St.prp. nr. 6 (1997-98)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéen sitt vedtak nr 37/97 av 27. Juni 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program Multilingual Information Society (MLIS)

Til innholdsfortegnelse

5 Vurderingar

I mange land i Europa er det i dag i gang eit omfattande praktisk retta forskings- og utviklingsarbeid på området språkteknologi. Gjennom deltaking i programmet Language Engineering har det kome fram at Noreg har særs liten aktivitet når det gjeld tenesteutvikling og utvikling av språkverktøy til bruk i dataprogram. Noreg ligg derfor langt etter i denne utviklinga, både i internasjonal og skandinavisk målestokk. Utvikling av språkteknologiske hjelpemiddel vil få mykje å seie i framtida. Dette gjeld på så ulike felt som forsking og utdanning, handel, tiltak for funksjonshemma og tiltak for vern av norsk, og i noko mon også samisk språk.

Dei beste programprodukta for å skrive og vidarearbeide skriftleg og munnleg språk, søkje etter informasjon, kulturformidling, offentleg tenesteutvikling tufta på tekst og tale o.l ligg føre på engelsk. Dette gjeld også dei andre produkta og hjelpemidla på språkteknologifeltet. Regjeringa har ønskt å styrkje den nasjonale satsinga på elektroniske informasjonstenester. Ein ønskjer òg ei breiare satsing på styrking av norsk språk i informasjonssamfunnet. MLIS går naturleg inn som ein del av desse satsingsområda. Det synest derfor naudsynt å utarbeide ein meir langsiktig strategi som kan ivaretake og fremje bruk av norsk på IT-området. MLIS-programmet er ein viktig del av ei slik strategisk satsing. Dersom norsk (begge målformene) framleis skal vere vårt felles kultur- og arbeidsspråk, må ein setje i verk tiltak snarast råd.

Utviklinga av IT har gjeve ei rekkje nye rammevilkår i arbeidslivet, og vi ser i dag framveksten av eit informasjonssamfunn der kunnskap og tenesteyting blir stadig viktigare faktorar i nasjonaløkonomien. Den vidare utviklinga av IT-området frå norsk side vil i stor mon skje gjennom norske små og mellomstore verksemder. MLIS-programmet skal i første rekkje styrkje slike verksemder som arbeider innan språkteknologiområdet. På sikt skal òg tiltaka under programmet, som til dømes styrkjing av informasjonsteknologisk overføring frå eit språk til eit anna og metodar for fleirspråkleg informasjonssøking på internett, gje betre kår også for andre typar små og mellomstore verksemder som arbeider mot ein internasjonal marknad.