St.prp. nr. 41 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 79/96 av 13. desember 1996 om endring av vedlegg II og vedlegg X til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

2 Nærmare om direktivet

Direktivet fastset standardar for kabel-, satellitt- og jordbasert overføring av fjernsynssignal, og tek i første rekkje sikte på å fremje overgangen til avanserte fjernsynstenester, særleg det såkalla breiskjermformatet.

Ved hjelp av eit tilgangskontrollsystem som kan fjernstyre opninga og lukkinga av dekodarane til sjåarane, har det vorte mogleg å tilby sjåarane program på individuell basis. Men høvet til å tilby fjernsynsprogram på individuell basis gjev òg operatørane av tilgangskontrollsystema eit potensielt høve til å avgjere kva kringkastingsselskap som skal få programma sine ut til fjernsynssjåarane. Ved å påleggje medlemsstatane å stille visse krav til verksemda til dei som opererer tilgangskontrollsystema tek direktivet sikte på å hindre at operatørane skal kunne nytte systema til å avgrense konkurransen i marknaden for digitale fjernsynstenester.

Konkurransen i marknaden for digitale fjernsynstenester vil kunne verte avgrensa dersom det vert tillate å sende digitale dekodarar på marknaden som berre gjev fjernsynssjåarane høve til å ta imot fjernsynsprogram som vert leverte av éin einskild operatør av tilgangskontrolltenester. I ein slik situasjon vil òg sjåarane i praksis få ein avgrensa tilgang til fjernsynsprogram. Dersom sjåarane ønskjer å sjå program som den operatøren dei er knytte til ikkje kan tilby, vil dei i så fall måtte investere i fleire ulike digitale dekodarar. Dersom det i tillegg vert slik at ukoda fjernsynstenester ikkje fritt kan passere det digitale mottakarutstyret som vert produsert, vil sjåarane få ein endå meir avgrensa tilgang til fjernsynsprogram. Ved å stille krav til den tekniske innrettinga av mottakarutstyr som vert gjort tilgjengeleg for fjernsynssjåarane, tek direktivet sikte på å sikre at alle forbrukarar får tilgang til dei ulike digitale fjernsynstenestene som det finst tilbod om, òg ukoda fjernsynstenester, utan omsyn til kva slags mottakarutstyr dei har.

Eit av hovudføremåla med reguleringa i direktivet er å skape eit einsarta europeisk lovgrunnlag på dette området, m.a. for å unngå ei uønskt oppsplitting av marknaden for avanserte fjernsynstenester. Direktivet gjev difor lite rom for å gjere unntak frå reglane ved gjennomføringa i nasjonal rett. Det kan ikkje stillast strengare krav enn det som følgjer av direktivet i den nasjonale lovgjevinga.