3 Områdespesifikke tiltakspakker for å forbetre tilstanden for villrein i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei
3.1 Blåsjøområdet
3.1.1 Innleiing
I løpet av dei siste 30 åra har villreintrekket frå nord til sør på austsida av Blåsjø nærast gått ut av bruk. Dette har medført at villreinbestanden i Setesdal Ryfylke er delt i to delbestandar. Villreintrekket frå aust- til vestsida av Blåsjø og Svartevassmagasinet har i same tidsperiode fungert dårleg, noko som har medført at områda vest i Setesdal Ryfylke villreinområde har vore lite brukt av villreinen. Det manglande trekket gjennom Steinbuskardområdet, og sterkt redusert bruk av sumarbeite i vest, er hovudårsaka til at villreinområdet vart klassifisert til dårleg kvalitet under delnorm 3 «Leveområde og menneskeligpåvirkning» i klassifiseringa etter kvalitetsnorma. Årsaka til den reduserte områdebruk til villreinen er fyrst og fremst vasskraftmagasina Blåsjø og Svartevassmagasinet med tilhøyrande tekniske inngrep. Kraftmagasina er knytte til høvesvis Ulla–Førre kraftanlegg og Duge kraftverk. Menneskeleg ferdsel frå ulike brukargrupper i dei attverande trekkområda utgjer ei tilleggsbelastning for villreinen. Dei viktigaste kjeldene til ferdsel og forstyrring i trekkpassasjane er verksemda til Statkraft og Statnett, syklistar på Blåsjøvegen, fotturistar, ferdsel i samband med jakt og tilsyn og sanking av sau. Utfordringsbiletet er samansett, og det er ikkje eitt enkelt tiltak som kan løyse utfordringa for villreinen i området. Formålet med tiltaka i denne tiltakspakka er å bidra til å redusere den negative påverknaden for villreinen i Setesdal Ryfylke villreinområde. Tiltaka er særleg retta mot å redusere ferdsel og forstyrringar i viktige trekkpassasjer for villreinen, samt å gjenopprette viktige trekkvegar i dette området.
Tiltakspakke 6: Blåsjøområdet
6A: Blåsjømagasinet og Svartevassmagasinet
- Tiltak 36: Vurdere tiltak for å redusere barriereeffekten av ferdsel på Blåsjøvegen
- Tiltak 37: Gjennomføre utbetring og opning av tunnel frå Øvre Moen til Oddatjønndammen for allmenn motorisert ferdsel i tråd med vedtatt detaljplan
- Tiltak 38: Vurdere å innføre sykkelforbod på delar av Blåsjøvegen innanfor bommen på Beinlei i Bykle kommune
- Tiltak 39: Vurdere forprosjekt for restaurering av trekkveg over Svartevassmagasinet
- Tiltak 40: Vurdere tiltak for å redusere forstyrringar frå villreinjakt og rypejakt i området rundt Steinbuskaret og Storsteinen
- Tiltak 41: Avgrense bruken av Såvasshytta og Sandvassbu som jakthytter til perioden 19. august – 1. november
- Tiltak 42: Omlegging av hytte- og løypenett ved Storsteinen
- Tiltak 43: Vurdere tiltak for å redusere forstyrringar frå beiteaktivitet i Storsteindalen
- Tiltak 44: Halde anleggsveg til Duge/Svartevassmagasinet stengt for allmenn motorferdsel
- Tiltak 45: Omlegging av konseptruta «Ryger»
- Tiltak 46: Utsetje brøyting av anleggsveg mellom Vetrhus og Mosvatn til påske
- Tiltak 47: Vidareføre vinterstenging av vegen Kjetilstad–Lauvastølvatnet
6B: Store Urevatn / Uraråjuvet
- Tiltak 48: Vurdere permanent stenging av anleggsvegen til Store Urevatn for allmenn motorisert ferdsel etter avslutta prøveperiode
- Tiltak 49: Vurdere fjerning av autovern på strekninga Rjomeli-Store Urevatn
- Tiltak 50: Vurdere stenging og/eller flytting av parkeringsplassar som ligg i viktige trekk-korridorar langs anleggsvegen til Store Urevatn
- Tiltak 51: Vidareføre regulering av tilkomsten på anleggsveg opp mot Uraråjuvet
- Tiltak 52: Forprosjekt for restaurering av trekkvegar over magasinet Store Urevatn
Figur 3.1 Oversiktskart over tiltakspakke 6A
Figur 3.2 Oversiktskart over tiltakspakke 6B
3.1.2 Nærare om tiltaka
6A: Blåsjømagasinet og Svartevassmagasinet
Tiltak 36:
Vurdere tiltak for å redusere barriereeffekten av ferdsel på Blåsjøvegen
Hovudansvar: Energidepartementet, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), regulant/konsesjonær (Statkraft) og Suldal kommune
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1424, post 70
Vasskraftmagasina i Blåsjøområdet representerer i seg sjølve ei kraftig barriere for villreinen sitt trekk gjennom barmarkssesongen i Setesdal Ryfylke. I tillegg medfører kraftutbygginga at store beiteareal er neddemde. Samstundes fører bruken av anleggsvegane til forstyrringar for villreinen, og den menneskelege ferdselen i området aukar som følgje av tilgjengelegheita for allmenta på vegen. Dette medfører at viktige beiteområde, særleg på vestsida av magasinet, no blir lite brukt av villrein. I tillegg har trekkpassasjen nord-sør over Gyvassfjellet/Steinbuskardet nærast opphøyrt, slik at villreinområdet i praksis er delt i to.
Blåsjøvegen strekkjer seg om lag tre mil frå Gullingen/Mosvatnet til Oddatjørndammen ved Blåsjø i Suldal kommune. Sørvest for Oddatjørndammen deler vegen seg i to: Ein veg innover mot Førreskardammen og Førrevassdammen, og ein veg som går sørover mot Storevassdammen sør i Blåsjø. Ved Oddatjørndammen går det òg ein veg nordover til Skreivasskleivane. Vegen sørover mot Storevassdammen er allereie stengt for allmenn motorisert ferdsel med bom på Venehei og Beinlei, og tilkomsten for allmenta til motorisert ferdsel på desse vegane er avgrensa gjennom vedtak frå NVE om Blåsjøvegen. Det er likevel ein omfattande ferdsel med sykkel på vegen inn mot Storevassdammen.
Blåsjøvegen fører ulike brukargrupper inn i svært sentrale delar av Setesdal Ryfylke villreinområde. Dette skjer både gjennom biltrafikk, syklistar og fotturistar, samt gjennom fleire stader for utsetting av båt knytt til vegane. Fire deltiltak for å redusere forstyrringar frå ferdselen på og rundt Blåsjøvegen for å redusere barriereeffekten av Blåsjøvegen er omtala under. Ved gjennomføring av tiltaka skal det takast omsyn til relevante interesser, mellom anna landbruksnæring. Det blir ikkje gjeve tilskot over Statens villreinfond til tiltak som eventuelt inngår i vilkårsrevisjonen.
Blåsjøvegen. Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter
I: Vurdere å redusere opningstider for allmenn motorferdsel på Blåsjøvegen frå Øvre Moen til Oddatjønndammen
Vegen frå Breiastølsdalen inn til Øvre Moen er opphaveleg ein anleggsveg bygd av Statkraft, som er regulant/konsesjonær. Blåsjøvegen blir normalt brøyta opp av Suldal kommune rundt 25. juni og er køyrbar fram til 15. oktober kvart år. Teljingar viser at halvparten av bilane som køyrer inn frå Gulingen køyrer heilt opp til Blåsjø, og at biltrafikken mellom Øvre Moen og Oddatjønndammen utgjer omkring 8 000 passeringar i sesongen.
Tiltaket inneber ei anbefaling om at vegstrekningen på Blåsjøvegen frå Øvre Moen til Oddatjønndammen blir stengt for allmenn motorisert ferdsel heile barmarkssesongen. Blåsjøvegen er omfatta av konsesjonsvilkår for Ulla-Førre kraftverk, som inneheld vilkår om at vegen skal kunne brukast av allmenta so sant vassdragsmyndigheitene ikkje har bestemt noko anna. Som nemnt innleiingsvis er det fatta etterfylgjande vedtak frå NVE om allmenn motorferdsel på enkelte anleggsvegar i Blåsjøområdet. Det same er ikkje tilfellet for strekninga frå Øvre Moen til Oddatjørndammen. Gjennomføring av tiltaket føreset derfor at NVE eventuelt treff vedtak om restriksjonar for allmenn motorisert ferdsel på denne strekningen heimla i vassdragslovgjevinga. Dette vil i so fall skje etter ein alminneleg prosess med mellom anna eigen høyring.
Skal vegen stengast, er det ein føresetnad at det blir sett opp bom eller port på Blåsjøvegen ved Øvre Moen. Det bør i så tilfelle bli tatt omsyn til tilkomst for grunneigarar, beitelag og regulant i prosessen.
Tiltaket vil gje mindre forstyrringar rundt Blåsjø, mellom anna mindre ferdsel heilt inn til Storvassdammen. I ei kort periode tidleg på sumaren vil tiltaket òg kunne ha positiv effekt på villreinen sin trekkaktivitet over Oddåa mellom Odden og Drakaheia. Tiltaket vil ha konsekvensar gjennom redusert tilkomst til vegen for allmenta og beitenæringa i området. Dette tiltaket har ikkje til formål å endre eksisterande ordningar om motorisert ferdsel på enkelte andre anleggsvegar i Blåsjøområdet som følgjer av eksisterande etterfylgjande vedtak frå NVE nemnt innleiingsvis.
II: Vurdere å stengje veg til Førrevassdammen for allmenn motorferdsel
I samanheng med regulering av allmenn motorferdsel på Blåsjøvegen ved Øvre Moen, er det grunn til å vurdere behov for ytterlegare å avgrense ferdsel inn på vestsida av Blåsjø ved å vurdere stenging av vegen til Førrevassdammen. Vegen til Førrevassdammen er normalt open i perioden 25. juni til 15. oktober. I 2016 utførte NINA ferdselsregistreringar på demningen mellom 15. juli og 1. oktober. I gjennomsnitt var det 17 passeringar i døgnet og 1349 totalt.
Tiltaket inneber at behovet for regulering av motorferdsel på vegen til Førrevassdammen blir vurdert nærare. I samband med dette bør det vurderast om det er behov for å setje i verk ferdselsregistreringar på vegen.
Vegen er omfatta av konsesjonsvilkår for Ulla-Førre kraftverk. Ei eventuell stenging av vegen føreset derfor at NVE eventuelt treff vedtak om restriksjonar for allmenn motorisert ferdsel heimla i vassdragslovgjevinga. Dette vil i so fall skje etter ein alminneleg prosess med mellom anna eigen høyring.
III: Vurdere å regulere ferdselen på vegen til Skreivasskleivane
Vegen til Skreivasskleivane er fysisk open for allmenn motorisert ferdsel. Vegen blir derimot ikkje brøyta og er normalt køyrbar i perioden 15. juli til 15. oktober. Han har ein relativt dårleg standard og blir i liten grad vedlikehalden. Vegen er med på å generere ferdsel inn i eit område som er viktig for villreinen, og der reduserte forstyrringar vil ha stor betydning.
Tiltaket inneber å vurdere å regulere ferdselen på vegen til Skreivasskleivane i den pågåande revisjonsprosessen.
IV: Vurdere å regulere tilgang til båtramper ved Oddatjønn - og Førreskardammen
Ved Oddatjønn- og Førreskardammen er det bygd ramper for båtutsetting som er fysisk opne for allmenn bruk. Båtbruken er svakt aukande som følgje av stenging av vegen mot Storevassdammen, der ein med båt kjem langt inn mot kjerneområda for villrein. Redusert tilgang er forventa å gje mindre forstyrringar i sentrale område for villreinen.
Eit tiltak kan vere at Statkraft stengjer for allmenn tilgang til båtrampene gjennom ei bomløysing. Statkraft er grunneigar på båtrampene ved Oddatjørndammen og Førreskardammen. Det blir lagt til grunn at anlegga er omfatta av konsesjonsvilkår for Ulla-Førre kraftverk om at kaier skal kunne nyttast av allmenta so sant vassdragsmyndigheita ikkje har bestemt noko anna. Eit slikt tiltak føreset derfor at NVE eventuelt treff vedtak om restriksjonar for motorisert ferdsel heimla i vassdragslovgjevinga. Dette vil i so fall skje etter ein alminneleg prosess med mellom anna eigen høyring.
Tiltak 37:
Gjennomføre utbetring og opning av tunnel frå Øvre Moen til Oddatjørndammen for allmenn motorisert ferdsel i tråd med vedtatt detaljplan
Hovudansvar : Regulant/konsesjonær (Statkraft)
Tiltaket inneber at Statkraft skal gjennomføre utbedringar og oppgraderingar av dagens tunnel slik at denne kan opnast for allmenn motorisert ferdsel. Detaljplanen vart godkjent av NVE 24. mars 2025. Arbeidet med å utbetre tunnelen frå Øvre Moen til Oddatjørndammen i samband med pågåande arbeid med vassvegen til Saurdal kraftverk er i gang. Tunnelen vil kunne opne for allmenn ferdsel i 2028. Vegen vil bli kommunal veg/tunnel etter at anleggsarbeidet er ferdigstilt. Det følgjer samstundes av detaljplanen at nokre kilometer anleggsveg utanfor tunnelen, som blir overflødig når tunnelen blir opna, skal førast attende til naturtilstand når tunnelen blir opna. Dette vil òg bidra positivt til villreintrekket.
Blåsjøvegen mellom Øvre Moen og Oddatjørndammen utgjer i dag eit vandringshinder for villreinen der vegen går i dagen. Denne vegstrekninga skjær av ein trekkpassasje og hindrar villreinen å kome ut til beiteområda lenger vest.
På strekninga av Blåsjøvegen mellom Øvre Moen og Oddatjørndammen vart det i samband med Ulla-Førre reguleringa bygd ein direkte tunnel. Tunnelen har vore stengt i lengre tid og er i dag ikkje open for allmenn ferdsel. Ved opning av tunnelen for allmenn motorferdsel, og samstundes stenging av vegen rundt for tilsvarande ferdsel, vil trafikken på denne strekninga kunne gjennomførast utan fysisk forstyrring av villreinen.
Før Blåsjø og Blåsjøvegen gjekk det eit markert bukketrekk over Oddajuvet. Bukkane kunne trekke her både for å komme ut til gode vår- og sumarbeite i vest eller dei kunne trekke nord-sør inn i dei meir sentrale delane av villreinområdet. I området er det både lokale beitetrekk vår og tidleg sumar til gode beiter på nordvestsida av Blåsjø, lokale og regionale beitetrekk for bukk vestover til fjellområda mellom Jøsenfjorden-Førrejuvet og Blåsjøvegen der det er gode beite og lite forstyrringar, og regionalt trekk nord-sør på vestsida av Blåsjø.
I dag er funksjonaliteten til trekket over Oddajuvet sterkt redusert på grunn av ferdsel på Blåsjøvegen. I rapporten til delnorm 3 i kvalitetsnorma er reduksjonen i trekkaktiviteten oppgitt til å vere over 90 %. Likevel viser GPS-data at det framleis er ein viss trekkaktivitet her, men då i hovudsak før Blåsjøvegen blir brøyta i juni.
Tiltaket vil bidra til at viktige trekkpassasjar for villreinen blir tilgjengeleg, gjeve at vegen på utsida av tunnelen blir stengt eller gjort utilgjengeleg for allmenn motorisert ferdsel og sykling. Det er venta at dei lokale og regionale beitetrekka vil bli meir brukt og brukt over lengre tid når forstyrringane blir redusert. Det kan òg vere grunn til å vente at fleire dyr trekkjer ut til områda på sørsida av Blåsjøvegen, og at nord-sør trekket under Førrevassdammen blir meir brukt. Opning av tunnelen for allmenn motorisert ferdsel krev godkjent standard for allmenn bruk i samsvar med vegmyndigheitene sine krav.
Tiltak 38:
Vurdere å innføre sykkelforbod på delar av Blåsjøvegen innanfor bommen på Beinlei i Bykle kommune
Hovudansvar: Bykle kommune
Tiltaket inneber at Bykle kommune blir oppfordra til, med heimel i friluftslova og etter samtykke frå grunneigar, å treffe vedtak om eit sykkelforbod på delen av Blåsjøvegen frå bommen på Beinlei i Bykle kommune.
For at tiltak knytt til å redusere motorferdsel på vegar skal ha den ynskte effekten, kan det vere nødvendig at òg annan ferdsel enn motorferdsel på dei same vegstrekningane blir redusert. Blåsjøvegen er i dag stengt med bom for allmenn motorisert ferdsel etter Beinlei, og tilgangen til vegstrekningen er gjeve i NVE sitt vedtak av 2. juni 2020. Ferdselsteljingane på denne strekningen viser eit betydeleg innslag av sykkelbruk, noko som er særleg uheldig med tanke på den korte avstanden ned til Steinbuskardet, som er eit sårbart område for villreinen.
Vegen er omfatta av konsesjonsvilkår for Ulla-Førre kraftverk, som inneheld vilkår om at vegen skal kunne brukast av allmenta, med mindre vassdragsmyndigheita har bestemt noko anna. NVE har ikkje høve til å vedta sykkelforbod på vegen.
Tiltak 39:
Vurdere forprosjekt for restaurering av trekkveg over Svartevassmagasinet
Hovudansvar: Miljødirektoratet og Statsforvaltaren i Agder
Delansvar: Regulant/konsesjonær (Sira-Kvina kraftselskap) og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Som følgje av etableringa av Svartevassmagasinet ligg tidlegare sentrale trekk-korridorar for villreinen neddemt. Tiltaket inneber at Miljødirektoratet og Statsforvaltaren i Agder saman skal vurdere om det skal setjast i gang eit forprosjekt for å gje eit best mogeleg grunnlag for å treffe vedtak om ei eventuell framtidig etablering av ei landbru over Svartevassmagasinet ved utløpet av Ytre Storevatn. Arbeidet skal gjerast i samråd med regulanten/konsesjonæren. Kostnadar og konsekvensar for ei eventuell etablering av landbru må utgreiast nærare i forprosjektet. Det er gjennomført ei scenarioanalyse i samband med prosjektet Renewable Reindeer (Panzacchi m.fl. 20226).
Restaurering av tidlegare trekkpassasjer for villrein gjennom å etablere landbru over kraftmagasin i villreinområde der det tidlegare har gått viktige trekkpassasjar, kan potensielt ha svært stor positiv effekt for å forbetre tilstanden for villreinen. Etablering av landbru med formål om å gjenopprette villreintrekk er hittil ikkje utprøvd, og effekten av tiltaket er dermed usikker. Både GPS-data, observasjonar og spor viser at dyra ved låg vasstand nyttar gamle trekkvegar over magasinet i dette området. Vidare kan observasjonar frå Kvevassmagasinet i Nordfjella villreinområde òg tyde på at villrein kan gjenoppta gamle trekkruter når forhalda ligg til rette for det, til dømes fordi vasstanden i eit magasin blir tappa ned eller er lågare enn normalt.
Dersom forprosjektet eventuelt på sikt blir følgd opp med tiltak som medfører at trekkruta blir gjenoppretta, vil det potensielt ha stor effekt for å forbetre trekket for villrein vestover i Setesdal Ryfylke villreinområde. Ei eventuell framtidig restaurering av trekkvegen må òg sjåast i samanheng med dei andre tiltaka som er foreslått eller blir sett i verk for å forbetre trekket for villreinen slik at fleire individ kjem i posisjon til å krysse Svartevassmagasinet. Dette er ei vesentleg endring i situasjonen samanlikna med slik han var då dette vart vurdert i NINA si scenarioanalyse i området. Ei eventuell framtidig etablering av landbru over magasinet vil kunne direkte bøte på dei negative effektane av eksisterande arealinngrep utan at det går utover andre brukarar av området. Restaurering av trekkvegar er òg i tråd med målsetjinga i villreinmeldinga om målretta restaurering av leveområda til villreinen, og har òg koplingar til FNs tiår for naturrestaurering som går fram mot 2030.
Tiltaket må sjåast i samanheng med tiltak 34 om overordna vurdering av behovet for restaurering av villreinen sine leveområde. Staten kan bidra med å leggje til rette for eit forprosjekt, mellom anna gjennom finansiering frå relevante ordningar.
Tiltak 40:
Vurdere tiltak for å redusere forstyrringar frå villreinjakt og rypejakt i området rundt Steinbuskaret og Storsteinen
Hovudansvar : Rettshavarane (Statskog SF og Bykle Fjellstyre)
Området rundt Steinbuskaret og Storsteinen er eitt av dei mest sentrale trekkområda for villreinen i Setesdal Ryfylke. Det er ei stor samla belastning av menneskelege forstyrringar for villreinen i dette området, som saman med vasskraftregulering utgjer ei betydeleg barriere for villreintrekket. I Steinbuskaret er det i dag eit biotopvernområde der det i delar av området er totalt ferdselsforbod heile året, medan det i ein annan del av dette verneområdet er ferdselsforbod frå 25. april til og med 31. mai.
Området blir òg mykje brukt i samband med villreinjakt og rypejakt, og det er Statskog SF og Bykle Fjellstyre som har jaktrettane i området. Villreinjakta startar 20. august og varar til 30. september. Jaktlaga kan jakte fem dagar i kvar periode, med tre dagars jaktpause mellom kvar jaktperiode. Det er maksimalt fem jaktperiodar per jaktfelt. Rypejakta startar 10. september og blir normalt avslutta 6. oktober. Jaktlaga har seks jaktdagar med ein pausedag mellom kvar jaktperiode. Det er samanfallande jaktfeltinndelingar for både villrein- og rypejakt, og når rypejakta startar blir det jakta parallelt på villrein og rype i dei same jaktfelta.
For å redusere forstyrringar frå jaktutøving i området rundt Steinbuskaret og Storsteinen har Statskog SF frå 2023 og 2024 innført ei rekkje tiltak knytt til villrein- og rypejakt (dei åra der det er opna for rypejakt). Rettshavarane blir oppfordra til å vidareføre desse tiltaka. Tiltaka som allereie er innført som ei prøveordning er:
- Reduksjon av talet på jaktfelt for villreinjakt og rypejakt: Eksisterande to jaktfelt Hovatn Sør og Vassdalstjødn er slått saman til eitt jaktfelt, noko som halverer jakttrykket nord for Steinbuskardet.
- Innføring av jaktfri sone for villreinjakt og rypejakt: Innskrenking av jaktfelta Hovatn, Sandvatn, Smalevatn og Auråhorten.
- Innføring av klokkeslettavgrensing for villreinjakt og rypejakt: Jaktstart klokka 07.00 og jaktstopp klokka 19.00 i Auråhorten, Hovatn, Smalevatn og Sandvatn jaktfelt.
- Utvida pause mellom jaktperiodar for rypejakt: Jakt i fem dagar etterfølgt av pause i tre dagar, tilsvarande jaktperiodane for villreinjakt.
Bykle Fjellstyre, som rettshavar i delar av området, blir oppfordra til å innføre jaktfri sone for villreinjakt i den delen av området dei forvaltar rettigheitene til, i fyrste omgang for ein periode på fem år.
Tiltak 41:
Avgrense bruken av Såvasshytta og Sandvassbu som jakthytter til perioden 19. august–1. november
Hovudansvar: Statskog SF
Statskog SF si hytte med 8 sengeplassar og tilhøyrande båt ved Såvatn, blir leigd ut i samband med jakt i området. Hytta blir brukt lite gjennom sumaren, men noko meir i samband med jaktsesongen. I 2022 var det til dømes totalt 60 overnattingar på Såvasshytta. Tiltaket, som er innført frå og med 2023, inneber at Såvasshytta berre blir brukt som jakthytte i perioden 19. august og fram til 1. november. Det er òg innført tilsvarande avgrensa bruk av Sandvassbu i jaktfeltet «Sandvatn». Dette vil ytterlegare redusere ferdselen innanfor dette området.
Tiltak 42:
Omlegging av hytte- og løypenett ved Storsteinen
Hovudansvar: DNT Stavanger og omegn
Delansvar: Klima- og miljødepartementet, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR), statsforvaltarane i Rogaland og Agder, Statskog SF, Hjelmeland kommune, Bykle kommune, Hjelmeland Fjellstyre, Bykle Fjellstyre
Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 31, kap. 1420, post 80 og kap. 1420, post 81
Trekkmogelegheitene for villrein er vesentleg redusert som følgje av utbygginga av Ulla-Førre og Sira-Kvina. Blåsjø- og Svartevassmagasinet har demd ned viktige beite- og trekkområde, og skapt smale trekk-korridorar som vesentleg hindrar villreinen sitt trekk. Hytte- og løypenettet i Blåsjøområdet bidreg til å skape ytterlegare forstyrringar av villreinen i trekk-korridoren nord-sør ved Gyvassfjellet og Steinbuskardet, og forstyrring i trekk-korridoren aust-vest mellom Djupetjørnsnuten og Storsteinvatnet. GPS-data viser ein svært avgrensa trekkaktivitet nord-sør, og villreinstamma er i praksis delt i to delbestandar nord og sør for Blåsjø. GPS-data viser vidare ein sterkt avgrensa trekkaktivitet aust-vest. I dei åra GPS-data vart innhenta, har det vore lite villrein i Hjelmelandsheiane.
I dette området ligg DNT Stavanger og omegn si hytte Storsteinen. Storsteinen er i dag ei sjølvbetjent hytte med 34 sengeplassar som er open heile året, og skiløypene til og frå hytta blir kvista veka før påske. Hytta vart bygd i 1980 som ei av erstatningshyttene då turistforeininga sitt løypenett vart flytta frå vestsida til austsida av Blåsjø grunna Ulla-Førre utbygginga. Flytting av løypenettet til austsida vart bestemt av Miljøverndepartementet i 1976. Etter freding som biotopvernområde i 2000 vart det innført ferdselsforbod i Steinbuskardet. Det er unntak for ferdsel som følgjer merka løype. I samband med ferdselsforbodet gjekk Statskog si hytte ved Gyvatn ut av bruk. Bruken av Storsteinen vart kraftig redusert etter at vegen til Storvassdammen vart stengt for allmenn motorisert ferdsel. Frå rundt årtusenskiftet har Storsteinen hatt om lag 400 overnattingar i året, der rundt 300 har vore i barmarksesongen. Stigstrekningane mellom hyttene i området har låg bruk med om lag 2 passeringar per dag i høgsesongen (juli-august). Samla sett har stigstrekningane til og frå turisthytta Storsteinen 10-12 passeringar kvar dag i høgsesongen (juli-august). Andre brukargrupper i området er Statkraft og Statnett (juli-oktober), dagsturisme på Blåsjøvegen (juli-september), tilsyn og sanking av sau (juli-oktober), og jakt (august-september).
Tiltaket inneber å leggje ned Storsteinshytta og utvalde tilhøyrande stigar (Storsteinen-Kringlevatn, Storsteinen-Litle Aurådal, og Storevassdammen- Djupetjørn). Ei nedlegging av ein stig inneber i utgangspunktet fjerning av merking og vardar, fjerning av turforslag frå Ut.no og andre marknadsføringskanalar, samt skilt i kvar ende av stigsegmentet som forklarar kvifor stigen er nedlagt. Som eit avbøtande tiltak er det foreslått etablering av ei ny Storsteinshytte med 16 sengeplassar og sikringshytte med 4 senger ved vatn 1116 (Helvetesvatnet i Hjelmeland kommune), og å etablere ein stig mellom Hovatn og nye Storsteinen over Storevassdammen og over Storsteinsheia. Som del av ei heilskapleg løysing for hytte- og løypenettet i området blir hyttene på Grasdalen og Eidavatn lagt ned og erstatta med ei ny hytte lenger nord i Grasdalen. Det blir òg etablert eit oppdatert rutenett som varetek friluftsinteressene i området. Hovudruta nord-sør (Ryger) vil då leggast om til ein trasé vest for Svartevassmagasinet, med Lysebotn som endepunkt (tiltak 45). Hytta ved Kringlevatn vil få sterkt redusert bruk ved nedlegging av løype mellom Kringlevatn og Storsteinen.
For å gje tid til å evaluere verknadane av denne omlegginga, og avklare vidare drift av hytta ved Kringlevatn, kan stenging av ruta Kringlevatn-Storsteinen gjerast som ei prøveordning for 10 år.
Tiltaket er venta å gje svært stor effekt for villreinen, gjennom mindre forstyrring i trekk-korridorane nord-sør og aust-vest og perioden juli-august. Det er ikkje forventa å gje særleg auka forstyrring på vestsida av Blåsjø. Effekten av tiltaket må sjåast i kombinasjon med andre føreslegne tiltak i området. Den samla effekten av dette tiltaket og tiltak som reduserer ferdselen på Blåsjøvegen og avgrensar talet på jegerar, er forventa å bli stor. Tiltaket er venta å ha direkte effekt på villreinen, og forbetre villreinen sine mogelegheiter til å bruke området og trekke gjennom det for å kome til andre delar av leveområdet sitt. Det vil bli auka forstyrring ved den nye Storsteinen, men det er lagt til grunn at dette blir vege opp for av at ei ny hytte blir plassert i eit mindre kritisk område for villreinen enn dagens plassering. Tiltaket råkar DNT Stavanger og omegn og brukarane av hyttene.
Vinterløypene i området blir normalt kvista veka før påske. Bortsett frå nødvendige omleggingar fram til den nye hytta ved Helvetesvatnet, blir det ingen større endringar i dagens løypenett.
Når det gjeld dagens ferdselsforbod i Steinbuskardet, vil unntaket for ferdsel på merkte stigar og løyper følgje dei nye løypene.
Storsteinen. Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter
Tiltak 43:
Vurdere tiltak for å redusere forstyrringar frå beiteaktivitet i Storsteindalen
Hovudansvar: Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet, Landbruksdirektoratet
Delansvar: Undeknuten sankelag og Statskog SF
Kvar sumar blir det sleppt om lag 150 sau i området i Storsteindalen, på beiteområde Undeknuten sankelag leiger av Statskog SF. Ferdsel i samband med tilsyn og sanking av sau utgjer ein del av den samla belastninga og forstyrringa for villreinen i dette området. Tiltaket inneber å vurdere tiltak for å redusere forstyrringane knytt til beiting i området i dialog med beitenæringa. Aktuelle alternativ å vurdere er bruk av elektroniske bjøller med virtuelle gjerde, eller at beitebrukarane som slepp sau i området ved Beinlei blir tilbydd utmarksbeite i andre område. Tiltaket føreset einigheit med beitebrukarane og eventuelt grunneigarar.
Tiltak 44:
Halde anleggsveg til Duge/Svartevassmagasinet stengt for allmenn motorferdsel
Hovudansvar: Regulant/konsesjonær (Sira-Kvina kraftselskap)
Delansvar: Energidepartementet og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Anleggsveien inn til Duge/Svartevassmagasinet utgjer, saman med Svartevassmagasinet, ei 30 km lang samanhengande barriere for villreintrekk aust-vest i Setesdal Ryfylke. Ferdsel på vegen medfører saman med annan infrastruktur og ferdsel frå hytteområda eit hinder for at villreinen kan ta seg ut i Frafjordheiene. Motorisert ferdsel på vegen er regulert gjennom Olje- og energidepartementet sitt vedtak av 24. mars 2011 som gjev konsesjonæren ei plikt til å halde anleggsvegen frå Ådneram til Svartevatn (Dugevegen) stengt for allmenn motorisert ferdsel frå eksisterande bom på Ådneram. Vegen vart etter dette stengt. Det er gjort unntak for nødvendig transport i samband med drift av eigendomane som naturleg soknar til vegen, inkludert nyttetransport i samband med drift av turistforeininga sine hytter. Guida motortransport er tillate etter avtale med Sirdal kommune.
Tiltaket inneber at konsesjonæren held anleggsvegen stengt for allmenn motorisert ferdsel i tråd med nemnte vedtak. Det blir òg oppfordra til at det blir informert om kvifor bruken av vegen er strengt regulert.
Tiltaket vil redusere forstyrringane på vegen, og er forventa å føre til at villreinen i større grad bruker trekkrutene over vegen sumar og haust.
Tiltak 45:
Omlegging av konseptruta «Ryger»
Hovudansvar: DNT Stavanger og omegn
Delansvar: Klima- og miljødepartementet
Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 31, kap. 1420, post 80 eller kap. 1420, post 81
Turistforeininga si konseptruta «Ryger» gjennom Setesdal Ryfylke er ein fottur frå Eikebrekka i Bjerkreim, til Haukeliseter. Fotturen går langs merka stigar og overnatting skjer på eksisterande turisthytter. Løypa går i dag frå Hovatn til Storsteinen over Gyvassfjellet og vidare til Litle Aurådal over Auråhorten. Tiltaket inneber å leggje om konseptruta «Ryger» slik at ho går Hovatn-Nye Storsteinen-Nye Grasdalen-Nilsebu-Grautheller-Lysebotn. Tiltaket må sjåast i samanheng med tiltak 42.
Tiltaket vil gje redusert ferdsel og forstyrring på strekningen Gyvassfjellet-Litle Aurådal-Grautheller. Samla sett er effekten av tiltaket positiv ettersom tiltaket vil redusere ferdsel i Steinbuskardområdet og langs nordenden av Svartevassmagasinet, sjølv om ferdselen vil auke litt lenger vest.
Tiltak 46:
Utsetje brøyting av anleggsveg mellom Vetrhus og Mosvatn til påske
Hovudansvar: Suldal kommune
Delansvar: Vegeigar (Statkraft)
I tilknyting til Ulla–Førre reguleringa, går det ein anleggsveg opp frå Vetrhus på austsida av Suldalsvatnet og opp forbi Mosvatn. Vegen er open for allmenn motorisert ferdsel gjennom heile barmarkssesongen. Suldal kommune har dei siste åra brøyta vegen fram til Moskar til vinterferien. Tiltaket inneber å utsetje brøyting av vegen til påske. Tiltaket vedkjem grunneigarar og kommunen. Tiltaket vil redusere forstyrringar knytte til vinterbeite i området.
Tiltak 47:
Vidareføre vinterstenging av vegen Kjetilstad – Lauvastølvatnet
Hovudansvar: Vegeigar (Statkraft)
Anleggsvegen mellom Kjetilstad og Lauvastølvatnet, i Suldal kommune, blir drifta av Statkraft. Vegen er køyrbar heile barmarkssesongen, men blir ikkje brøyta vinterstid, og er derfor i praksis vinterstengt. Dagens ordning med vinterstenging gjev mindre forstyrringar i vinterbeiteområdet for villreinen. Tiltaket inneber at denne vegen ikkje blir brøyta, noko som vil sikre mindre forstyrringar i vinterbeiteområdet. Tiltaket medfører ingen endring frå dagens situasjon, men vidareføring vil medføre at kommunen, grunneigarane og hytteeigarane ikkje kan nytte vegen før snøen smeltar.
6B: Store Urevatn/Uraråjuvet
Tiltak 48:
Vurdere permanent stenging av anleggsvegen til Store Urevatn for allmenn motorisert ferdsel etter avslutta prøveperiode
Hovudansvar: Energidepartementet og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Delansvar: Regulant/konsesjonær (Otteraaens Brugseierforening)
Anleggsvegen inn til Store Urevatn frå Bykle har vore mykje brukt av turfolk og fiskarar fram til sumaren 2022. Anleggsvegen har tidlegare stått open for fri ferdsel (ikkje vinterbrøyta), og det er dokumentert stor ferdsel på vegen som hindrar at villreinen kan trekke over. Etter vedtak frå NVE vart det frå sumaren 2022 etablert eit prøveprosjekt med bomløysning for å setje i verk stenging av anleggsvegen for allmenn motorisert ferdsel. Bommen er plassert ved Rjomeli, rett etter avkøyring til Øystøyl. Prøveperioden varer i sju år.
Vegen er omfatta av konsesjonsvilkår for Otravassdraget, som inneheld vilkår om at vegen skal kunne nyttast av allmenta, samt etterfølgjande vedtak frå NVE om innføring av ferdselsrestriksjonar på vegen i ei prøveperiode på sju år. Permanent stenging av vegen for allmenn motorferdsel etter utløpet av prøveperioden føreset derfor at NVE eventuelt treff vedtak om slike restriksjonar heimla i vassdragslovgjevinga. Dette vil i so fall skje etter ein alminneleg prosess med mellom anna eigen høyring. Konsesjonen for Otravassdraget er for tida under revisjon.
Reduksjon i ferdselen på vegen er forventa å ha stor positiv effekt ved at villreinen kan trekke over vegen, samt bidra til mindre opphoping av dyr på Ugleflotti, og at fleire dyr kjem i posisjon for kryssing i Steinbuskardet. Negative konsekvensar av tiltaket er redusert tilgang for allmenta. Det skal takast omsyn til tilkomsten for personar med rettar i Bykle statsallmenning, medrekna fastbuande i Bykle, samt relevante omsyn, som omsynet til landbruksnæringa.
Tiltak 49:
Vurdere fjerning av autovern på strekninga Rjomeli – Store Urevatn
Hovudansvar : Regulant/konsesjonær (Otteraaens Brugseierforening) og grunneigarar, verneområdemyndigheiter og Bykle kommune
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1424, post 70
Langs anleggsvegen mellom Rjomeli og Store Urevatn var det tidlegare 3 km med autovern, som kan utgjere eit hinder for villreintrekk over vegen. Det er etter initiativ frå regulanten allereie fjerna om lag 1 500 meter med autovern på strekninga.
I NVE sitt vedtak om prøveordning med stenging av Urevassvegen (sjå tiltak 48), vart det vedtatt at konsesjonæren skulle ta initiativ til å etablere ei arbeidsgruppe som skal vurdere og finne fram til ytterlegare tiltak som kan forbetre effekten av dei innførte ferdselsrestriksjonane på Urevassvegen. Arbeidsgruppa er samansett av lokale aktørar.
Tiltaket inneber å vurdere og fjerne ytterlegare autovern på denne strekninga dersom dette kan gjerast utan at det går for mykje ut over trafikktryggleiken, med prioritet av strekningar på vegen med mest trekkaktivitet. Saman med ferdselsrestriksjonar på vegen vil fjerning av autovern kunne auke trekkaktiviteten for villrein over vegen. Sjå kart under tiltak 48.
Tiltak 50:
Vurdere stenging og/eller flytting av parkeringsplassar som ligg i viktige trekk-korridorar langs anleggsvegen til Store Urevatn
Hovudansvar: Regulant/konsesjonær (Otteraaens Brugseierforening) og grunneigarar, verneområdemyndigheiter og Bykle kommune
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1424, post 70
Langs anleggsvegen til Store Urevatn er det fleire parkeringsplassar. Parkerte bilar og ferdsel frå desse utgjer eit hinder for villreintrekk over vegen. Parkeringsplassane blir primært brukt av grunneigarar.
I NVE sitt vedtak om prøveordning med stenging av Urevassvegen (sjå tiltak 48), vart det vedtatt at konsesjonæren skulle ta initiativ til å etablere ei arbeidsgruppe som skal vurdere og finne fram til ytterlegare tiltak som kan forbetre effekten av dei innførte ferdselsrestriksjonane på Urevassvegen. Arbeidsgruppa er samansett av lokale aktørar.
Tiltaket inneber å kartleggje parkeringsplassar med særleg problematisk plassering for villreinen sine trekkvegar og deretter vurdere å fjerne, stengje eller flytte parkeringsplassar som ligg i viktige trekk-korridorar langs vegen til Store Urevatn. Sjå kart under tiltak 48.
Tiltak 51:
Vidareføre regulering av tilkomsten på anleggsveg opp mot Uraråjuvet
Hovudansvar: Regulant/konsesjonær (Otteraaens Brugseierforening), og grunneigarar, verneområdemyndigheiter, Bykle kommune
Inn mot Vatnedalsvatnet går det ein anleggsveg, Vatnedalsvegen. Omtrent halvvegs til vestenden av Vatnedalsvatnet er det ein avstikkar opp til Uraråjuvet, ein vegstrekning på om lag 1,5 km. Ferdsel på og ut frå vegen i ein svært sårbar og viktig trekk-korridor utgjer forstyrringar for villreinen. Tiltaket vil oppretthalde og forbetre trekkmogelegheitene gjennom Uraråjuvet, og effekten av tiltaket vil avhenge av kva for aktørar som framleis får tilgang til å nytte vegen.
Vegen er omfatta av konsesjonsvilkår for Store Urevatn kraftverk, som inneheld vilkår om at vegen skal kunne nyttast av allmenta, med mindre Energidepartementet fastset noko anna. I etterkant av konsesjonsvedtaket vart det gjennomført rettsleg skjønn, der det vart lagt til grunn at motorisert ferdsel på Vatnedalsvegen kunne gjennomførast av rettshavarane inkludert regulant. Som følgje av dette er vegen stengt med bom ved Vatnedalsdammen, samt med portar i tunnel vest for Troddedalstjønnane. Avstikkaren opp i Uraråjuvet er òg nyleg låst med bom.
I NVE sitt vedtak om prøveordning med stenging av Urevassvegen (sjå tiltak 48), vart det vedtatt at konsesjonæren skulle ta initiativ til å etablere ei arbeidsgruppe som skal vurdere og finne fram til ytterlegare tiltak som kan forbetre effekten av dei innførte ferdselsrestriksjonane på Urevassvegen. Arbeidsgruppa er samansett av lokale aktørar. Tiltaket inneber å vidareføre regulering av tilkomsten på vegen, slik at han òg er stengt for gåande og syklande ved portar montert i tunnel ved Troddedalstjønna (sjå òg tiltak 66), og kjetting på vegen opp til Uraråjuvet. Tiltaket er i hovudsak gjennomført. Sjå kart under tiltak 48.
Tiltak 52:
Forprosjekt for restaurering av trekkvegar over magasinet Store Urevatn
Hovudansvar: Regulant/konsesjonær (Otteraaens Brugseierforening)
Delansvar: Miljødirektoratet, i samråd med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1424, post 70
Som følgje av etableringa av magasinet Store Urevatn ligg ein tidlegare sentral trekk-korridor for villreinen neddemt. Tiltaket inneber gjennomføring av eit forprosjekt for å gje eit best mogeleg grunnlag for ei avgjerd om ei eventuell framtidig restaurering av trekkvegar over magasinet Store Urevatn ved bruk av kunstige fyllingar. Kostnadane og konsekvensane for ei eventuell restaurering av trekkvegar må utgreiast nærare i forprosjektet.
Konsesjonen for Otravassdraget er for tida under revisjon. Det blir ikkje gjeve støtte over Statens villreinfond til tiltak som eventuelt inngår i vilkårsrevisjonen.
Restaurering av tidlegare trekkpassasjar for villrein gjennom å etablere landbru over kraftmagasin i villreinområde der det tidlegare har gått viktige trekkpassasjar, er tiltak som potensielt kan ha svært stor positiv effekt for å forbetre tilstanden for villreinen. Etablering av landbru med formål om å gjenopprette villreintrekk er hittil ikkje utprøvd, og effekten av tiltaket er dermed usikker. Både GPS-data, observasjonar og spor viser at dyra nyttar gamle trekkvegar over magasinet i dette området ved låg vasstand. Vidare kan observasjonar frå Kvevassmagasinet i Nordfjella villreinområde òg tyde på at villrein kan gjenoppta gamle trekkruter når forholda ligg til rette for det, til dømes fordi vasstanden i eit magasin blir tappa ned eller er lågare enn normalt.
Dersom forprosjektet eventuelt på sikt blir følgd opp med tiltak som medfører at trekkruta blir gjenoppretta, vil det potensielt ha stor effekt for å forbetre trekket for villrein vestover i Setesdal Ryfylke villreinområde. Ei eventuell framtidig restaurering av trekkvegen må òg sjåast i samanheng med dei andre tiltaka som er eller blir foreslått sett i verk for å forbetre trekket for villreinen slik at fleire dyr kjem i posisjon til å krysse Svartevassmagasinet (tiltak 39). Ei eventuell framtidig etablering av landbru over magasina er i tillegg eit tiltak som direkte bøter på dei negative effektane av eksisterande arealinngrep utan at det går utover andre brukarar av området. Restaurering av trekkvegar er òg i tråd med måla i villreinmeldinga om målretta restaurering av leveområda til villreinen, og har òg koplingar til FNs tiår for naturrestaurering som går fram mot 2030.
3.1.3 Forventa effekt og konsekvensar
Klima- og miljødepartementet har, basert på innspel frå Miljødirektoratet, vurdert kva for forventa effektar tiltakspakka har for villrein. Både tiltakspakke 6A og 6B er vurdert å ha stor effekt på eksisterande tilstandsutfordringar. Ei rask iverksetting av tiltaka vil gje middels mogelegheit for måloppnåing i 2030. Tiltakspakka vil gje stor mogelegheit for å nå målet om middels tilstand innan 2050.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av prosessen med tiltaksplanen.
For enkelte tiltak i tiltakspakka der aktørar blir oppfordra til frivillig å vere ansvarleg for å gjennomføre tiltak, kan tiltaket ha økonomiske konsekvensar for staten til dømes i form av støtte til gjennomføring gjennom tilskotsordningar på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett. Eventuelle kostnadar for gjennomføring av slike tiltak skal dekkast innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammer.
Det kan søkjast tilskot frå Statens villreinfond til undersøkingar og tiltak som betrar levevilkåra for villrein som er påverka av vasskraftregulering, inkludert tiltak som ikkje har direkte tilknyting til kraftutbygginga. Når det gjeld Statens villreinfond blir det ikkje gjeve støtte til utgreiingar og tiltak som blir dekkja av vilkårsrevisjon.
3.1.3.1 Forventa effekt og konsekvensar av tiltakspakke 6A
For Setesdal Ryfylke er det mellom anna tilgangen på funksjonelle trekkpassasjar som gjer at området er klassifisert til dårleg kvalitet i kvalitetsnorma. Alle tiltak som bidreg til å gjenopprette desse funksjonelle trekkpassasjane vil vere av stor betydning for framtidig overleving av bestanden i området. Kvart enkelt av dei ulike tiltak vil isolert sett ha liten eller middels effekt, men samla sett er det vurdert at tiltakspakka vil vere eit vesentleg bidrag for å forbetre situasjonen for villreinen.
Tiltaka i tiltakspakke 6A knyt seg primært til regulering av ferdsel og desse tiltaka vil kvar for seg og samla ha positiv effekt på villreinen i området. Når det gjeld tiltaka knytt til Blåsjøvegen er det vurdert at den samla forventa effekten er god om tiltaka blir gjennomført. Dersom vurdering av eit forprosjekt for restaurering av tidlegare trekkveg over Svartevassmagasinet på sikt medfører realisering av ein ny trekkveg, kan dette vidare ha stor effekt på mogelegheita reinen har til å utnytte større delar av villreinområdet. Tiltakspakka er isolert sett ikkje tilstrekkeleg til å kunne snu negativ utvikling innan 2030, men vil vere eit ikkje ubetydeleg bidrag til å kunne nå 2050-målet.
Tiltaka knytt til Blåsjøvegen vil redusere allmenta sin tilgang til området. Tiltaket for å redusere barriereeffekten av Blåsjøvegen vil krevje relativt små kostnadar til oppsett av bom ved Øvre Moen, samt informasjonstiltak. Dei andre deltiltaka knytt til sidevegar og tilgang til båtramper vil samla krevje ganske tilsvarande økonomiske kostnadar.
Gjennomføring av tiltaket med utbetring og opning av tunnel frå Øvre Moen til Oddatjønndammen for allmenn motorisert ferdsel i tråd med vedtatt detaljplan vil krevje ressursar hjå konsesjonæren, men vil ikkje innebere nye administrative eller økonomiske konsekvensar utover det som følgjer av vedtatt detaljplan. Konsekvensane for allmenta sin tilgang til området som følgje av tiltaket vil vere avgrensa, ettersom tiltaket inneber å flytte trafikken frå open veg til tunnel.
Tiltaket om å vurdere å innføre sykkelforbod på deler av Blåsjøvegen innanfor bommen på Beinlei i Bykle kommune, vil krevje administrative ressursar for kommunen, men vil ikkje koste noko å eventuelt innføre i seg sjølv. Det er pårekneleg med kostnadar og ressursbruk i samband med informasjonstiltak knytt til gjennomføringa av tiltaket, inkludert skilting. Tiltaket får eventuelt konsekvensar for allmenta sin tilgang til området på sykkel, noko som vil vere negativt for friluftslivinteresser i området.
Ei eventuell gjennomføring av restaureringsprosjekt for trekkvegar over Svartevassmagasinet er forventa å krevje betydelege økonomiske investeringar, og kostnadar og konsekvensar vil utgreiast nærare gjennom eit eventuelt forprosjekt.
Tiltaket om å redusere forstyrringar frå villreinjakt og rypejakt i området rundt Steinbuskaret og Storsteinen vil kunne påverke jegerar dersom rettshavarar frivillig gjennomfører ulike tiltak for å redusere forstyrringar knytte til jaktutøving. Tiltaket kan òg medføre eit avgrensa inntektsbortfall for grunneigarar og lokale næringsaktørar, og kan redusere tilbodet til jegerar i dette området. Tiltaket om å avgrense bruken av Såvasshytta og Sandvassbu vil ha konsekvensar for Statskog SF i form av inntektsbortfall, og har òg konsekvensar for friluftslivinteresser i området.
Omlegging av hytte- og løypenett ved Storsteinen vil innebere betydelege kostnadar. Det konkrete omfanget av økonomiske konsekvensar vil avklarast i den vidare dialogen med DNT. Dei vesentlegaste kostnadane er knytt til riving av eksisterande hytter og ei etablering av nye erstatningshytter for desse. Det er vidare kostnadar knytt til marknadsføring av nye turiststigar (kanalisering), ved omlegging av stigar og etablering av nye stigar. Tiltaka vil ha negative konsekvensar for tilbodet til DNT Stavanger og omegn, som vil miste deler av løypenettet og få praktiske ulemper i omleggingsperioden, samt mogelege negative konsekvensar for friluftslivet i form av eit endra tilbod. For å vareta både omsynet til villreinen og til friluftsinteressene, er det eit mål å finne heilskaplege løysningar for omlegginga av hytte- og løypenettet som frigjer areal for villreinen, men samstundes opprettheld eit samanhengande rutenett i område der villreinen er mindre sårbar.
Vurdering av tiltak for å redusere forstyrringar frå beiteaktivitet i Storsteindalen vil krevje ressursar hjå landbruksmyndigheitene, grunneigarar og beitenæringa. Avhengig av utfallet av dei vidare vurderingsprosessane kan tiltaket få konsekvensar for myndigheitene i form av tilskot til utstyr, som eventuelt vil dekkast innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammer. Tiltaket kan òg medføre inntektsbortfall for grunneigarane.
Å halde anleggsveg til Duge/Svartevassmagasinet stengt for allmenn motorferdsel vil ikkje medføre ytterlegare konsekvensar for råka partar utover dei avgrensingane som allereie følgjer av konsesjonsvedtak frå energimyndigheitene. Tiltaket vil krevje middel til oppføring av bomløysning, og vil òg innebere kostnadar til skilting og informasjon. Tiltaket kan få konsekvenser for eksisterande brukarar av vegen. Ettersom føremålet med tiltaket er å sikre at tilgangsregulering i tråd med energimyndigheitene sitt vedtak blir gjennomført, er det eventuell eksisterande uheimla bruk av vegen som blir ramma.
Tiltaka knytt til omlegging av konseptruta «Ryger» råkar friluftslivsinteresser i området, og vil påverke allmenta sin tilgang til fjellområda. Dei negative konsekvensane er samla sett vurdert som avgrensa ettersom det vil etablerast ei ny rute. Tiltaket vil vidare medføre kostnadar knytt til marknadsføring av nye turiststigar (kanalisering), samt omlegging og etablering av nye stigar.
Utsett brøyting av anleggsvegen mellom Vetrhus og Mosvatn fram til påske, kan redusere tilkomsten til fjellet for brukarar av vegen i perioden mellom vinterferien og påske. Vidareføring av vinterstenging av vegen Kjetilstad–Lauvastøylvatnet i Suldal kommune inneber ikkje kostnadar for gjennomføring, og får heller ingen nye konsekvensar for interesser i området samanlikna med dagens situasjon.
3.1.3.2 Forventa effekt og konsekvensar av tiltakspakke 6B
Tilsvarande som for tiltakspakke 6A, er det vurdert at tiltakspakke 6B samla sett vil vere eit vesentleg bidrag for å betre situasjonen for villreinen. Særleg vil tiltaket om å stenge anleggsveien til Store Urar i seg sjølv ha stor effekt.
Tiltaket om å vurdere permanent stenging av anleggsvegen til Store Urevatn etter avslutta prøveperiode vil krevje administrative ressursar for vassdragsmyndigheitene. Den pågåande prøveordninga får ikkje nye konsekvensar som følgje av tiltaksplanen.
Tiltak om å vurdere ytterlegare fjerning av autovern på strekninga Rjomeli–Store Urevatn vil påverke omsynet til trafikksikkerheit, og vil medføre nokre kostnadar dersom tiltaket blir gjennomført. Tilsvarande vil tiltak om å vurdere stenging, fjerning eller flytting av parkeringsplassar som ligg i viktige trekk-korridorar langs anleggsvegen til Store Urevatn krevje middel dersom det blir gjennomført. Forventa kostnadar blir vurdert å vere relativt små, og er særleg knytt til informasjon og skilting, og til eventuell sanering/avstenging/flytting av parkeringsplassar langs vegen. Tiltaket vil råke tilreisande og lokale, og potensielt medføre færre parkeringsmogelegheiter langs vegen.
Tiltaket om å regulere tilkomsten på anleggsvegen opp mot Uraråjuvet vil få konsekvensar for allmenta sin tilkomst til vegen, inkludert òg gåande og syklande. Tiltaket vil krevje investeringar i portar og bomløysingar, og det må òg reknast med kostnadar til skilting og informasjonstiltak.
Forprosjektet for restaurering av trekkvegar over kraftmagasinet Store Urevatn vil medføre økonomiske konsekvensar for konsesjonæren. Ei eventuell gjennomføring av eit restaureringsprosjekt for trekkvegar over Store Urevatn er forventa å krevje betydelege investeringar. Kostnadar og konsekvensar vil greiast ut nærare som ein del av forprosjektet.
Storvassdammen. Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter
3.2 Sørområdet Setesdal Ryfylke
3.2.1 Innleiing
Områda på begge sider av Brokke-Suleskardvegen og vidare sørover, har tradisjonelt vore viktige vinterbeiteområde for villreinstamma. Dei siste 30 åra har vinterbeitet vore konsentrert i områda på begge sider av vegen, medan områda frå Bygland og lenger sør har vore lite brukt. Villreinen si manglande utnytting av vinterbeiteområda i sør er ei medverkande årsak til at villreinområdet er klassifisert til dårleg kvalitet under delnorm 3 «Leveområde og menneskeligpåvirkning» i kvalitetsnorma for villrein. Situasjonen dei siste 15-20 åra har vore at villreinen nærmar seg vegen frå nord i oktober månad, men GPS-data viser derimot at svært få dyr kryssar før han stengjer 1. november (vegen er open 20. mai-1. november). Trekket over vegen blir dermed 2-4 veker forsinka, som truleg medfører at færre dyr trekkjer vidare sørover enn dei elles ville gjort. GPS-data viser at ein del dyr ofte blir ståande att i vestre delar som områda rundt Hilleknuten. Herifrå og vidare sørover ligg fleire dalføre innover frå Sirdal, der det blir preparert skiløyper innover i villreinområdet. Desse dalføra vart i hovudsak klassifisert til over 90 % arealunnviking i kvalitetsnormarbeidet, og biltrafikken blir rekna å vere hovudårsaka til at vegen ikkje blir kryssa. Medverkande årsaker er vandringshindre som bratte vegskjeringar, vegfendrar og tekniske installasjonar, samt ferdsel ut frå vegen frå ulike brukargrupper (fotturisme, jakt og beitenæring). Det skal takast omsyn til landbruksnæringa.
Området aust for Rosskreppfjorden har tradisjonelt vore eit viktig sumar- og haustbeiteområde for villreinen, men dei siste 30 åra har villreinen sin bruk av desse områda vore svært avgrensa. Dette medfører både tap av beiteområde og at reinen kjem seinare ned til Brokke-Suleskardvegen. Årsaka er truleg omfattande forstyrringar frå ferdsel knytt til fleire brukargrupper. Dette gjeld særleg ferdsel ut frå hytteområda i Brokke og Evardalen, tilsyn og samling av sau, jakt og fotturisme.
Tiltakspakke 7: Sørområdet Setesdal Ryfylke
- Tiltak 53: Vurdere tiltak for å redusere barriereeffekten av Brokke-Suleskardvegen
- Tiltak 54: Omlegging av hytte- og løypenett ved Rosskreppfjorden
- Tiltak 55: Redusert opningstid på Urdalsbu
- Tiltak 56: Vurdere oppgradert bomløysing ved båtrampe på Rosskreppdammen
- Tiltak 57: Vurdere å stengje veg til sekundærdam Rosskreppfjorden for allmenn motorisert ferdsel
- Tiltak 58: Kanalisering av ferdsel på ski bort frå villreinen sitt trekkområde i Flatstøldalen
- Tiltak 59: Vurdere å utsetje maskinpreparering av skiløyper i Jogledalen og Hønedalen
- Tiltak 60: Halde anleggsvegen ved Hønetjødn stengt for allmenn motorferdsel
- Tiltak 61: Vurdere å regulere motorferdsel på innsjøar over 2 km2 i område som er viktige for villreinen
- Tiltak 62: Vurdere endringar i forvaltninga av Njardarheim for betre å ta vare på villreinen
Figur 3.3 Oversiktskart over tiltakspakke 7
3.2.2 Nærare om tiltaka
Tiltak 53:
Vurdere tiltak for å redusere barriereeffekten av Brokke-Suleskardvegen
Hovudansvar: Agder fylkeskommune, Sirdal kommune, Valle kommune og grunneigarar
Delansvar: Klima- og miljødepartementet
Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 80 og kap. 1420, post 60
Brokke-Suleskardvegen er ein 42 km lang vinterstengt fylkesveg (fv. 450) som går frå Brokke i Valle kommune gjennom Setesdal Ryfylke til Suleskard i Sirdal kommune. Vegen er normalt open frå omlag 20. mai til 1. november. Områda ved og sør for Brokke-Suleskardvegen har tradisjonelt sett vore det sentrale vinterbeiteområde for villreinstamma. Dei siste 30 åra har villreinen sine vinterbeite vore konsentrert i områda på begge sider av vegen, medan områda lenger sør i liten grad har vore brukt. Dyra kjem no ned til vegen i oktober. GPS-data viser derimot tydeleg at svært få dyr kryssar vegen før han stengjer 1. november. Tidspunktet dyra kjem til områda rundt vegen varierer noko frå år til år, men normalt kan det reknast med at villreintrekket over vegen blir 2-4 veker forseinka. Forseinkinga medfører truleg at villreinen trekkjer sørover i mindre omfang enn han normalt ville gjort.
For å redusere barriereeffekten av Brokke-Skuleskardvegen på kort sikt, blir Agder fylkeskommune og Valle og Sirdal kommunar, i samråd med råka grunneigarar, bedne om å vurdere å gjennomføre følgjande tiltak:
- Fjerning av vegfendrar langs vegen og stadvis utjamning av terreng/vegskulder
- Stenging av parkeringsplassar langs vegen
- Innføring av campingforbod langs vegen
- Reduksjon av parkeringsmogelegheiter på strekninga Kvislevasskaret-Rosskreppfjorden ved å grave grøft på begge sider av vegen
- Sikre at eksisterande parkeringsplassar langs vegen blir låst med bom
Sjølv om vandringshinder som bratte vegskjeringar, vegfendrar og tekniske installasjonar er medverkande årsaker, er biltrafikken på vegen antatt å vere hovudårsaka til at villreinen ikkje kryssar vegen. Villreinen sin manglande utnytting av vinterbeiteområda i sør, er ein medverkande årsak til at villreinområdet vart klassifisert til dårleg kvalitet for delnorm 3 «Leveområde og menneskeleg påverknad» i klassifiseringa etter kvalitetsnorma. Fylkeskommunen og kommunane blir derfor oppfordra til å vurdere og setje i verk tiltak knytt til opningstida for vegen som reduserer barriereeffekten for villreinen. Fylkeskommunen og kommunane står sjølve fritt til å vurdere både ei flytting av opningstida og ein reduksjon i opningstida.
Tidlegare stenging av vegen kan vere eit svært viktig tiltak for å få villreinen til å trekkje lenger sør i Setesdal Ryfylke villreinområde. Å stengje vegen til dømes to veker tidlegare enn i dag, vil samstundes ha negative konsekvensar for brukarar av vegen, og reiselivsnæring og annan næring aust og vest for fjellområdet. Tidspunkt for stengt veg innanfor vernegrensa er i tillegg regulert i verneforskrifta (f.o.m. 1. november t.o.m. 20. mai). Eventuelle endringar føreset ordinær handsaming etter reglane for endring av verneforskrifta.
Tiltak knytt til å fjerne ferdselshinder og parkeringsmogelegheiter langs vegen vil bidra til å lette trekk og redusere forstyrringar i området i barmarksperioden. Tilsvarande gjeld innføring av campingforbod. Valle og Sirdal kommunar er eventuelt ansvarlege for å innføre tiltaket om campingforbod gjennom lokal forskrift etter friluftslova § 15, som òg krev samtykke av grunneigar. Tiltaket vil medføre kostnadar til informasjon, skilting og nødvendige fysiske tiltak, mellom anna sanering eller avstenging av avkøyringsmogelegheiter og parkeringslommer langs vegen. Tiltaket er forventa å ha rask effekt ved å bidra til å minske totaltrykket av ferdsel og aktivitet langs vegen i ei viktig periode for villreinen. Tiltaket vil råke tilreisande og lokale som nyttar området til camping, men det finns alternative campingplassar og overnattingsstader som kan nyttast.
Agder fylkeskommune har gjennomført ei forenkla utgreiing av potensielle tunnel-løysingar på Brokke-Suleskardvegen. Konklusjonen er at eit slikt tiltak vil ha god effekt, men fyrst og fremst dersom det samstundes og blir gjennomført andre tiltak. Vidare utgreiingar er nødvendige før ei eventuell tunnel-løysning kan bli vedtatt og eventuelt realisert.
Tiltak 54:
Omlegging av hytte- og løypenett ved Rosskreppfjorden
Hovudansvar : Den Norske Turistforening (DNT Sør, DNT Stavanger og omegn)
Delansvar: Klima- og miljødepartementet, Statsforvaltaren i Agder, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR)
Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 31, kap. 1420, post 80 og kap. 1420, post 81
Hytte- og løypenettet i området ved Rosskreppfjorden bidreg til forstyrringar for villreinen i området, særleg i sumar- og haustperioden. Mykje av ferdselen i sørområdet i Setesdal Ryfylke skjer i tilknyting til DNT sitt hytte- og løypenett på rutene Evardalen/Øyuvsbu-Svartenut-Bossbu. Turisthyttene Øyuvsbu og Bossbu har ein relativt omfattande bruk med 1 000-1 100 overnattingar i året, inkludert om lag 200 vinterstid. Turisthytta Svartenut har 500 overnattingar i året, inkludert omtrent 70 vinterstid. Turisthyttene Stavskar og Håheller er mindre hytter med mindre bruk (200–250 overnattingar i året og 20–30 om vinteren). Øyuvsbu, Bossbu og Svartenut er sjølvbetjente hytter, medan Stavskar og Håheller er ubetjent. Det har vore utført ferdselsregistreringa på fleire turstigar i området. Ferdselen på stigstrekningane mellom hyttene varierer mykje og det er vanskeleg å skilje turistferdsel frå annan ferdsel. Høgste registrerte bruk har stigen frå parkeringsplassen til Øyuvsbu. Her vart det målt i snitt om lag 60 passeringar om dagen i høgsesongen (juni-oktober) i 2016. Stigstrekningane nordover frå Brokke-Suleskardvegen mot Svartenut og Bossbu turisthytter, og vidare mot Stavskar turisthytte, har relativt høg bruk med mellom 15 og 20 passeringar i snitt per dag i same periode. Det er mindre ferdsel inn Ramsdalen på vestsida av Roskreppfjorden, med i snitt 5-10 daglege passeringar. Maksimalt tal på passeringar registrert per dag varierer mellom 195 (parkeringsplass–Øyuvsbu) og 52 (Stavskar–Bossbu).
Tiltaket inneber ei omlegging av hytte- og stig/løypenettet ved Rosskreppfjorden, med eventuell flytting av Øyuvsbu og flytting/nedlegging av andre turisthytter i området. For å vareta både omsynet til villreinen og friluftsinteressene er det eit mål å finne heilskaplege løysningar for omlegginga av hytte- og stig/løypenettet som frigjer areal for villreinen, men samstundes opprettheld eit samanhengande rutenett i område der villreinen er mindre sårbar.
Nedlegging av ein stig inneber fjerning av merking og vardar, fjerne stigen frå Ut.no og andre marknadsføringskanalar, samt skilt i kvar ende av stigsegmentet som forklarer kvifor stien er nedlagt.
Omlegginga av hytte- og stig/løypenettet kan gjerast på ulike måtar. Prosjektgruppa si foreløpige anbefaling var bygd på scenarioanalysene gjennomført av NINA (Panzacchi m.fl. 2022)7. Av dei 37 scenarioa som vart analysert, gav plassering av «nye» Øyuvsbu ved Indre Flogvatn, flytting av løypenettet til vestsida av Rosskreppfjorden og nedlegging av turisthyttene Svartenut og Håheller, det beste resultatet. Samstundes står det att å vurdere NINA sine analyser opp mot mogelege behov for sikringshytte langs ein eventuell ny stig mellom Taumevatn og Bossbu turisthytter. Alle alternativ må òg vurderast opp mot andre sårbare artar.
Diskusjonen om å flytte Øyuvsbu turisthytte med tilhøyrande parkering og stig/løypenett har gått føre seg i nærare 20 år, og det står framleis att mange uavklara spørsmål og ueinigheiter knytt til alternative løysningar. Det er derfor behov for å jobbe vidare med ulike alternativ. Å behalde dagens plassering av Øyuvsbu er òg eit alternativ det kan jobbast vidare med.
Omlegging av hytte- og stig/løypenettet ved Rosskreppfjorden er omfattande tiltak, med høge kostnadar, og store konsekvensar for DNT og brukarane av området. Samstundes er dette eit tiltak som er forventa å ha svært høg effekt på bruk av viktige trekk- og beiteområde, spesielt i sumar- og haustperioden. Effekten av tiltaket må sjåast i samanheng med andre tiltak i området, særleg tiltaket for å redusere barriereeffekten av Brokke-Suleskardvegen (tiltak 53) og tiltaket om redusert opningstid for Urdalsbu (tiltak 55).
Tiltak 55:
Redusert opningstid på Urdalsbu
Hovudansvar: Statskog SF
Statskog si hytte Urdalsbu ligg i nordenden av Rosskreppmagasinet, sentralt i trekkområdet for villreinen. Urdalsbu ligg som eit forstyrrande element midt i trekkruta over Gjuvassåna og ut mot austsida av fjorden, og redusert menneskeleg ferdsel vil kunne ha ein positiv effekt for villreinen i dette området. Urdalsbu har ein del bruk både om sumaren og i jaktsesongen. Totalt hadde hytta 91 overnattingar i 2022. Tiltaket vil bidra til å redusere forstyrringar i sumarbeiteområde rundt Urdalsknuten og nordre del av Rosskreppfjorden, og redusere forstyrringar i trekkpassasjen over Gjuvassåna. Tiltaket er innført frå hausten 2023, med stenging fram til 19. august.
Effekten av tiltaket må sjåast i samanheng med andre tiltak i området, som tiltak om omlegging av hytte- og løypenett ved Rosskreppfjorden (tiltak 54).
Tiltak 56:
Vurdere oppgradert bomløysing ved båtrampe på Rosskreppdammen
Hovudansvar: Energidepartementet, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og regulant/konsesjonær (Sira-Kvina kraftselskap)
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1424, post 70
Ved Rosskreppdammen er det ei båtrampe. Ho er avstengt med fysisk bom der ein treng nøkkel, men terrenget er forma slik at ein forhaldsvis enkelt kan bere små båtar rundt bommen. Båttrafikk på Rosskreppfjorden skapar mykje ferdsel inn i sentrale delar av villreinområdet og ferdsel på fjorden og i områda rundt gjev villreinen redusert tilgang på areala nord og aust for Rosskreppfjorden. Sira-Kvina kraftselskap eig grunnen på bom og båtrampe.
Tiltaket inneber at allmenta sin tilgang til båtrampa blir nærare regulert. Som aktuelt tiltak vart det i faggrunnlaget foreslått å setje opp ei oppgradert teknisk bomløysning ved dagens bom på båtrampa, større fysiske stengsler ved bommen for betre å hindre tilgang forbi han, samt formalisering av tilgangen til bomløysninga. Det blir lagt til grunn at anlegget er omfatta av konsesjonsvilkår for Sira-Kvina kraftverk, som fastset at kaier skal kunne nyttast av allmenta, med mindre NVE vedtek noko anna. Gjennomføring av tiltaket føreset derfor at NVE eventuelt treff vedtak om restriksjonar for allmenta sin motoriserte ferdsel med heimel i vassdragslovgjevinga etter ein ordinær prosess, med mellom anna eigen høyring.
Tiltak 57:
Vurdere å stengje veg til sekundærdam Rosskreppfjorden for allmenn motorisert ferdsel
Hovudansvar: Energidepartementet, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og regulant/konsesjonær (Sira-Kvina kraftselskap)
Bilvegen opp til sekundærdammen ved Rosskreppfjorden er i dag normalt køyrbar mellom 20. mai og 1. november, og leier til eit populært utkikkspunkt som òg blir nytta til bubil-camping. Det er ein bom på denne vegen, men han står som regel open. Tiltaket inneber at vegen blir stengt for allmenn motorisert ferdsel. Formålet med tiltaket er å redusere ferdsel både ved sekundærdam og i området vidare innover (dagsturar).
Vegen er omfatta av konsesjonsvilkår for Sira-Kvina kraftverk, som inneheld vilkår om at vegen skal kunne nyttast av allmenta med mindre NVE vedtek noko anna. Gjennomføring av tiltaket føreset derfor at NVE eventuelt treff vedtak om restriksjonar for motorisert ferdsel heimla i vassdragslovgjevinga. Dette vil i so fall skje etter ein alminneleg prosess med mellom anna eigen høyring.
Tiltak 58:
Kanalisering av ferdsel på ski bort frå villreinen sitt trekkområde i Flatstøldalen
Hovudansvar: Statsforvaltaren, Sirdal kommune, råka aktørar
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 80
I Flatstøldalen, vest for Rosskreppfjorden, er det behov for tiltak for å avgrense ferdsel på ski inn i trekkområdet til villreinen. Flatstøldalen vart i kunnskapsgrunnlaget for kvalitetsnorma klassifisert til over 90 % reduksjon i bruk av trekkpassasjar. Det er ei maskinpreparert løype på Dugevegen (rundløype). Det går eit skuterspor (kvista løype) vidare innover dalen frå der den preparerte skiløypa snur. Køyring vidare innover dette skutersporet frå den preparerte skiløypa skjer av regulant, DNT, fjellstyre og til private hytter. Ein del skiløparar følgjer òg skuterspor vidare innover dalen og inn i trekkområdet for villreinen. Det er ynskjeleg å avgrense ferdsel på ski frå løypa på Dugevegen og vidare inn i trekkområde i Flatstøldalen.
Tiltaket inneber at det gjennom dialog med råka partar (Sira-Kvina kraftverk, Øvst i Sirdal (ØIS – samarbeidsutval for hytteforeiningane i Ådneram, Suleskard og Grydalen), DNT Stavanger og omegn, idrettslag) blir innført tiltak for å kanalisere skiaktiviteten i området slik at barriereeffekten for villrein blir redusert. Dette kan til dømes vere enkle barrierar og informasjonsskilt der det oppfordrast om at ein av omsyn til villreinen ikkje nyttar skutersporet innover frå den maskinpreparete løypa som skiløype. Utsetting av preparering av løypa til påske kan vurderast etter at ei utprøving av andre tiltak for å redusere ferdsel innover i villreinen sitt trekkområde er utprøvd og evaluert. Tiltaket kan medføre eit dårlegare løypetilbod i området.
Tiltak 59:
Vurdere å utsetje maskinpreparering av skiløyper i Jogledalen og Hønedalen
Hovudansvar: Sirdalsløyper, Sirdal kommune
I Sirdal, i dalføra austover mot Kvinavassdraget, blir det preparert skiløyper. Dette fører til ferdsel og forstyrring i villreinen sine vinterbeite og mogelegheiter for trekk vidare sørover. Konsekvensane er at store vinterbeiteområde vest for Kvinavassdraget i liten grad blir brukt av villreinen. I den grad dei blir nytta, er det i all hovudsak av bukkar. Både Jogledalen, Hønedalen og Solheimsdalen vart klassifisert til over 90 % reduksjon i bruk av trekkpassasjar vinterstid i kunnskapsgrunnlaget for kvalitetsnorma.
Det er i dag restriksjonar på preparering av løypene, slik at dei berre blir preparert i helger og feriar etter 1. februar.
For at villreinen skal auke bruken av områda vest for Kvinavassdraget, bør preparering av skiløypene i Jogledalen og Jogledalen-Hønedalen utsetjast til påske. I kart over skiløyper i Sirdal vil dette gjelde løype Jogledalen frå siste hyttefelt og austover til Steinbu, og Instestølløypa frå Hønetjødn og austover. Det blir føresett at Falkedalsløypa berre blir preparert til påske slik det har vore praktisert til no. Løypene kan køyrast i vinterferien for Rogaland, dersom oppdatert kunnskap tyder på at det ikkje er villrein i dei råka områda.
For skiløypa Donsen/Haugevatn-Kvinen blir det gjort nærare vurderingar i tilknytning til arbeidet med ny kommunedelplan.
Tiltaka vil gje reinen meir ro og auka bruk av vinterbeita på Hilleknuten, Bergehei, Grubbå og Store Kvihei sør til Solheimsdalen. Hovudsakeleg er det bukkar som vil nyte godt av tiltaket, men meir ro i området vil òg kunne auke simlene sin områdebruk. Til påske vil normalt dei fleste simlene ha trekt nord for vegen Brokke-Suleskard, men dette vil ikkje gjelde dei åra der påska er tidleg. Opning av skiløypene til påske vil framleis vere negativt for bukkane sjølv om desse tolererer noko meir forstyrring. Det bør gjerast forundersøkingar før løypene opnast. I år der påska kjem tidleg, skal det gjerast eigne vurderingar av situasjonen med tanke på villrein.
Vidare blir råka aktørar oppfordra til å starte arbeidet for å identifisere nye trasear utan eller med liten grad av konflikt opp mot omsyn til villreinen, som kan avlaste dei aktuelle løypene i perioden fram til påske.
Tiltak 60:
Halde anleggsvegen ved Hønetjødn stengt for allmenn motorferdsel
Hovudansvar: Regulant/konsesjonær (Sira-Kvina kraftselskap)
På anleggsvegen mellom Haugen og Kvinen kraftverk i Sirdal kommune (anleggsvegen til Hønetjødn) er tilgangen regulert med bom plassert ved Hønetjødn i samsvar med vedtak frå dåverande Olje- og energidepartement 26. oktober 2000. Vedtaket fastset at vegen er stengt for allmenn motorferdsel. Regulanten, rettshavarar langs vegen, kommunen og brukarar av enkelte fritidsbustader har tilgang til å nytte vegen. Konsesjonæren har sett opp bom som skal halde vegen stengt for uvedkomande, og som ikkje kan passerast ved omkøyring.
Tiltaket inneber at konsesjonæren sørgjer for at vedtaket om ferdselsregulering på anleggsvegen blir etterlevd, i tråd med ansvaret konsesjonæren har.
Tiltak 61:
Vurdere å regulere motorferdsel på innsjøar over 2 km2 i område som er viktige for villreinen
Hovudansvar: Bykle kommune,Sirdal kommune, Valle kommune
Motorferdsellova fastset som hovudregel at motorferdsel med motorfartøy ikkje er tillaten på innsjøar under 2 km2. Fleire vatn i dei to villreinområda er større enn 2 km2. Dette betyr at det etter motorferdsellova ikkje ligg føringar på bruk av motorbåt på desse vatna. Døme på slike vatn er Rosskreppfjorden, Blåsjø, Store Urevatn og ei rekkje andre. Bruk av motorbåt gjer det mogeleg å ta seg inn i sentrale delar av villreinområda som elles ville vore mindre tilgjengelege for mange brukargrupper. På mange av reguleringsmagasina er det òg tilrettelagt med båtramper. Nokre av desse er låst av med bom, men fleire stader er dei òg opne for allmenta. Båttrafikk kan i seg sjølv utgjere ei forstyrring for villreinen, men i hovudsak er utfordringa at trafikken genererer ferdsel vidare innover i sårbare villreinområde.
Tiltaket inneber at kommunane blir oppfordra til å vurdere eller utgreie regulering av motorferdsel på innsjøar over 2 km2 i område som er viktige for villreinen gjennom vedtak av forskrifter etter motorferdsellova for å avgrense motorbåttrafikken til nødvendig nyttetransport. Forskrift kan bli vedtatt enten av kommunen (motorferdsellova § 4) eller departement (motorferdsellova § 7). Prosessen for ei eventuell forskriftsutarbeiding vil følgje ordinære prosessar etter motorferdselregelverket og sikre brei medverknad frå alle råka interesser.
Ny motorferdsellov, vedtatt av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, vidarefører desse utgangspunkta med nokre endringar. Etter § 18 er motorferdsel tillaten på opne innsjøar over 2 km2. Det inneber at all bruk av motoriserte transport- og framkomstmiddel, inkludert start og landing med luftfartøy (til dømes sjøfly), i utgangspunktet er tillaten. Dersom kommunen ynskjer å avgrense motorferdsel på innsjøar, må kommunen difor vurdere å utforme avgrensingane teknologinøytralt, slik at dei gjeld motorisert ferdsel generelt (inkludert start og landing av luftfartøy), og ikkje berre bruk av motorbåtar. Kommunen kan etter § 18 andre ledd forby eller avgrense slik ferdsel gjennom forskrift eller i arealplan. Det er kommunen som i utgangspunktet bør vurdere avgrensingar. Departementet kan etter § 8 berre fastsetje forbod eller avgrensingar av motorferdsel dersom det «er strengt nødvendig for å ivareta reindrift, viltlevende arter, sårbar natur eller samisk og annen tradisjonell kulturutøvelse». Slike forskrifter kan berre gjelde midlertidig.
Tiltak 62:
Vurdere forvaltninga av Njardarheim for betre å ta vare på villreinen
Hovudansvar: Statskog og dei aktuelle kommunane
Njardarheim er eit om lag 800 km2 stort fjellområde i Bykle, Sirdal og Valle kommunar i Setesdal Ryfylke. Njardarheim er eigd av Statskog. Njardarheim inngår i Setesdal Vesthei, Ryfylke og Frafjordheiane landskapsvernområde (SVR), der formålet med vernet er todelt og mellom anna skal vere «å ta vare på eit samanhengande fjellområde som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa».
Statskog tek initiativ til ein prosess med kommunane Bykle, Hjelmeland, Sandnes, Sirdal, Suldal og Valle saman med aktuelle statsforvaltarar og eventuelle andre relevante aktørar for innspel til tiltak på statsgrunn som kan betre forhalda for villreinen i Setesdal Ryfylke villreinområde. Det kan også vurderast tiltak som gjer at allmenta sine interesser og lokale interesser bidreg til ei betre forvaltning av villrein.
3.2.3 Forventa effekt og konsekvensar
Klima- og miljødepartementet har, basert på innspel frå Miljødirektoratet, vurdert kva for forventa effektar tiltakspakka har for villrein. Tiltakspakka blir samla sett vurdert å ha stor effekt på eksisterande tilstandsutfordringar.
Vegstrekningen Brokke-Suleskard og trafikken på denne, er eit vesentleg hinder for utvekslinga av villrein mellom områda sør og nord for vegen. Mindre forstyrringar i den viktigaste trekkperioden mellom årstidsbeitene vil med stort sannsyn kunne gje auka utnytting av det sørlege området. Ei omlegging av turisttrafikken, ved flytting av hytter og endring av trasear, er òg viktig for å styre trafikken slik at nøkkelpassasjar blir opna og større areal blir gjort tilgjengelege for villreinen. Alle tiltak som bidreg til å rette opp att desse funksjonelle trekkpassasjane vil vere av betydning for framtidig overleving av bestanden i området, og det er tiltaka samla sett som vil gje den største effekten.
Tiltakspakka inneheld ferdselsregulerande tiltak som potensielt kan ha stor betydning for villreinen, samt vere eit bidrag som kan gje stort sannsyn for å nå 2050-målet. Det er samstundes knytt usikkerheit til den forventa effekten fordi fleire av tiltaka er avhengige av frivillig tilslutning frå råka aktørar.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av prosessen med tiltaksplanen.
Tiltaka som er foreslåtte knytt til Brokke-Suleskardvegen vil kunne få konsekvensar for brukarar av vegen, reiselivsnæringa og annan næringsverksemd aust og vest for fjellområdet. Ei eventuell tidlegare stenging vil ikkje ha vesentlege konsekvensar for fylkeskommunen som vegeigar, men vil ha konsekvensar for brukarar av vegen, deriblant friluftslivet, og biltrafikk som kan ha konsekvensar for næringsliv i området i den perioden vegen er stengt. Konsekvensane for brukarar av vegen og næringslivet er vurdert som mindre negative om opningstidene blir forskuvd, men dette kan krevje tidlegare brøytestart, og kunne gje auka kostnadar knytt til brøyting for vegeigar. Ei eventuell endring i tidspunkt for stenging av vegen innanfor vernegrensa krev eventuelt òg ein alminneleg prosess for endringar i verneforskrifta, og dermed administrative konsekvensar for forvaltninga, som vil dekkast innanfor gjeldande rammer. Dei andre tiltaka knytt til vegen, vil krevje middel dersom dei blir gjennomført, men omfanget må klargjerast gjennom vidare prosessar. Påreknelege kostnadar er særleg knytt til informasjon og skilting, og til sanering/avstenging av avkøyringsmogelegheiter og lommer langs vegen. Tiltaka vil råke tilreisande og lokale som nyttar området til camping, og potensielt føre til færre parkeringsmogelegheiter langs vegen. Som eit avbøtande tiltak kan det vurderast å etablere nye parkeringsmogelegheiter i område langt frå villreintrekk.
Tiltak knytt til DNT sitt hytte-, stig- og løypenett ved Øyuvsbu vil innebere betydelege kostnadar. Det konkrete omfanget av økonomiske konsekvensar vil avklarast i den vidare dialogen med DNT. Dei vesentlegaste kostnadane er knytt til riving av eksisterande hytte og ei etablering av ei ny erstatningshytte for denne. Det er vidare kostnadar knytt til marknadsføring av nye turiststigar (kanalisering), omlegging av stigar og etablering av nye stigar. Tiltaka vil ha negative konsekvensar for tilbodet til DNT Sør, som vil miste delar av løypenettet og få praktiske ulemper i omleggingsperioden, samt negative konsekvensar for friluftslivet i form av redusert tilbod. For å vareta både omsynet til villreinen og til friluftsinteressene, er det eit mål å finne heilskaplege løysningar for omlegginga av hytte-, stig- og løypenettet som frigjer areal for villreinen, men som samstundes opprettheld eit samanhengande rutenett i område som er mindre sårbare for villreinen.
Vidareføring av tiltaket knytt til opningstider for Urdalsbu vil kunne få nokre negative konsekvensar for Statskog og friluftslivet i området, og medfører noko inntektstap for Statskog SF.
Tiltaket knytt til oppgradert bomløysning ved Rosskrepp vil krevje administrative ressursar for vassdragsmyndigheitene, samt kostnadar for gjennomføring frå kraftselskapet. Tiltaket vil medføre redusert tilgang for allmenta til båtbruk på Rosskreppfjorden.
Stenging av veg til sekundærdam Rosskreppfjorden for allmenn motorferdsel, vil krevje administrative ressursar for vassdragsmyndigheitene, samt ha kostnadar til innkjøp og oppsetting av bomløysning. Tiltaket vil redusere allmenta sin tilgang til eit populært utkikkspunkt, men samla sett er det vurdert å ha avgrensa negative konsekvensar.
Kanalisering av ferdsel på ski bort frå villreinen sine trekkområde i Flatstøldalen råkar skiløparar som har nytta skuterløypa. Tilsvarande vil eventuell utsetjing av preparering av skiløyper i Jogledalen og Hønedalen ha negative konsekvensar for hytteeigarar og andre brukarar av skiløypa, og kan i tillegg ha negative konsekvensar for næringslivet i Sirdal.
Å halde anleggsvegen ved Hønetjødn stengt for allmenn motorisert ferdsel vil ikkje innebere nye konsekvensar utover det som følgjer av vedtaket frå energimyndigheitene.
Regulering av motorferdsel på innsjøar vil vidare kunne krevje enkelte administrative ressursar i kommunane. Ei vurdering av endringar i forvaltninga av Njardarheim for betre å ta vare på villreinen, vil kunne krevje enkelte administrative utgifter.
For enkelte tiltak i tiltakspakka der aktørar oppfordrast til frivillig å vere ansvarleg for å gjennomføre tiltak, kan tiltaket ha økonomiske konsekvensar for staten til dømes i form av støtte til gjennomføring gjennom tilskotsordningar på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett. Eventuelle kostnadar for gjennomføring av slike tiltak blir dekka innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammer.
3.3 Hovden
3.3.1 Innleiing
Områda rundt Hovden er viktige funksjonsområde for villreinen i Setesdal Ryfylke gjennom store delar av året. Nord for Hovden, og særleg aust for rv. 9 (Setesdal Austhei) er eit av dei få attverande områda med viddepreg med større samanhengande lavmatter. Spesielt for austheia er at simlene tidleg om våren trekkjer sørover mot kalvingsområde i Valle. På vestheia (Setesdal Ryfylke) er området Vatnedalen det viktigaste kalvingsområdet i nordområdet i Setesdal Ryfylke. Det er relativt lang historie med tamreindrift på Hovden. På austheia var det tamreindrift heilt fram til 1979.
Tidlegare var det mykje utveksling av villrein nord for Hovden mellom Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde. Som følgje av biltrafikken på rv. 9, hytteutbygging og auka ferdsel i nærområdet til vegen, skjer dette no berre heilt unntaksvis.
For områda lenger nord mot Suldal og Haukelifjell er det i hovudsak bukk som brukar områda i barmarksperioden, i nokon grad òg simler og kalv (fostringsflokkar). I vinterhalvåret blir områda brukt av både bukkar og simler. På vårparten trekkjer gjerne simlene mot kalvingsområdet i Vatnedalen.
Områda rundt Hovden er i stor grad prega av omfattande hytteutbygging med tilhøyrande ferdsel og infrastruktur. Rv. 9 skjær gjennom området og utgjer i praksis grensa mellom Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde. På austheia sør for Hovden er det vidare øvingsaktivitet gjennom vinteren både av forsvaret og frivillige organisasjonar.
Nærare Haukelifjell er det særleg påverknad frå E134 og fleire store kraftmagasin der anleggsvegane gjev enkel tilkomst langt inn i heia. Her ligg òg fleire store turisthytter med tilhøyrande løypenett.
Tiltakspakka omfattar ulike tiltak for å avgrense aktivitet og ferdsel inn i villreinområdet, med vekt på vinterperioden då konflikten er størst. Det skal takast omsyn til landbruksnæringa.
Tiltakspakke 8: Hovden
- Tiltak 63: Vurdere å utsetje maskinpreparering av løyper i Hovdenområdet
- Tiltak 64: Utsetje kvisting frå Hovden og Berdalsbu til Tjørnbråtbu turisthytte til påske
- Tiltak 65: Vurdere strengare regulering av ferdselen på anleggsvegen frå Bleskestad til Holmavatnet
- Tiltak 66: Vurdere oppgradering av eksisterande portar i tunnelen på Vatnedalsvegen
- Tiltak 67: Ferdselsregistrering på anleggsvegen i Breive og inn i Veringsdalen
- Tiltak 68: Tilpassing under øvingsaktivitetar i området Geiskeli-Berdalsbu
Figur 3.4 Oversiktskart over tiltakspakke 8
3.3.2 Nærare om tiltaka
Tiltak 63:
Vurdere å utsetje maskinpreparering av løyper i Hovdenområdet
Hovudansvar: Bykle kommune, Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) og Statsforvaltaren i Agder
Del a: Løypa mellom Krossloskardet og Sloaros
Løypa mellom Krossloskardet og Sloaros ligg svært sentralt i villreinområdet. GPS-data tyder på at løypa frå Krossloskardet til turisthytta Sloaros gjev ein barriereeffekt i landskapet som er vurdert til ein reduksjon i trekkfunksjonalitet på 50–90 % over denne løypa vinterstid. Det er vidare mogeleg at løypa òg medfører arealunnviking utover i landskapet frå løypetraseen som følgje av høgt aktivitetsnivå. Verneområdestyret i SVR har i vedtak 3. september 2024 avgrensa prepareringa av løypa Krossloskardet-Sloaros til vinterferien og påske, som inneber at det ikkje blir preparert i helgene mellom feriane slik det var tidlegare. Tiltaket inneber at verneområdestyret blir oppfordra til å treffe vedtak i tråd med dette òg i seinare vedtak. Verneområdestyret bør vurdere ytterlegare begrensing for tidspunkt for maskinpreparering ved fornying av løyvet.
Del b: Løypa inn mot Auversvatn rundt Nordre Auversvasseggi
Tiltaket inneber òg at det blir arbeidd med å finne eit attraktivt alternativ til rundløypa inn mot Auversvatn rundt Nordre Auversvasseggi i Hovdenområdet. Fram til ei alternativ løype ligg føre, inneber tiltaket at rundløypa blir preparert frå fredag før veke 7 og resten av sesongen. Før løypene blir preparerte, skal det gjerast ei vurdering av om dette vil forstyrre villrein i området. Kommunen skal vurdere effekten av tiltaket.
Løypa rundt Nordre Auversvasseggi er ei 5 km lang maskinpreparert rundløype inn mot Auversvatn på Setesdal Austhei. Løypa er ein del av Bykle kommune sin stig- og løypeplan som har vorte maskinpreparert i mange år. Løypa blir i dag preparert gjennom heile sesongen.
Tiltaket kan redusere tilbodet av høgfjellsløyper og påverke brukarar av løypa og reiselivsnæringa på Hovden. Tiltaket er forventa å redusere ferdsel i viktige vinterbeiteområde på Setesdal Austhei, og gje mindre forstyrringar for villreinen i eit viktig vinterbeiteområde. Utsetting av preparering rundt Nordre Auversvasseggi vil saman med Sloaros-løypa, redusere løypetilbodet frå 170 km til 155 km. Sjølv om tiltaket vil føre til reduksjon i talet på løyper vil det framleis vere eit godt løypetilbod på Hovden.
Tiltak 64:
Utsetje kvisting frå Hovden og Berdalsbu til Tjørnbråtbu turisthytte til påske
Hovudansvar: Aust-Agder turistforeining
Delansvar: Bykle kommune, Hovden løypekøyring
Tjørnbrotbu turisthytte blir eigd av Aust-Agder turistforening, og er sjølvbetjent med 18 sengeplassar. Vinterstid har hytta tilkomst frå kvista løype frå Berdalsbu i sør (12 km) og til maskinpreparert skiløype rundt Nordre Auversvasseggi (2 km). Herifrå er det 8 km til Hovden, som generer ein del trafikk. Begge løypene er normalt kvista frå vinterferien til over påske. Ferdselen frå løypenettet tilknytt Tjørnbråten turisthytte bidreg til forstyrringar i viktige vinterbeiteområde for villrein, og gjev risiko for forseinking av simlene sitt trekk sørover mot Bjørnevatn. Tiltaket inneber å utsetje kvisting av løypene til påske. Tiltaket kan medføre at Tjørnbrotbu og Berdalsbu turisthytter blir mindre attraktiv som turmål, og eventuelt noko redusert sikkerheit for dei som vel å gå utanfor kvista løype.
Tiltak 65:
Vurdere strengare regulering av ferdselen på anleggsvegen frå Bleskestad til Holmavatnet
Hovudansvar : Energidepartementet, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Suldal kommune
Delansvar: Regulant/konsesjonær (Lyse Kraft)
Anleggsvegen går 16 km opp til Holmavatn fra Bleskestad i Suldal, og går inn i ein sentral del av villreinområdet. Det er sett opp bom på vegen i vika sør i Sandvatn, og innanfor bommen er det størst omfang av ferdsel på vegen frå midten av august og ut september, men òg ei kort periode i slutten av juni. Ut frå dagens ferdselsnivå på vegen, blir det vurdert at det viktigaste tiltaket er å unngå aktivitet på vegen i slutten av juni, for å skjerme fostringsflokken sin bruk av område ved Sandvassbrekka og ned mot vegen. Ferdselen på vegen utgjer eit hinder for villreintrekk mellom Dyrahei landskapsvernområde og Kvanndalen landskapsvernområde, og utgjer eit hinder for bruk av beita nær vegen. Fostringsflokkar beiter nær vegen mot slutten av juni, men trekkjer fort opp att i området Sandvassbrekka, som kan ha samanheng med saueslepp på same tid. Redusert ferdsel på anleggsvegen opp til Sandvatnet vil òg vere positivt for bukketrekk frå Hongsnuten.
Det kan vere nødvendig å:
- Innføre strengare nøkkelregime på dagens bom ved Sandvatn
- Fysisk stengje vegen for allmenn motorisert ferdsel ved å flytte bommen lengre ut til avkøyring til Hydrohytta eller heilt vest til Kvanndalskrysset
- Regulere tilkomst på vegen med sykkel
Det går føre seg vilkårsrevisjon av Røldal-Suldal konsesjonen. Dersom vilkårsrevisjonen resulterer i tiltak knytt til vegen vil regulanten/konsesjonæren vere ansvarleg for å gjennomføre dette. Gjennomføring av tiltaket føreset derfor at NVE eventuelt treff vedtak om regulering av ferdsel heimla i vassdragslovgjevinga. Dette vil i so fall skje etter ein alminneleg prosess med mellom anna eigen høyring. NVE har ikkje høve til å vedta sykkelforbod på vegen. Tiltaket inneber at Suldal kommune blir oppfordra til, med heimel i friluftslova og etter samtykke frå grunneigar, å treffe vedtak om eit sykkelforbod på vegen.
Tiltak 66:
Vurdere oppgradering av eksisterande portar i tunnelen på Vatnedalsvegen
Hovudansvar: Energidepartementet, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og regulant/konsesjonær (Otteraaens Brugseierforening)
Inn mot Vatnedalsvatnet går det ein anleggsveg (Vatnedalsvegen). Vegen er omfatta av konsesjonsvilkår for Store Urevatn kraftverk, som inneheld vilkår om at vegen skal kunne vere open for allmenta, med mindre departementet bestemmer noko anna. I etterkant av konsesjonsvedtaket vart det gjennomført eit rettsleg skjønn der motorisert ferdsel på Vatnedalsvegen vart øyremerkt rettshavarane inkludert regulant. Som følgje av dette er vegen stengt med bom ved Vatnedalsdammen, samt med portar i tunnel vest for Troddedalstjønnane.
Tiltaket inneber å bytte ut eksisterande portar i tunnelen på Vatnedalsvegen med låsbare portar for enklare å kunne regulere ferdsel. Dette vil medføre at områda vest for tunnelen blir mindre tilgjengelege for gåande og syklistar. Tiltaket er gjennomført.
Tiltak 67:
Ferdelsregistrering på anleggsvegen i Breive og inn i Veringsdalen
Hovudansvar: Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR)
Det er i dag ein del ferdsel på heilårsopen anleggsveg inn til Breive pumpe ved Breivevatn (Hartevatn), men grusvegen vidare er stengt med bom. Grusvegen vart i 2022 vidareført eit stykkje opp Veringsdalen i samband med Veringsåe kraftverk. Ferdsel på bru over kanal i Hartevatn gjev enkel tilgang til områda på sørsida av Hartevatn. Anleggsvegen inn langs Breivevatn, bru over kanalen og etablert løypenett omkring Nos, gjev enkel tilkomst vidare inn i Veringsdalen, rundt Veringsnuten og Storenut sør for Breivevatn. Lokalt blir det hevda at ferdselen har redusert trekkaktiviteten forbi Veringsnuten og bruk av beiteområde på Storenut og i Vesterdalen. Mykje tydar på at ferdselen er aukande, men ein manglar konkrete tal på dette. Kritisk periode for villrein er både sumar, haust og vinter. Tiltaket inneber at det skal gjerast ferdselsregistreringar i området sumar og vinter.
Tiltak 68:
Tilpassing under øvingsaktivitetar i området Geiskeli – Berdalsbu
Hovudansvar: Statsforvaltaren, Bykle kommune, Forsvaret ved Heimevernet
Delansvar: Politiet
Spesielt i vinterperioden gjennomfører ulike aktørar øvingsaktivitet i villreinområda. Eit døme på eit slikt område er Geiskeli–Berdalsbu i Setesdal Austhei, der mellom anna Forsvaret har hatt øvingar om vinteren. Forsvaret har eit stort behov for å få trene jamleg i høgfjellet for å oppretthalde nasjonal vernebuing, trygge sivilbefolkninga, og forsvare kritisk infrastruktur i krise og krig. Årleg trening sikrar at soldatane meistrar våpen, kan samarbeide, og er førebudd på å løyse oppdrag. Lokalt nærvær og lokalkunnskap er viktig i dette. All ferdsel og bruk av motorferdsel i villreinområdet kan samstundes medføre belastning for villreinen og at dei nyttar areala i mindre grad. Formålet med tiltaket er å avgrense dei negative konsekvensane for villreinen knytt til øvingsaktivitet, og lette tilgjengelegheita til dette området for villreinen.
Aktørane blir oppfordra til å tilpasse aktivitetar under øving i villreinområda for å unngå forstyrringar. Døme på tilpassingar kan vere å pause aktivitet eller endre kurs dersom ein observerer villrein. Det bør òg vurderast å bruke kjentmann i planlegginga og plassering av øvingane, sidan villrein går på vinden og brukar visse område på vinteren. Det går allereie føre seg dialogprosessar mellom aktuelle aktørar i dette området, mellom anna med Bykle kommune, Statsforvaltaren og Agder heimevernsdistrikt 07 (HV-07). Mellom anna ser ein på om det er tidspunkt på året der ein bør vere ekstra varsam og vurdere behovet for øvingar i dette området grunna omsyn til villreinen.
Som del av tiltaket kan kommunen vurdere om det bør takast initiativ til arbeid med ein reguleringsplan for området, for å sikre ei heilskapleg vurdering av ulike interesser og omsyn. Omsynet til nasjonale interesser som forsvarsformål skal vere særleg tungtvegande i ein eventuell slik prosess.
3.3.3 Forventa effekt og konsekvensar
Klima- og miljødepartementet har, basert på innspel frå Miljødirektoratet, vurdert kva for forventa effektar tiltakspakka har for villrein. Tiltakspakka blir vurdert å ha middels effekt på eksisterande tilstandsutfordringar.
Det er eit stort omfang av turisme i Hovdenområdet gjennom heile året, men særleg i vinterhalvåret, og Hovden er eit utgangspunkt for betydeleg ferdsel. Ei tilpassing av løypestikking og tilgang til vegstrekningar vil ha god effekt, fortrinnsvis gjennom samverknad av fleire tiltak. Gjennomføring av berre enkelttiltak kan føre til forskuving av ferdselen til andre delar av området slik at den samla verknaden ikkje blir betra sett opp mot dagens situasjon.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av prosessen med tiltaksplanen.
Tiltaka knytt til løyper i Hovdenområdet vil påverke allmenta sin tilgang til fjellområda, og påverkar òg løypeselskap og reiselivsnæringa på Hovden gjennom potensielt reduserte inntekter for løypeselskap og næringsliv i kommunen. Tiltaket om utsetting av maskinpreparering av løyper reduserer eit relativt godt brukt tilbod til høgfjellsløyper, men dei negative konsekvensane blir samla sett vurdert som avgrensa ettersom det framleis vil kunne oppretthaldast eit godt tilbod for aktivitetar i området. Det bør, som eit avbøtande tiltak, vurderast om det kan etablerast nye løyper andre stader i området der det ikkje kjem i konflikt med villreinen. Tiltaket om redusert kvisting på løyper inn til Tjørnbråtbu turisthytte vil saman med stans i kvisting mellom Berdalsbu og Bjørnevasshytta (tiltakspakke 9) gje ein betydeleg reduksjon i vintermerka løyper i Setesdal Austhei.
Tiltaket om å vurdere strengare regulering av ferdselen på anleggsvegen frå Bleskestad til Holmavatn, vil krevje enkelte administrative ressursar hjå energimyndigheitene, og avhengig av utfallet av vurderinga kan tiltaket krevje ressursar til dømes til flytting av bom eller strengare administrering av tilgang til vegen. Konsekvensar for brukarar av vegen vil inngå i vurderingane i den alminnelege prosessen etter vassdragslovgjevinga.
Tiltaket knytt til oppgradering av eksisterande portar i tunnelen på Vatnedalsvegen er gjennomført. Ferdselsregistering på anleggsvegen i Breive og inn i Veringsdalen vil krevje ressursar til gjennomføring.
For enkelte tiltak i tiltakspakka, der aktørar oppfordrast til frivillig å vere ansvarleg for å gjennomføre tiltak, kan tiltaket ha konsekvensar for Klima- og miljødepartementet, til dømes gjennom at det kan søkast om støtte til gjennomføring gjennom tilskotsordningar på departementet sitt budsjett. Eventuelle kostnadar for gjennomføring av slike tiltak må bli dekka innanfor dei til ei kvar tids gjeldande budsjettrammer.
3.4 Bjørnevatn
3.4.1 Innleiing
Området over fv. 450 er per i dag det viktigaste trekkområdet for villreinen i Setesdal Austhei, og blir brukt av store deler av fostringsdyra i bestanden, både vår og haust. Fokusområdet er knytt til forseinka krysning samt tydeleg auka hastigheit for krysning når kryssing først skjer, særleg når dyra trekkjer frå nord til sør, som er dokumentert gjennom GPS-data. Det kan òg virke som dyra stoppar opp ei periode imot vegen før dei trekkjer over i stor hastigheit. I tillegg til at fv. 450 fungerer som ei barriere, ligger det òg fleire hyttefelt i området, og dermed tilhøyrande ferdsel i både stig- og løypenett og elles. Kunnskap frå GPS-prosjekt viser at særleg korridorane mellom Store og Lisle Bjørnevatn og vest for Lisle Bjørnevatn vart brukt av reinen.
Tiltakspakke 9: Bjørnevatn
- Tiltak 69: Oppfordring til å ta ut planar om vidare utbygging av fritidsbustader i trekkområde for villrein rundt Bjørnevatn i Valle kommune
- Tiltak 70: Avslutte preparering av skiløypa nord-vestover frå Lisle Bjørnevatn innan 31. mars
- Tiltak 71: Avslutte kvisting av vinterløype mellom Berdalsbu og Bjørnvasshytta
Figur 3.5 Oversiktskart over tiltakspakke 9
3.4.2 Nærare om tiltaka
Tiltak 69:
Oppfordring til å ta ut planar om vidare utbygging av fritidsbustader i trekkområde for villrein rundt Bjørnevatn i Valle kommune
Hovudansvar: Valle kommune
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60
Som det følgjer av tiltak om planvask i tiltakspakke 1, blir kommunane i villreinområda oppfordra til å gjennomføre planvask slik at arealplanane i kommunane blir revidert og oppdatert på bakgrunn av ny kunnskap om konsekvensar for villrein. Mellom anna oppfordrast kommunane til å gjere ein kritisk gjennomgang av tomtereservar, med sikte på å ta ut tomtereservar som ikkje bør vidareførast sett opp mot ny kunnskap om villrein.
I Bjørnevatn-området ligg det fleire hyttefelt som beslaglegg areal og bidreg til ferdsel i tilhøyrande stig- og løypenett innanfor viktige trekk-korridorar for villreinen. Saman med barriereeffekten av fv. 450, utgjer dette vesentlege hinder for villreinen sitt sesongtrekk i området. I tillegg er det i gjeldande planar sett av ein del område til fritidsbusetnad som foreløpig ikkje er utbygd. Av omsyn til villreinen sine trekkmogelegheiter er det særleg tomtene som er sett av i følgjande område som er problematiske:
- hyttetomter mellom Store Bjørnevatn og Lisle Bjørnevatn
- hyttetomter ved Bakkebu
Tiltaket inneber at kommunen blir oppfordra til å ta ut desse utbyggingstiltaka frå gjeldande kommuneplan gjennom ein ordinær revisjon av planen.
Sikring av trekk-korridoren sør for Lisle Bjørnevatn ned mot Bakkebu, der det ikkje er tillate med byggjetiltak som kan stenge av eller forverre dagens situasjon for villreinen, må vidareførast. Dette er i stor grad ei vidareføring av innhaldet i eksisterande kommuneplan. Ved revisjon av kommuneplanens arealdel bør det vurderast om det er behov for justeringar eller presiseringar i føresegnene for at trekkkorridoren skal vere tilstrekkeleg sikra mot utbygging.
Store deler av villreinbestanden har sesongtrekk gjennom områda ved Bjørnevatn, sørover før kalving, og nordover att på seinsumar/haust, og ytterlegare hyttebygging i området vil kunne hindre desse viktige sesongtrekka. Å unngå vidare utbygging av hytter i dette området vil ha stor betydning for å ta vare på dei viktige resttrekka mellom Store Bjørnevatn og Lisle Bjørnevatn og vest for Bjørnevatn. Tiltaket vil hindre ei framtidig utbygging som vil vere veldig uheldig for villreinen og som vil gje ytterlegare press på areala til ein allereie pressa villreinbestand, men vil innebere reduserte mogelegheiter for utvikling i kommunen. Samstundes er den kommunale arealplanlegginga ei avgjerande brikke i bevaringa av villreinen og villreinen sine leveområde.
Tiltak 70:
Avslutte preparering av skiløypa nord-vestover frå Lisle Bjørnevatn innan 31. mars
Hovudansvar: Valle kommune
Delansvar: Løypekøyrer og velforeininga på Bjørnevatn
I trekk-korridoren over fv. 450 går det ei populær skiløype som i dag blir preparert gjennom heile sesongen. Tiltaket inneber at preparering av skiløypa blir avslutta seinast 31. mars, og at løypa blir fresa opp. Tiltaket vil lette trekket for villreinen sørover mot kalvingsområdet i trekk-korridoren vest for Lisle Bjørnevatn, men vil redusere skitilbodet til allmenta mot slutten av sesongen.
Tiltak 71:
Avslutte kvisting av vinterløype mellom Berdalsbu og Bjørnvasshytta
Hovudansvar: Aust-Agder Turistforening
Aust-Agder Turistforening har i ei årrekkje kvista vinterløype mellom sine hytter Bjørnevasshytta og Berdalsbu. Vinterløypa mellom desse hyttene ligg i området der villreinen kjem trekkande sørover når dei skal til kalvingsområda på sørsida av fv. 450. Tiltaket inneber i første omgang at kvisting blir avslutta i ti år for å få kunnskap om korleis dette påverkar villreintrekket, og at tiltaket blir evaluert før det eventuelt blir innført permanent.
Effekten for villreinen ved avslutting av denne vinterløypa er usikker ettersom bruken av vinterløypa ser ut til å vere liten i dag, men lokalt er det bekymring for at denne løypa kan vere problematisk for villreinen. Tiltaket medfører redusert løypetilbod for allmenta, i eit vêrhardt område, og kan derfor medføre eit sikkerheitsaspekt for dei som vel å gå traséen utan kvisting.
Tiltaket er innført frå vinteren 2024.
3.4.3 Forventa effekt og konsekvensar
Klima- og miljødepartementet har, basert på innspel frå Miljødirektoratet, vurdert kva for forventa effektar tiltakspakka har for villrein. Tiltakspakka blir vurdert å ha liten effekt på eksisterande tilstandsutfordringar, men kan ha stor betydning for å unngå vidare negativ utvikling. Effekten av tiltakspakka blir derfor samla sett vurdert å vere middels til stor.
Bjørnevatn-området er per i dag det viktigaste trekkområdet for villreinen i Setesdal Austhei (over fv. 450) og nyttast av store deler av fostringsdyra i bestanden, både vår og haust. Stans i vidare hyttebygging i dette område har over tid vorte påpeika som ein særdeles viktig faktor for villreinen i Setesdal Austhei.
Vinterløypa mellom Berdalsbu og Bjørnevasshytta er lang og krevjande og truleg ikkje mykje brukt, og effekten av å ikkje kviste denne blir derfor sett på som liten isolert sett.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av arbeidet med tiltaksplanen.
For Valle kommune og potensielle utbyggjarar, inneber tiltak om å ta ut planar om ubygde hytteområde av gjeldande planverk, dersom det blir vedtatt til dømes gjennom kommunen si oppfølging av tiltak om planvask, tap av ein potensiell framtidig utvikling av Bjørnevatn-området, og tiltaket kan potensielt få negative konsekvensar for lokal verdiskaping. Ettersom planane ikkje er realisert er det samstundes få som blir direkte råka av tiltaket.
Tiltaka knytt til løypenettet rundt Bjørnevatn vil påverke allmenta si tilgang til fjellområda, men dei negative konsekvensane blir samla sett vurdert som avgrensa ettersom det framleis vil kunne oppretthaldast eit godt tilbod for aktivitetar i området.
For enkelte tiltak i tiltakspakka der aktørar blir oppfordra til frivillig å vere ansvarleg for å gjennomføre tiltak, kan tiltaket ha konsekvensar for Klima- og miljødepartementet til dømes gjennom at det kan søkjast om støtte til gjennomføring gjennom tilskotsordningar på departementet sitt budsjett. Eventuelle kostnadar for gjennomføring av slike tiltak må dekkjast innanfor dei til ei kvar tids gjeldande budsjettrammer.
3.5 Forbetre funksjonelle trekk mellom villreinområde
3.5.1 Innleiing
Historisk har det vore utveksling av villrein både mellom Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde, og mellom desse villreinområda og Hardangervidda villreinområde. Utvekslinga med Hardangervidda sikra genetisk variasjon og vinterbeite for villreinen, særleg i Setesdal Ryfylke. Det går framleis føre seg utveksling mellom områda, men denne er avgrensa og sporadisk. Villreinen hadde tidlegare større arealbruk nord for E134, men vegen utgjer i dag ei tilnærma fullstendig barriere for villreinen sitt trekk. Sentrale årsaker til redusert utveksling er vegbanen og biltrafikken, samt annan infrastruktur og ferdsel. Menneskeleg ferdsel, saman med biltrafikken forårsakar arealunnviking og reduserte trekkmogelegheiter. Påvising av skrantesjuke på Hardangervidda medfører foreløpig avgrensingar for gjennomføring av tiltak for å forbetre trekkmogelegheiter for villrein mellom Hardangervidda og Setesdalsområda. Likevel er det viktig å leggje til rette for tiltak for å forbetre utvekslingsmogelegheiter ved ei eventuell framtidig friskmelding av villreinstamma på Hardangervidda.
Trafikk på rv. 9, ferdsel og annan infrastruktur har òg påverka gamle trekkpassasjer mellom Setesdal Austhei og Setesdal Ryfylke. Mange av villreinen sine gamle trekkpassasjar er i realiteten ute av bruk. Det er viktig å sikre at forstyrringane ikkje aukar ytterlegare i trekkområda mellom Setesdal Austhei og Setesdal Ryfylke framover. Utveksling på tvers av disse områda er viktig, og omsyn til villreinen må prioriterast ved vidare planlegging og utbygging i området.
Tiltakspakke 10: Forbetre funksjonelle trekk mellom villreinområde
- Tiltak 72: Vurdere tiltak for å oppretthalde framtidig trekk mellom Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei
- Tiltak 73: Vurdere tiltak for å redusere barriereeffekten av E134 når situasjonen med skrantesjuke mogeleggjer dette
3.5.2 Nærare om tiltaka
Tiltak 72:
Vurdere tiltak for å oppretthalde framtidig trekk mellom Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei
Hovudansvar: Staten, fylkeskommunane, Bykle kommune og Vinje kommune
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60
Det har historisk vore betydeleg utveksling mellom villreinområda Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei. Rv. 9 ligg i dag som ei barriere mellom områda, og biltrafikk, infrastruktur og ferdsel gjer mogelegheitene for utveksling svært utfordrande. Det er i kvalitetsnorma definert fem område der trekkmogelegheitene mellom villreinområda er forringa, og som er viktige for å oppretthalde framtidige mogelegheiter for utveksling. Tiltaket oppfordrar Bykle kommune og Vinje kommune til å ikkje tillate utviding av sandtak, bygging av hytter eller anna forstyrrande verksemd i fokusområda for villreintrekk som kryssar rv. 9 nord for Hovden (Lundane-Lisefjøddstøylen, Bruhaug og Vadmark). Samstundes bør dette synleggjerast gjennom revisjonsprosessen av regional plan (Heiplanen). Tiltaket vil kunne ha negative konsekvensar for planlagt verksemd, inkludert planlagt hyttebygging og utviding av eksisterande verksemd.
Tiltaket oppfordrar også Bykle kommune og Agder fylkeskommune til å sjå på forvaltninga av arealet innanfor fokusområda sør for Hovden (Bagstogdalen-Steinsland og Byklestøylan-Skardsmo) gjennom arbeidet med revidering av regional plan.
Tiltak 73:
Vurdere tiltak for å redusere barriereeffekten av E134 når situasjonen med skrantesjuke mogeleggjer dette
Hovudansvar: Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen
Europavegen E134 er i dag ei vesentleg barriere mellom villreinområda Setesdal Ryfylke og Hardangervidda. Fleire av dei tradisjonelle trekka er stengt og det meste av utveksling av dyr mellom villreinområda skjer på tunneltaka på vestsida av Haukelifjell. Strekninga har samstundes vesentleg betydning som heilårleg transportåre, som eit av hovudvegsambanda mellom aust- og vestlandet, med særleg mykje trafikk i sumarmånadene. Delen tunge køyretøy er betydeleg. I tillegg er det ein omfattande ferdsel ut frå vegen både mot nord og mot sør. Dette omfattar både dagsturar og lengre turar på snø og barmark. Trafikken på E134, samt ferdsel og forstyrringar ut frå vegen, hindrar villreintrekk og beiting på begge sider av vegen.
Som ledd i styrkinga av E134 skal Statens vegvesen byggje ny vegtrasé for E134 mellom Vågsli og Seljestad. I samsvar med reguleringsplanforslaget er det planlagt dobbelt tunnelløp frå Liamyrane i Røldal til Ulevåvatn, som vil kunne gje villreinen betre trekkmogelegheiter i vestlege delar av Haukelifjell.
For å støtte opp under den positive effekten av den framtidige tunnel-løysninga for villreinen, bør det samstundes innførast tiltak som støttar opp under og reduserer forstyrringar for villreintrekk over E134. Dette er særleg relevant for området ved Ulevå, som var den viktigaste trekkorridoren før E134 vart heilårsveg. Slike tiltak kan tidlegast innførast når den planlagde tunnel-løysinga er ferdigstilt og vil òg avhenge av situasjonen med skrantesjuke i Hardangervidda villreinområde. Følgjande tiltak bør vurderast for å redusere barriereeffekten av E134:
- Vurdere forlenging av tunnelportalar ved bruk av overliggande overskotsmassar
- Vinterstenging av gamal vegtrasé vestover på E134 frå Haukeliseter (dersom planlagt tunnel frå Haukeliseter til Ulevå blir bygd)
- Reduksjon av parkeringsmogelegheiter langs både gamal og ny E134, særleg på vinterstid
- Vinterstenging av den eksisterande vegen som nye tunnelar skal erstatte frå Valldalen til Midtlægeringen, inkludert ingen brøyting/belysning
Samla sett vil desse tiltaka kunne støtte opp under tunnel-tiltaket som er planlagt på E134 over Haukeliseter, ved å bidra til auka mogelegheiter for å gjenopprette villreintrekk over vegen. Vinterstenging av gamal vegtrasé vil redusere den fysiske barriereeffekten av vegtraséen og trafikk, og vil truleg ha god effekt for villreinen sine trekkmogelegheiter. Redusert utfart og ferdsel, ut frå og langs vegen, vil påverke villreinen sin bruk av området positivt og vil kunne forbetre trekkpassasjar og skjerme beitemogelegheitene. Tiltaket vil samstundes redusere parkeringsmogelegheitene for brukarar av området, i eit populært utfartsområde for friluftsliv. Som oppfølging av stortingsmeldinga om villrein, utgreier Statens Vegvesen allereie eventuelle tiltak som kan avgrense ferdselen til fots ut frå europavegen og inn i villreinområda.
3.5.3 Forventa effekt og konsekvensar
Klima- og miljødepartementet har, basert på innspel frå Miljødirektoratet, vurdert kva for forventa effektar tiltakspakka har for villrein. Tiltakspakka blir samla vurdert å ha middels effekt på eksisterande tilstandsutfordringar. Effekten av tiltaket om å oppretthalde framtidige trekk mellom Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei må særleg sjåast i samanheng med tiltak under tiltakspakke 1 og 9. Dersom det på sikt blir gjennomført tiltak for å redusere barriereeffekten av E134 vil dette kunne ha vesentleg betydning for å kunne gjenopprette ei god utveksling av villrein mellom dei tre aktuelle villreinområda.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av involveringa i arbeidet med tiltaksplanen.
For Bykle og Vinje kommunar og potensielle tiltakshavarar, vil tiltaket om å oppretthalde trekkmogelegheitene over rv. 9, dersom det blir gjennomført, kunne innebere negative konsekvensar for planlagt verksemd som til dømes hyttebygging, utviding av sandtak og annan infrastruktur. Tiltaket kan få negative konsekvensar for potensiell framtidig utvikling av områda rundt rv. 9.
Tiltaket om å vurdere tiltak for å redusere barriereeffekten av E134 når situasjonen med skrantesjuke mogeleggjer dette, vil råke tilgangen til området, til dømes i form av at parkeringsmogelegheiter langs vegen for folk som brukar områda blir redusert, både vinterstid og sumarstid. Det er behov for å vurdere konsekvensane av tiltaka nærare før tiltak eventuelt blir gjennomført.