St.prp. nr. 8 (1997-98)

Om endringar i løyvingar m v i forsvarsbudsjettet for 1997

Til innholdsfortegnelse

3 Spesielle saker

3.1 Driftsauke på postane 01 og 11

Til tross for at driftsauka ved framlegginga av St prp nr 1 (1996-97) var på 2,1 prosent, vart det på driftssida lagt opp til eit svært stramt opplegg. Oppgaver som utdanning trening og øvingar vart høgt prioritert. Når det ved saldering av statsbudsjettet vart vedteke at forsvarsramma skulle ta eit nedtrekk på ca 95 mill kroner på driftssida, var dette med på endå meir å forsterke den stramme situasjonen på drift. Når vi i tillegg har fått svært store utgiftsauker nettopp på eit prioritert område som utdanning, har dette ført til at vi i samanheng med omgrupperinga har foreslått ei så stor driftsauke som 233 mill kroner. Ser ein bort frå nedtrekket på 94 mill kroner ved salderinga av budsjettet, gjeld den attverande auken i hovudsak auka utdanningsutgifter, spesielt i Luftforsvaret mellom anna i samband med overføringsflygning på F-16 flya.

Situasjonen på driftssida dei siste to åra, syner ei utvikling som gjer det naturleg på nytt å analysera dei mål den forrige Regjeringa sette på driftsinnsparing. Dersom krava har vore for strenge, kan den store innsparinga Forsvaret hadde dei fyrste åra av langtidmeldinga no koma att i form av auka driftsbehov. Departementet vil sjå på dette i samanheng med framlegginga av den nye langtidsmeldinga.

3.2 Økonomisk støtte til Bardu kommune i samband med etablering av Troms Forsvarsmuseum

Ved handsaminga av St prp nr 1 (1996-97) fekk Kongen fullmakt til å overdra eigedomar, bygg og anlegg som Forsvaret ikke lengre har behov for, til kommunar eller til overtallig personell i Forsvaret i samanheng med utnyttinga av etablissement til næringsutvikling. I samsvar med dette vart det ved Kgl res av 26 sep 1997 godkjend at fire gamle lagerbygningar frå 1942, på Setermoen i Bardu, kunne verta overdratt vederlagsfritt til Bardu kommune.

Kommunen vil nytta desse bygningane til eit museum som skal formidla noko av historien om den militære verksemda som har vore i Bardu og i Troms innland frå 1898, då Setermoen ekserserplass vart etablert. Bardu kommune har lagt ned mykje arbeid i saka som innleiingsvis vart kalla «Brigademuseumsprosjektet», men som seinare har fått namnet Troms Forsvarsmuseum. Forsvarsdepartementet ønskjer å støtte prosjektet med midlar til et nytt bygg mellom to av dei gamle bygningane og bidra noko til rehabiliteringa av bygningane med til sammen 2,0 mill kroner som et eingongsbidrag.

Midlane er foreslått løyvd på kap 1795 Kulturelle og allmennyttige formål, post 60 Tilskot til kommunar.

3.3 Omstilling i forsvarskommunar - Oppfølging med ekstra 10 mill kroner til omstillingstiltak i 1997

Det foreslås sett av 10 mill kroner over forsvarsbudsjettet i 1997 til omstillingstiltak i forsvarskomunar. Forslaget er utarbeida i samarbeid med Kommunaldepartementet og midlane skal verta brukte til å føra vidare omstillingsarbeidet i dei kommunar som dette får verknad for.

Med bakgrunn i reduksjonar i Forsvaret si verksemd vart 21 kommunar valde ut til å vera med i eit treårig omstillingsprogram i perioden 1994-96. Det er til saman løyvd 60 mill kroner til gjennomføring av omstillingsprogrammet over Forsvarsdepartementet sitt (FD) budsjett. Kommunal- og arbeidsdepartementet (KAD) har hatt ansvaret for gjennomføringa av programmet.

I samanheng med avsluttinga av omstillingsprogrammet har kommunane rapportert attende at det er skapt og vedlikehalde 650 arbeidsplasser i programperioden 1994-96. Av dette er 250 heilt nye arbeidsplassar, der 52 er overtalige frå Forsvaret. Det vert vidare venta at det vil verta skapt 650 nye arbeidsplasser i perioden 1997-99. I tillegg kjem andre moment som kommunane vektlegg som positive i samanheng med gjennomføringa av omstillingsprogrammet, mellom anna kompetanseheving innan næringsutvikling, nettverksbygging både internt og eksternt, tilgong på næringsareal gjennom fristilling av eigedom, bygg og anlegg (EBA) og auka næringsengasjement i kommunane. KAD og FD er opptekne av at dei prosjekta som ennå ikkje er avslutta og som har potensiale til å gje mange nye arbeidsplassar vert realisert. For å sikra oppfylgjing av potensielle verdiskapingsprosjekt foreslår Regjeringa difor å setje av ekstra 10 mill kroner over FD sitt budsjett i 1997.

Midlene vert foreslått løyvd på kap 1719 post 60, Tilskot til omstillingstiltak i kommunar.

3.4 Refusjonar frå FN

I samband med utvidiinga av den norske deltakinga i Logistikkbataljonen i FN-styrken i Bosnia i 1994, var føresetnaden at materiell for 160 mill kroner skulle tilførast bataljonen ved uttak frå Forsvaret sine mobiliseringslager og at dette skulle førast attende i samsvar med ny krigsstruktur, jf Innst S nr 139 (1994-95). Uttaket frå Forsvaret sine mobiliseringslager førde til ein reduksjon av krigsstrukturen innanfor den føresette tidsramma. Det var og forventa stor slitasje på materiellet.

Refusjonar frå FN er ei gjenyting for materiell og utgifter til personell Noreg har stilt til råde for FN. Refusjonen skal mellom anna dekkje slitasje og verdiforringing av materiellet.

I samanheng med ovannemnde har Forsvarsdepartementet foreslått å stille meirinntekter på kap 4792, 27,497 mill kroner, til råde for materiellskaffing under kap 1760, post 45.

3.5 Norske styrkar i Bosnia

I St prp nr 1 Tillegg nr 8 (1996-97), jf Innst. S nr 7, Tillegg nr 1 (1996-97) vart det løyvd 610 mill kroner i samanheng med deltaking i SFOR styrken i Bosnia-Hercegovina. Innanfor den samla løyvinga på 610 mill kroner var det og lagt inn 84 mill kroner til ein eventuell redeployering og avvikling. Som kjent skal Noreg òg i 1998 ha styrken ståande i området. I samanheng med budsjettering av utgiftene i 1998 budsjettet vart det på nytt lagd inn utgifter til redeployering og avvikling. Desse midlane ville normalt ha vorte foreslått ført attende til Statskassen. Likevel har Forsvaret hatt til dels store meirutgifter til drift av styrken, som på grunn av uvissa på budsjetteringstidspunktet ikkje vart lagt inn i budsjettet. Fylgjande meirutgifter i forhold til opphaveleg budsjett er registrert:

Tabell 3.1 

-Vidareføring av det norske etterretningsbidraget (NONIC)13,5 mill kroner
-Forlenging av C-130 detasjementet i Rimini17,5 mill kroner
-Ekstra heimreise i samanheng med stor ekstrabelastning12,0 mill kroner
-Styrkeutviding, 40 mann8,0 mill kroner
-Etablering av tollfritt lager8,0 mill kroner
SUM59,0 mill kroner

Dei ovannemnde uforutsette meirutgiftene på 59 mill kroner er dekte av den opphavelege delen av løyvinga som var foresett å dekkja ei eventuell attendetrekking frå området. Forsvarsdepartementet bed difor om å få nytte midlane, som opphaveleg vart løyvde til redeployering, til å dekkje ovannemnde meirutgifter. Dei resterande midlane, 25 mill kroner, vert foreslått omdisponert til kap 1760, post 45 for gjenskaffing av utstyr tatt frå nasjonale lager i samanheng med ulike internasjonale operasjonar. Det vert i den samanheng synt til St prp nr 14 (1996-97), Innst S nr 71 (1996-97) det vart fleirtal for at 300 mill kroner omdisponert frå materiellinvesteringar til finansiering av IFOR, skulle løyvast på nytt ved behov.

3.6 Kap 1715 Statens kantiner SF

I samband med handsaminga av St prp nr 1 (1996-97) vart det fastsett at eigenkapitalen til Statens kantiner SF skulle vera 30 mill kroner pr 1 jan 1997. Løyvingane til verksemda vart gjort under føresetnad om ein bestemt avslutningsbalanse for forvaltningsverksemda. Den endelige avslutningsbalansen avveik noke frå den føresette, som utløyste behov for ei auke av posten.

Underdekkinga med 3,84 prosent NIBOR-rente utgjer ca 1,7 mill kroner.

3.7 Bestillingsfullmakter

Bestillingsfullmakter under kap 1734, post 11 er foreslått auka med 75,3 mill kroner for å dekkja kontrakt om ammunisjonsleveransar i perioden 1998-2000, ref vedtakspost nr III.

Dei foreslåtte bestillingsfullmaktene er venta innfridde i;

  • 1998 med 25,075 mill kroner

  • 1999 med 25,075 mill kroner

  • 2000 med 25,150 mill kroner

3.8 Lista flystasjon

I St prp nr 50 (1994-95), jfr Innst S nr 182 (1994-95), er det vedteke at Forsvarsdepartementet kan nytta inntil 50 mill kroner til å vedlikehalda og utvikla Lista flystasjon for å leggje forholda til rette for næringsutvikling. I departementet sitt iverksetjingsbrev av 7 jul 1995 står det mellom anna om Lista flystasjon: «Det forutsettes at inntekter fra slik næringsvirksomhet dekker utgiftene til drift og vedlikehold for de deler av etablissementet som benyttes. De utgifter for Lista flystasjon som det ikke vil være naturlig å finne dekning for på denne måte, skal budsjetteres med og dekkes av Forsvarets bygningstjeneste

For inneverande år har FBT i den samanheng behov for å verta tilført 1,3 mill kroner til medførande pliktingar. Forsvarsdepartementet foreslår difor at kap 1719, post 52 Tilskot til Forsvarets bygningsteneste vert auka med 1,3 mill kroner.

3.9 Innkjøp av tekstilkonfeksjon (TEKO) - og skomateriell

Forsvarsdepartementet orienterte i St prp nr 54 1995-96 om ny ordning for Forsvarets TEKO- og skoskaffingar. Ordninga som starta primo 1997, har vist seg ikkje å fungera som forutsett. Det har frå fleire hold vorte reist spørsmål ved ordninga i forhold til EØS-avtalen sine vedtekter for offentlege innkjøp. Mellom anna har utanlandske myndigheter ved fleire anledningar gjort førespurnad til norske myndigheter, der det har vorte sagt at ordninga i for stor utstrekning favoriserer norske leverandørar. Juridiske vurderingar konkluderer og med at sider ved ordninga kan vera i strid med vedtaka.

På denne bakgrunn finn Forsvarsdepartementet det nødvendig å revidere ordninga. Hensikten med revisjonen er å sikra at alle framtidige innkjøp av TEKO- og skomateriell, skjer i samsvar med gjeldande regelverk. Dette vil mellom anna innebera at den inndeling av produkt i kategoriar som framgår i St prp 54 (1995-96) fell bort. Forsvaret vil imidlertid og ved framtidige innkjøp av TEKO- og skomateriell kunna gjera unntak frå EØS-avtalen sine vedtak om offentlege innkjøp, i samsvar med avtalen sin art 123, når dei vedtektene som hjemlar unntak er oppfyllde. Forsvarsdepartementet vil leggja opp til ein restriktiv praksis når det gjeld å unnta innkjøp av TEKO- og skomateriell fra EØS-regelverket. Ein har som målsetjing å leggja forholda til rette for at innkjøpa i størst mogeleg grad skal kunna gjerast i open internasjonal konkurranse.

Til forsiden