St.prp. nr. 5 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 71/2004 av 8. juni 2004 om innlemmelse i EØS-avtalen av rådsforordning (EF) nr. 2679/98 om det indre markeds virkemåte med hensyn til det frie varebytte mellom medlemsstatene og Rådets og medlemsstatenes resolusjon nr. 1212 av 7. desember 1998 om det frie varebytte

Til innholdsfortegnelse

5 Resolusjon vedteken av Rådet og representantane for regjeringane til medlemsstatane samla i Rådet av 7. desember 1998 om det frie varebytet

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN OG REPRESENTANTANE FOR REGJERINGANE I MEDLEMSSTATANE SAMLA I RÅDET,

som STREKAR UNDER den sentrale rolla som den felles marknaden har i den samla strategien til Den europeiske unionen for å fremje konkurranseevne, økonomisk vekst og sysselsetjing,

som òg STREKAR UNDER at det frie varebytet er særs viktig for at den indre marknaden skal verke på ein tilfredsstillande måte,

som MINNER OM at medlemsstatane pliktar å sikre det frie varebytet i samsvar med artikkel 30-36 i traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, og stadfestar på nytt skyldnaden sin til snøgt og effektivt å løyse problem på dette området,

som MERKJER SEG at alvorlege hindringar for det frie varebytet inneber monalege utgifter for einskildpersonar og hemmar moderne distribusjons- og produksjonsmetodar; og som òg merkjer seg at slike hindringar skapar sterk tvil om kor truverdig den indre marknaden er i ein situasjon der det i lys av Den europeiske monetære unionen og utvidinga er viktigare enn nokon gong å sikre at denne marknaden verkar på ein tilfredsstillande måte,

som STREKAR UNDER at medlemsstatane og fellesskapsorgana snøgt må setje i verk effektive tiltak for å løyse slike problem, m.a. gjennom eit forvaltingssamarbeid,

som MINNER OM konklusjonane frå møta til Det europeiske rådet i Amsterdam og Luxembourg,

som MERKJER SEG rådsforordning (EF) nr. 2679/98 av 7. desember 1998 om det indre markeds virkemåte med hensyn til det frie varebytte mellom medlemsstatene 1,

som MERKJER SEG dommen frå Domstolen til Dei europeiske fellesskapa av 9. desember 1997 (sak C-265/95), som minner om den plikta medlemsstatane har til å setje i verk alle naudsynte og føremålstenlege tiltak som dei har til rådvelde for å sikre det frie varebytet,

som STREKAR UNDER at det ikkje dreier seg om inngrep som kan avgrense eller hindre utøvinga av grunnleggjande rettar, medrekna retten eller fridommen til å streike, slik dei er godkjende av medlemsstatane,

ER SAMDE OM DETTE:

  1. MEDLEMSSTATANE skal, samstundes som dei vernar om grunnleggjande rettar, medrekna retten eller fridommen til å streike, gjere sitt aller beste for å halde ved lag det frie varebytet og snøgt gripe inn overfor handlingar som verkar alvorleg skiplande på det frie varebytet slik det er definert i forordning (EF) nr. 2679/98.

  2. MEDLEMSSTATANE skal syte for å informere marknadsdeltakarane sine om slike skiplingar og om kva som vert gjort for å motverke dei.

  3. MEDLEMSSTATANE er samde om å syte for at alle personar som har lidd skade som følgje av at traktaten er vorten krenkt gjennom ei hindring slik det er definert i artikkel 1 i forordning (EF) nr. 2679/98, skal ha tilgang til ei snøgg og verknadsfull overprøving. Dei skal ta alle initiativ som er rimelege og føremålstenlege for å informere personar som er omfatta av ei slik krenking av traktaten, om at ein slik overprøvingstilgang finst, og om framgangsmåten for å nytte seg av han.

  4. MEDLEMSSTATANE er òg samde om å gjere dei tiltaka som er naudsynte, i samsvar med føresegnene i traktaten, for å sikre at oppmodingar om å drøfte det frie varebytet kan handsamast snøgt og på eit høveleg nivå i Rådet dersom situasjonen skulle krevje det.

  5. RÅDET merkjer seg planane til Kommisjonen om å fastsetje korte fristar for framgangsmåtane i medhald av artikkel 169 i traktaten med omsyn til tilfelle som kjem inn under verkeområdet til forordning (EF) nr. 2679/98, og ber Kommisjonen om å gje Rådet melding om kva særlege initiativ som skal takast i denne samanhengen.

  6. MEDLEMSSTATANE merkjer seg at i dei tilfella som er nemnde i nr. 5, kan den fristen som Kommisjonen har fastsett for å kome med merknader og for å gje ei grunngjeven fråsegn, avgrensast til fem vyrkedagar.

  7. RÅDET oppmodar Domstolen til Dei europeiske fellesskapa om å vurdere om det er mogleg å framskunde granskinga av saker som kjem inn under forordning (EF) nr. 2679/98, og lovar å granske alle framlegg om endring av rettargangsordninga til Domstolen snøgt og på ein objektiv måte.

  8. RÅDET oppmodar Kommisjonen om å leggje fram ein rapport om gjennomføringa av forordning (EF) nr. 2679/98 to år etter at ho har teke til å gjelde.

Fotnoter

1.

TEF L 337 av 12.12.1998, s. 8.

Til forsiden