St.prp. nr. 6 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen sitt vedtak nr 37/97 av 27. Juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS)

Til innholdsfortegnelse

3 Vedtaket i EØS-komitéen

Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komitéen 27. juni 1997 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid utanfor dei fire fridommane, slik at avtala òg omfattar MLIS-programmet.

EØS-komitéen sitt vedtak nr 37/97 av 27. juni 1997 inneheld ein innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, særleg til artiklane 86 og 98 som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komitéen.

Artikkel 1 i det før nemnde vedtaket til EØS-komitéen slår fast at rådsvedtak 96/664/EF om vedtaking av eit fleirårig program for å fremje språkmangfaldet i Fellesskapet i informasjonssamfunnet skal leggjast til som eit nytt støttepunkt i artikkel 2 nr 5 i protokoll 31 til EØS-avtala.

Artikkel 2 i vedtaket slår fast dato for når avgjerda kan take til å gjelde under føresetnad av at EØS-komitéen har motteke alle fråsegnene etter artikkel 103 nr 1 i EØS-avtala om fullføring av interne prosedyrar for godkjenning.

Artikkel 3 slår fast at EØS-komitéen sitt vedtak skal kunngjerast i EØS-avdelinga av Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Som følgje av at Noregs deltaking i MLIS vil gjere det nødvendig å gje løyvingar i framtidige år, må avgjerda leggjast fram for Stortinget. Då EØS-komitéen 27. juni 1997 tok avgjerda om å innlemme programmet i EØS-avtala, informerte Noreg dei andre avtalepartane om at rettslege krav i høve til forfatninga må oppfyllast i Noreg før avgjerda kan bli bindande.