St.prp. nr. 63 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 10/2006 av 27. januar 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2004/54/EF om minstekrav til tryggleik i tunnelar i det transeuropeiske vegnettet

Til innholdsfortegnelse

2 Nærmare om direktivet

30. desember 2002 gjorde Europakommisjonen framlegg til eit direktiv om minstekrav til tryggleik i tunnelar i det transeuropeiske vegnettet. Det er m.a. brannane i tunnelane i Mont Blanc, Tauern og St. Gotthard som gjer dette temaet aktuelt.

Føremålet er først og fremst å gje et minste tryggleiksnivå for trafikantane ved å førebyggje kritiske hendingar som kan setje menneskeliv, miljøet og tunnelinstallasjonar i fare, og å gje vern ved eventuelle ulykker.

Direktivet gjeld for tunnelar på over 500 meter på det transeuropeiske vegnettverket (Trans-European Road Network (TERN). TERN høyrer inn under Trans-European Transport Network, som vart ein del av EØS-avtala i 1999. E6, E16, E18, E39, rv 23, grensekryssingar frå E6 mot grensa på E10, E14, E75 og E105 høyrer inn under TERN-vegnettet.

Direktivet inneheld ei rekkje konkrete krav som blir stilte til både infrastrukturen og tunneldrifta, og skal gjelde både for eksisterande og nye tunnelar.

Direktivet stiller krav til tunnelar når det gjeld talet på løp, evakueringsruter, ventilasjon, naudutgangar, havarilommer og stigningsgrad. I tillegg blir det stilt krav til diverse utstyr som lys, brannsløkkjarar, tilførsel av sløkkjevatn, TV-overvaking, høgtalarar osv.

Den ombygginga/utrustinga av eksisterande tunnelar som er naudsynt, skal utførast i samsvar med ein plan som i utgangspunktet ikkje må strekkje seg over meir enn ti år. Tidsrommet kan lengjast med inntil fem år for statar med ein tunnelmasse som i høve til TERN-vegnettet på området sitt er større enn gjennomsnittet i Europa. Noreg kan pårekne å bruke 15 år på ei eventuell oppgradering.

Når det gjeld strukturelle tiltak i eksisterande tunnelar og tunnelar som er godkjende, men ikkje opna for trafikk innan 24 månader etter at direktivet har teke til å gjelde, blir det likevel ikkje opna for gjennomføring av alternative tryggleikstiltak i staden for kostbare ombyggingar. Det blir likevel teke atterhald i direktivet for at det blir gjennomført risikoanalysar som viser at tryggleiken er tilfredsstillande.

Direktivet tek sikte på å samkøyre organiseringa av tryggleiken i medlemsstatane ved at kvar stat peikar ut éin eller fleire administrative styresmakter som skal ha eit generelt ansvar for å syte for at tunneltryggleiken blir tryggja, og særleg for at føresegnene i direktivet blir etterlevde. Det må m.a. liggje føre kriseplanar for alle tunnelar, utførast periodiske inspeksjonar og jamleg skipast til felles øvingar for tunnelpersonalet og redningstenestene. Dette er alt innført i Noreg. Av omsyn til tryggleiken blir det pålagt ei tryggleiksforvalting som inneber tryggleiksgodkjenning av planar og ferdigbygde tunnelar, og dessutan at det blir gjennomført inspeksjonar minst kvart sjette år etter opninga.

På nokre område er norske retningslinjer strengare enn dei nye minstekrava i direktivet. Noreg har teke på seg ei aktiv rolle i utforminga av direktivframlegget, og det er teke omsyn til norske innspel i den endelege utforminga. Merknader om ventilasjon (om at lufting i lengderetninga må kunne godtakast på visse vilkår) har fått gjennomslag. I tillegg er det gjeve aksept for andre former for vassforsyning, t.d. vasstankvogn i staden for hydrantar i tunnelen der vassforsyninga på staden ikkje er tilgjengeleg. Når det gjeld rømmingsvegar, er det stadfesta munnleg at «emergency walkway» kan jamstillast med skulder.

Modifiseringa i punktet om stigningsgrad byggjer på merknader frå Noreg. Stigningsgrad på over 5 % er forbode, med mindre det ikkje er geografisk mogleg med noka anna løysing. Det er likevel stadfesta munnleg at kortare delar av tunnelen kan ha litt større stigningsgrad (t.d. 10–15 % av lengda) dersom den gjennomsnittlege stigningsgraden ligg under 5 %.

Direktivet stiller òg krav til føremålstenleg grunn- og vidareopplæring av redningstenesta, og om årlege øvingar. Redningstenesta er definert som «alle lokale tenester, som anten er offentlege eller private eller ein del av tunnelmannskapet, som rykkjer ut ved ei ulykke, medrekna politi, brannvesen og redningsmannskap». I dag har kompetansekravet til brannvesenet heimel i brann- og eksplosjonsvernlova gjennom krav til dei pliktene som kommunane har. Opplæring av deltidsmannskap er ei utfordring, og det er eit faktum at mange lange tunnelar er å finne i område der redningsmannskapa i stor grad er samansette av deltidstilsette brannmannskap. Gjennomføringa av tunneldirektivet vil kunne føre til krav om at personell i eit deltidsbrannvesen, som skal vere innsatspersonell i tunnelar som er omfatta av direktivet, gjennomfører vidareutdanning. Det må leggjast til grunn at dette vil kunne føre til kostnader for kommunane.