St.prp. nr. 78 (2002-2003)

Om utbygging av E18 Kopstad - Gulli i Vestfold med delvis bompengefinansiering og endret opplegg for utbygging av deler av rv 4 i Oppland

Til innholdsfortegnelse

2 Endra opplegg for utbygging av delar av rv 4 i Oppland

2.1 Bakgrunn

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 74 (2000-2001) godkjende Stortinget delvis bompengefinansiert utbygging av fase 1 av rv 4 i Oppland, som inkluderer strekningane Reinsvoll - Hunndalen og Lygna N - Einavoll samt bygging av bomstasjonar. Det vart lagt til grunn at utbygginga skulle skje parallelt med bompengeinnkrevjinga og at eit eventuelt låneopptak ville vere av avgrensa storleik. Fase 2 av utbygginga er nærare omtalt i St.prp. nr 74 (2000-2001).

Bompengeinnkrevjinga starta 1. juli 2002. I finansieringsplanen var det lagt til grunn eit trafikkgrunnlag på 9 100 køyretøy pr. døgn gjennom bomstasjonen i 2002. Det var rekna med 15 pst. trafikkavvising. Dei 5 første månadane har trafikken gjennom bomstasjonen vore på under 5 000 køyretøy pr. døgn i gjennomsnitt. Dette tilsvarar ei avvising på nærare 50 pst.

I tillegg til vesentleg inntektssvikt som følgje av trafikkavvisinga, har kostnadsoverslaget auka. Med auka anleggskostnader og reduserte bompengeinntekter vil eit opplegg med parallellinnkrevjing av bompengar føre til svært urasjonell anleggsdrift. Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2002-2003) blei det derfor hausten 2002 teke initiativ til å vurdere større grad av låneopptak for å sikre rasjonell anleggsdrift.

Etter møte med samferdselsministeren 16. oktober 2002 vart det sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Vegdirektoratet, Statens vegvesen Oppland, Oppland fylkeskommune, Gjøvik kommune og Vestre Toten kommune for å vurdere bompengeordninga for fase 1 på nytt.

På bakgrunn av dei nye føresetnadene og rapporten frå arbeidsgruppa har Statens vegvesen vurdert saka på nytt.

2.2 Forslag til endra bompengeordning

Arbeidsgruppa har i sin rapport av 15. desember 2002 vurdert alternative tiltak og lagt fram følgjande forslag til endra bompengeordning for utbygginga av fase 1:

  • Låneopptak basert på fylkeskommunal garanti

  • Raskast mogleg utbygging av prosjektet Reinsvoll - Hunndalen

  • Etterskotsvis bompengeinnkrevjing på gammal og ny rv 4 med same takstnivå som i 2002, justert for prisstigning frå 2001

  • Eksisterande bomstasjon på Breiskallen blir opna for gratis passering i byggeperioden

  • Iverksetjing av nødvendige tiltak på fylkesvegar og kommunale vegar som sikrar at trafikkavvisinga ikkje blir større enn 15 pst. når bompengeinnkrevjinga startar opp att.

Arbeidsgruppa har lagt til grunn at bomstasjonen på Breiskallen blir opna for gratis passering frå og med 1. juli 2003.

2.3 Lokal behandling

Gjøvik og Vestre Toten kommunar og Oppland fylkeskommune har slutta seg til arbeidsgruppa sitt forslag til opplegg for gjennomføring av utbygginga av rv 4 på strekninga Reinsvoll - Hunndalen.

Vestre Toten kommune fatta følgjande vedtak i møte i kommunestyret 30. januar 2003:

  1. Vestre Toten kommune fastholder at utbyggingen av rv 4 er helt nødvendig for utviklingen av kommunen og Gjøvikregionen.

  2. Vestre Toten kommune aksepterer arbeidsgruppas forslag slik det foreligger i den felles saksfremstillingen til kommunene i Gjøvikregionen.»

Gjøvik kommune fatta følgjande vedtak i møte i kommunestyret 30. januar 2003:

«Gjøvik kommune gir sin tilslutning til følgende løsning for gjennomføring av utbygging av rv 4 Reinsvoll - Hunndalen:

  • Låneopptak basert på fylkeskommunal garanti

  • Raskest mulig utbygging av strekningen Reinsvoll - Hunndalen

  • Etterskuddsvis bompengeinnkreving på gammel og ny riksveg 4 med samme takstnivå som i 2002, justert for prisstigning fra 2001

  • Bommen på riksveg 4 Breiskallen åpnes for gratis passering i byggeperioden

  • Iverksettelse av nødvendige tiltak på lokalt vegnett som sikrer at bomstasjonene ikke gir større trafikklekkasje enn 15 % når innkrevingen starter opp igjen.

Gjøvik kommune tar ansvar for å gjennomføre tiltak som Statens vegvesen finner nødvendig å foreslå i overensstemmelse med arbeidsgruppens utredning.»

Oppland fylkeskommune behandla saka i møte i fylkestinget 8. april 2003 og fatta følgjande vedtak:

«Oppland fylkeskommune gir sin tilslutning til følgende løsning for gjennomføring av utbygging av Riksveg 4 Reinsvoll-Hunndalen:

  1. Låneopptak basert på fylkeskommunal garanti. Oppland fylkeskommune garanterer for bomselskapets gjeld begrenset til 320 millioner i 2003 kroner. Garantitiden er maksimalt 16 år fra låneopptaket starter. Denne tiden inkluderer en byggeperiode frem til 01.01.2006, en ordinær innkrevingsperiode på 8 år, samt en mulig forlenget innkrevingsperiode på inntil 5 år i tilfelle sviktende økonomi, jfr inngått hovedavtale mellom Vegdirektoratet og selskapet.

    Det er et vilkår at garantien blir sikret 1. prioritets pant i retten til å kreve inn bompenger. Garantien vil bli gitt som simpel kausjon.

    Oppland fylkeskommune aksepterer at ordningen med betinget refusjon gjøres gjeldende etter statens retningslinjer. Den betingede refusjonen er totalt 65 mill. kroner i 2003-priser og skal dersom forutsetningene er tilstede, senest utbetales i perioden 2006-2009.

    En fylkeskommunal garanti vil kreve Kommunal- og regionaldepartementets godkjenning.

  2. Raskest mulig utbygging av strekningen Reinsvoll-Hunndalen.

  3. Etterskuddsvis bompengeinnkreving på gammel og ny riksveg 4 med samme takstnivå som i 2002, justert for prisstigning fra 2001.

  4. Bommen på riksveg 4 Breiskallen åpnes for gratis passering i byggeperioden. Iverksettelse av nødvendige tiltak på lokalt veinett som sikrer at bomstasjonene ikke gir større trafikklekkasje enn 15% når innkrevingen starter opp igjen.

  5. Kommunene tar ansvar for å gjennomføre tiltak som Staten vegvesen finner nødvendig å foreslå i overensstemmelse med arbeidsgruppens utredning.»

2.4 Nærare om fase 1

Planstatus og kostnadssituasjon

Bomstasjonen på dagens rv 4 ved Breiskallen er etablert. Det ligg føre godkjent reguleringsplan for strekninga Reinsvoll - Hunndalen og bomstasjonen på ny rv 4 ved Grøndalen, om lag 600 meter sør for kommunegrensa mellom Vestre Toten og Gjøvik. Kostnadsoverslaget for prosjektet Reinsvoll - Hunndalen er rekna til 348 mill. kr. I tillegg kjem kostnadene ved bygging og ombygging av bomstasjonen på Breiskallen (17 mill. kr) og bygging av den nye bomstasjonen på Grøndalen (12 mill. kr), til saman 29 mill. kr.

Fristen Statens vegvesen hadde sett for å stå ved leverte tilbod på prosjektet går ut før Stortinget får fatta vedtak i saka. Statens vegvesen har teke opp spørsmålet om forlenging av vedståingsfristen frå 4. juli 2003 til 1. desember 2003 med dei aktuelle entreprenørane, og fått aksept for dette. Det må imidlertid gjevast økonomisk kompensasjon for dette. Dette vil utgjere om lag 1,5 - 2 mill. kr, under føresetnad av at fristen for å fullføre prosjektet blir forskyvd frå 1. oktober 2005 til 1. juli 2006. Vidare må det takast atterhald om ein eventuell kostnadsauke som følgje av at prosjektet får endra framdrift på bakgrunn av den utsette oppstarten.

For forbikøyringsfeltet på strekninga Lygna N - Einavoll ligg det føre godkjent reguleringsplan, og anleggsarbeida starta i 2002. Kostnadsoverslaget for dette prosjektet er rekna til 28 mill. kr.

I St.prp. nr. 1 (2002-2003) var det lagt til grunn ein kostnadsauke for prosjektet Reinsvoll - Hunndalen på 40 mill. kr i forhold til St.prp. nr. 74 (2000-2001). Auken skuldast i hovudsak at det var gjennomført justeringar av prosjektet ut frå omsynet til trafikktryggleiken. I tillegg førte nye vurderingar av einingsprisar til kostnadsauke. Vidare vart tillegga for uvisse og uføresette kostnader auka. Ei ny kvalitetssikring av overslaget for heile fase 1 har gjort det nødvendig å auke kostnadsoverslaget for prosjektet med ytterlegare 43 mill. kr. Auken skuldast større avsetjingar for uvisse og uføresette kostnader, nye utgiftspostar og auka einingsprisar som følgje av meir detaljerte planar. I tillegg kjem 17 mill. kr i auka kostnader til ombygging av eksisterande bomstasjon på Breiskallen og bygging av den nye bomstasjonen på Grøndalen. Etter dette er kostnadsoverslaget for heile fase 1 vurdert til 405 mill. kr. Uvissa i overslaget er vurdert til å ligge innafor +/- 10 pst. Det nye kostnadsoverslaget utgjer ein auke på 101 mill. kr (33 pst.) i forhold til opprinneleg kostnadsoverslag i St.prp. nr. 74 (2000-2001).

Ei eventuell kostnadsoverskriding i forhold til overslaget på 405 mill. kr vil bli dekt i samsvar med dei overordna retningslinene for bompengeprosjekt. Følgjeleg vil staten og bompengeselskapet i fellesskap dekke kostnadsoverskridingar på inntil 10 pst. i samsvar med partane sin andel av kostnadene. Staten dekker kostnadsoverskridingar utover 10 pst.

Tabell 2.1 Oversiktskart over utbygginga av delar av rv 4 i Oppland

Mill. 2003-kr
Prosjekt/tiltak, fase 1St.prp. nr. 74endringrevidert overslag
Rv 4 Reinsvoll - Hunndalen26583348
Rv 4 Lyngna N - Einavoll27128
Bomstasjonar på Breiskallen og Grøndalen121729
Sum304101405

Samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet Reinsvoll - Hunndalen er no rekna til om lag 70 mill. kr og netto nytte/kostnadsforholdet til 0,3.

Figur 2.1 Oversiktskart over utbygginga av delar av rv 4 i Oppland

Figur 2.1 Oversiktskart over utbygginga av delar av rv 4 i Oppland

Finansierings- og utbyggingsplan

I den nye finansieringsplanen er det lagt til grunn 213 mill. kr i statlege midlar og 192 mill. kr i bompengar, til saman 405 mill. kr. I forhold til finansieringsplanen i St.prp. nr. 74 (2000-2001) inneber dette ein auke på om lag 32 mill. kr i bompengar og 69 mill. kr i statelege midlar. Den statlege delen blir etter dette auka frå 47 pst. til 53 pst.

Bygginga av forbikøyringsfelt på strekninga Lygna N - Einavoll er føresett fullført i 2003. I finansieringsplanen er det lagt opp til at prosjektet Reinsvoll - Hunndalen blir opna for trafikk i 2006. På grunn av kostnadsauken er det lagt til grunn at bompengeselskapet forskotterer 69 mill. kr, mot refusjon tidleg i perioden 2006-2009.

Tabell 2.2 

Mill. 2003 kr
Finansieringsplan2002-20052006-2011SumProsent
Bompengar
- ordinære bompengar1395319247
- forskottering av statlege midlar/refusjon.69- 69--
Statlege midlar, inkl. refusjon1298421353
Sum investeringar33768405100

Rv 4 har fått endra status og inngår no i stamvegnettet, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003), sidene 75-79. Dette medfører at investeringar etter 1. januar 2006 skal finansierast over stamvegramma.

Bompengeopplegg

Det er lagt opp til etterskotsvis bompengeinnkrevjing med bomstasjonar både på gammal og ny rv 4. Det er føresett at eksisterande bomstasjon på Breiskallen blir opna for gratis passering frå og med 1. juli 2003 og så lenge byggeperioden varar. Det er lagt opp til same takstnivå som i St.prp. nr. 74 (2000-2001), justert for prisstigning frå 2001, og same rabattsystem. Det er ein føresetnad at Statens vegvesen i samarbeid med fylkeskommunen og kommunane vurderer eventuelle tiltak for å hindre trafikkavvising ut over 15 pst. Det er ikkje føresett å etablere fleire bomstasjonar enn dei to på gammal og ny rv 4.

Føresetnadene for bompengeinnkrevjinga (basisalternativet) er som følgjer:

  • Takstar for lett/tung bil på 15/30 2001-kr

  • Trafikkavvisning på om lag 50 pst. fram til 1. juli 2003 og 15 pst. etter opninga av prosjektet Reinsvoll - Hunndalen. Dette gir om lag 9 000 køyretøy pr. døgn gjennom bomstasjonane i 2006

  • Gjennomsnittleg bompengesats på 12,80 kr pr. kjøretøy

  • Årleg prisstigning på 2,0 pst.

  • Årleg trafikkvekst på 1,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader på 8 mill. kr i 2002 og 2003, deretter 12,0 mill. kr pr. år f.o.m. 2006

  • Lånerente på 7 pst.

Med ovannemnde føresetnader er perioden for etterskotsinnkrevjing av bompengar rekna til om lag 8 år.

Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ. Følgjande føresetnader ligg til grunn for vurdering av dette alternativet:

  • Kostnadsoverslaget aukar med 10 pst. der bompengeselskapet dekker sin relative del av kostnadsauken (47 pst.).

  • Takstauke på 20 pst. blir innført etter 2 år

  • Innkrevjingsperioden blir forlenga med 5 år

  • Ingen trafikkvekst

  • Lånerente på 9 pst.

  • Trafikkavvisning på 40 pst. etter opning av prosjektet Reinsvoll - Hunndalen.

Fylkeskommunal garanti og refusjon på vilkår

Maksimal lånegjeld er rekna til 320 mill. kr dersom dei pessimistiske føresetnadene blir lagt til grunn og til 255 mill. kr dersom basisføresetnadene blir lagt til grunn. Differansen mellom maksimal lånegjeld etter det pessimistiske alternativet og basisalternativet på 65 mill. kr, er lagt til grunn som storleik på avsetjinga til refusjon på vilkår.

Oppland fylkeskommune har i møtet i fylkestinget 8. april 2003 vedteke å stille garanti for bompengeselskapet si gjeld, avgrensa til 320 mill. 2003-kr. Fylkeskommunen har vidare akseptert ei ordning med inntil 65 mill. kr i refusjon på vilkår.

Den fylkeskommunale garantien skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Garantien vil først komme til utbetaling etter at realtakstane er auka med inntil 20 pst., innkrevjingsperioden er auka med inntil 5 år og bompengeselskapet si gjeld er redusert med midlane frå refusjonen på vilkår.

Refusjonen på vilkår skal løyvast innafor fylkesfordelt ramme til investeringar på øvrige riksvegar i Oppland i perioden 2006-2015. Statens vegvesen skal i samarbeid med fylkeskommunen, og seinest eit år etter opning av prosjektet Reinsvoll - Hunndalen, vurdere om det er grunnlag for å nytte refusjonen. Ved ei slik vurdering skal det leggjast til grunn oppdaterte føresetnader for trafikkavvikling og rentenivå.

2.5 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag til endra opplegg for finansiering av fase 1 av den planlagde utbygginga av rv 4 i Oppland. Bakgrunnen for dei foreslåtte endringane er at reduserte bompengeinntekter og auka kostnader vil føre til urasjonell anleggsdrift, høgare kostnader og samfunnsøkonomiske tap som følgje av forseinka opning av anlegget dersom opplegget som blei vedtatt gjennom Stortinget si behandling av St.prp. nr. 74 (2000-2001) blir lagt til grunn. Det endra opplegget er i tråd med forslag frå ei arbeidsgruppe med representantar frå Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune og Gjøvik og Vestre Toten kommunar.

Forslaget går ut på å endre bompengeordninga frå parallell utbygging og innkrevjing til utbygging med låneopptak og etterskotsinnkrevjing av bompengar. Samferdselsdepartementet viser til at trafikkavvisinga ved bomstasjonen er på nærare 50 pst., mot føresett 15 pst., samt problema dette har skapt på tilliggande vegnett. Den etablerte bomstasjonen på rv 4 ved Breiskallen blir derfor opna for gratis passering frå og med 1. juli 2003 og ut byggeperioden. Når prosjektet Reinsvoll - Hunndalen blir opna for trafikk i løpet av 2006, startar etterskotsvis innkrevjing i bomstasjonane på gammal rv 4 ved Breiskallen og ny rv 4 ved Grøndalen. Takstnivået blir som i eksisterande ordning, justert for prisstigning. Innkrevjingsperioden etter dette opplegget er føresett å auke til totalt 9 år.

Det skal iverksetjast nødvendige tiltak på fylkesvegar og kommunale vegar som sikrar at trafikkavvisinga ikkje blir større enn 15 pst. når bompengeinnkrevjinga startar opp att. Samferdselsdepartementet har merka seg at kommunane har teke på seg ansvaret for å gjennomføre dei tiltaka som blir funne nødvendige på det kommunale vegnettet. Vidare har departementet merka seg at Oppland fylkeskommune har vedteke å stille garanti for ei gjeld avgrensa til 320 mill. 2003-kr og akseptert ei ordning med inntil 65 mill. kr i refusjon på vilkår innafor fylkesfordelt investeringsramme til Oppland for perioden 2006-2015.

Samferdselsdepartementet legg vekt på at det er lokal tilslutning til forslaget til endra bompengeordning og at prosjektet framleis er samfunnsøkonomisk lønsamt. Departementet sluttar seg derfor til det foreslåtte finansieringsopplegget. Departementet er enig i Vegdirektoratet sitt forslag om at staten tek ein større del av kostnadene enn det som blei lagt til grunn då Stortinget behandla St.prp. nr. 74 (2000-2001), ved at den statlege delen av finansieringa blir auka frå 47 til 53 pst.

Samferdselsdepartementet føreset at fylkeskommunen legg til rette for å følgje opp finansieringsplanen gjennom prioritering av statlege midlar til prosjektet Reinsvoll - Hunndalen innafor fylkesfordelt investeringsramme i 2004 og 2005. Føresette statlege løyvingar etter 1. januar 2006, eksklusive eventuell refusjon på vilkår, skal finansierast innafor stamvegramma.