St.prp. nr. 75 (1996-97)

Om forskotsbompengar til Eiksundsambandet

Til innholdsfortegnelse

5 Samferdselsdepartementet si vurdering

Etter Samferdselsdepartementet sitt syn bør bompengeprosjekt i utgangspunktet vere samfunnsøkonomisk lønsame. Dette går fram av St meld nr 46 (1990-91) Om endring i rammebetingelsene for bompengeprosjekter s. 4 . Det heiter der at «Departementet vil legge til rette for at samfunnsøkonomisk lønnsomme prosjekter fortsatt skal kunne realiseres ved hjelp av bompenger».

Ut frå eit slikt syn knyter det seg ein del atterhald til prosjektet. Eiksundsambandet har låg samfunnsøkonomisk lønsemd.

Kostnadsoverslaget er på hovudplannivå og er difor usikkert. Dette har mellom anna samanheng med uvisse når det gjeld den undersjøiske tunnelen og traséval på grunn av konfliktar med kulturminne. Auke i kostnadene svekkjer òg lønsemda i prosjektet enda meir.

Bompengedelen er på 20 %, medan hovudregelen seier at det bør vere minst 50 % bompengedel.

Eit eventuelt vedtak om å byggje prosjektet vil binde store statlege midlar i eit fylke med mange uløyste oppgåver når det gjeld riksvegane.

Departementet si grunngjeving for likevel å leggje fram forslag om forskotsbompengar har samanheng med omsynet til distriktet og det lokale næringslivet. Prosjektet vil betre infrastrukturen i området og kan medverke til å auke arbeidsmarknaden særleg for industrien. Prosjektet kan difor vere med på å styrkje næringsutvikling og busetnad. Departementet har òg lagt vekt på fylkeskommunen si prioritering av prosjektet.

Departementet vil seinare kome attende til Stortinget med eit framlegg til eige vedtak om endeleg utbygging. Vidare planlegging vil redusere uvissa i kostnadsoverslaget. Eit framlegg om å gjennomføre prosjektet må baserast på avklåringane i vedtekne reguleringsplanar og på ei nærare vurdering av prosjektet.