St.prp. nr. 6 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen sitt vedtak nr 37/97 av 27. Juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS)

Til innholdsfortegnelse

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Dei økonomiske tilskota frå EFTA-statane til MLIS-programmet blir fastsett med heimel i artikkel 82 nr 1 bokstav a) i EØS-avtala.

Totale kostnader for MLIS-programmet er berekna til 120 millionar kroner for åra 1996 til og med 2000. Norsk del av kontingenten vil for 1997 utgjere om lag 78 000 kroner. I tillegg kjem administrative kostnader på 300 000 kroner. Kontingenten vil bli delt mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kulturdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Sjølv om Kulturdepartementet vil ha det formelle oppfølgingsansvaret for programmet, vil ein òg få til eit samarbeid om programmet på administrativt plan.

I 1998 vil for Noreg sin del dei operasjonelle kostnadene vere omlag 400 000 kroner, mens dei administrative kostnadene er berekna til omlag 270 000 kroner. I budsjettet for 1998 er det også foreslått at det blir sett av omlag 350 000 kroner til nasjonal oppfølging av MLIS-programmet.

Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar.