St.prp. nr. 58 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 83/96 av 13. desember 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program INFO 2000

Til innholdsfortegnelse

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Dei økonomiske tilskota frå EFTA-statane til INFO 2000-programmet vert fastsett med heimel i artikkel 82 nr. 1 bokstav a) i EØS-avtala. Storleiken på tilskota er fastsett ut frå bruttonasjonalproduktet for dei einskilde EFTA-statane i høve til det samla bruttonasjonalproduktet i EU. I St prp nr 1 (1995-96) for Nærings- og energidepartementet vart det sett av 5,5 mill. kroner på kap. 924, underpost 70.1, medan det i St prp nr 1 (1996-97) (same kap. og u.post) i alt vart sett av 7,2 mill. kroner til kontingent og nasjonal oppfølging. Noreg har elles to representantar i INFOCOM-komiteen.

Regjeringa har òg ynskt å styrkje den nasjonale satsinga på elektroniske informasjonstenester. Ved å føre vidare nasjonale aktivitetar under IMPACT-programmet i norsk INFO 2000 vil denne organisasjonen vere ein katalysator for norske aktørar på den internasjonale marknaden. På dette viset vert ein sikra at det norske arbeidet under IMPACT-programmet vert ført vidare. Dessutan vil ein stimulere til framvokster av nye elektroniske informasjonskjelder. Sentrale i så måte vil m.a. vere multimedia-industrien, forlagsbransjen og offentlege informasjonsleverandørar. Elles skal den norske deltakinga i INFO 2000 sikre eit relevant og godt fagleg utbyte av kontingentmidla til INFO 2000 gjennom prosjektdeltaking og partnersøk. For 1996 vart det sett av 2,3 mill. kroner til den nasjonale oppfølginga, medan det for 1997 er sett av om lag 4,0 mill. kroner.