St.prp. nr. 75 (1996-97)

Om forskotsbompengar til Eiksundsambandet

Til innholdsfortegnelse

2 Omtale av prosjektet

2.1 Plassering og tekniske data

Alternativet som Vegdirektoratet har godkjent, tek av frå Eiksundet og går på ei 250 m lang fylling fram til ei bru over til øya Eika. Brua blir 368 m lang og har ei minste frie seglingshøgd på 16 m i ei breidd på 20 m. Alternativet omfattar vidare 130 m veg på Eika, og ein 6440 m lang trefelts undersjøisk tunnel med 10 % stiging på begge sider av lågpunktet fram til Ytre Steinnes i Ørsta kommune. Tunnelen vil ha lågaste punkt 300 m under havoverflata. Det godkjente alternativet går vidare dels langs eksisterande veg, før det tek av og går vest for Hovdevatnet og fram til Furene i Volda kommune. På strekninga mellom Steinnes og Furene er det mellom anna planlagt to tunnelar, ein på 1270 m og ein på 560 m. Vegen blir bygd med 6,5 m breidd, med unnatak av den undersjøiske tunnelen.

Det godkjente alternativet har nokre negative konsekvensar for miljø og kulturminne. Miljøulempene er hovudsakleg knytt til utfyllinga av Eiksundet. Det er prøvd å redusere desse ulempene ved å tilpasse fyllinga i terrenget. Ein vil vidare avgrense inngrepa på Eika og syte for ein estetisk god brukonstruksjon. Undersøkingar viser at bru/fylling i Eiksundet ikkje vil føre til store endringar i forholda i sundet. Det er difor ikkje venta problem med vassutskiftinga. Alternativet kan òg føre med seg mogelege konfliktar med hjortetrekk.

Alternativet fører til konfliktar med kulturminne på Ytre Steinnes. Dersom det vidare planarbeidet viser at det ikkje er mogeleg å gjere justeringar som kulturminnestyresmaktene kan akseptere på Ytre Steinnes, har Vegdirektoratet vedteke at den undersjøiske tunnelen i staden for å kome opp ved Ytre Steinnes, skal kome opp mellom Steinnes og Sørheim i Ørsta kommune. Tunnelen vil då bli om lag 7,7 km lang. Stiginga frå lågpunktet til tunnelpåhogget mellom Steinnes og Sørheim vil bli på om lag 8 %. Tunnelen vil i så fall bli bygd med to felt på denne sida.

Kulturavdelinga i fylket har tatt til med feltundersøkingar i området. Arbeidet skal etter planen vere ferdig i juni 1997. Vegkontoret vil etter dette søkje Historisk museum i Bergen om frigjeving av mogelege funn. Om funna ikkje blir frigjevne, må tunnelen kome opp mellom Steinnes og Sørheim.

Figur 2-1 Vedteke hovudplantrasé

Figur 2-1 Vedteke hovudplantrasé

Figur 2-2 Alternativt vedteke hovudplantrasé

Figur 2-2 Alternativt vedteke hovudplantrasé

2.2 Planstatus

Eiksundsambandet er eit framtidig fast samband mellom rv 653 ved Eiksund i Ulstein kommune og rv 1 ved Furene i Volda kommune. Sambandet vil avløyse den 3,4 km lange ferjestrekninga mellom Eiksund og Rjånes. Overfartstida er i dag på om lag 13 minutt på strekninga.

Hovudplanen for prosjektet blei godkjent av Vegdirektoratet 26. februar 1997. Utgangspunktet for planlegginga av Eiksundsambandet har vore det lokale ynske om å knytte øykommunane på søre Sunnmøre til fastlandet med eit fast vegsamband.

I hovudplanen er fleire alternativ for undersjøisk tunnel under Vartdalsfjorden vurderte. Dette gjeld både med tofelts tunnelar med 7 % stiging og trefelts tunnelar med 10 % stiging. Det er og vurdert to alternative løysingar for innkorting av ferjestrekninga, som båe vil gje kortare overfartstid og ei takstsone billigare ferjebillett.

Av alle dei alternativa som er vurderte i hovudplanen, er det berre det eine ferjeinnkortingsalternativet som har samfunnsøkonomisk lønsemd. Dette alternativet er kostnadsrekna til om lag 30 mill. kr. Netto nytte er rekna til om lag 25 mill. kr. Ferjesambandet vil få ei overfartstid på om lag 10 minutt og avgang kvar 1/2 time på kvardagar. Samla auke i ferjetilbodet er rekna til om lag 40 %.

Ved hovudplanhøyringa var det likevel stor lokal semje om eit av tunnelalternativa. Mellom anna gjekk alle dei aktuelle kommunane inn for dette alternativet. Med grunnlag i den lokale semja godkjente Vegdirektoratet dette tunnelalternativet.

Prosjektet er delt inn i fleire reguleringsområde, og arbeidet med reguleringsplanane er starta opp. Vegdirektoratet reknar med at alle reguleringsplanane er vedtekne omkring årsskiftet 1998-99.

2.3 Kostnadsoverslag og samfunnsøkonomisk lønsemd

Kostnadsoverslaget for det alternativet som er vedteke, er rekna til 620 mill. kr på hovudplannivå. Om den undersjøiske tunnelen må forlengjast på grunn av konfliktane med kulturminne på Ytre Steinnes, reknar ein med at kostnadsoverslaget vil auke med 20 mill. kr til totalt 640 mill. kr. Driftskostnadene ved ein undersjøisk tunnel kan òg bli høge. Her kan det vere stor uvisse, men dei er førebels rekna til å kunne bli omkring 5 - 8 mill. kr årleg. Ferja som trafikkerer sambandet i dag går utan driftstilskot.

Netto nytte for det vedtekne alternativet er rekna til om lag -320 mill. kr. Netto nyttekostnadsbrøk er rekna til -0,5.

Kostnadsoverslaget på hovudplannivå har ei uvisse på +/- 25 %. Når det er utarbeidd kostnadsoverslag basert på reguleringsplanar er uvissa redusert til +/- 10 %.

Kostnadsoverslaget byggjer på erfaringstal for tilsvarande anlegg, og med dagens teknologi. Vegdirektoratet har kvalitetssikra kostnadsoverslaget. Dette har gjeve eit noko høgare kostnadsoverslag enn det som låg til grunn ved godkjenninga av hovudplanen.