Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 69 (2003-2004)

Om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet (Rv 680 Imarsundsambandet og Rv 669 Sandvika ferjekai med veg) i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet i Møre og Romsdal. Prosjektet vil gi fast vegsamband mellom kommunane Tustna og Aure på Nordmøre med bygging av bruer over Imarsundet på rv 680. Prosjektet omfattar også ei innkorting av ferjesambandet mellom Tustna og Smøla på rv 669. I tillegg inngår økonomisk tilskot til kabelferje til Solskjeløya i Tustna og ei mindre utbetring av vegnettet på øya. Anleggsarbeida på prosjektet er planlagt å starte hausten 2004 med førebuande arbeid, med fullføring i løpet av 2006.

Alternativ bruk av ferjetilskot og bompengar er viktige element i finansieringsplanen for prosjektet. Dei prinsippa som er trekte opp for alternativ bruk av innsparte ferjetilskot ved ferjeavløysingsprosjekt er lagt til grunn, jf. Stortinget si behandling av St.prp. nr. 1 (2001-2002), St.prp. nr. 60 (2001-2002) og St.prp. nr. 67 (2002-2003).

Til toppen
Til forsida av dokumentet