St.prp. nr. 62 (2000-2001)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

1 Avtalelønte sjøfolk på staten sine fartøy - Erling Pedersen

I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2000 var på kr. 18.719.645,-. Det er løyvd kr 14.771.000,- på kap. 1541, post 01, Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 2001.

For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.

Departementet vil få nemne to saker særskilt:

Avtalelønte arbeidstakarar på staten sine fartøy blei ført over frå Pensjonstrygden for sjømenn (PTS) til Statens Pensjonskasse (SPK) med verknad frå 1. juli 1982. Dette som ei følgje av at lov om Statens Pensjonskasse (pensjonslova) blei endra.

Det blei frå Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet (KUF) si side reist spørsmål om desse arbeidstakarane burde få pensjonen frå Statens Pensjonskasse supplert med ein pensjon frå statskassa for teneste på fartøy, som dei måtte ha før 1. juli 1982. Spørsmålet blei reist på eit møte mellom Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) og KUF i samband med at AAD hadde sagt nei til ein søknad om pensjon frå statskassa. Søkjaren, Erling Pedersen, arbeidde som kosthaldsassistent på eit av staten sine fartøy i tida 1976 - 1982. Han var i den perioden meld inn i Pensjonstrygden for sjømenn. Han blei i 1982 ført over til Statens Pensjonskasse som ei følgje av nemnte endring i pensjonslova.

Andre departement og Statens Pensjonskasse blei i brev frå AAD gjort merksame på problemstillinga, og blei bede om å kome med eventuelle ytringar i saka. Det var berre Statens Pensjonskasse, forutan KUF, som svara.

I brev av 13. februar 2001 skriv KUF følgjande:

«I retningslinjene om tildeling av tilleggspensjon av statskassen (gjengitt i Statens personalhåndbok pkt. 3.20.26) står det at pensjon kan gis til søkere med tidligere tjeneste i staten uten medlemskap i Staten Pensjonskasse (SPK). Den eneste forutsetningen er at søkerens tjeneste kan likestilles med tjeneste i ordinær hovedstilling i staten (for så vidt gjelder arbeidstid). Ellers er det en skjønnsmessig avgjørelse.

En tidligere statsansatt sjømann får ikke perioden 04.12.76 - 01.07.82 medregnet i sin pensjonsansiennitet i SPK fordi han da var medlem av Pensjonstrygden for sjømenn (PTS). Han får heller ikke sjømannspensjon for denne tiden. Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet (KUF) mener han derfor bør tildeles en billighetspensjon av statskassen for denne perioden.

Etter lov- eller regelendringer har andre grupper av tjenestemenn fått tilleggspensjon med tilbakevirkende kraft for tjenestetid de etter daværende bestemmelser i lov om SPK ikke hadde rett til medlemskap for. KUF er kjent med at det tidligere har vært innvilget tilleggspensjon av statskassen for tidsrom hvor pensjonister har vært medlem av PTS. Sakene ble i disse tilfellene sendt til SPK for å beregne virkningen av samlet pensjonsutbetaling før og etter samordning, ettersom samordningslovens regler kan gi svært uheldige utslag.

Administrasjonsdepartementet (AD) har i brev av 31.05.96 orientert om muligheten for å søke tilleggspensjon av statskassen for tidsrommet mellom 60 - 63 år (pga. aldersgrensen). Dette er en periode hvor de aktuelle sjømenn også vil få sjømannspensjon. Dette forutsettes også av SPK i brev til AAD datert februar 1998.

Det vil uansett ikke bli tale om noen form for dobbel kompensasjon, fordi han etter fylte 67 år ikke har rett til sjømannspensjon for tjenesten det søkes om pensjon av statskassen for. Når arbeidstakere med rett til sjømannspensjon også kan bli tildelt tilleggspensjon (i tidsrommet 60 - 63 år), tilsier dette at arbeidstakere uten slik rett i enda større grad bør tilgodesees.

Pensjon av statskassen har vært brukt til å tilgodese tilsatte som oppfylte vilkåret med hensyn til arbeidstid, men som på grunn av datidens regler ikke kunne være medlemmer av SPK av andre grunner. Sjømannspensjon opptjent før 1967 ga riktignok rett til alderspensjon, men vil på grunn av samordningsreglene ikke slå inn. Det er etter KUF»s mening urimelig å avslå alderspensjon (etter 67 år) gitt som pensjon av statskassen, med den begrunnelse at vedkommende tidligere fikk utbetalt sjømannspensjon, som falt bort ved fylte 67 år.»

Arbeids- og administrasjonsdepartementet vil knytte desse merknadene til brevet frå Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet:

KUF viser til retningslinene som Stortinget har fastsett når det gjeld vilkår for å gi pensjon frå statskassa. Vi vil her og nemne at KUF i tidlegare brev i saka har vist til at mellombels befal i Forsvaret har fått innvilga pensjon frå statskassa for krigsteneste og teneste etter krigen før 1961 då dei blei medlemmer i Statens Pensjonskasse. Departementet vil peike på at i fall søkjaren hadde rett til sjømannspensjon for krigsteneste, vil dette vere til hinder for å kunne gje ein pensjon frå statskassa, jf. St.meld. nr. 32 (1945-46), St.meld. nr. 93 (1964-65) og Statens personalhåndbok side 243.

Vidare seier KUF at dei ser det som urimeleg at Pedersen ikkje får rekna med tenestetida 1976-1982, då han var medlem i Pensjonstrygda for sjømenn, som pensjonsgjevande tenestetid i Statens Pensjonskasse og heller ikkje får sjømannspensjon for tenesta i same tidsrommet. KUF meiner difor at han bør få pensjon frå statskassa for tenesta i nemnte tidsrom.

AAD vil gjere merksam på at det først blei søkt om pensjon frå statskassa for Pedersen etter at han var 67 år, og at det ikkje blir gitt sjømannspensjon til sjømenn etter at dei er 67 år (med nokre mindre vesentlege unntak for slik teneste frå før 1967. Desse unntaka kjem ikkje Pedersen til gode). Etter det opplyste blei Pedersen pensjonert då han var 64 år, jamfør det KUF skriv i sitt brev om at dei finn det «urimelig å avslå alderspensjon (etter 67 år) gitt som pensjon av statskassen, med den begrunnelse at vedkommende tidligere fikk utbetalt sjømannspensjon, som falt bort ved fylte 67 år.»

I svaret frå Statens Pensjonskasse av 2. januar 2001, blei det mellom anna sagt:

«Statens Pensjonskasse er enig med departementet når det ikke er funnet grunnlag for å innvilge pensjon av statskassen til tilsatte på statens fartøyer for tjenesteperiode før 1. juli 1982. I denne perioden var arbeidstakerne omfattet av Pensjonstrygden for sjømenn.»

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har konsekvent sagt at tenestetid før 1. juli 1982, då avtalelønte sjøfolk på staten sine fartøy var omfatta av Pensjonstrygden for sjømenn, ikkje gjev grunnlag for å gje pensjon frå statskassa etter dei retningslinene som er trekte opp av Stortinget.

I fall departementet skulle samtykke i at Pedersen skulle få pensjon frå statskassa for si teneste i tida 1976 - 1982, vil dette få konsekvensar for ei rekkje av dei andre medlemmene på staten sine fartøy som har teneste frå før 1. juli 1982. Å gje ein slik pensjon frå statskassa til Erling Pedersen med slike verknader, vil etter departementet si meining ikkje vere i samsvar med lovendringa i pensjonslova frå 1. juli 1982.

Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet har i tidlegare brev hevda at ein tidligere har gitt pensjon frå statskassa samstundes som pensjonisten har vore medlem i Pensjonstrygden for sjømenn. Det er frå KUF si side understreka at det gjeld andre grupper av tenestemenn enn dei som er nemnte her. Vi meiner at KUF her må sikte til mannskapet på R/V Lance, som blei gitt ein mindre pensjon frå statskassa fram til dei er 67 år, då dei får ein pensjon frå Statens Pensjonskasse. Saka er nærmare omtalt i St.prp. nr. 49 (1995-96), og gjeld heilt særskilde tilhøve som etter departementet si meining ikkje kan samanliknast med saka som gjeld Erling Pedersen. Mannskapet på R/V Lance blei meldt ut av Statens Pensjonskasse i 1994, då Troms Fylkes Dampskipsselskap (TFDS) blei engasjert som driftsrederi for båten. Frå samme tid gjekk dei inn i Pensjonstrygden for sjømenn. Dei fekk ein oppsett pensjonsrett frå Statens Pensjonskasse som først tek til å gjelde frå fylde 67 år. Pensjonsalderen for desse blei 60 år. I perioden 60 til 67 år fekk mannskapet difor berre ein liten pensjon å leve av. Dei blei innvilga ein mindre pensjon frå statskassa i perioden fram til dei fekk rett til vanleg alderspensjon frå Statens Pensjonskasse. Pensjonen skulle vere lik den pensjonen dei villa ha rett til frå folketrygda dersom dei hadde gjort teneste fram til 67 år.

KUF peikar og på at det dåverande Administrasjonsdepartementet (AD) i brev av 31. mai 1996 har orientert om høve til å søkje pensjon frå statskassa for tida mellom 60 og 63 år (pga. aldersgrenser). Dette spørsmålet har sin heilt spesielle årsak (aldersgrensespørsmål), og kan ikkje nyttast til å gje ein pensjon frå statskassa til avtalelønte sjøfolk som har tenestetid omfatta av Pensjonstrygden for sjømenn før 1. juli 1982.

Årsaka til at det dåverande Administrasjonsdepartementet sa at slik pensjon kunne nyttast, var at nokre avtalelønte kunne ha slutta i arbeidet sitt fordi dei trudde pensjonsalderen var 60 år, før dei var blitt kjent med at departementet hadde satt aldersgrensa til 63 år med verknad frå 1. juli 1982. Pensjonsalder i Pensjonskassa kan vere 60 år i fall summen av alder og tenestetid er 85 år (85-års regelen). Når det gjeld denne gruppa vil 85-års regelen ikkje kunne brukast før om 7-8 år.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet tilrår såleis at ein ikkje gir pensjon frå statskassa til Erling Pedersen.

Til forsida