St.prp. nr. 75 (1996-97)

Om forskotsbompengar til Eiksundsambandet

Til innholdsfortegnelse

4 Lokale vedtak

4.1 Om innkrevjing av bompengar

Spørsmålet om innkrevjing av bompengar til Eiksundsambandet har vore lagt fram for Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og Volda kommune, som alle har slutta seg til framlegget.

I sak T-64/96 fatta Møre og Romsdal fylkesting følgande vedtak mot ei stemme:

  1. 1.

    «Møre og Romsdal fylkesting rår til at det frå 1. januar 1997 og fram til opninga av Eiksundsambandet vert kravd inn bompengar på ferjesambandet Eiksund - Rjånes. Forskotsbompengane blir sett til differansen mellom sone 7 og sone 4 i riksvegferjeregulativet. Trafikantane skal oppnå same rabatt på bompengedelen som på den ordinære ferjebilletten.

  2. 2.

    Når Eiksundsambandet opnar vert det innkrevd etterskotsbompengar svarande til sone 7 i riksvegferjeregulativet.

  3. 3.

    Eiksundsambandet A/S skal stå for forretningsdrifta av bompengane og får løyve til å inngå avtale med Vegdirektoratet om bompengeinnkrevinga.»

4.2 Om alternativ bruk av forskotsbompengane

I sak T-78/93 fatta Møre og Romsdal fylkesting følgande vedtak med 55 mot 2 stemmer:

«(...)

  1. 3.

    Dersom prosjektet ikkje blir realisert, skal eventuelle overskot etter at planleggingskostnader er dekt, innbetalt aksjekapital er tilbakebetalt og selskapet oppløyst, brukast i riksvegrute 653, til gang- og sykkelveg, miljø- og trafikktryggingstiltak.»

Også kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og Volda har slutta seg til dette.