St.prp. nr. 8 (1997-98)

Om endringar i løyvingar m v i forsvarsbudsjettet for 1997

Til innholdsfortegnelse

2 Hovudtrekk i omdisponeringane og forklaringar på dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Driftsutgifter, postane 01 og 11

Postane er foreslått netto auka med 233,613 mill kroner, fordelt på post 01 Løn og godtgjersle med 90,947 mill kroner og post 11 Driftsutgifter med ca 142,666 mill kroner. Auka skuldast hovudsakleg følgjande forhold:

Luftforsvaret

Luftforsvaret (kap 1731) har eit totalt meirbehov for driftsmidlar på ca 135 mill kroner. Meirbehovet har for ein stor del samanheng med to forhold som fell saman i tid; Midlife Upgrade (MLU) for F-16 flya som vert gjort ved LFK i perioden 1997-2001, og den sterke avgangen av nøkkelpersonell i Luftforsvaret, både teknikerar og flygerar. Dersom det vert lagt til grunn at Luftforsvaret skal oppretthalda det etablerte beredskapsnivået, samt gjera tiltak for å betre personellsituasjonen, vil ovannevnde føra til eit auka behov for midlar på driftssida. Ca 50 mill kroner gjeld auka utgifter ved innbetaling til den amerikanske innkjøpsordninga «Foreign Military Sales» ved overføringsflygning på F-16 i USA (dette er flygning som gjer flygerane «sertifisert» på F-16 og som var planlagt foretatt i Noreg, men som på bakgrunn av mangelen på fly og flygarar må gjerast i USA til fleire gonger prisen), ca 25 mill kroner gjeld auka utdanningskostnader i samanheng med forsert utdanningsbehov for å dekkje avgang av nøkkelpersonell, 6 mill kroner gjeld utbetaling av bonus til flygerar og 30 mill kroner er auka utgifter til materielldrift (særskilt drivstoffutgifter).

Felles ledelse og kommandoapparat

Felles ledelse og kommandoapparat (kap 1720) har eit meirbehov på ca 82 mill kroner. Ca 27 mill kroner gjeld Forsvaret si tegning av yrkesskadeforsikring som vart pålagt mvf 1996. Regninga gjeld både 1996 og 1997. Ca 14 mill kroner dekkjer auka utgifter ved oppstart av Økonomiprosjektet, flytting ved omorganisering og frigjeving av plass på Kolsås. Ca 21 mill kroner gjeld for lav budsjettering av midlar til løn i FO, noko som har sin årsak i at FO tradisjonelt har budsjettert svært stramt med erfaring for at det vil verta ledige midlar på kapitla mot slutten av året.

Lokal forvaltningsmyndighet

Omorganiseringa av Lokal forvaltningsmyndighet (LFM) for bygg og anlegg omfattar både omdisponeringar av midlar knytta til utgifter ved drift og vedlikehald aveigedom, bygg og anlegg og utgifter i samanheng med bemanninga av dei ulike lokale forvaltningsmyndighetane.

Omdisponeringane knytta til drift og vedlikehald har ikkje ført til endringar i den totale driftsramma, men har kun gjeve utslag i fordelinga på post 11 mellom kapitla.

Når det gjeld omdisponeringane i samanheng med bemanninga har dette ført til eit meirbehov på post 11 på ca 28 mill kroner. Dette skuldast at det ved omorganiseringa vart endra på oppdraga til generalinspektørane og andre budsjettansvarlige sjefar utan at det samtidig vart gjort klart kva konsekvensar dette ville få for bemanningssituasjonen ved dei lokale forvaltingsmyndighetene.

2.1.2 Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er foreslått auka med 79,017 mill kroner.

Auken skuldast i hovudsak midlar tilførd kap 1735 Forsvarets etterretningsteneste til dekning av meirutgifter i 1997 på prosjekt 2010 Lutvann (meirutgifta medfører ikkje at kostnadsramma på prosjektet totalt vert auka) og midlar som i 1994 mellombels vart omdisponert til andre kapittel og som ved denne omgrupperinga er foreslått ført attende.

Posten er vidare under kap 1731 Hæren, redusert med 5,7 mil kroner som er flytta til kap 1760, post 46 Lette vegmobile bataljonar.

2.1.3 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 10 mill kroner.

Løyvinga representerer ei reserve for Forsvarsdepartementet som ved omgrupperinga for 1997 vert foreslått nytta til å dekkje behovet for auka støtte til omstillingstiltak i «forsvarskommunar» og er flytta til kap 1719, post 60 Tilskot til omstillingstiltak i kommunar.

2.1.4 Post 44 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

Postane er foreslått redusert med 110 mill kroner.

Manglande autorisasjon av fellesfinansierte prosjekt i NATO, har ført til mindre utgifter. Midlane er foreslått flytta til post 47 Nybygg og nyanlegg.

2.1.5 Post 45 Store nyskaffingar

Postene er foreslått netto redusert med 192,463 mill kroner.

Reduksjonen gjeld mellom anna midlar som mellombels ikkje kan verta anvendt i -97 som tidlegare planlagt, hovudsakeleg grunna forseinking i framdrifta til prosjekta. Midlane er foreslått overført til driftspostane for å dekkja auka driftsbehov.

Postane er og tilført midlar som i hovudsak gjeld auka inntekter ved attendeføring av midlar frå den amerikanske ordninga «Foreign Military Sales» og konvensjonalbøter, midlar tilført frå post 11 for oppstart av Sjøforsvarsprosjekt 6250 Oppdatering av Penguin MK 2. Frå kap 1792 og 4792 Internasjonale operasjoner vert det foreslått tilført midlar som vil verta nytta til gjenskaffing av utstyr tidlegare tatt ut frå lager i samanheng med dei ulike internasjonale operasjonane. Det er og tilbakeført midlar frå driftspostar som følgje av omdisponeringar i 1995 og midlar tilført frå kap 1760, post 47 til materiellskaffingar ved byggeprosjekt på Kolsås.

2.1.6 Post 46 Lette vegmobile bataljonar

Posten er foreslått auka med 5,708 mill kroner.

Auken skuldast midlar tilført frå kap 1731 post 21 for å styrke investeringssida på lette vegmobile bataljonar.

2.1.7 Post 47 Nye bygg og anlegg

Postane er foreslått netto auka med 306,730 mill kroner.

Postane vert i hovudsak tilført midlar frå post 44 som gjeld frigjorte midlar frå nasjonal andel av fellesfinansierte prosjekt, grunna manglande autorisasjon frå NATO på einskilde prosjekt. Det vert og tilført midlar frå inntektskapittel 4760, post 48, som er refusjonar på fellesfinansierte prosjekt som tidlegare er forskottert over post 47.

I tillegg er posten tilført meirinntekter frå post 49 Sal av bustader og frigjorde midlar frå Noregs tilskot til NATO sitt infrastrukturprogram, post 75. Midler er og tilført frå post 45 Store nyskaffingar til prosjekta Kampsimulator Stridsvogn Leopard/CV-90, F-16 midlife update, Naudstraumsgenerator Grøtsund, Inngjerding av HFKs prøveslette på Hjerkin og FFI sitt prosjekt Sikring av forsvarsanlegg.

Posten er og redusert ved omdisponering til Forsvarets etterretningsteneste for tilleggsarbeid på prosjekt 2010 Lutvann, delfinansiering av prosjekt over post 45 og til kap 1720 og omdisponering til post 11 for oppgradering av Forsvarsbygget på Huseby.

2.1.8 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 152,593 mill kroner.

Ein reduksjon på 130,0 mill kroner skuldast manglande autorisasjon av fellesfinansierte prosjekt, og må sjås mot ein tilsvarende reduksjon av kap 4760, post 48. Den resterande reduksjonen skuldast midlar ført attende til Statskassen tilsvarande ei overskriding av løyvinga i 1996.

2.1.9 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Posten er foreslått redusert med 23,448 mill kroner.

Reduksjonen skuldast lågare utgifter til førtidspensjon for sivilt tilsett personell enn føresett. Midlane er ført attende til dei einskilde kapitla.

2.1.10 Post 52 Overføring til Forsvarets bygningsteneste

Posten er foreslått auka med 1,300 mill kroner.

Auken skuldast midlar til vedlikehald og utvikling av Lista flystasjon for å leggja forholda til rette for næringsutvikling. Sjå nærare forklaring under del III Spesielle saker.

2.1.11 Post 60 Tilskot til omstillingstiltak i kommunar

Posten er på kap 1719 foreslått løyvd 10,000 mill kroner.

Midlane vil verta brukt til å realisera igangsette prosjekt i samanheng med eit treårig omstillingsprogram for kommunar råka av reduksjonar i Forsvaret, ref kap 3.2 Omstilling i forsvarskommunar - Oppfølging med ekstra 10 mill kroner til omstillingstiltak i 1997 og er omdisponert frå post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet.

2.1.12 Post 60 Tilskot til kommunar

Posten er på kap 1795 foreslått løyvd 2,000 mill kroner.

Midlane er foreslått løyvd som tilskot til Bardu kommune i samanheng med etablering av Troms forsvarsmuseum. Sjå nærare forklaring under del III Spesielle saker.

2.1.13 Post 70 Renter

Posten er foreslått redusert med 3,000 mill kroner.

Reduksjonen skuldast redusert utbetaling av rentestønad over Forsvarets bustadteneste.

2.1.14 Post 72 Overføringar til andre

Posten er foreslått auka med 0,450 mill kroner.

Auken gjeld dekking av ekstra utgifter i samanheng med 1000-års jubileet i Trondheim.

2.1.15 Post 75 Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

Posten på kap 1725 er foreslått redusert med 8,000 mill kroner.

Reduksjonen gjeld frigjorde midlar frå Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett.

2.1.16 Post 75 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten på kap 1760 er foreslått redusert med 20,000 mill kroner.

Reduksjonen gjeld frigjorde midlar grunna manglande autorisasjon av fellesfinansierte prosjekt.

2.1.17 Post 90 Lån til private

Posten er foreslått redusert med 1,000 mill kroner.

Reduksjonen gjeld redusert behov på kap 1719 for utbetaling av forskot i samanheng med virksemda ved Forsvaret si låneordning.

2.1.18 Post 91 Innskotskapital

Posten er foreslått auka med 1,710 mill kroner.

For at Statens kantiner SF skal kunna oppretthalde fastsett eigenkapital og åpningsbalanse. Ref nærare forklaring under 3.5 Kap 1715 Statens kantiner SF.

2.2 Inntekter

2.2.1 Post 01 Driftsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 21,182 mill kroner.

Auken gjeld i hovudsak auka utbetalingar frå FN for uteståande refusjonar. Midlane er foreslått ført attende til kap 1760, post 45 for gjenskaffing av utstyr tatt frå lager til norske styrkar i utlandet.

2.2.2 Post 11 Salsinntekter

Posten er foreslått netto auka med 36,486 mill kroner.

Auken gjeld refusjonar frå NATO for å kunne nytta det militære sambandsnettet, refusjonar frå FN, auka omsetnad ved Forsvarets uniformsutsal, refusjon frå NATO for bruk av telelinjer i Norge, meirinntekter i samanheng med 1000-års jubileet i Trondheim og auka sal av studieplasser.

2.2.3 Post 15 Refusjon frå arbeidsmarknadstiltak

Posten er foreslått auka med 6,463 mill kroner.

Auken gjeld refusjon for kursverksemd for Arbeidsmarknadsetaten

2.2.4 Post 17 Refusjon lærlingar

Posten er foreslått løyvd 0,400 mill kroner.

Løyvinga skuldast inntekter på kap 4793 for lærlingeordninga ved «Reform 94».

2.2.5 Post 45 Store nyskaffingar - inntekter

Posten er foreslått løyvd 42,930 mill kroner.

Løyvinga gjeld midlar ført attende til Hærens forsyningskommando frå prosjekt betalt over ordninga «Foreign Military Sales» og i form av konvensjonalbøter. I tillegg er det inntekter frå Tyskland i form av tilbakebetaling av norske forskotteringar, gitt i samanheng med utviklinga av Basic CWCS ULA-klasse undervassbåtar.

2.2.6 Post 47 Sal av eigedom

Posten er foreslått auka med 34,086 mill kroner.

Auken gjeld sal av ulike eigedomar der 25 prosent av inntektene ved sal av eigedom er ført attende til Statskassen i samsvar med St prp nr 1 (1996-97) Vedtakspost IV.

2.2.7 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter

Posten er foreslått redusert med 30,000 mill kroner.

Reduksjonen gjeld to forhold på kap 4760. Ein reduksjon på 130,0 mill kroner skuldast manglande autorisasjon av fellesfinansierte prosjekt, og må sjås mot ein tilsvarende reduksjon av kap 1760, post 48. Ein økning på 100,0 mill kroner skuldast at prefinansierte investeringsprosjekt nå er autorisert for fellesfinansiering.

2.2.8 Post 49 Sal av bustadar

Posten er foreslått auka med 32,000 mill kroner. Auken skuldast meirinntekter frå sal av bustadar på kapittel 4760.

2.2.9 Post 70 Renteinntekter

Posten er foreslått redusert med 0,600 mill kroner.

Reduksjonen gjeld reduserte renteinntekter grunna lågt rentenivå og mindre utlånsvolum enn forutsatt.

2.2.10 Post 90 Lån til bustadformål

Posten er foreslått auka med 2,000 mill kroner.

Auken gjeld attendebetaling av avdrag på lån og tilbakebetaling av forskot til Befalet si låneordning.

Til forsiden