5 Forventa effekt av tiltaksplanen for villreinen
Den forventa effekten av tiltaksplanen er vurdert ut frå mogelegheita for å stoppe den negative utviklinga i villreinområda innan 2030 og å oppnå middels kvalitet i villreinområda innan 2050. Generelt inneheld tiltaksplanane mange tiltak med potensial for å bidra til å forbetre tilstanden for villrein, men samstundes er det for ein del av tiltaka knytt usikkerheit til effekten av gjennomføringa. Når utfallet av tiltaksgjennomføringa er usikkert eller ligg langt fram i tid, er det utfordrande å vurdere kor sterk effekten for å dempe negative påverknadsfaktorar på villrein vil bli. Fleire tiltak handlar òg om kunnskapsinnhenting og har ingen effekt på utfordringane for villreinen i seg sjølv.
Setesdal Ryfylke villreinområde er klassifisert som dårleg kvalitet på grunn av store utfordringar med funksjonelle trekkpassasjar og andel bukk per vaksen simle. Det er òg ytterlegare utfordringar med slaktevekt og produksjon av kalv, lavbeite og funksjonell arealutnytting i Setesdal Ryfylke. Villreinområdet har vorte sterkt påverka av tyngre naturinngrep og vasskraftutbygging. Store areal av villreinområdet er vurdert til å ha middels og dårleg kvalitet på grunn av reduserte mogelegheiter for trekk og vandring. Særlege grunnar til dette er neddemde areal og barriereeffektar som følgje av Blåsjømagasinet, Svartevassmagasinet, Store Urar, samt stigar og vegar i område for trekk.
Setesdal Austhei villreinområde er klassifisert til middels kvalitet i klassifiseringa etter kvalitetsnorma. Det er utfordringar i alle delnormer, men ingen er sett til dårleg kvalitet. Det er ei særleg utfordring at fleire av trekkpassasjane ved Bjørnevatn har gått ut av bruk. Det er framleis trekk i ein smal korridor. Dersom denne passasjen forsvinn og trekket opphøyrer, vil det kunne føre til at villreinområdet blir delt i to delområde. Det vil vere usikkert kva dette vil ha å si for eventuelle nye delbestander. Når trekket ikkje lenger finns og er klassifisert som ikkje godkjent i kvalitetsnorma, kan det allereie vere for seint med avbøtande tiltak.
Det er avgjerande at forvaltninga av villreinen og villreinområdet ikkje fører til ei negativ utvikling for dei andre parameterane etter kvalitetsnorma i åra framover.
Overordna vurderer departementet at tiltaksplanen vil ha liten mogelegheit til å stoppe den negative utviklinga for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde innan 2030. Dette skuldast at det er for kort tid til 2030. Prosessane med å følgje opp stortingsmeldinga og å gjennomføre tiltaksplanen er tidkrevjande, slik at det vil gå tid før tiltaka blir gjennomført, og at det deretter truleg vil ta fleire år før tiltaka får ein målbar effekt på reinen.
Det er samstundes viktig å understreke at det er viktige tiltak i tiltaksplanen som, dersom dei blir innførte raskt, kan redusere forstyrringar på ein viktig måte ved å gje villreinen meir ro. Sjølv om desse tiltaka åleine truleg ikkje er tilstrekkelege til å stoppe den negative utviklinga i villreinområdet innan 2030, kan dei ha stor betydning med tanke på å redusere den totale belastninga villreinen er utsett for, òg innan 2030.
Vidare vurderer departementet mogelegheita for å oppnå middels kvalitet i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde innan 2050 som stor. For å nå dette, må alle ansvarlege aktørar gjennomføre tiltaka i tiltakspakkene. Manglande oppfølging kan føre til at målet ikkje blir nådd.
Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no