St.prp. nr. 75 (1996-97)

Om forskotsbompengar til Eiksundsambandet

Til innholdsfortegnelse

3 Bompengeordninga

Eiksundsambandet skal finansierast med ein kombinasjon av statlege midlar og bompengar.

Det er rekna med forskotsbompengar på ferjesambandet Eiksund - Rjånes ved at takstane blir heva frå takstsone 4 til takstsone 7. Dette blir eit bompengetillegg på om lag 25 % (vege gjennomsnitt) for alle takstgruppene. Tillegget varierer mellom 15 og 29 %. Etter gjeldande takstregulativ vil dette seie mellom anna ein takstauke frå 16 til 19 kr for vaksne passasjerar, og frå 40 kr til 50 kr for lette køyretøy/personbilar (til og med 5,0 m).

Det er lagt til grunn at bompengetillegget gjeld alle trafikantgrupper som i dag betaler på ferja. Det er vidare lagt til grunn same rabattar i takstsone 7 som i dag. Bompengetakstane skal følgje takstutviklinga i ferjetakstregulativet. Takstnivået skal vurderast på nytt når endeleg vedtak om bygging eventuelt er gjort.

Gjennomsnittleg årsdøgntrafikk på ferjesambandet Eiksund - Rjånes var i 1996 på 609 køyretøy pr. døgn. Det er rekna med at innføring av forskotsbompengar vil gje noko trafikkavvisning. Det er lagt til grunn 5 % avvisning. Det er vidare rekna med ein årleg trafikkvekst på 1 %. Ut frå dette legg ein til grunn ei årleg bompengeinntekt på 2,4 mill. kr.

3.1 Alternativ bruk av forskotsbompengane

Om prosjektet ikkje blir realisert, skal ein først dekkje planleggingskostnadene, tilbakebetale aksjekapitalen og løyse opp selskapet. Eit eventuelt overskot nyttast vidare til gang- og sykkelvegar og miljø- og trafikksikringstiltak på rv 653.

3.2 Mogelege etterskotsbompengar

Etter St meld nr 46 (1990-91) Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter s. 27 skal forskotsbompengar som hovudregel ikkje bli kravd inn meir enn tre år før det blir vedteke at prosjektet skal byggjast. Dette vil seie at samla periode med forskotsbompengar vil kunne bli mellom fem og åtte år med vanleg byggjeperiode. I St meld nr 37 (1996-97) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007 s. 124 er det lagt opp til at Eiksundprosjektet blir starta i perioden 1998-2001 og fullført i perioden 2002-2007. Behandlinga av veg- og vegtrafikkplanen og handlingsprogrammet for 1998-2007 vil avklåre prioriteringa av prosjektet.

Samferdselsdepartementet vil eventuelt leggje fram ein proposisjon om innkrevjing av etterskotsbompengar til Eiksundsambandet etter at det ligg føre vedtekne reguleringsplanar. I ein eventuell bompengeproposisjon vil kostnadsoverslaget vere basert på vedtekne reguleringsplanar. Dette er i samsvar med St meld nr 46 (1990-91) Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter s. 26. Der framgår det at bompengeprosjekt om mogeleg bør vere så godt gjennomarbeidde at overslaget for anleggskostnader er på reguleringsplannivå. I ein reguleringsplan vil kostnadsoverslaget vere innafor ei uvisse på +/- 10 %. Når det ligg føre endeleg reguleringsplan, vil det heller ikkje vere tvil om kva for alternativ som blir valt på Steinnes.

Det er førebels ved vurderinga av bompengeinntektene lagt til grunn ein eingongsauke i trafikken på om lag 30 % ved åpninga, og ein trafikkvekst på 1 % pr. år. Om det blir lagt til grunn etterskotsbompengar i 15 år med bompengetakst svarande til takstsone 7 i riksvegferjeregulativet, kan bompengedelen av finansieringa bli på om lag 125 mill. kr.