St.prp. nr. 69 (2003-2004)

Om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet (Rv 680 Imarsundsambandet og Rv 669 Sandvika ferjekai med veg) i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

2 Omtale av utbygginga

Imarsundprosjektet vil avløyse ferjesambandet som i dag går mellom Aukan i Tustna kommune og Vinsternes i Aure kommune. Prosjektet omfattar omlag 3,4 km ny tofelts veg med 6,5 m vegbreidde på rv 680 med bruer over Imarsundet og Litjsundet på høvesvis 580 og 300 m.

Ferjesambandet Aukan - Edøya (Smøla) - Forsnes (Hitra) blir også endra. Ferja til Forsnes blir lagt ned og ferjestrekninga til Smøla blir korta ned ved bygging av 1,3 km ny veg på rv 669 med ny ferjekai i Sandvika. Kaia i Sandvika vil erstatte dagens ferjekai på Aukan og korte ned ferjesambandet mellom Tustna og Edøya i Smøla kommune med om lag 5 minutt, dvs. omlag med ein femtedel.

Tidlegare var innkorting av ferjesambandet til Smøla planlagt med bru til Solskjeløya og ny veg til nordspissen av øya med ny ferjekai her. For å redusere kostnadene i prosjektet er denne løysinga ikkje valt. Det er i staden lagt inn eit investeringstilskot på 4 mill. kr til kabelferje og ei mindre utbetring av vegnettet på øya. Kabelferja er føresett driven av eit privat selskap, Tustna kabelferje B/A.

Det er planlagt ein bomstasjon i Aure, om lag 700 m aust for brua over Litjsundet.

Figur 2.1 Kartskisse over utbygginga av Imarsundprosjektet

Figur 2.1 Kartskisse over utbygginga av Imarsundprosjektet

2.1 Kostnader og nytte

Samla kostnadsoverslag for Imarsundprosjektet er 250 mill. 2004-kr. Kostnaden fordeler seg med 209 mill. kr på sjølve Imarsundsambandet og 37 mill. kr på ny veg til Sandvika med ferjekai. Eit eingongstilskot på 4 mill. 2002-kr til investering i kabelferje og vegutbetring på Solskjeløya inngår også i overslaget. Uvissa i overslaget er vurdert til å liggje innafor + 10 pst.

Imarsundprosjektet vil betre kommunikasjonane i regionane Kristiansund/Frei/Tustna/Smøla (om lag 26 600 personar) og Aure/Hemne (om lag 7 100 personar). Sentra i regionane blir meir tilgjengelege ved at reisetida blir redusert med om lag 1 time for viktige trafikkrelasjonar. Sidan regionen framleis vil vere avhengig av ferje for å komme til senterkommunen Kristiansund, vurderer Møreforsking dei regionale verknadene av Imarsundprosjektet til å bli av eit avgrensa omfang.

Samfunnsøkonomisk netto nytte for Imarsundsambandet er rekna til om lag 0 mill. kr, basert på ei løysing utan bompengar. Basert på ei løysing med bompengar har prosjektet ei netto nytte på om lag -25 mill. kr. Dei viktigaste nyttefaktorane er redusert reisetid saman med bortfall av ferjekostnader og ulemper ved å bruke ferje. Nytte av nyskapt trafikk vil også vere ein positiv faktor saman med noko reduserte utslepp av NOx og CO2. I negativ retning kjem auke i trafikktryggleiks- og vedlikehaldskostnader.

2.2 Planhandsaming og miljøvurderingar

Reguleringsplan for hovuddelen av prosjektet blei godkjend av kommunestyra i Aure og Tustna i februar 2003. Under planprosessen er veglinja spesielt justert for å finne ei løysing som er tilfredstillande ut frå omsynet til kulturminne på land. Planen oppfyller krav frå Kystverket om ein fartsløpsdimensjon med høgd 12 meter og breidde 40 meter. Marinarkeologiske undersøkingar i Imarsundet har ikkje påvist kulturhistorisk materiale som kan komme i konflikt med dei planlagde bruene. I Tustna kommune er Imarsundprosjektet sett av som område for planlagd riksveg i kommuneplanen som blei godkjend samstundes med reguleringsplanen. I arealdelen til kommuneplanen i Aure kommune frå 1992 er planlagd ny riksveg markert på kartet. Den viste løysinga er i samsvar med godkjend hovudplan frå 1995. Godkjend reguleringsplan byggjer på denne hovudplanen. Konsekvensutgreiing ligg ikkje føre, då KU-plikt ikkje er tilstades.

I brev av 13. september 2000 har Kystdirektoratet gitt løyve til kabelferje mellom Nordheim og Solskjelødegården i Tustna kommune. Reguleringsplan for kabelferjeprosjektet er utarbeidd, men er enno ikkje godkjend. Ei kabelferje blir å rekne som maskindrive fartøy, som vil krevje naudsynte sertifikat etter sjøfartslovgivninga. Slik sakshandsaming står att.