St.prp. nr. 41 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 79/96 av 13. desember 1996 om endring av vedlegg II og vedlegg X til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

4 Avgjerda til EØS-komiteen

EØS-komiteen si avgjerd nr. 79/96 inneber at europaparlaments- og rådsdirektiv 95/47/EF om standardar for overføring av fjernsynssignal vert innlemma i EØS-avtala (vedlegg II og X).

Etter ordlyden i avgjerda skal ho gjelde frå 1. januar 1997, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i avtala. Noreg har ikkje gjeve noka slik melding, men har meldt frå om at avgjerda ikkje kan gjevast mellombels rettsverknad. Dette har ikkje ført til at dei delane av EØS-avtala som dette vedkjem, mellombels sluttar å gjelde, jf. artikkel 103 nr. 2 og artikkel 102 nr. 5. Etter artikkel 103 nr. 1 skal EFTA-statane innan 6 månader frå avgjerdsdatoen (som var 13. desember 1996) stadfeste at dei forfatningsrettslege krava er stetta, det vil for Noreg sin del seie at Stortinget har gjeve sitt samtykke. Fristen for gjennomføring av direktivet i medlemsstatane i EU var 23. august 1996. Fristen for gjennomføring av dei tilsvarande EØS-reglane er første dagen i andre månaden etter at den siste av dei førnemnde meldingane er gjeven.