St.prp. nr. 6 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen sitt vedtak nr 37/97 av 27. Juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS)

Til innholdsfortegnelse

2 Nærare om MLIS-programmet

1. november 1996 vedtok Rådet for Den europeiske union å setje i verk eit program for å fremje språkleg mangfald i informasjonssamfunnet, MLIS-programmet. Programmet er treårig og gjeld frå 1. januar 1997 med 1996 som eit førebuande år.

Programmet har fire hovudmålsetjingar:

  1. 1.

    Å auke kjennskapen til og stimulere framveksten av fleirspråklege tenester som tek i bruk språkteknologiar, -ressursar og -standardar.

  2. 2.

    Å skape gode vilkår for utvikling av språkindustriverksemder.

  3. 3.

    Å redusere kostnadene ved å overføre informasjon mellom språk.

  4. 4.

    Å medverke til å halde det språklege mangfaldet oppe.

Tiltaka vil dels vere midlar som blir utlyste for særskilde program, dels tiltak som skal styrkje medvitet om og kjennskapen til språkteknologiområdet. Målgruppa er små og mellomstore verksemder. Det er blitt lyst ut midlar til prosjekt ein gong. Verksemder i EFTA/EØS-landa hadde òg høve til å søkje desse midlane. Noreg tek alt del i eit samarbeid på terminologiområdet som er sett i gang under programmet.

Styringskomitéen for INFO 2000-programmet, Info Com, der EFTA/EØS-landa deltek saman med EU-medlemslanda (jf St prp nr 58 for 1996-97), er òg styringskomité for MLIS-programmet. EFTA/EØS-landa har derfor teke del i behandlinga av MLIS-saker i Info Com, også før tilslutninga av EFTA/EØS-landa formelt blei vedteken.