St.prp. nr. 58 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 83/96 av 13. desember 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program INFO 2000

Til innholdsfortegnelse

2 Nærare om INFO 2000-programmet

20. mai 1996 gjorde Rådet for Den europeiske union vedtak om å setje i verk eit program for å stimulere europeiske informasjonsprodusentar til å utvikle nye multimedie-produkt og -tenester og for å stimulere etterspurnaden etter og bruken av slike tenester (96/339/EF). Dette programmet, INFO 2000, skal gjelde i tida 1. januar 1996 til og med 31. desember 1999.

INFO 2000-programmet skal fokusere på overgangen frå prenta informasjon til elektronisk publisering, og då med særskild fokus på interaktive multimedia-tenester som ein har sett vekse mykje den siste tida. Målet er å styrkje Europa si stilling innan dei kommersielle informasjonstenestene. Informasjonsressursane er nøkkelen til utviklinga av eit globalt informasjonssamfunn og den tilhøyrande informasjons-infrastrukturen. Den europeiske informasjonssektoren er sterk på mange område. Likevel støyter han på ei rekkje barrierar som hindrar vidare vokster, slik at han ikkje vert stor nok til å nå opp i den globale konkurransen. Difor er det naudsynt med utviklings-tiltak både på europeisk og på nasjonalt plan. INFO 2000 skal òg medverke til å styrkje det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa.

INFO 2000 skal fokusere på innhaldet av informasjonen, og ikkje på tekniske infrastrukturar for å formidle og utveksle informasjon. Programmet vil ha små- og mellomstore verksemder som målgruppe. Sjølv om INFO 2000 har mange fellestrekk med IMPACT, finst det ein del nye element. Til dømes kan nemnast ei sterkare fokusering på næringsaspektet og eit klårt ønske om å nytte offentlege informasjonsressursar - noko som ikkje var tilfelle med IMPACT.

Såleis har INFO 2000 tre hovudtiltak:

  1. (I)

    stimulere etterspurnaden og auke medvitet,

  1. (II)

    utnytte informasjonen i den offentlege sektoren i Europa,

og

  1. (III)

    utløyse det europeiske potensialet innan multimedia, og då særleg med omsyn til

  • kulturarven,

  • informasjon til små og mellomstore verksemder,

  • geografisk informasjon

og

  • vitskapleg, teknisk og medisinsk informasjon.

Det vil óg omfatte støttetiltak som m.a. å

  1. (A)

    observere og analysere innhaldsmarknaden,

  2. (B)

    auke bruken av standardar for multimedia-innhald,

  3. (C)

    oppmuntre til utvikling av dugleik på europeisk plan,

og

  1. (D)

    utvikle og utveksle best mogleg metodar.

INFO 2000 har ei økonomisk ramme på 65 millionar ECU.

Kommisjonen står ansvarleg for å setje i verk programmet i samsvar med retningslinene i vedlegga til rådsvedtaket. Kommisjonen skal leie arbeidet i ein komité - INFOCOM-komiteen - med to representantar frå kvart land som er med i INFO 2000. Kommisjonen skal leggje fram for INFOCOM dei overordna spørsmåla om innretninga av INFO 2000. Programmet er elles ope for deltaking frå tredjestatar under nærare gjevne vilkår.

Tingingane mellom EU og EFTA om EØS-statane si deltaking i INFO 2000 har teke lengre tid enn venta. Noreg har i 1996 på uformelt grunnlag teke del i programmet som om vi var medlem. Dette inneber m.a. at det er betalt kontingent for 1996, jf. St.prp. nr. 1 for Nærings- og energidepartementet (1995-96). Norske miljø med interesse i så måte har såleis hatt høve til å søkje om deltaking i prosjekt og om tilskot frå programmet.