St.prp. nr. 8 (1997-98)

Om endringar i løyvingar m v i forsvarsbudsjettet for 1997

Til innholdsfortegnelse

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

Forsvarsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 1997. Formålet er å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 1997 vart utarbeidd.

Saker Stortinget bør informerast spesielt om vert omtala under del I Formål og hovudoversikt og bak under del III Spesielle saker. Endringane på kapittel/post kjem fram under vedtaksdelen i denne proposisjonen.

1.2 Forhold som endrar ramma for 1997-budsjettet

1.2.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 1996

Rekneskapsavsluttinga for 1996 synte eit meirforbruk under einskilde kapittel på totalt 29,370 mill kroner. Desse midlane vil verta dekte ved at ramma for 1997 vert foreslått redusert tilsvarande, fordelt på dei kapitla som stod for overskridingane.

1.2.2 Netto meirinntekter i 1997

I forhold til inntekter løyvde i SIII 1997 vert det ei netto meirinntekt på 136,425 mill kroner. Desse inntektene vert foreslått tillagt utgiftsramma for 1997 under tilvising til vedtakspost IV i St prp nr 1 (1996-97) som gir Forsvaret ei generell meirinntektsfullmakt for alle inntekter under Forsvarsdepartementet unntatt militære bøter. Brutto meirinntekt er på 144,947 mill kroner. Differansen skuldast at Forsvaret får behalde 75 prosent av inntekter ved sal av eigedomar, medan resten vert ført attende til Statskassen. Inntektssida er såleis foreslått auka med 144,947 mill kroner, medan utgiftssida er foreslått auka med 136,425 mill kroner.

1.2.3 Tilleggsløyving i 1997

Norske styrkar i utlandet, kap 1792, post 11 - 12,969 mill kroner

Som følgje av regelen om at berre 5 prosent av sum post 01 og 11 på same kapittel vert overført til neste budsjettår, vart 12,969 mill kroner ført attende til Statskassen i samanheng med overføring frå 1996 til 1997.

Grunna FN sin dårlige økonomi er det noko tilfeldig når midlar FN skuldar Noreg vert refundert. Dette betyr at refusjonar frå FN kan verta fleire år forsinka og ofte utbetalt på kort varsel mot slutten av året, noko som lett kan føra til at den nemnde regelen om 5 prosent vert overskriden. Forsvarsdepartementet foreslår difor at midlane vert løyvd på nytt i samanheng med handsaminga av denne proposisjonen.

1.3 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperingsproposisjonen

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett (S III) for 1997 og seinare løyvingsendringar som Stortinget har vedteke, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet, som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa, og overførte midlar frå 1996. Det er ikkje tatt omsyn til Forsvarets del av lønskompensasjon for 1997, 114,997 mill kroner.

I 1997 er det for Forsvarsbudsjettet føreteke faktiske løyvingsendringar ved følgjande:

  • St prp nr 63 (1996-97), jfr Innst S nr 295 (1996-97), «Omprioriteringar og tilleggsløyvingar på Statsbudsjettet 1997» medførde ei rammeauke på 32,900 mill kroner.

  • St prp nr 79 (1996-97), jfr Innst S nr 274 (1996-97), «Om endringar i regulativ for tillegg mv til utskrevne vernepliktige mannskaper» medførde ei rammeauke på 15,360 mill kroner.

Vidare er følgjande endringar pålagt frå Finansdepartementet ved fullmakter frå Stortinget:

  • Driftsreduksjon ifm Salderingsproposisjonen for 1997 på 94,835 mill kroner.

  • Tildelte midlar (0,7 mill kroner) over kap 1630, post 01 Tiltak for å styrke den statlige økonomiforvaltningen.

  • Tildelte midlar (0,5 mill kroner) over kap 1630, post 11 Tiltak for å styrke den statlige økonomiforvaltning.

  • St prp nr 76 (1996-97), jfr Innst S nr 262 (1996-97), «Angående budsjettmessige virkningar av lønsoppgjeret for statstjenestemenn etter sentrale justeringsoppgjør 1996» medførde ei rammereduksjon på 16,971 mill kroner.

Tabell 1.1 Disponibel løyving på utgiftssida før omgruppering 1997 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

S III 199724 144 721
Innst S nr 295 (1996-97)32 900
Innst S nr 274 (1996-97)15 360
Pålagt driftsreduksjon-94 835
Midlar tildelt frå kap 16301 200
Innst S nr 262 (1996-97)-16 971
= Løyving før omgruppering24 082 375

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 1997 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

S III 19971 288 930
Innst S nr 295 (1996-97)15 000
= Løyving før omgruppering1 303 930

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 1996-29 370
Netto meirinntekter i 1997136 425
Tilleggsløyving i 199712 969
= Sum behov ved omgrupperinga120 024
+ Løyving før omgruppering24 082 375
= Total løyving etter omgrupperinga24 202 399

Tabell 1.4 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyving før omgruppering1 303 930
Meirinntekter, sal av eigedom34 086
Meirinntekter, generelt110 861
= Sum behov ved omgrupperinga1 448 877

Departementet foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at løyvingane vert endra med ei auke på 120,024 mill kroner på utgiftsramma og ei auke på 144,947 mill kroner på inntektsramma.

1.3.2 Utgifter

Tabell 1.5 (i 1 000 kroner)

PostFormålMindreutg-/ Meirutg+
01Løn og godtgjersle+90 947
11Varer og tenester+142 666
21Spesielle driftsutgifter+79 017
43Til disposisjon for Forsvarsdepartementet-10 000
44Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeider, nasjonalfinansiert del-110 000
45Store nyskaffingar-192 463
46Lette vegmobile bataljonar+5 708
47Nye bygg og anlegg+306 730
48Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid-152 593
50Overføringar til statsinstitusjonar-23 448
52Tilskot til Forsvarets bygningsteneste+1 300
60Tilskot til omstillingstiltak i kommunar+10 000
60Tilskot til kommunar+2 000
70Rentestønad-3 000
72Tilskot til private+450
75Noregs tilskot til NATOs driftsbudsjett-8 000
75Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, Noregs tilskot til infrastrukturprogrammet i NATO-20 000
90Lån til private-1 000
91Innskotskapital+1 710
Sum+120 024

1.3.3 Inntekter

Tabell 1.6 (i 1 000 kroner)

PostFormålMindreutg-/ Meirutg+
01Driftsinntekter+21 182
11Salsinntekter+36 486
15Refusjon arbeidsmarknadstiltak+6 463
17Refusjon lærlingar+400
45Store nyskaffingar+42 930
47Sal av eigedom+34 086
48Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeider-30 000
49Sal av bustader+32 000
70Renteinntekter-600
90Lån til bustadsformål+2 000
Sum+144 947

Tala i tabellane 1.5 og 1.6 syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Til forsiden