St.prp. nr. 58 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 83/96 av 13. desember 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program INFO 2000

Til innholdsfortegnelse

3 EØS-komiteen sitt vedtak

Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 13. desember 1996 å endre protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særskilde område utanfor dei fire fridomane, slik at avtala òg omfattar INFO 2000.

EØS-komiteen sitt vedtak nr. 83/96 inneheld ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, særleg til artiklane 86 og 98 som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 i det før nemnde vedtaket til EØS-komiteen slår fast at rådsvedtak 96/339/EF om INFO 2000 (1996-1999) skal leggjast til som eit nytt støttepunkt i artikkel 2 nr. 5 i protokoll 31 til EØS-avtala. Dette tillegget har til følgje at EFTA-statene skal ta del i programmet til Fellesskapet for å stimulere europeiske informasjonsprodusentar til å utvikle nye multimedie-produkt og -tenester og for å stimulere etterspurnaden etter og bruken av slike tenester for åra 1996-1999, at dei skal gje finansiell støtte til programmet i samsvar med artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala og at dei skal ta del fullt ut i dei EF-utvala som hjelper Kommisjonen med å forvalte, utvikle og gjennomføre programmet.

Artikel 2 set fast dato for når avgjera kan ta til å gjelde under føresetnad av at EØS-komiteen har motteke alle fråsegnene etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala om fullføring av interne prosedyrar for godkjenning. Artikkel 3 slår fast at EØS-komiteen sitt vedtak skal kunngjerast i EØS-avdelinga av Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Som følgje av at Noregs deltaking i INFO 2000 vil gjere det nødvendig å gje løyvingar i framtidige år, må avgjerda leggjast fram for Stortinget. Då EØS-komiteen 13. desember 1996 tok avgjerda om innlemming av programmet i EØS-avtala, informerte Noreg dei andre avtalepartane om at rettslege krav i høve til forfatninga må oppfyllast i Noreg før avgjerda kan verte bindande.