St.prp. nr. 69 (2003-2004)

Om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet (Rv 680 Imarsundsambandet og Rv 669 Sandvika ferjekai med veg) i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

4 Finansieringsopplegg

Anleggsarbeida på prosjektet er planlagt å starte hausten 2004 med førebuande arbeid, med fullføring i løpet av 2006. Det er lagt opp til å gjennomføre dei delane av prosjektet der det er knytt størst uvisse til kostnadene først. Bygging av ny veg på rv 669 med ny ferjekai i Sandvika er planlagt gjennomført til slutt.

4.1 Innsparte ferjetilskot

Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 60 (2002-2003) slutta eit fleirtal i samferdselskomiteen seg til prinsippet om at innsparte ferjetilskot kan nyttast som delfinansiering av vegsamband som gjer ferje overflødig, jf. Innst. S. nr. 227 (2001-2002).

I bompengesøknaden er det lagt til grunn at innsparte statlege ferjetilskot ved å leggje ned dagens ferjesamband mellom Tustna/Smøla og Hitra i tillegg til sambandet over Imarsundet skal nyttast til å delfinansiere Imarsundprosjektet.

Vegdirektoratet meiner det er vanskeleg å sjå at det er bygginga av eit fast vegsamband over Imarsundet som gjer ferja til Hitra overflødig. Direktoratet peikar på at trafikantar mellom Tustna og Hitra/Frøya rett nok vil få eit ferjefritt samband etter bygging av Imarsundprosjektet, men meiner at nytten ved dette ikkje står i forhold til ulempene ved å leggje ned ferjesambandet. Ferjetrafikantane vil få ei auka køyrelengde på mellom 100 og 200 km, avhengig av start- og målpunkt, og dei må betale bompengar både i det nye vegsambandet og i vegsambandet til Hitra. Vegdirektoratet meiner derfor at det ikkje er rett at innsparingar ved ei eventuell nedlegging av ferjesambandet til Hitra skal inngå i finansieringa av Imarsundprosjektet. Etter direktoratet sitt syn bør innsparte ferjetilskot ved å leggje ned sambandet til Hitra komme trafikantane i dette sambandet meir direkte til nytte, til dømes ved å gå til nedbetaling av bompengelånet i fastlandssambandet til Hitra og Frøya.

Saka blei teken opp med Samferdselsdepartementet, som i brev av 14. august 2003 i utgangspunktet seier seg samd i at det ikkje er noka god løysing at realiseringa av Imarsundprosjektet føreset nedlegging av ferjesambandet mellom Tustna/Smøla og Hitra. På den andre sida blir det vist til at det er svært få trafikantar som får auka køyrelengde og at ferjesambandet er avhengig av eit høgt statleg driftstilskot årleg. Samferdselsdepartementet går derfor inn for at ferjesambandet Aukan - Edøya - Forsnes (rute 54B) blir lagt ned som ein del av etableringa av fast vegsamband over Imarsundet, i tråd med lokale vedtak.

Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) slutta samferdselskomiteen seg til prinsippet om å ta utgangspunkt i gjennomsnittleg kostnadsnivå for dei to siste rekneskapsåra når innsparte kostnader til drift av eit samband skal fastsetjast, jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003). Dette er enkelt når heile ferjesambandet blir lagt ned. Ved bygging av Imarsundprosjektet er dette meir komplisert, fordi berre delar av eitt av ferjesambanda vil bli lagt ned.

Vegdirektoratet har rekna det sparte driftstilskotet som differansen mellom driftstilskotet i dagens situasjon for dei to sambanda som blir lagt ned, Aukan - Vinsternes og Aukan - Edøya - Forsnes, og driftstilskotet for restsambandet Sandvika - Edøya etter at Imarsundprosjektet er fullført.

Driftstilskotet i dagens situasjon er eit gjennomsnittstal basert på tilskotsrekneskapa for 2001 og 2002. Ved utrekning av driftstilskotet for restsambandet er det lagt til grunn at dagens ferje i sambandet Aukan - Vinsternes blir flytta til sambandet Sandvika - Edøya. Det er derfor teke utgangspunkt i tilskotsrekneskapen for sambandet Aukan - Vinsternes for fastsetting av driftskostnader. Vidare er det teke utgangspunkt i tilskotsrekneskapen for sambandet Aukan - Edøya - Forsnes for fastsetting av billettinntekter. Det er i utrekninga lagt til grunn opningstid og frekvens som i dagens samband mellom Aukan og Edøya.

Etter dette er det årlege statlege tilskotet til drift av ferjesambanda i dagens situasjon rekna til 17,4 mill. kr (2004-prisnivå). I ettersituasjonen er det rekna med at tilskotet vil bli redusert til om lag 5,2 mill. kr. Dette gir ei årleg innsparing i driftstilskotet for dei aktuelle ferjesambanda på til saman 12,2 mill. kr. Imarsundprosjektet vil føre til ein årleg auke i drifts- og vedlikehaldskostnadene på omlag 0,2 mill. kr som skal trekkast frå det innsparte ferjetilskotet. Følgjeleg er det rekna med at staten får ei netto årleg innsparing i tilskot til drift av ferjesamband på 12 mill. kr. Tilskotet er føresett utbetalt årleg i ein periode på 15 år etter at Imarsundprosjektet er fullført. Tilskotet skal ikkje justerast for prisauke ut over justering fram til forskoteringa frå bompengeselskapet skjer. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innsparte driftstilskot på 180 mill. 2004-kr.

Det knytter seg noko uvisse til utrekninga av den årlege innsparinga i driftskostnader. Dersom det viser seg at den reelle innsparinga i statens kjøp av riksvegferjetjenester (kap. 1320/post 72 i statsbudsjettet) blir lågare enn det som er lagt til grunn i denne proposisjonen, vil dette måtte dekkast inn gjennom redusert ferjetilbod i andre samband. Dette vil vere svært uheldig, og det bør derfor vurderast om ein etter to til tre års drift av det nye sambandet skal justere den årlege utbetalinga frå staten slik at den blir meir i samsvar med den faktiske innsparinga. Etter Vegdirektoratet sitt syn bør ei slik justering berre vere aktuell dersom dette kan dekkast inn med bompengar utan å endre vilkåra for bompengeordninga. Dersom det viser seg at innsparinga på post 72 blir større enn føresett, bør det tilsvarande vurderast å auke den årlege utbetalinga frå staten til fordel for kortare bompengeperiode, primært i sambandet Seivika - Tømmervåg.

Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) slutta samferdselskomiteen seg til at gjennomsnittlege kapitalkostnader i heile ferjeflåten skal leggjast til grunn ved fastsetting av den årlege innsparinga i kapitalkostnader. For å halde kroneverdien nokolunde konstant gjekk samferdselskomiteen inn for at det i tillegg til basisverdien på 3,5 mill. 2003-kr pr. ferje skal leggjast til grunn ein årleg auke på 2,5 pst. i femtenårsperioden, jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003). Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innsparte kapitalkostnader på 67 mill. 2004-kr. Storleiken på bidraget er basert på at forskoteringa frå bompengeselskapet skjer i 2005 og 2006 og at tilbakebetalinga frå staten startar i 2007.

4.2 Bompengar

Bompengeandelen er 26 pst. av det samla finansieringsbehovet. Det er lagt til grunn innkrevjing av forskotsbompengar i ferjesambanda Aukan - Vinsternes, Seivika - Tømmervåg og Aukan - Edøya i to år ved å auke takstane med tre takstsoner. Etter fullføring av Imarsundprosjektet er det lagt til grunn innkrevjing av etterskotsbompengar i sambanda Seivika - Tømmervåg og Sandvika - Edøya ved å auke takstane med to soner. I bomstasjonen på rv 680 er det lagt til grunn bompengetakstar om lag 3 soner over gjeldande ferjetakstnivå, som vil svare til eit tillegg på om lag 25 pst. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet på 99,5 mill. 2004-kr. I tillegg kjem bompengar til innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Det blir no vurdert som mest aktuelt å etablere ein ubemanna bomstasjon som er tilpassa AutoPASS-systemet. Dette vil føre til at takstopplegget i bomstasjonen må tilpassast standard takstsystem med berre to takstgrupper og inga betaling for passasjerar. Takstane i bomstasjonen vil då bli i storleiken 90 kr for lett bil og 270 kr for tung bil. Det er lagt opp til å gi rabattar i tråd med gjeldande retningslinjer. Det er ein føresetnad at netto bompengeinntekt ikkje blir redusert i forhold til det som er lagt til grunn i denne proposisjonen ved endeleg fastsetting av takstnivået. Det er vidare ein føresetnad at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.

Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn rekna med, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og forlengje innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Om lag 40 pst. av trafikantane i sambandet Seivika - Tømmervåg reiser berre mellom Kristiansund og Tustna. Vegdirektoratet meiner det er uheldig at trafikantar som ikkje får direkte nytte av det faste sambandet, skal betale bompengar. Det blir også vurdert som uheldig at trafikantar i Imarsundsambandet som også brukar ferja mellom Seivika og Tømmervåg, må betale for det nye vegsambandet begge stader. Dette vil medføre at dei betalar meir i bompengar enn andre bilistar utan at dei kan seiast å ha større nytte av det nye vegsambandet. Dette vil kunne gjelde så mange som 70 pst. av trafikantane gjennom bomstasjonen.

Saka blei teken opp med Samferdselsdepartementet, som i brev av 14. august 2003 i utgangspunktet sluttar seg til Vegdirektoratet si vurdering. Departementet har likevel funne å kunne gå inn for bompengeinnkrevjing i sambandet Seivika - Tømmervåg. Lokalt er ein innforstått med dette.

Fleire forhold, mellom anna lågare rentenivå, kan føre til at lånet kan nedbetalast vesentleg raskare enn det som er lagt til grunn i denne proposisjonen. Vegdirektoratet foreslår derfor at det blir lagt opp til å avslutte innkrevjinga av bompengar i sambandet Seivika - Tømmervåg så snart det blir vurdert som sikkert at gjelda til bompengeselskapet kan dekkast innafor ein innkrevjingsperiode på 15 år utan å fortsette innkrevjinga i dette sambandet. Når dette kan skje, er avhengig av sluttkostnaden for prosjektet, trafikkutviklinga, lånerenta og om det blir aktuelt å redusere den årlege utbetalinga frå staten. Dersom føresetnadene i denne proposisjonen ikkje blir vesentleg endra, meiner Vegdirektoratet at innkrevjinga i sambandet Seivika - Tømmervåg kan avsluttast så tidleg som 3-4 år etter at Imarsundprosjektet er opna for trafikk.

4.3 Tilskot

I bompengesøknaden er det lagt til grunn tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet og frå Aure og Tustna kommunar. Kommunal- og regionaldepartementet har sagt seg villig til å gå inn med eit eingongstilskot på 15 mill. 2004-kr til bygging av Imarsundprosjektet. Det er ein føresetnad at det blir tilslutning til samanslåing av kommunane Tustna og Aure og at prosjektet er fullfinansiert. Tustna og Aure kommunar har sagt seg villige til å gå inn med eit tilskot på til saman 18 mill. 2002-kr fordelt over 5 år. Vedtaka byggjer på at det blir tilslutning til samanslåing av dei to kommunane, slik at delar av innsparte midlar som følgje av dette kan nyttast som tilskot til Imarsundprosjektet.

4.4 Forslag til finansieringsplan

Kostnadsoverslaget er 250 mill. kr. Med dei føresetnader som er lagt til grunn er netto kapitalkostnader knytta til forskotteringa rekna til om lag 130 mill. kr. Samla gir dette eit finansieringsbehov på om lag 380 mill. kr.

Det er lagt til grunn finansieringsplan som i tabell 4.1.

Tabell 4.1 Finansieringsplan

2004-kr
Forskottering - innsparte tilskot til drift av ferjesambanda1) 180,0 mill. kr
Forskottering - innsparte tilskot til kapitalkostnader for ei ferje 67,0 mill. kr
Tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet 15,0 mill. kr
Tilskot frå Aure og Tustna kommunar 18,5 mill. kr
Bompengar2) 99,5 mill. kr
Totalt 380,0 mill. kr

1) Korrigert for auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på vegnettet

2) I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet

4.4.1 Innsparte tilskot til drift og kapitalkostnader

Det er lagt opp til at finansieringsbidraget frå innsparte driftstilskot og kapitalkostnader blir forskotert av bompengeselskapet gjennom låneopptak og ein aksjekapital på 10 mill. 2002-kr. Bompengeselskapet har gjennom eige vedtak i styremøte 27. august 2003 gjort det klart at selskapet er kjent med reglane for alternativ bruk av ferjetilskot og at eit opplegg med forskotering ligg til grunn for søknaden.

Det er føresett at staten vil tilbakebetale forskoteringa gjennom årlege utbetalingar fordelt over 15 år, utan kompensasjon for prisstigning og renteutgifter, jf. St.prp. nr. 67 (2002-2003). Den årlege innsparinga skal under kap. 1320 i statsbudsjettet førast til frådrag på post 72 og fordelast mellom post 23 til dekning av auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på 0,2 mill. kr pr. år og post 30 til nedbetaling av forskoteringa frå bompengeselskapet.

4.4.2 Eventuell kostnadsauke

Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. I dette prosjektet, der det ikkje er ordinære statlege midlar, skal lokale styresmakter og/eller bompengeselskapet dekke overskridingar på inntil 10 pst., jf. St.prp. nr. 67 (2002-2003). Overskridingar ut over 10 pst. er staten sitt ansvar og må følgjeleg dekkast innafor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Møre og Romsdal. Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal er orientert om dette i møte 3. februar 2004.

Ved eventuell kostnadsauke har det vore vurdert å kutte ut den planlagde bygginga av ny veg på rv 669 med ny ferjekai i Sandvika. Sidan det er lagt opp til å krevje inn bompengar i det nye ferjesambandet Sandvika - Edøya, vil dette bryte med ein sentral føresetnad for prosjektet. Vegdirektoratet finn derfor ikkje å kunne tilrå ei slik løysing for å spare kostnader. Det er heller ikkje funne andre element i prosjektet som kan kuttast ut for å unngå kostnadsoverskridingar.

4.4.3 Eventuell kostnadsreduksjon

Stortinget har ikkje gitt særskilte føringar for korleis reduserte kostnader skal fordelast for prosjekt som blir finansierte innafor ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot. For dette prosjektet meiner Vegdirektoratet at eventuelle innsparingar skal godskrivast post 72, slik at dei årlege utbetalingane kan stanse før det er gått 15 år.

4.5 Andre føresetnader for finansieringsplanen

I finansieringsanalysar for bompengeprosjekt har det vore vanleg å leggje til grunn ei lånerente på 8 pst. Ut frå dagens rentenivå er dette høgt, men føresett lånerente skal atterspegle uvissa i heile nedbetalingsperioden. Vegdirektoratet viser i denne samanhengen til samferdselskomiteen sine merknader ved behandling av prinsippa for alternativ bruk av ferjetilskot i St.prp. nr. 67 (2002-3003), jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003), side 10, der det går fram at rentesatsen i ein bindande låneavtale for ein femtenårsperiode kan leggjast til grunn for finansieringsplanen.

Ei lånerente på 6,5 pst. låg til grunn for Stortingets godkjenning av delvis bompengefinansiering av rv 544 Halsnøysambandet, jf. St.prp. nr. 84 (2002-2003) og Innst. S. nr. 27 (2003-2004). Vegdirektoratet foreslår derfor at det i finansieringsplanen for dette prosjektet blir lagt til grunn ei lånerente på 6,5 pst. Det er ein føresetnad at dokumentasjon på eit rentenivå innafor 6,5 pst. blir lagt fram for Vegdirektoratet før anleggsstart.

Gjennomsnittleg årsdøgntrafikk i 2002 for ferjesambanda var om lag 180 bilar i sambandet Aukan - Vinsternes, 170 bilar i sambandet Aukan - Edøya, 15 bilar i sambandet Aukan - Forsnes og 390 bilar i sambandet Seivika - Tømmervåg. Etter opning av vegsambandet over Imarsundet er det rekna med ein eingongsauke i trafikken på 30 pst. gjennom bomstasjonen på rv 680. Det er då teke omsyn til noko trafikkavvising som følgje av at bompengetakstane vil vere høgare enn dagens ferjetakstar. Det er ikkje rekna med overføring av trafikk frå andre vegruter som til dømes E39, etter at det nye vegsambandet er opna for trafikk.

Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente 6,5 pst.

  • Eingongsauke i trafikken 30 pst.

  • Årleg trafikkvekst 1 pst.

  • Årleg prisstigning 2 pst.

  • Årlege kostnader til bompengeinnkrevjing 1,8 mill. kr

  • Forskotering i første byggjeår gjennom innbetaling av ekstra aksjekapital

  • Utbetaling av tilskotet frå Kommunal- og regionaldepartementet i første byggjeår

  • Utbetaling av lokale årlege tilskot i dei første 5 åra etter opning av sambandet

  • Utbetaling av innsparte ferjetilskot over 15 år utan kompensasjon for renteutgifter og prisvekst

Med desse føresetnadene er bompengeperioden rekna til 10 år og 4 månader. I tråd med dei lokale vedtaka blir det lagt opp til å oppretthalde 15 års bompengeperiode med opning for å avslutte innkrevjinga i ferjesambandet Seivika - Tømmervåg tidlegare dersom kostnads- og inntektsutviklinga gir rom for dette, jf. nærare omtale ovanfor.

Det er også rekna på eit alternativ med føljande pessimistiske føresetnader:

  • Kostnadsoverslaget aukar med 10 pst.

  • Lånerenta aukar til 7 pst.

  • Eingangsauken i trafikken blir redusert til 10 pst. og ingen årleg trafikkvekst

  • Takstauke på 20 pst. etter 2 år

Med desse føresetnadene er bompengeperioden rekna til 21 år. Økonomien i prosjektet er følgjeleg følsam for endringar i føresetnadene. Dette gjeld særleg endringar i kostnader og eingongsauke i trafikken. Dersom prosjektkostnadene aukar med 10 pst., vil innkrevjingsperioden auke med nærare 6 år. Utan eingongsauke i trafikken vil innkrevjingsperioden auke med omlag 4 år.

4.6 Fylkeskommunal garanti

Møre og Romsdal fylkeskommune handsama garantispørsmålet i møte i fylkesutvalet 2. september 2003. Fylkesutvalet fatta følgjande vedtak:

«Møre og Romsdal fylkeskommune garanterer med simpel garanti for dei naudsynte låna som Imarfinans AS tek opp for finansiering av Imarsundprosjektet.

Garantien gjeld for hovudstolen av lånet, maksimalt 264 mill. kr med tillegg av 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekking av eventuelle påløpte renter. Lånet kan ikkje overstige 290 millionar kroner. Garantiansvaret blir redusert i takt med nedbetalinga av lånet og opphøyrar etter 20 år med tillegg av inntil 2 år, jf. § 6 i garantiforskriftene.»

Den fylkeskommunale garantien skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Garantien vil først komme til utbetaling etter at realtakstane er auka med inntil 20 pst. og innkrevjingsperioden er auka med inntil 5 år.

4.7 Toppfinansiering

Hausten 2003 bad Vegdirektoratet om ein ny gjennomgang av kostnadsoverslaget, særleg på grunn av uvisse knytt til fundamenteringsløysinga for brua over Imarsundet. Direktoratet frykta at det kunne bli nødvendig å auke overslaget, noko som ville krevje statlege midlar innafor fylkesfordelt ramme eller styrka finansiering på annan måte. På denne bakgrunnen sette Imarfinans AS i gang ein prosess for å få på plass ein garanti for ei toppfinansiering på totalt 15 mill. kr.

Aure, Tustna, Smøla og Kristiansund kommunar, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nordmøre Energiverk AS har gitt tilsegn om tilleggsbidrag på 13 mill. kr med følgjande fordeling:

  • Aure, Tustna, Smøla og Kristiansund kommunar: 5 mill. kr

  • Møre og Romsdal fylkeskommune: 5 mill. kr

  • Nordmøre Energiverk AS: 3 mill. kr

Bidraga er føresette å komme til utbetaling berre dersom kostnadsoverslaget i denne proposisjonen overstig det som er mogleg å finansiere innafor det opphavelege opplegget i bompengesøknaden, og ikkje ved ein eventuell kostnadsauke etter at Stortinget har behandla saka.

Kommunal- og regionaldepartementet har opna for at departementet kan bidra med eit ytterlegare bidrag på inntil 2 mill. kr utover tilskotet på 15 mill. kr. Føresetnaden er at det ligge føre ei fagleg vurdering og godkjenning frå Samferdselsdepartementet av det endelege kostnadsoverslaget. Dei eventuelle ekstramidlane til prosjektet vil kun bli utbetalte etter at all anna finansiering er på plass og alle eventuelle garantiar er utløyste. Departementet tar også atterhald om Stortinget sitt budsjettvedtak i det året som dette eventuelt blir aktuelt.