Forord

Tilstanden til villrein i Setesdal Ryfylke villreinområde er dårleg og tilstanden i Setesdal Austhei villreinområde er middels. Ein stans av dagens negative utvikling vil over tid krevje tydelege prioriteringar av villreinomsyn opp mot andre samfunnsinteresser. Aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå må dra i same retning dersom tilstanden for villrein skal betrast.

Tiltaksplanen er ikkje juridisk bindande, men skal vere ein samla plan for tiltak som myndigheiter på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, frivillige organisasjonar, rettshavarar, grunneigarar og andre aktørar i villreinområdet skal prøve å gjennomføre. Formålet er å samle tiltak som er, kan eller skal bli vedtatt, gjennomført eller vurdert i ein felles tiltaksplan, og å betre koordineringa av arbeidet med å forbetre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde.

Gjennomføringa, og den vidare oppfølginga av tiltaksplanen, er sentral for å nå måla i villreinområda framover – mot 2030, 2050 og 2100. Regjeringa meiner det er avgjerande for oppslutninga og gjennomføringa av tiltaksplanane at planane har aksept både lokalt og hjå aktørar som blir råka i dei enkelte villreinområda. Regjeringa vurderer at dette vil ha betydning for å nå måla i regjeringa sin villreinpolitikk på lang sikt.

Sjølv om tiltaksplanen etter kvalitetsnorma for villrein er regjeringa sitt viktigaste initiativ spesifikt for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde, må planen òg sjåast i samanheng med andre pågåande og framtidige prosessar. Dette gjeld særleg oppfølginga av Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein og Stortinget si handsaming av denne gjennom Innst. S 374 (2023–2024) – villreinmeldinga.

Ambisjonen til regjeringa er at tiltaka i tiltaksplanen skal gjennomførast raskast mogeleg, og seinast i løpet av den fyrste fireårsperioden av tiltaksplanen. Å kome i gang med tiltak raskt er viktig både for å dempe dei negative påverknadsfaktorane for villreinen, og for å gje eit godt grunnlag for ei adaptiv tilnærming med justeringar og tilpassingar etter evaluering og overvaking undervegs i planperioden. Oppfølginga og gjennomføringa av tiltaksplanen avheng samstundes av ordinære budsjettprosessar samt ulike regelverks-, vedtaks-, utgreiings-, og planprosessar.

Eg vil rette ein stor takk til kommunar, fylkeskommunar, organisasjonar og alle som har deltatt i prosessen so langt gjennom arbeidet med faggrunnlag, førehandsinvolvering, allmenn høyring og ikkje minst på folkemøta på Hovden og i Sirdal. Eg opplever eit genuint engasjement og eit ynskje om å bidra til å forbetre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde. Eg ser fram til det vidare samarbeidet om gjennomføring av tiltaksplanen.

13. oktober 2026

Sigrun Aasland (Ap)

Klima- og miljøminister

Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter