St.prp. nr. 58 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 83/96 av 13. desember 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program INFO 2000

Til innholdsfortegnelse

5 Vurderingar

Innanfor informasjons- og kommunikasjonsområdet får multimedia, og då i særleg mon innhaldsindustrien, mykje å seie i tida som kjem. Ein ventar her ein sterk vokster med omsyn til arbeidsplassar. Mykje av denne voksteren vil truleg kome i små og mellomstore verksemder. I dag ligg amerikanske miljø føre dei europeiske på dette feltet. Det finst i dag kompetanse i Noreg på dette området. Deltaking i EU-programmet INFO 2000 vil gje eit viktig tilskot til den vidare utviklinga av multimedie-miljøet i Noreg.