St.prp. nr. 63 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 10/2006 av 27. januar 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2004/54/EF om minstekrav til tryggleik i tunnelar i det transeuropeiske vegnettet

Til innholdsfortegnelse

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Direktivet vil føre til nye krav til utstyr i eksisterande tunnelar. Det er pårekna at dei samla kostnadene til dette vil vere om lag 230 mill. kr, og av dette vil videoovervaking og evakueringslys utgjere den største kostnadskomponenten. I tillegg kan det vere aktuelt med automatisk brannvarsling i dei TERN-tunnelane som ikkje har videoovervaking. Dette vil koste om lag 56 mill. kr. I alt vil dette truleg føre til auka årlege drifts- og vedlikehaldsutgifter på om lag 25–30 mill. kr.

Når det gjeld infrastrukturtiltak i eksisterande tunnelar, må det gjennomførast risikoanalysar. Direktivet opnar som nemnt for å skifte ut kostbare ombyggingstiltak med andre risikoreduserande tiltak. Risikoanalysane vil vise om det er tilstrekkeleg med såkalla tekniske byte, eller om ombygging/utbygging må til. Ut frå mellombels utrekningar vil truleg kostnadene ved tekniske byte kome på under 50 mill. kr for alle tunnelane. Dersom slike alternative tiltak ikkje blir godtekne, kan det medføre kostnader på opptil 1 600 mill. kr.

Det er til ein viss grad teke atterhald for dei økonomiske konsekvensane av direktivet i St.meld. nr. 24 (2003–2004) Nasjonal transportplan 2006–2015, bortsett frå opplæringsmidlar for deltidsmannskap. Innføringa av eit generelt kompetansekrav for deltidsbrannvesenet vil koste kommunane om lag 13,5 mill. kr kvart år. Denne summen gjeld reiseutgifter i samband med utdanninga, dekking av vikarutgifter m.m. I og med at ikkje alle kommunar med deltidsbrannvesen har redningsoppgåver i samband med ulykker i tunnelar, vil dei årlege kostnadene truleg bli litt lågare.

Andre midlar til tryggleik i tunnelar blir løyvde av Stortinget ved dei årlege statsbudsjetta, under kapittelet for Samferdselsdepartementet.

Brannvesenet fører tilsyn med tunnelar med heimel i brann- og eksplosjonsvernlova, og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er den overordna fagstyresmakta. Etter direktivet har nasjonale styresmakter høve til å peike ut den eksisterande administrative styresmakta. Auken i tilsyn/kontroll kan føre til at det trengst fleire stillingar i desse sektorane. Inntil vidare vil tilsyn/kontroll bli gjennomført innanfor dei gjeldande rammene.