingsfjernsynstenester (rådsavgjerd 89/337/EØF, som er ein del av EØS-avtala, jf. Særskilt vedlegg 2 til St.prp. nr. 100 (1991-92), bind 6, s. 460, og rådsavgjerd 89/630/EØF). Direktivet er eit ledd i gjennomføringa av denne. Som ledd i same strategi har EU tidlegare vedteke det såkalla TV-direktivet (rådsdirektiv 89/552/EØF), som er ein del av EØS-avtala, jf. Særskilt vedlegg 2 til St.prp. nr. 100 (1991-92), bind 10, s. 251, og ein eigen handlingsplan for innføring av avanserte fjernsynstenester (rådsavgjerd 93/424/EØF).

Eit direktiv om standardar for satellittoverføring av fjernsynssignal (rådsdirektiv 92/38/EØF) vart vedteke i EU i 1992. Dette direktivet, som ikkje kjem inn under EØS-avtala, vart raskt forelda på grunn av den teknologiske utviklinga, og vart difor berre gjennomført i nokre få av medlemsstatane i EU. Direktivet vart oppheva ved vedtakinga av TV-standarddirektivet.

Avgjerda til EØS-komiteen og TV-standarddirektivet i norsk omsetjing følger med som trykte vedlegg til proposisjonen.