2 Tematiske tiltakspakker for å forbetre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde
2.1 Ei meir heilskapleg og restriktiv arealplanlegging og arealforvaltning
2.1.1 Innleiing
Den største trusselen mot villreinen i dag er nedbygging av leveområde. Samla effektar av infrastruktur, forstyrrande menneskeleg aktivitet og klimaendringar fører til fragmentering og tap av habitat. Dette har stor innverknad på villreinen si utbreiing og arealbruk.
Det er identifisert fem ulike fokusområde i Setesdal Austhei og seksten fokusområde i Setesdal Ryfylke. Det vil seie område der det er, eller ein mistenkjer at det kan bli, utfordringar for villreinen som skuldast arealinngrep og menneskeleg aktivitet. Om det ikkje blir gjort tiltak innan arealplanlegging og arealforvaltning, risikerer ein at den negative trenden for fleire måleparameter held fram.
Målet i villreinmeldinga om ei meir heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet, gjeld både for arealforvaltning etter plan- og bygningslova og for arealinngrep etter sektorregelverk. Med villreinfjellet meiner ein villreinområdet samt dei områda utanfor villreinområdet som på ulike måtar påverkar areal som blir brukt av villreinen. Kommunar og andre myndigheiter har ansvar for å beskytte villreinen sine leveområde gjennom arealplanlegginga. Vektlegging av villreinomsyn i arealforvaltninga er derfor sentralt for å oppnå målsettingane frå villreinmeldinga, mellom anna for å førebyggje tap og forringing av villreinen sine leveområde. Ei berekraftig arealplanlegging kan spare samfunnet for store framtidige utgifter til naturrestaurering. Det er viktig å ta omsyn til dei samla effektane når ein vurderer nye arealinngrep.
Tiltakspakke 1: Ei meir heilskapleg og restriktiv arealplanlegging og arealforvaltning
- Tiltak 1: Statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet
- Tiltak 2: Revidert rundskriv T-2/16 for å bidra til ei meir heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet
- Tiltak 3: Revidere kommunale planar (planvask) og basere framtidig utbygging på oppdatert kunnskap og ei sterkare vektlegging av omsyn til villrein
- Tiltak 4: Oppdatering eller revisjon av regional plan i villreinområda
- Tiltak 5: Høg terskel etter sektorregelverket for nye arealinngrep i villreinområda
- Tiltak 6: Involvering av villreinnemndene i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova som påverkar villrein
- Tiltak 7: Styrking av Norsk villreinsenter som kompetansesenter for villrein
- Tiltak 8: Kompetanseheving om villrein for kommunestyre og fylkesting
- Tiltak 9: Større grad av vektlegging av villreinomsyn ved søknad om nye landbruksvegar i villreinområda
2.1.2 Nærare om tiltaka
Tiltak 1:
Statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet
Hovudansvar: Kommunal- og distriktsdepartementet
Delansvar: Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet har i samråd med aktuelle departement fastsett statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet (SPRAM), ved kgl.res. av 24. januar 2025 jf. plan- og bygningslova av 27. juni 2008, § 6-2. fyrste ledd. Desse skal leggjast til grunn ved planlegging etter plan- og bygningslova og enkeltvedtak etter plan- og bygningslova og anna lovgjeving. Kommunal- og distriktsdepartementet har eit hovudansvar for retningslinjene. Klima- og miljødepartementet har eit delansvar for miljø, inkludert å rettleie om korleis omsynet til villrein skal inngå i planlegginga og enkeltsakshandsaminga. Statsforvaltarane har òg ei viktig rolle i å sørgje for at dei statlege planretningslinjene blir fylgt opp i kommunane, både gjennom rettleiing og kompetanseheving for kommunale planleggarar, og gjennom å følgje opp at retningslinjene blir etterlevd i plansaker.
Dei statlege planretningslinjene har fleire retningslinjer som har betydning for forvaltninga av villreinen sine leveområde. For villrein står det i retningslinjene punkt 3.8: «Arealplanleggingen skal bidra til å nå målet om en helhetlig og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet. Dette innebærer at det skal være en høy terskel for inngrep i villreinens leveområder.» Generelle retningslinjer har òg betydning for villrein. Dette gjeld mellom anna prinsippet om at fortetting og transformasjon skal vurderast og bør nyttast før nye utbyggingsområde blir sett av og tatt i bruk. Vidare heiter det at det i fjell og utmark er viktig at fritidsbustadområde skal avgrensast mot samanhengande natur-, villrein- og friluftsområde, kulturmiljø og viktige område for landbruk, reindrift og andre næringar. Verknaden av utbygging på landskap skal vurderast og minimerast.
Tiltak 2:
Revidert rundskriv T-2/16 for å bidra til ei meir heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet
Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet
Rundskriv T-2/16 – Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet – klargjøring av miljøforvaltningensinnsigelsespraksis – handlar om nasjonale og vesentlege regionale interesser på miljøområdet, og klargjer korleis miljøforvaltninga skal bruke verkemiddelet motsegn i kommunal planlegging.
Klima- og miljødepartementet har ansvaret for rundskrivet og for at praksisen på miljøområdet er i samsvar med rundskrivet. For å bidra til ein meir einsarta forvaltningspraksis og gje meir føreseieleg kommunal arealplanlegging, klargjer dette rundskrivet kva som er spørsmål av nasjonal eller vesentleg regional betydning på klima- og miljøområdet. Målet med rundskrivet er å sikre ein einskapleg forvaltningspraksis og at nasjonale og vesentlege regionale klima- og miljøinteresser blir godt tekne vare på i arealplanlegginga. Rundskrivet skal leggast til grunn for praksisen kring motsegn i miljøforvaltninga og bidra til auka medvit om kva for nasjonale og vesentlege regionale klima- og miljøomsyn staten meiner ein skal ta i den kommunale arealplanlegginga. Dersom eit planforslag rammar nasjonale eller vesentlege regionale miljøverdiar, kan motsegn vurderast, jf. plan- og bygningslova § 5-4. Det vil likevel vere ei konkret vurdering i den enkelte saka om ein skal fremje motsegn. Det skal vere høg terskel for inngrep i leveområda til villreinen. Statsforvaltaren skal derfor vurdere om det skal fremjast motsegn dersom eit planforslag inneheld ein ny arealbruk som vil kome i konflikt med slike område.
Klima- og miljødepartementet vektlegg, i tråd med Stortinget si handsaming av villreinmeldinga, at statsforvaltarane gjennom villreinmeldinga, utarbeiding av tiltaksplanar og nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet, får eit tydelegare mandat enn i dag til å gripe inn mot tiltak i villreinområde for slik å sikre at måla i stortingsmeldinga om høg terskel for nye inngrep i villreinområda blir følgd opp i praksis, jf. Innst. 374 S (2023–2024) s. 4. For å følgje opp Stortinget sine føringar, har departementet 26. mai 2025 (presisert 19. desember 2025) vedtatt endringar som formaliserer dette i rundskriv T-2/16. Det følgjer no av rundskrivet sitt punkt 3.8 at motsegn skal vurderast når planforslaget kan kome i konflikt med: «målet om en helhetlig og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet, som innebærer at det skal være en høy terskel for inngrep i villreinens leveområder, jamfør Innst. 374 S (2023–2024), Meld. St. 18 (2023–2024), og Kvalitetsnormen for villrein, jamfør forskrift 23. juni 2020 nr. 1298.»
Tiltak 3:
Revidere kommunale planar (planvask) og basere framtidig utbygging på oppdatert kunnskap og ei sterkare vektlegging av omsyn til villrein
Hovudansvar: Kommunane
Delansvar: Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60
Kommunen er den primære arealmyndigheita i forvaltninga av villreinområda etter plan- og bygningslova. Dette er òg understreka av Stortinget under handsaminga av villreinmeldinga. Kommunale arealplanar styrer arealbruken i villreinområda utanfor verneområda. Ved å gjennomgå eldre planar og endre arealformål for areal som er sett av til utbygging, men endå ikkje bygd ut, kan ein førebyggje ei vidare nedbygging og forringing av villreinområda og randsona. Vidare bør framtidig planlegging og utbygging baserast på oppdatert kunnskap og ei sterkare vektlegging av omsyn til villrein. Det er òg sentralt at kommunal arealplanlegging tek omsyn til føringar frå regional plan.
Formålet med tiltaket er at kommunane, før eller undervegs i revisjonsprosessen, tek ein heilskapleg gjennomgang av alle kommunale arealplanar i villreinområdet, og at planverket blir oppdatert og revidert på bakgrunn av ny kunnskap om konsekvensar for villreinen. Tiltaket inneber at alle kommunane blir oppfordra til å gjennomføre ein såkalla «planvask» av alle juridisk bindande arealplanar i villreinområdet. Planvaskinga må følgje ordinære prosessar for revisjon av kommuneplanen sin arealdel.
Kommunane blir oppfordra, av omsyn til villrein, til at minimum følgjande punkt skal liggje til grunn for revisjonsprosessen:
- Gjennomgang og oppdatering av gamle kommuneplanar og reguleringsplanar med bakgrunn i ny kunnskap om konsekvensar for villreinen, jf. Innst. 374 S (2023–2024) s. 9.
- Vedtatte, ikkje-realiserte reguleringsplanar som er negative for villreinen, bør endrast eller opphevast i samsvar med ny kunnskap om villrein. Dette gjeld byggjeområde både innanfor villreinen sine leveområde, i randsonene til desse og i trekkrutene mellom villreinområda. Stortinget har understreka at kommunane har ansvar for å ta omsyn til villreinen òg ved planlegging av fritidsbustader i randsonene, jf. Innst. 374 S (2023–2024) s. 7.
Bakgrunnen for tiltaket er mellom anna potensialet for å forverre situasjonen for villrein som kan liggje i dei ikkje-realiserte utbyggingsområda i gjeldande arealplanar, og behovet for å føre slike område attende til landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsformål (LNFR-område), dersom ein skal nå målsetningane om å ta vare på villreinen. Planvask er vidare framheva i naturmeldinga (Meld. St. 35 (2023–2024)), og tiltaket er òg i tråd med dei nye statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet, og Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023–2027, der det mellom anna er forventa at kommunen, ved revisjon av kommuneplanen sin arealdel, vurderer om tidlegare godkjent arealbruk skal førast attende til LNFR-formål av omsyn til naturmangfald.
Tiltak 4:
Oppdatering eller revisjon av regional plan i villreinområda
Hovudansvar: Fylkeskommunane
Delansvar: Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 60
Regionale planar for villrein skal sikre ei heilskapleg forvaltning av fjellområde som er særleg viktige for framtida til villreinen i Noreg. Planane fastset ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for dei aktuelle fjellområda med randområde, og gjeld inntil dei er reviderte. Det er utarbeidd planar for alle dei ti nasjonale villreinområda. Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for å utarbeide dei regionale planane for heilskapleg forvaltning av areala i villreinfjella og oppfølginga av desse planane, inkludert å utarbeide og følgje opp handlingsprogram og vurdere behov for revisjon av den regionale planen. Regional plan har òg ein viktig funksjon for å gjennomføre og innarbeide nasjonale forventningar etter plan- og bygningslova § 6-1 i den regionale og kommunale arealplanlegginga.
Regionale planar skal følgjast opp av andre sektorar og leggast til grunn som føringar for den kommunale planlegginga. Avvik frå dei regionale planane gjev grunnlag for motsegn frå mellom anna statsforvaltar. Det kan òg bli gjeve regionale planføresegn som gjer heile eller delar av den regionale planen bindande for inntil ti år, men ingen av dei regionale planane for villrein har so langt tatt i bruk dette verkemiddelet.
Det følgjer av villreinmeldinga at eksisterande regionale og kommunale planar i villreinfjella vil bli evaluerte. Ny kunnskap frå mellom anna klassifiseringa av villreinområda tilseier vidare at dei regionale planane bør oppdaterast. Det følgjer derfor av meldinga at fylkeskommunane blir oppfordra til å revidere eksisterande regionale planar på grunnlag av klassifiseringa etter kvalitetsnorma og tiltaksplanar for villreinen med sikte på å ta betre vare på leveområda til villreinen. Dette er òg i tråd med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027, der det mellom anna står at «vedtatte regionale planar for villreinfjella oppdateres i samsvar med ny kunnskap».
Fylkeskommunane har vedtatt å revidere den regionale planen for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei (Heiplanen). Klima- og miljødepartementet oppfordrar fylkeskommunane til å oppdatere eller revidere regional plan i tråd med oppdatert kunnskapsgrunnlag om villrein. Den 10. mars 2026 fekk Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet overlevert ein rapport om dei regionale planane si betydning for villreinen sine leveområde. Rapporten er utarbeidd i eit samarbeid mellom Østlandsforskning, Norsk institutt for naturforskning (NINA), Telemarksforsking og Norsk villreinsenter (Bern m.fl., 2026)4. Rapporten viser at regionale planar er eit nødvendig verkemiddel for å ta vare på villreinen sine leveområde, men at effekten i stor grad er avhengig av aktiv oppfølging, jamleg rullering og tydelege og, der det er formålstenleg, bindande grep.
Fylkeskommunane oppfordrast til å ta utgangspunkt i følgjande punkt ved oppdatering eller revisjon av regionale planar:
- Ta omsyn til oppdatert kunnskap om villrein, og vektleggje omsynet til villrein tungt både når det gjeld retningslinjer og eventuelle føresegner, og utstrekning av arealsonene.
- For å sikre god samordning på tvers av arealforvaltninga i villreinområdet, blir fylkeskommunane bedne om å vurdere å definere soner i plankart med ulike grader av restriksjonsnivå.
- Vurdere behovet for eventuelle bindande regionale planføresegn etter plan- og bygningslova § 8-5.
- Leggje til rette for samordna interkommunale kommunedelplanar der dette kan vere viktig av omsyn til villreinen sin arealbruk.
Vidare oppfordrar departementet til at resultata frå rapporten blir nytta både ved oppdatering og revisjon av regionale planar, og i organiseringa og oppfylgjinga av dette arbeidet.
Grensene for nasjonalt villreinområde blir definert gjennom regional plan. Dette er avklart gjennom brev i 2005 frå dåverande miljøvernminister til fylkeskommunane. Her vart dei nasjonale villreinområda definert, og det vart presisert at avgrensingar og retningslinjer for arealbruk i det enkelte område skal avklarast gjennom regionale planprosessar. Vidare vart det sagt at det skal kartfestast ei klar grense for dei nasjonale villreinområda der ein bør unngå ny utbygging. På denne måten vil dei nasjonale villreinområda stå som eit eige tema eller sone på plankartet. Regionale planar blir vedtatt av regional planmyndigheit. Tiltaket inneber derfor òg at fylkeskommunane blir oppfordra til å vurdere om det er behov for utviding av dei nasjonale villreinområda basert på oppdatert kunnskap om villrein.
I tillegg er ei rekkje av dei andre tiltaka i denne tiltaksplanen aktuelle å følgje opp i ein vidare prosess knytt til revisjon av regional plan, til dømes oppfølging gjennom gjensidig forpliktande avtaler mellom kommunar og fylkeskommunar ved ein framtidig revisjon av handlingsprogrammet til regional plan. Dette gjeld mellom anna tiltak om kanalisering av ferdsel gjennom stig- og løypeplanar, samordning av motorferdselspraksisen mellom kommunar, og oppretting av dialogforum for villrein.
Tiltak 5:
Høg terskel etter sektorregelverket for nye arealinngrep i villreinområda
Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Energidepartementet, Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet
Overordna er arealinngrep den største utfordringa for villreinen i villreinområda i Noreg. Som hovudregel vil alle typar arealinngrep i villreinfjellet, på tvers av ulike sektorar og interesser, påverke villreinen negativt. Derfor er det ut frå omsyn til villreinen, ynskjeleg å i størst mogeleg grad avgrense arealinngrep i villreinfjellet, og omsynet til villreinen må vektast tungt opp mot andre samfunnsomsyn. Dette er òg i tråd med dei nye statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet. Staten si rolle som sektormyndigheit og utbyggjar påverkar arealbruken gjennom ulike sektorregelverk, og sektordepartementa skal på sine ansvarsområde sørgje for ei berekraftig forvaltning av villreinfjellet på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Tiltaket er ei synleggjering av enkelte punkt frå villreinmeldinga.
Nye energiproduksjonsanlegg som vasskraft-, vindkraft- og solcelleanlegg, samt kraftlinjer, kan ha negative konsekvensar for villreinen både i anleggsfasen og driftsfasen. Det same gjeld opprusting av eksisterande anlegg. Vassmagasin knytt til vasskraftproduksjon kan til dømes medføre overflødde trekkruter og beiteområde og usikker is på vatn. Anleggsarbeid og driftsaktivitet knytt til energianlegg kan føre til at reinen blir forstyrra og trengt bort frå området. Dette vil òg kunne påverke kondisjonen og produktiviteten til dyra. Kraftutbygging har i verste fall ført til at villreinen blir avskoren frå å bruke delar av leveområdet. Anleggsvegar knytt til energiproduksjonsanlegg kan òg ha ein negativ effekt som fører til at villrein nyttar arealet i mindre grad, og derfor utgjer ei barriere for reinen. Anleggsvegar kan i tillegg gjere fjellområde meir tilgjengelege for friluftsliv, som òg kan virke forstyrrande for villreinen.
Mineralutvinning påverkar òg villreinens arealbruk, spesielt i periodar med høg aktivitet. Rein reagerer med frykt på høglytt aktivitet som boring, sprenging og dumping av massar og dei negative konsekvensane kan eksistere langt utanfor sjølve gruva. Gruvedrift kan òg påverke bruk av trekkruter og føre til at reinen endrar sin bruk av landskapet. Gruvedrift vil kunne medføre barriereeffektar i samband med aktivitet, vegar og anleggstrafikk, og vil auke belastninga for villreinen og kunne påverke arealbruken og beitemogelegheitene deira.
Samferdselssektoren påverkar villreinen hovudsakleg gjennom offentleg veg og jernbane, som i hovudsak påverkar villrein på to måtar. For det fyrste utgjer sjølve vegen/banen og trafikken der ei barriere for villreinen si vandring. For det andre skapar menneskeleg aktivitet i nærområda til veg og jernbanestasjonar auka ferdsel inn i villreinområda, noko som gjer at villreinen trekk seg vekk frå desse områda. Parkeringsplassar langs vegar, jernbanestasjonar og liknande, fungerer òg som innfallsportar for ferdsel inn i villreinområda.
Stortinget har ved handsaminga av villreinmeldinga understreka at det er viktig at nasjonale myndigheiter sørgjer for ei berekraftig forvaltning av villreinfjellet på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Dette gjeld på tvers av ulike sektorar som er ansvarlege for arealinngrep i villreinområda. Tiltaket inneber, i tråd med føringane frå Stortinget si handsaming av villreinmeldinga, å sikre at måla i meldinga om høg terskel for nye inngrep i villreinområda blir følgde opp i praksis, og at det skal vere høg terskel for mellom anna nye vasskraft-, energi-, samferdsel- og mineraltiltak i villreinområda. Det å, so langt som mogeleg, unngå slike arealinngrep i villreinen sine leveområde, vil vere eit viktig førebyggjande tiltak for å unngå negativ påverknad på villrein. Dersom nye utbyggingar likevel blir tillatne, skal det, so langt det let seg gjere, setjast vilkår som tek omsyn til villreinen gjennom byggje- og driftsfasen.
I tråd med villreinmeldinga skal det mellom anna takast omsyn til villrein i handsaminga av arealplanar for mineralutvinning og i vurderinga av om søknadar om driftskonsesjon etter minerallova skal innvilgast. I saker der det blir tildelt driftskonsesjon etter minerallova i villreinområda, skal det bli tatt nødvendige omsyn til villrein gjennom til dømes avbøtande tiltak, tilpassingar i drifta og liknande. Det skal i tillegg leggjast til rette for at det blir tatt omsyn til villrein ved revisjon av eksisterande driftskonsesjonar etter minerallova i villreinområde. Energi- og vassdragsmyndigheitene vil mellom anna vidareføre ein restriktiv praksis med å gje konsesjonar til nye energiproduksjonsanlegg i villreinområde dersom anlegga har vesentleg negativ påverknad på villreinen, med mindre anlegget er viktig for andre vesentlege samfunnsomsyn, slik som forsyningssikkerheita og kraftbalansen. Vidare skal energi- og vassdragsmyndigheitene, i dei tilfella det likevel blir gjeve konsesjon til nye energi- og vassdragsanlegg, setje vilkår som tek omsyn til villreinen gjennom bygge- og driftsfasen, so langt det let seg gjere. For samferdselsprosjekt skal det mellom anna utgreiast tekniske løysingar som forbetrar tilstanden for villreinen, ved utarbeiding av planar for alle nye samferdselsanlegg i definerte villreinområde. Utgreiing av tunnelløysingar som betrar tilstanden for villrein skal vidare inngå i all planlegging, der det er relevant. Statens vegvesen og andre vegforvaltarar som er ansvarlege for å drifte statlege vegar, skal i tillegg gå gjennom alle driftskontraktar som er knytte til vegar som går gjennom villreinområde, og vurdere behovet for å innføre overnattingsforbod for bubil, stenging av gjeldande parkeringsplassar, forbod mot parkering langs vegen og liknande av omsyn til villrein. Ved vurderingane bør omsynet til landbruket sitt behov vektleggjast.
Tiltak 6:
Involvering av villreinnemndene i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova som påverkar villrein
Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet
Delansvar: Kommunal- og distriktsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet
Tiltaket inneber at Klima- og miljødepartementet i samråd med Kommunal- og distriktsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet skal vurdere om, og i so fall korleis, villreinnemnda kan involverast på ein hensiktsmessig måte i dispensasjonar etter plan- og bygningslova, i saker som påverkar villrein.
Vurdering av negative konsekvensar av planlagde utbyggingar er avgjerande for å ta velovervegde val i arealforvaltninga, og for å unngå potensielt negative konsekvensar for villreinen. Av omsyn til å sikre eit best mogeleg avgjerdsgrunnlag i arealsaker bør det greiast ut om villreinnemnda sine synspunkt skal innhentast i konkrete søknadar om dispensasjonar frå gjeldande planar etter plan- og bygningslova i villreinområdet, eller i område utanfor villreinområdet som påverkar areal som blir brukt av villrein. Konkret inneber tiltaket at det skal vurderast korleis villreinnemnda kan uttale seg til dispensasjonssaker som rører villreinen og villreinens leveområde.
Tiltak 7:
Styrking av Norsk villreinsenter som kompetansesenter for villrein
Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljødepartementet er hovudansvarleg for å styrkje Norsk villreinsenter. Villreinforvaltninga består av ei rekkje ulike aktørar frå privat, kommunal og statleg sektor. Villreinsenteret er i dag mellom anna eit viktig bindeledd mellom forsking, forvaltning og allmenta gjennom si rolle som kunnskapsformidlar. Villreinsenteret vart derfor styrka med 3 millionar kroner på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett for 2025 , jf. Prop. 1 S (2024–2025). Denne styrkinga vart vidareført i budsjettet for 2026, jf. Prop. 1 S (2025–2026). Tiltaket inneber ei styrking av Norsk villreinsenter si rolle som kompetansesenter for fagsaker og rådgjeving til mellom anna myndigheiter, og er eit ledd i oppfølginga av villreinmeldinga.
Tiltak 8:
Kompetanseheving om villrein for kommunestyre og fylkesting
Hovudansvar: Statsforvaltarane
Delansvar: Fylkeskommunane
Statsforvaltarane er hovudansvarleg for kompetanseheving om villrein i kommunestyre og fylkesting.
Det er ofte eit ynskje om å ta omsyn til villrein i arealforvaltninga, men det manglar nokre gonger konkret kunnskap om korleis ein best kan vareta villreinomsyn når saker blir førebudde og handsama. Tiltaket inneber at statsforvaltaren, i samarbeid med fylkeskommunen, skal sørgje for styrking av villreinkompetansen for nye folkevalde etter kommunestyre- og fylkestingsval, med søkjelys på villrein og korleis ta omsyn til villrein i arealforvaltninga. Det bør vere eit mål å gjennomføre ei slik opplæring regelmessig. Det kan òg vere aktuelt å invitere fjellstyre, relevante grunneigarar og liknande. Norsk villreinsenter, som har stor kompetanse på villrein og som kan bidra med rettleiing, er òg ein aktuell bidragsytar.
Tiltak 9:
Større grad av vektlegging av villreinomsyn ved søknad om nye landbruksvegar i villreinområda
Hovudansvar: Kommunane
Tiltaket inneber at kommunane blir oppfordra til å vektleggje villreinomsyn i større grad ved søknad om nye landbruksvegar etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar (landbruksvegforskrifta). Formålet med tiltaket er å bidra til å unngå auka tilgjengelegheit inn i sårbare område for villreinen ved etablering av nye landbruksvegar. Tiltaket skal ikkje vere til hinder for at planlegging og bygging av landbruksvegar framleis skjer på ein måte som skal gje landbruksfaglege heilskapsløysingar.
Handsaminga av søknadar om nybygging og ombygging av landbruksvegar skjer etter landbruksvegforskrifta. Formålet med forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på ein måte som skal gje landbruksfaglege heilskapsløysingar, og samstundes at det skal leggast vekt på omsynet til miljøverdiar som mellom anna naturmangfald. Det følgjer vidare av forskrifta § 3-2 at saker etter forskrifta skal gjevast landbruksfaglege og miljøfaglege vurderingar, der det mellom anna skal leggast vekt på konsekvensar som bygging, ombygging og bruk av vegen vil ha for miljøverdiar. Det skal gå fram av vedtaket at det er gjort vurderingar i samsvar med naturmangfaldlova § 7. Frå dette følgjer det at villreinomsyn skal vurderast ved søknadar om nye landbruksvegar i og nær villreinområda. Ved godkjenning av søknadar kan kommunen i tillegg etter forskrifta sin § 3-3 setje vilkår om mellom anna miljømessig tilpassing av vegen, vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen eller vilkår som er påkravd av omsyn til dei formål denne forskrifta skal tene, jf. § 1-1.
2.1.3 Forventa effekt og konsekvensar
Den forventa effekten av tiltaka blir vurdert å vere middels på eksisterande tilstandsutfordringar. Det er fordi tiltaka i liten grad har attendeverkande effekt på ulike påverknadsfaktorar. Tiltaka kan samstundes dempe framtidige negative påverknadsfaktorar. Usikkerheit knytt til gjennomføringa av tiltaka gjer det utfordrande å gje ei presis vurdering av forventa effekt på villreinen. Dersom villreinomsyn blir vektlagt mindre i utforming og oppfølging av tiltaka, vil tiltakspakka ha liten effekt på framtidige negative påverknadsfaktorar. Dersom villreinomsyn blir vektlagt i særleg grad i både utforming og oppfølging av tiltaka, vil tiltakspakka ha god effekt på framtidige negative påverknadsfaktorar.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av prosessen med tiltaksplanen.
Tiltaka knytt til arealforvaltning blir samla sett vurdert å ha låge negative konsekvensar for råka partar og låge økonomiske kostnadar. Tiltaka om kommunal, regional og statleg arealforvaltning i tiltaksplanen, vil bidra til å gjennomføre målsettinga frå villreinmeldinga om ein høg terskel for nye inngrep og ei meir heilskapleg arealforvaltning i villreinområda. Dette vil ha konsekvensar for annan offentleg og privat verksemd, men vil samla sett verken på kort eller lang sikt medføre særlege endringar økonomisk eller administrativt for fylkeskommunar, kommunar eller privat verksemd. Gjennomføring av tiltaka vil krevje administrative ressursar i alle delar av forvaltninga.
2.2 Redusere negativ påverknad på villrein frå motorferdsel og annan ferdsel
2.2.1 Innleiing
Menneskeleg ferdsel, både motorisert og ikkje-motorisert, er ein sentral påverknadsfaktor for villreinen, og gjer det utfordrande for reinen å flytte seg fritt innanfor villreinområdet. Den negative effekten av klimaendringar, vêr og andre naturgjevne utfordringar for villreinen, kan reduserast ved å setje i verk tiltak for å redusere den samla belastninga av menneskelege forstyrringar.
Tiltakspakka inneheld mellom anna tiltak for å kanalisere ferdsel ut i område som ikkje er i konflikt med villrein, samt tiltak for å betre informasjon til brukarar av villreinområda for å redusere forstyrringar på reinen. Det går føre seg ein del motorisert ferdsel i villreinområda, mellom anna i samband med transport til private hytter, turisthytter, oppsyns- og forvaltningsverksemd, forskingsaktivitet, drift av offentlege anlegg, og aktivitet i regi av forsvaret, politiet og redningsselskap. Motorferdsel er ein faktor som kan forstyrre villreinen og utgjer i sum ei betydeleg belastning på villreinen sin arealbruk og trekk-åtferd. Den samla belastninga av motorferdsel omfattar både lovleg og ulovleg motorferdsel. Lovleg motorferdsel i villreinområda skjer anten på grunnlag av direkte løyve gjeve i lov eller forskrift, eller gjennom dispensasjon som blir gjeven etter søknad. Tiltakspakka inneheld derfor tiltak for å redusere det samla omfanget av motorferdsel i villreinområda, og for betre å tilpasse motorferdselen til villreinen sitt behov. Dette inneber at det totale omfanget av motorferdsel må justerast ned og kanaliserast, og at sårbare område må skjermast.
Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter
Tiltakspakke 2: Redusere negativ påverknad på villrein frå motorferdsel og annan ferdsel
- Tiltak 10: Ferdselsrelaterte informasjons- og rettleiingstiltak i villreinområda
- Tiltak 11: Kanalisering av ferdselen gjennom stig- og løypeplanar i villreinområda
- Tiltak 12: Regulering av ferdsel innanfor og utanfor verneområde i villreinområda
- Tiltak 13: Vurdere styrking av villreinoppsyn og rettleiing
- Tiltak 14: Tilrettelegging for auka tryggleik, kvalitet og profesjonalitet i guida reiselivsopplevingar, ved å støtte opp under arbeidet med ein Norsk Standard for guidar
- Tiltak 15: Målretta informasjon om villreinvennleg ferdsel til tilreisande frå utlandet
- Tiltak 16: Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved vurdering av søknadar om motorferdsel etter motorferdsellova og verneforskrift
- Tiltak 17: Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved motorferdsel som er direkte tillaten etter motorferdsellova eller verneforskrift
- Tiltak 18: Auka kunnskap og betre samordning av motorferdsel i utmark i villreinområde
- Tiltak 19: Digital sakshandsaming og rapportering for motorferdsel i utmark
- Tiltak 20: Vurdere behovet for nasjonale føringar for motorferdsel i utmark i villreinområde
- Tiltak 21: Vurdere behovet for regulering av allmenn motorferdsel på vegar i villreinområde
- Tiltak 22: Oppfordre hyttetilsyn og brukarar av DNT sitt løypenett til å informere når dei har observert villrein
2.2.2 Nærare om tiltaka
Tiltak 10:
Ferdselsrelaterte informasjons- og rettleiingstiltak i villreinområda
Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet og verneområdeforvaltninga
Delansvar: Den Norske Turistforening (DNT), Statskog og Norsk villreinsenter
Aktuell tilskotsordning: Kap. 1420, post 81
Dagens bruk og brukarar av villreinområda er mange og ulike, og det er behov for lett tilgjengeleg og kvalitetssikra kunnskap om villreinområda og korleis ein skal ta omsyn til villreinen. Dette inneber òg å unngå marknadsføring av område og turar i område som bør skjermast. Informasjons- og rettleiingstiltak er både åleine, og i kombinasjon med andre ferdselsrelaterte tiltak, eit viktig premiss for å oppnå ein meir villreinvenleg ferdsel i villreinområdet. Auka satsing på informasjon retta mot besøkande bør ha fokus på både å kanalisere folk bort frå dei mest sårbare områda for villreinen, men òg å informere folk om korleis ein bør oppføre seg i møte med villreinen. Det er behov for ei auka satsing på både fysisk og digital informasjon retta mot brukarar av villreinfjellet, både lokale og tilreisande, og for å vurdere behov for endringar i rettleiinga og informasjonen som er tilgjengeleg i dag. Følgjande informasjonstiltak er nødvendige: fleirspråkleg, fysisk informasjon (plakatar og informasjonsskilt ved parkeringsplassar og innfallsportar), informasjon på digitale plattformer (Ut.no, Inatur.no, sosiale medium osb.) og det kan òg vere behov for å utvikle rettleiings- og kursmateriell knytt til villrein som kan gjerast tilgjengeleg for brukarane av områda gjennom ulike plattformer. Det kan òg vere aktuelt å vurdere bruk av teknologiske verkemiddel som områdebaserte mobilvarsel til turgåarar som er på veg inn i sårbare område for villrein, samt betre tilrettelegging og tilgjengeleggjering av digital informasjon om ferdselsrestriksjonar og ferdselsreguleringar.
Tiltak 11:
Kanalisering av ferdselen gjennom stig- og løypeplanar i villreinområda
Hovudansvar: Kommunane og fylkeskommunane
Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 81, og kap. 1420, post 60
Eitt av dei fem strategiske områda i villreinmeldinga er auka tilrettelegging av villreinvennleg ferdsel, og det er viktig at tiltaksplanane etter kvalitetsnorma bidreg til å leggje til rette for ferdsel knytt til rekreasjon som tek betre omsyn til villrein. Dette kan til dømes innebere å kanalisere ferdselen i eit villreinområde vekk frå område som er viktige for villreinen, og ut mot område der ferdsel ikkje forstyrrar villreinen. Tiltaket er ikkje meint å ramme ferdsel knytt til utøving av næringsverksemd. I tillegg til tiltaka i tiltaksplanen knytt til friluftsorganisasjonar sine hytte-, stig- og løypenett, og tiltak knytt til ulike vegar som skapar ferdsel innover i villreinområdet, er det òg ynskjeleg med ei heilskapleg stig- og løypeplanlegging på tvers av kommunane i villreinområda. Det er til dømes formålstenleg med ein heilskapleg gjennomgang av løypenettet, inkludert preparering og stikking av løyper i fokusområde for villreinen, inkludert plassering av turmål som til dømes stolpar til stolpejakt. I faggrunnlaget blir det særleg peika på behovet for å sjå nærare på områda sør i Setesdal Ryfylke og nordover mot Haukeli. Utarbeiding av kommunale og eventuelt regionale stig- og løypeplanar kan vere eit viktig verkemiddel for å lykkast med ei heilskapleg kanalisering av ferdselen innanfor eit villreinområde. Alle kommunane bør ha ein stig- og løypeplan, eventuelt bør det utarbeidast ein felles plan som blir innarbeidd i regional plan.
Tiltaket inneber at fylkeskommunane i samband med revisjon av handlingsprogrammet i regional plan blir oppfordra til å leggje til rette for ein samordna planleggingsprosess for ein felles stig- og løypeplan i villreinområdet. Dette er òg i tråd med handlingsplanen for friluftsliv frå 2018, der kommunane og fylkeskommunane vart oppfordra til å revidere stig- og løypeplanane sine.
Tiltak 12:
Regulering av ferdsel innanfor og utanfor verneområde i villreinområda
Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet
Menneskeleg ferdsel er ein sentral påverknadsfaktor for villreinen, og gjer det utfordrande for reinen å flytte seg fritt innanfor villreinområdet. Det er vidare omfattande overlapp i areal mellom verneområde og villreinområde, og fleire verneområde har formål som omfattar omsynet til villreinen. Verneforskriftene er ikkje systematisk gjennomgåtte med tanke på regulering av ulike typar ikkje-motorisert ferdsel som forstyrrar villrein. Døme er villreinsafari, hundekøyring, fatbike-sykling på snøføre, elsykling, kiting og packrafting.
Naturmangfaldlova opnar ikkje opp for å regulere ferdsel til fots i landskapsvernområde. Det kan derfor mellom anna vere grunn til å vurdere behovet for at enkelte landskapsvernområde òg heilt eller delvis blir verna som biotopvernområde i dei tilfella det er særlege ferdselsutfordringar. Biotopvernområde er ein underkategori av verneområde etter naturmangfaldlova kapittel V om områdevern. Biotopvernområde kan verne eit område som har eller kan få særskild betydning som økologisk funksjonsområde for ein eller fleire nærare bestemte artar, til dømes for villrein. I biotopvernområde kan det mellom anna fastsetjast forbod mot ferdsel som kan påverke eller forstyrre arten eller livsvilkåra til arten.
I dei tilfella der ein gjennom mildare verkemiddel ikkje lukkast med å nå ein meir villreinvennleg ferdsel, er det behov for å regulere ferdselen i større grad enn i dag, både innanfor og utanfor verneområda. Som ein del av oppfølginga av villreinmeldinga har Klima- og miljødepartementet innhenta utgreiingar frå Miljødirektoratet av forslag til endringar i naturmangfaldlova, samt om behov for endringar i eksisterande verneforskrifter, begge knytt til verkemiddel for ferdselsregulering. Departementet vurderer no korleis desse utgreiingane skal følgjast opp framover. Eventuelle forslag til endringar i naturmangfaldlova eller verneforskrifter vil gjennomførast som ein ordinær regelverksprosess, med mellom anna eigen høyring. Tiltaket har ikkje til formål å avgrense eksisterande rettar knytte til landbruksverksemd.
Figur 2.1 Verneområde i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde
Tiltak 13:
Vurdere styrking av villreinoppsyn og rettleiing
Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet
For at ferdselsrelaterte informasjons- og kanaliseringstiltak skal fungere etter hensikta, er det viktig at det er personar ute i villreinområda som kan informere og rettleie dei som ferdast i desse områda. Det er derfor behov for å vurdere om det på sikt er nødvendig med styrking av oppsyn og rettleiing for å leggje til rette for ein meir villreinvennleg ferdsel.
Tiltak 14:
Tilrettelegging for auka tryggleik, kvalitet og profesjonalitet i guida reiselivsopplevingar, ved å støtte opp under arbeidet med ein Norsk Standard for guidar
Hovudansvar: Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa arbeider med å utvikle ein Norsk Standard for guidar. I motsetning til i mange andre land er det ikkje nokon krav om slik kunnskap til dei som ynskjer å arrangere organiserte turar i naturen i Noreg. Dette har vore etterlyst i fleire samanhengar, òg av reiselivsnæringa sjølv, jf. den siste nasjonale reiselivsstrategien som peiker ut kursen for norsk reiseliv i 2030, og i tilrådinga frå reisemålsutvalet (NOU 2023: 10). Ein norsk standard kan, dersom næringa sjølv ynskjer det, vere eit fyrste steg på vegen til ei sertifiseringsordning. Tiltaket kan på sikt bli eit positivt verkemiddel òg for villrein.
Tiltak 15:
Målretta informasjon om villreinvennleg ferdsel til tilreisande frå utlandet
Hovudansvar: Miljødirektoratet i samarbeid med verneområdemyndigheitene
Delansvar: Autoriserte besøkssenter, Norsk villreinsenter, Visit Norway og relevante reiselivsaktørar
Aktuelle tilskotsordningar: Kap. 1420, post 81 og kap. 1420, post 60
Villreinfjellet trekk til seg turistar frå heile verda, og reiseliv påverkar villrein gjennom aktivitetar og ferdsel i leveområda til villreinen. Dei nasjonale turistvegane er òg ein viktig faktor som aukar reiselivsaktiviteten i villreinområda. Med aktiv tilrettelegging kan ferdsel frå reiseliv styrast utanom viktige funksjonsområde for villrein. Det er eit stort behov for informasjon og marknadsføring om villreinvennleg ferdsel til utanlandske turistar, både i forkant av og undervegs i opphaldet i villreinområda.
Tiltaket inneber at det blir arbeidd vidare med å utvikle målretta informasjon om villreinvennleg ferdsel for tilreisande frå utlandet, for å bidra til auka kunnskap og medvit om villreinomsyn både i planlegginga og gjennomføringa av besøk til område i Noreg med villrein. I tillegg bør det arbeidast med betre tilrettelegging og tilgjengeleggjering av digital informasjon om ferdselsrestriksjonar og ferdselsreguleringar. Tiltaket må òg sjåast i samanheng med anna relevant arbeid, som Norsk villreinsenter sitt informasjonsarbeid, arbeidet med å utarbeide besøksstrategiar i nasjonalparkane, og informasjonsarbeidet til besøkssenter knytt til villreinområda.
Tiltak 16:
Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved vurdering av søknadar om motorferdsel etter motorferdsellova og verneforskrift
Hovudansvar: Kommunane og verneområdemyndigheitene
Dette tiltaket omfattar motorferdsel i utmark som følgje av løyver frå kommunane og verneområdestyra heimla i motorferdsellova, i verneforskrift etter naturmangfaldlova eller i den tidlegare naturvernlova.
Det går føre seg ein del motorisert ferdsel i villreinområde, mellom anna motorferdsel til private hytter, turisthytter, oppsyns- og forvaltningsverksemd, forskingsaktivitet, samt motorferdsel i samband med drift av offentlege og større anlegg, og aktivitet i regi av forsvaret. Motorferdselen skjer typisk med snøskuter, helikopter, sjøfly, ATV, bilar og andre køyretøy på vegar og sleper. Motorferdsel er ein av mange faktorar som kan forstyrre villreinen og utgjer i sum ei betydeleg belastning på villreinen sin arealbruk og trekkåtferd. Med det faggrunnlaget vi har i dag, har departementet grunn til å gå ut frå at det totale omfanget av motorferdsel er for høgt i ein del villreinområde.
For å leggje til rette for ein betre tilstand for villreinen, må det samla omfanget av motorferdselen reduserast og i større grad enn i dag tilpassast villreinen sine behov. Dette inneber at det totale omfanget av motorferdsel må justerast ned, kanaliserast og at sårbare område må skjermast.
Den samla belastninga frå motorferdsel omfattar både lovleg motorferdsel og eventuell ulovleg motorferdsel. Lovleg motorferdsel i villreinområda skjer på grunnlag av regelverk som tillèt ferdsel direkte, utan søknad, og ferdsel som blir tillaten etter søknad. Aktørar som har direkte heimel til motorferdsel i utmark (treng ikkje søkje om løyve) blir omfatta av tiltak 17 om «Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved motorferdsel som er direkte tillaten etter motorferdsellova og verneforskrift».
Fordi tilstanden for villreinen i mange område er kritisk eller dårleg, meiner departementet at det allereie no er grunn til å oppfordre forvaltningsmyndigheitene i villreinområda om frivillig å vurdere den motorferdselen dei tillèt og å bidra til at omfanget av motorferdsel blir redusert. Departementet vurderer at det enkelte stader er ein svært liberal praksis som bidreg til negativ påverknad på villreinen. Særleg er det viktig å redusere omfanget i sårbare periodar og/eller område for villreinen. Dette tiltaket er ikkje eit pålegg eller ein instruks, men ei oppfordring til at kommunane og verneområdestyra bidreg til redusert og tilpassa motorferdsel. Samstundes blir det understreka at det framleis skal gjerast konkrete vurderingar av alle søknadar om motorferdsel, òg i villreinområde. I desse vurderingane skal fordelar og ulemper ved motorferdselen det er søkt om vurderast. Verknadane som berre kan knytast til ei eventuell framtidig mineralverksemd er ikkje relevant i vurderinga.
Forvaltningsmyndigheitene som vurderer søknadar om motorferdsel, bør innanfor gjeldande regelverk mellom anna vektleggje følgjande:
- Utgangspunktet for vurderinga er ei avveging av nytteverdien av motorferdselen mot ulemper- og skadeverknader
- Talet på turar som blir innvilga blir vurdert kritisk ut frå behov og kva som blir vurdert som nødvendig
- Motorferdsel blir kanalisert utanom område og tidsperiodar som er viktige for villrein
- Motorisert ferdsel i utmark på snødekt mark opphøyrer seinast 10. april eller fyrste verkedag etter påske om ho er seinare
- Auka samordning ved utforming av løyver og rapportering (sjå tiltak 18, om auka kunnskap og betre samordning av motorferdsel i utmark).
For å vurdere om motorferdselen i villreinområda faktisk blir redusert og betre samordna, er det nødvendig å utvikle betre oversikt over motorferdselen som blir gjennomført i dag og å følgje med på utviklinga over tid. Departementet foreslår derfor fleire tiltak knytte til motorferdsel i villreinområde som bør sjåast i samanheng med kvarandre, som tiltak 18 og 19. I tråd med planen som blir presentert i tiltak 18, om auka kunnskap og betre samordning av motorferdsel i utmark, vil det vidare bli avdekka om motorferdselen ikkje blir redusert eller betre tilpassa villreinen. I so fall vil departementet vurdere om det er behov for å ta i bruk statlege verkemiddel. Dette kan til dømes vere å regulere motorferdsel etter motorferdselsregelverket, eller å nytte instruksjonsmyndigheit i verneområde i større grad. Det vil særleg vere aktuelt å bruke slike verkemiddel i område der omfanget av motorisert ferdsel er over det som er forsvarleg for villreinen og der ein i utgangspunktet forventar ein betydeleg reduksjon i motorisert ferdsel.
Departementet nemner elles at «motorferdsel i utmark» skal forståast i medhald av motorferdsellova § 2. I utgangspunktet omfattar lova bruk av motoriserte transport- og framkomstmiddel (medrekna landing og start med motordrevet luftfartøy) i utmark og vassdrag. Utmarksomgrepet er i hovudsak likt som etter friluftslova, med unntak av at veg i utmark som ikkje er opparbeida for køyring med bil, eller ikkje er brøyta for køyring med bil, og blir rekna som utmark etter motorferdsellova. Ny motorferdsellov, vedtatt av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, fører vidare desse utgangspunkta.
Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no
Tiltak 17:
Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved motorferdsel som er direkte tillaten etter motorferdsellova eller verneforskrift
Hovudansvar: Staten og andre aktørar som har direkteheimel til motorferdsel
Dette tiltaket omhandlar dei aktørar som driv med motorferdsel i tråd med ein direkteheimel, det vil seie aktørar som ikkje treng å søkje om løyve til motorferdsel etter motorferdsellova eller eventuelt ei verneforskrift. Tiltaket oppfordrar desse aktørane til å gjennomgå sin eigen motoriserte ferdsel i villreinområda, og so langt mogeleg redusere motorferdselen til det som er nødvendig.
Tiltaket må sjåast i samband med at departementet vurderer at den samla belastninga av motorferdsel i villreinområda må reduserast og i større grad enn i dag blir tilpassa behova til villreinen. Departementet viser til den generelle bakgrunnen for tiltaka knytt til motorferdsel, samt samanhengen mellom desse, slik dei er beskrivne i tiltak 16 om «Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved vurdering av søknadar om motorferdsel etter motorferdsellova og verneforskrift».
Motorferdsel som blir gjennomført i tråd med ein direkteheimel i regelverket oppfyller føresetnadsvis eit samfunnsnyttig behov, og det er derfor i utgangspunktet større grunn til å tillate meir ulemper ved slik ferdsel enn ved annan ferdsel. Det er likevel grunn til at aktørar med slik heimel kritisk gjennomgår sin eigen motoriserte ferdsel i villreinområdet, og so langt som mogeleg reduserer motorferdselen til det som er nødvendig. Omsynet til å vareta samfunnsnyttig verksemd kan i fleire tilfelle bli nådd gjennom mindre justeringar eller tilpassing av aktivitet. Det vil sjeldan vere mogeleg å tilpasse akutte behov, men aktivitet det er mogeleg å planleggje på førehand skal i størst mogeleg grad leggast til tider og stader som er tilpassa villreinen sitt behov. Siktemålet om å redusere og justere motorferdsel omfattar òg statlege myndigheiter sin motorferdsel. Miljødirektoratet får ansvar for å kartleggje, og i samråd med aktuelle sektorar, koordinere ein mogeleg reduksjon i den statlege motorferdselen i villreinområda vurdert opp mot samfunnsnytten av aktivitetane.
Tiltak 18:
Auka kunnskap og betre samordning av motorferdsel i utmark i villreinområde
Hovudansvar: Miljødirektoratet
Delansvar: Statsforvaltarar, kommunane, verneområdemyndigheitene og andre aktørar
Tiltaket omfattar både myndigheiter som gjev løyve til motorferdsel i utmark og aktørar som har direkteheimel til motorferdsel i utmark og ikkje treng søkje om løyve. Miljødirektoratet har eit hovudansvar for at det kjem på plass auka kunnskap og for å koordinere arbeidet med betre samordning av motorferdsel. Kommunar, statsforvaltarar, verneområdemyndigheiter og andre aktørar har eit delansvar for tiltaket ved å bidra til auka kunnskap og sikre at det blir ei betre samordning av motorferdselen.
Forvaltninga av motorferdsel i utmark er prega av at han blir regulert av fleire regelverk og fleire aktørar. Regulering av motorferdsel i villreinområda skjer gjennom motorferdsellova og, der det er verneområde, i tillegg gjennom verneforskrifter. For at motorferdsel i verneområda skal vere lovleg, krevst det at motorferdselen òg er tillaten i samsvar med motorferdsellova. Utgangspunktet er at motorferdsel i utmark er forbode, men regelverka opnar i hovudsak for at motorferdsel som skal dekkje eit allment anerkjent nytteformål er direkte tillaten. Ut over dette kan motorferdsel tillatast etter søknad for visse formål som er angjeve i regelverket eller etter dispensasjon på visse vilkår. Kommunar kan etter motorferdsellova òg tillate motorferdsel til enkelte formål i forskrift. Regelverka avgrensar motorferdsel for reine rekreasjonsformål og det er ikkje lov å leggje til dømes snøskuterløyper i nasjonale villreinområde. Utover dette har forvaltningsmyndigheitene eit visst handlingsrom til å bestemme omfanget av motorferdselen. Restriksjonsnivå og heimlar for motorferdsel kan variere både mellom dei ulike verneforskriftene og mellom verneforskrifter og motorferdsellova. Ny motorferdsellov, vedtatt av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, fører på mange måtar vidare utgangspunkta frå den gamle lova. I ny lov er nokre formål direkte tillatne utan søknad, og kommunane har òg fått meir myndigheit til å tillate motorferdsel til visse formål. Samstundes har kommunane òg myndigheit til å avgrense motorferdsel. Etter ny lov kan kommunane i hovudsak ikkje fastsetje snøskuterløyper, og andre «motorferdselområde» (der motorferdsel er tillaten anten gjennom forskrift eller arealplan), innanfor villreinområde.
I tillegg til at det er fleire regelverk som regulerer motorferdselen i villreinområda, blir den løyvebaserte motorferdselen forvalta av ei rekkje ulike aktørar. Dei totalt 209 verneområda som ligg i villreinområda blir forvalta av 40 ulike forvaltningsmyndigheiter (nasjonalpark- og verneområdestyrer, tilsynsutval, statsforvaltarar og kommunar). Kommunen er ansvarleg myndigheit etter motorferdsellova. Det er ikkje ei heilskapleg samordning av praksis mellom aktørane som er ansvarleg for løyvebasert motorferdsel i villreinkommunar. Ulik praksis kan delvis vere eit naturleg og ynskt resultat av lokal forvaltning. Ein meir liberal praksis i eitt område kan bidra til å fordrive villreinen til område med mindre motorferdsel og dermed redusere villreinen sitt areal totalt sett. Ulik praksis kan òg leggje press på myndigheiter som ynskjer å vere restriktive og utfordre regelverket sin legitimitet. Fleire aktørar har peika på ein liberal og/eller varierande dispensasjonspraksis og manglande oversikt over samla motorferdsel og vurderingar av effekt.
På denne bakgrunn er det behov for ei betre samordning av løyve- og dispensasjonspraksisen blant kommunar og verneområdemyndigheiter. Forvaltningsmyndigheitene blir oppfordra til å samordne seg meir med sikte på ei meir restriktiv og einsarta praktisering av løyver og krav til motorferdsel i villreinområda. Tiltaket må sjåast i samanheng med tiltak 16 om «Reduksjon og tilpassing av motorferdsel i utmark i villreinområde ved vurdering av søknadar om motorferdsel etter motorferdsellova og verneforskrift», der forvaltningsmyndigheitene blir oppfordra til å vurdere kritisk den motorferdsel dei tillèt og å bidra til at omfanget av motorferdsel blir redusert.
Departementet ynskjer å leggje til rette for betre samordning og at løyve- og dispensasjonspraksisen blir betre tilpassa villreinen sitt behov. Miljødirektoratet har, på oppdrag frå departementet, utarbeidd ei anbefaling til samordningsplan i tråd med dette. Departementet vurderer fleire av anbefalingane som fornuftige, og foreslår å ta utgangspunkt i ein trinnvis samordningsprosess:
- Etablere eit kunnskapsgrunnlag om dagens forvaltningspraksis
- Gjennomgå vedtak om motorferdsel i utmark
- Utvikle og gjennomføre kursserie om regelverk og villreinen sitt behov
- Etablere dialogforum for dei enkelte villreinområda
- Vurdere effekten av auka samordning og auka rettleiing
Arbeidet skal leiast og koordinerast av Miljødirektoratet.
Tiltak 19:
Digital sakshandsaming og rapportering for motorferdsel i utmark
Hovudansvar: Miljødirektoratet
Delansvar: Statsforvaltarar, verneområdestyrer og kommunar
Tiltaket omfattar myndigheiter som gjev løyver til motorferdsel i utmark. Miljødirektoratet har eit hovudansvar for at systemet kjem på plass. Kommunar som frivillig vil bruke systemet, samt statsforvaltarar og verneområdemyndigheiter har eit delansvar for tiltaket.
Eit enklare og meir samordna system for sakshandsaming i motorferdselssaker er etterspurd både nasjonalt og i villreinområda spesielt. Miljødirektoratet skal derfor utarbeide eit digitalt system for sakshandsaming og rapportering i samband med løyver og dispensasjonar til motorferdsel i utmark. Systemet skal utformast med sikte på at det kan brukast i heile landet, det vil seie både innanfor og utanfor villreinområda, og på saker både etter motorferdsellova og etter verneforskriftene. Eit slikt system kan ha fleire fordelar. Det vil gjere søknadshandsaminga meir brukarvennleg, og samstundes vere ressurssparande for myndigheita som handsamar søknaden. Eit digitalt sakshandsamingssystem kan leggje til rette for betre kunnskap om den samla motorferdselen både i eitt område, og på eit nasjonalt nivå. Det er i dag ingen samla oversikt over omfanget av motorisert ferdsel i utmark innanfor villreinområda. Gjennom eit digitalt system kan ein til dømes leggje til rette for enklare og likare rapportering og ein kan hente ut data det er særleg interesse av å sjå på, til dømes omfanget av motorferdsel i eit sårbart villreinområde. Det er òg mogeleg å tenkje seg at vedtaka automatisk blir overført til Miljøvedtaksregisteret. Digital sakshandsaming kan òg bidra til å gjere løyvebasert køyring meir kontrollerbart for kontrollmyndigheiter i felt.
For at etableringa av eit slikt system skal fungere etter hensikta, er det nødvendig at publikum og forvaltningsmyndigheiter nyttar systemet. Departementet kan i dag ikkje påleggje kommunar å bruke eit slikt system. Det er derfor frivillig. I ny motorferdsellov, vedtatt av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, kan departementet gje forskrift om elektronisk kommunikasjon og digital sakshandsaming. I ei slik forskrift kan det til dømes stillast krav om bruk av elektronisk skjema ved søknad om løyve til motorferdsel og om kommunane si plikt til å bruke digitale sakshandsamingssystem. Departementet kan påleggje statlege forvaltningsmyndigheiter for verneområda, det vil seie statsforvaltarane og verneområdestyra, å bruke eit nasjonalt sakshandsamingssystem for motorferdsel i verneområda i kraft av den generelle instruksjonsmyndigheita over underordna organ.
Tiltak 20:
Vurdere behovet for nasjonale føringar for motorferdsel i utmark i villreinområde
Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet
Etter motorferdsellova § 7 kan departementet i forskrift «forby eller gi nærmere bestemmelser» for motorferdsel som ikkje er direkte tillaten etter lova i særleg verdifulle natur- og friluftsområde. Regelen opnar òg for regulering av motorferdsel på privat veg i utmark.
I ny motorferdsellov, vedtatt av Stortinget i juni 2026, men som enno ikkje er sett i kraft, kan motorferdsel som elles er tillaten begrensast på enkelte vilkår. Etter § 8 sjette ledd kan departementet, dersom det er nødvendig for å vareta natur- og friluftslivsområde av nasjonal eller viktig regional tyding, gje forskrift om avgrensa tidsrom, avgrensa tal turar eller endra trasear for den motorferdsel som kommunane kan tillate.
Tiltaket inneber at Miljødirektoratet blir gjeve i oppdrag å greie ut om det bør innførast nasjonale føringar for motorferdsel i utmark i villreinområda, og eventuelt kva for nærare reglar det skal vere. Dette bør skje i samråd med aktuelle direktorat. Dersom det blir vurdert som aktuelt å innføre nasjonale reglar i villreinområda, vil det gjennomførast normale regelverksprosessar i forkant, mellom anna alminneleg høyring.
Tiltak 21:
Vurdere behovet for regulering av allmenn motorferdsel på vegar i villreinområde
Hovudansvar: Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Energidepartementet
Det er ofte eit omfattande vegnett i store delar av villreinområda, mellom anna i form av anleggsvegar for vasskraftutbygging og landbruksvegar. Fleire av desse vegane strekk seg relativt langt inn i villreinområda og er ofte tilgjengelege for motorisert ferdsel, noko som bidreg til auka ferdsel og gjer at villreinen unngår områda rundt desse vegane. Det følgjer av villreinmeldinga at det totale omfanget av motorferdsel på slike vegar i villreinområda, unntatt for nyttekøyring, bør reduserast.
Fleire tiltak i tiltaksplanen er knytte til regulering av ferdsel på konkrete vegar i villreinområdet. I tillegg kan det, i løpet av tiltaksplanperioden, vere behov for å vurdere tiltak på andre vegar i villreinområdet, til dømes der ny kunnskap viser behov for reduksjon av forstyrringar på andre anleggsvegar eller landbruksvegar i villreinområdet. Dersom det eventuelt blir vurdert som nødvendig med tiltak for å redusere motorferdsel som ikkje er knytt til nyttekøyring på landbruksvegar kan ein oppfordre vegeigaren til å vurdere tiltak for å redusere allmenta sin motorferdsel. For anleggsvegar som er opne for allmenta sin motorferdsel i medhald av energi- og vassdragslovgjevinga, vil energi- og vassdragsmyndigheitene vurdere om det skal gjennomførast ein ordinær prosess etter dette regelverket for å vurdere eventuelle reguleringar av motorferdsel.
Samferdselsdepartementet har gitt Statens vegvesen i oppdrag å utarbeide konkrete forslag til skiltplanar med forslag til vedtak for rv. 9, E39, rv. 13 og rv. 7, med eit estimat på kostnadar, konsekvensar for trafikktryggleik og framkome samt ei vurdering av skiltplanane sitt bidrag til å gjere tilstanden for villreinen betre, sett i samanheng med tiltak som blir planlagt gjennomført av andre aktørar i same område. Rapporten, med konkrete tiltak for kvar vegstrekning, er levert, og vidare oppfølging vil ta utgangspunkt i rapporten frå Statens vegvesen.
Tiltak 22:
Oppfordre hyttetilsyn og brukarar av DNT sitt løypenett til å informere når dei har observert villrein
Hovudansvar: Den Norske Turistforening (DNT), private eigarar av turisthytter og Statskog
Sjølv om ein del villrein er eller har vore merka med GPS, manglar det framleis mykje data om villreinen sin arealbruk. Direkte observasjonar kan i ulike tilfelle vere av stor interesse for forvaltninga. Tiltaket inneber at hyttetilsyn og brukarar av DNT sitt løypenett blir oppfordra til å informere når dei har observert villrein. Rapportering kan anten skje via artsobservasjoner.no eller manuelt med etterfylgjande innsamling frå hyttene.
2.2.3 Forventa effekt og konsekvensar
Tiltakspakka inneheld ulike tiltak for å redusere forstyrringar og negativ påverknad knytt til ferdsel og motorferdsel. I Setesdal Ryfylke er det vurdert som særleg viktig å redusere forstyrringar i tronge passasjar for trekk mellom funksjonsområda. Dette omfattar både motorisert ferdsel og ferdsel til fots/på ski, og særleg utfordringane ved reguleringsmagasina og anleggsvegane knytt til desse. I Setesdal Austhei er det vurdert som særleg viktig å redusere forstyrring i tronge trekkpassasjar ved Bjørnevatna. Det blir vurdert at tiltakspakka kan ha middels effekt på noverande tilstandsutfordringar. Avhengig av korleis villreininteresser blir vektlagde i oppfølginga av tiltaka, kan tiltakspakka få god effekt på framtidige negative påverknadsfaktorar.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som har kome fram av faggrunnlaget, samt det som har framkome i løpet av prosessen med tiltaksplanen.
Tiltak som vil føre til endringar i praksisen for å tillate ulike former for bruk og aktivitet, mellom anna knytt til ferdsel eller motorferdsel, vil ha konsekvensar for brukarane av fjellet på ulike måtar. Som ein konsekvens av tiltaket kan det òg bli meir krevjande å få gjennomført enkelte former for aktivitetar. Til dømes kan konsekvensen av ein meir villreinvennleg ferdsel vere negative for personar som brukar villreinområda til oppleving og rekreasjon, dersom tur- og bruksmogelegheitene blir endra. Generelt vil tiltak som fører til at løyver til menneskeleg aktivitet blir unngått eller redusert, føre til positiv endring for villreinen eller unngått negativ endring.
Informasjons- og rettleiingstiltak er ei langsiktig investering som det er vanskeleg å måle konkrete effektar av, men som vil kunne verke haldningsskapande og dermed bidra i det langsiktige arbeidet med bevaring av villrein. Informasjonsarbeid vil krevje betydelege ressursar, både knytt til oppfølging og forsterking av andre ferdselsrelaterte tiltak i tiltaksplanen, fysisk informasjon (plakatar og infoskilt ved parkeringsplassar og innfallsportar), og informasjon på digitale plattformer (Ut.no, sosiale medium etc.).
Tiltak knytt til kanalisering gjennom stig- og løypeplanlegging vil krevje enkelte administrative og økonomiske ressursar i kommunane og fylkeskommunane. Eventuelle endringar i regelverk for å mogeleggjere regulering av ferdsel innanfor og utanfor verneområde i villreinområdet vil krevje alminnelege regelverksutgreiingar og prosessar før dei blir vedtatt. Vidare vil administrative og økonomiske konsekvensar av utviklinga av ei nasjonal godkjenningsordning for guidar vurderast gjennom det pågåande arbeidet med dette.
For tiltak knytt til reduksjon, tilpassing og samordning av motorferdsel vil den vidare oppfølginga av tiltaket krevje administrative og avgrensa økonomiske ressursar frå kommunane, verneområdemyndigheitene og eventuelt òg fylkeskommunane og statsforvaltarane. Dersom tiltaket resulterer i ein samla reduksjon av motorferdselen i villreinområdet, vil tiltaket innebere at enkelte brukarar vil få tildelt færre motorferdsel-løyver enn tidlegare, som kan gje noko mindre fleksibilitet for transport av mat, utstyr og personar til og frå private hytter. Økonomiske og administrative konsekvensar knytt til tiltaket om digital sakshandsaming og rapportering for motorferdsel vil vurderast nærare i den pågåande utgreiinga om tiltaket. På sikt kan tiltaket potensielt gje gevinstar i form av meir effektiv sakshandsaming, betre kvalitet på vedtaka og betre kunnskap. Tiltak knytt til vurdering av behovet for regulering av allmenn motorferdsel på vegar i villreinområdet vil krevje administrative ressursar hjå myndigheitene. Eventuelle vedtak knytt til regulering av ferdsel på anleggsvegar etter energi- og vassdragslovgjevinga vil gje administrative konsekvensar for energi- og vassdragsmyndigheitene. Landbrukets behov for nyttekøyring skal takast vare på.
2.3 Villreinhelse: Redusere risiko for overføring av sjukdom og parasittar i villreinområda
2.3.1 Innleiing
Utmarksbeite, både i fjellet og i lågareliggjande skogsområde, er ei driftsform med lang tradisjon i Noreg, og er ein svært viktig del av næringsgrunnlaget i mange kommunar. Tamreindrift, seterdrift, skogsdrift, beitebruk og andre utmarksnæringar skapar og held i hevd spesielle natur-, kulturmiljø og landskapsverdiar. Mellom anna vart norsk seterdrift oppført på UNESCOs liste over immateriell kulturarv4. desember 2024. Gjennom å utnytte fôreiningar som ikkje kan haustast på nokon annan måte enn gjennom beitebruk, utgjer utmarksbeite ein viktig ressurs. Utmarksbeiting legg òg grunnlag for mogeleg auka sjølvforsyning. Det er fleire planter som er direkte knytt til beitebruk, og beitebruk fører soleis til auka biologisk mangfald. Mange naturtypar og planteartar er avhengig av beiting. Beitedyr ryddar terreng, og bidreg til å forsinke eller hindre attgroinga i fjellet. Dette gjer landskapet meir tilgjengeleg. I fleire av dei nasjonale villreinområda har villreinen i lang tid levd saman med beitedyr delar av året. Det er behov for meir kunnskap om effekten av beitetrykk, villreinen si arealutnytting, samt storleik og kondisjon på villreinen.
Det er ingen generell regulering for bruk av saltstein til husdyr i Noreg, med unntak av i Nordfjella og på Hardangervidda. I desse to villreinområda er bruken av saltstein strengt regulert. Kunnskap viser at saltsteinplassar for husdyr tiltrekk seg villrein og andre hjortedyr. Funn av saueparasittar hjå villrein og utbrot av skrantesjuke i Nordfjella og på Hardangervidda, gjer det aktuelt å sjå nærare på i kor stor grad saltsteinsplassar kan bidra til overføring av sjukdom og parasittar mellom sau og villrein. Det finst mykje kunnskap om korleis sjukdom og parasittar påverkar villrein. Kor vidt det er behov for ytterlegare kunnskapsinnhenting om effekten av saueparasittar på villrein, og korleis parasittbelastning kan verke inn på villreinhelse og kalvevekter, må greiast ut nærare. Handtering av risiko for overføring av parasittar og andre smittestoff er ei felles utfordring for beitenæringa og for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei. Alle aktørar er tent med å redusere mengda parasittar og redusere risiko for smitteoverføring mellom dyr. Departementet foreslår derfor at det blir inngått eit samarbeid med beitenæringa om felles kunnskapsutfordringar knytt til beite, for å finne fram til lokale tiltak som kan redusere eventuelle negative påverknader av beitedyr i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei. Eit slikt samarbeid vil leggje til rette for å finne fram til gode løysningar lokalt som er tilpassa utfordringane i området, og som varetek både villreinomsynet og omsynet til bruk og utnytting av utmarksbeitet.
Tiltakspakke 3: Villreinhelse: Redusere risiko for overføring av sjukdom og parasittar i villreinområda
- Tiltak 23: Inngå samarbeid med beitenæringa for å vurdere tiltak som til dømes plassering, utsetting og reduksjon av talet på saltsteinplassar, parasittbehandling før beiteslepp, områdebruk osb.
- Tiltak 24: Kartlegging og opprydding av unødvendige fysiske innretningar for beitebruk
- Tiltak 25: Vurdere tiltak for å auke bruken av elektroniske bjøller med virtuelle gjerder for beitenæringa i villreinområda
2.3.2 Nærare om tiltaka
Tiltak 23:
Inngå samarbeid med beitenæringa for å vurdere tiltak som til dømes plassering, utsetting og reduksjon av talet på saltsteinplassar, parasittbehandling før beiteslepp, områdebruk osb.
Hovudansvar: Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og Landbruksdirektoratet
Delansvar: Beitenæring, kommunane og statsforvaltarane
Tiltaket oppfordrar beitenæringa til frivillig å samarbeide med landbruksmyndigheitene om gjennomføringa av tiltaket, og inneber ikkje statlege pålegg eller statleg myndigheitsutøving dersom beitenæringa ikkje ynskjer å gjennomføre tiltaket.
Handtering av risiko for overføring av parasittar og andre smittestoff er ei felles utfordring for beitenæringa og for villreinforvaltninga. Alle aktørar er tent med å redusere mengda parasittar og redusere risiko for smitteoverføring mellom dyr.
Undersøkingar i Knutshø, Forollhogna og Nordfjella5 har vist at reinsdyrkalvar er mottakelege for fleire parasittar frå sau, og infeksjon av rundormen Nematodirusbattus har vorte peika på som ei mogeleg årsak, saman med fleire andre faktorar, til redusert kalveproduksjon og slaktevekter i desse områda. Desse resultata kan bety at det er tilsvarande problem i andre villreinområde.
Det er viktig å leggje til rette for eit samarbeid med beitenæringa om felles kunnskapsutfordringar knytt til beite, for å redusere eventuelle negative påverknader frå beitedyr i enkelte villreinområde. Til dømes kan det vere behov for å vurdere om ein bør redusere talet på saltsteinplassar eller leggje dei til nye stader, og om husdyra bør få parasittbehandling før beiteslepp.
Tiltak 24:
Kartlegging og opprydding av unødvendige fysiske innretningar for beitebruk
Hovudansvar: Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og Landbruksdirektoratet
Delansvar: Statsforvaltarar, kommunar og beitenæring
Tiltaket oppfordrar beitenæringa til frivillig å samarbeide med landbruksmyndigheitene om gjennomføringa av tiltaket, og inneber ikkje statlege pålegg eller statleg myndigheitsutøving dersom beitenæringa ikkje ynskjer å gjennomføre tiltaket. Dersom tiltaket skjer i verneområde i villreinområda, føreset det involvering av verneområdemyndigheitene.
Det er ein utbreidd bruk av villreinområda til sauebeite. Gjennom tida er det sett opp ulike innretningar til beiteformål i villreinområda. Over tid har nokre innretningar gått ut av bruk og/eller vorte erstatta av nye. Slike innretningar, i fyrste rekkje sperregjerder, kan potensielt utgjere vandringshinder for villreinen. Det er usikkerheit både knytt til omfanget av slike unødvendige fysiske innretningar i villreinområda og til kor stor påverknad slike innretningar har for villreinen.
Tiltaket inneber å kartleggje fysiske innretningar knytt til beiteformål, og eventuelt fjerne eller rydde opp i fysiske innretningar som ikkje lenger har ein funksjon for beitenæringa. Som del av tiltaket bør det vurderast å utarbeide ei oversikt over fysiske innretningar som kan haldast oppdatert. Fjerning av innretningar som ikkje er i bruk vil generelt vere positivt, men vil krevje ressursar til gjennomføring. Tiltaket vil eventuelt kunne gjennomførast innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammer.
Tiltak 25:
Vurdere tiltak for å auke bruken av elektroniske bjøller med virtuelle gjerder for beitenæringa i villreinområda
Hovudansvar: Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet og Landbruksdirektoratet
Delansvar: Statsforvaltarar, kommunar og beitenæring
Tiltaket oppfordrar beitenæringa til frivillig å samarbeide med landbruksmyndigheitene om gjennomføringa av tiltaket, og inneber ikkje statlege pålegg eller statleg myndigheitsutøving dersom beitenæringa ikkje ynskjer å gjennomføre tiltaket.
Teknologi som GPS-bjøller på sau er i bruk i desse områda, men høg kostnad har avgrensa bruken hittil. Formålet med tiltaket er på sikt at fleire søyer i villreinområda blir utstyrt med GPS-bjøller for å gje betre kunnskap om områdebruken til sau, og for å redusere ferdselen knytt til sanking og særleg ettersanking. Tilsvarande kan det vere behov for å vurdere å ta i bruk elektroniske bjøller med virtuelle gjerder.
Tiltaket inneber at landbruksmyndigheitene i dialog med beitenæringa vurderer om det er aktuelt med tiltak for å auke bruken av elektroniske bjøller med virtuelle gjerder for beitenæringa i villreinområda. Det er behov for meir kunnskap om kva for konsekvensar slike tiltak vil ha både for beitenæringa, villreinen, kulturlandskapet og myndigheitene. Før konkrete tiltak blir sett i verk, må dei samfunnsøkonomiske kostnadane for eventuelle tiltak greiast ut nærare. Tiltaket vil eventuelt kunne gjennomførast innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammer.
2.3.3 Forventa effekt og konsekvensar
Tiltak for å redusere risiko for parasittar og andre smittestoff blir vurdert å kunne ha ein positiv effekt for villreinen. Dersom tiltak knytt til saltsteinplassar fører til mindre smitteoverføring mellom villrein og frå sau til villrein, vil det vere bra for tilstanden til villreinen, og det kan bidra til å førebyggje nye sjukdommar. Òg tamreinnæringa kan ha interesse av at helsetilstanden til villreinen er god, fordi potensialet for smitteoverføring til tamrein blir mindre. Parasittbehandling før beiteslepp kan ha positive effektar, fordi parasittbelastninga på beitet blir redusert, slik at smittepresset på sauene òg blir mindre. Det vil mellom anna førebyggje nedsett matlyst, diaré og dehydrering, nedsett tilvekst og, i alvorlege tilfelle, dødelegheit hjå sau. I tillegg vil det gje positive effektar for villreinen på grunn av mindre smittepress. Det blir vurdert at tiltakspakka kan ha middels effekt på noverande tilstandsutfordringar.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av prosessen med tiltaksplanen.
Dersom ein reduserer talet på saltsteinplassar eller legg dei til nye stader, vil dette påverke beitenæringa i form av at tilsynet kan bli meir arbeidskrevjande, og at det blir kravd ressursar i form av tid og kostnadar å flytte slike plassar. Ved gjennomføring av slike tiltak må ein unngå at desse i praksis inneber beiterestriksjonar i form av at det blir for kostnadskrevjande å sende sau på beite. Parasittbehandling før beiteslepp vil òg ha ein kostnad for beitebrukar. Tiltak som gjev redusert eller endra beite, vil òg kunne føre til attgroing og potensielt gje dårlegare ernæringsgrunnlag for beitedyr. Det er behov for meir kunnskap om kva for konsekvensar dette vil ha både for beitenæringa, villreinen, kulturlandskapet og forvaltninga. Før konkrete tiltak blir sett i verk, må dei samfunnsøkonomiske kostnadane for tiltaka knytt til plassering, utsetting, reduksjon av talet på saltsteinsplassar og ei eventuell parasittbehandling før beiteslepp greiast ut.
Tiltak som plassering, utsetting og reduksjon av talet på saltsteinplassar og parasittbehandling før beiteslepp, vil samla sett gje vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar. Det er derfor behov for å gjennomføre ei grundig samfunnsøkonomisk analyse, som tek omsyn til og balanserer omsynet til både villrein og beitenæringa.
2.4 Bestandsforvaltning
2.4.1 Innleiing
Overordna blir det lagt til grunn at jegerar utøver villreinjakta omsynsfullt i samsvar med reglar for utøving som følgjer av viltlova, utøvingsforskrifta, dyrevelferdslova og naturmangfaldlova. Rettshavarane som organiserer jakta, kan setje direkte vilkår til den enkelte jeger gjennom jegerkontrakter som blir inngått ved kjøp av jaktkort. Tiltaka i tiltakspakka er derfor oppfordringar til rettshavarane om å vurdere tiltak som kan bidra til ei meir berekraftig bestandsforvaltning for villrein. Utprøving av ulike tiltak vil følgjast opp med evaluering og justering av tiltaka dersom ynskt effekt ikkje blir oppnådd.
Tiltakspakke 4: Bestandsforvaltning
- Tiltak 26: Forbetre mengda av og kvaliteten på jegerrapportering
- Tiltak 27: Vurdere jaktfrie soner langs vegar eller i andre viktige trekkområde
- Tiltak 28: Vurdere justeringar i jaktorganiseringa og jaktutøvinga for å redusere forstyrringar frå villreinjakta
- Tiltak 29: Vurdere omfang, tidspunkt og alternative område for andre typar av jakt, jaktprøver og trening av hund i viktige funksjonsområde for villreinen
- Tiltak 30: Bestandsdynamisk analyse
- Tiltak 31: Prioritere ressursar til teljing av villrein
- Tiltak 32: Vurdere tilpassingar av bestandsforvaltninga i randsoner
2.4.2 Nærare om tiltaka
Tiltak 26:
Forbetre mengda av og kvaliteten på jegerrapportering
Hovudansvar: Villreinutvalet, valdansvarlege representantar og jegerar
Delansvar: Landbruksdirektoratet og Villreinnemnda
Villreinjegerar bidreg med innsamling av prøver, som til dømes kjevar og skrantesjuke-prøver, og innrapportering av data som fellingsdato, kjønn, alderskategori og slaktevekter frå villrein som blir felt under jakt. Dette representerer eit svært viktig datagrunnlag for bruk i forvaltninga i samsvar med forskrift om forvaltning av hjortevilt, i bestands- og helseovervakinga og kvalitetsnorma. Det er potensial for å auke mengda og kvaliteten av data frå villrein som blir felt under jakt. Det er i hjorteviltforskrifta § 32 tredje ledd heimel til å påleggje jeger og/eller jaktrettshavar å rapportere data og innsamling av prøver frå felte villrein. Landbruksdirektoratet har frå 1. januar 2025 overtatt forvaltningsoppgåvene etter denne forskrifta frå Miljødirektoratet, inkludert oppgåvene knytt til villreinnemndene. Landbruksdirektoratet vil vidareføre arbeidet på dette området, mellom anna gjennom rettleiing, utvikling av digitale tenester og forvaltning av økonomiske verkemiddel. Det er likevel ei rekkje tiltak som kan gjennomførast lokalt, og utan pålegg, for å betre mengda og kvaliteten på jegerrapporteringa. Døme på slike tiltak kan vere utdeling av vekter til jegerar, og utplassering av vekter ved felles innfartsområde samt å betre informasjonsarbeidet. Vidare, at det kan rettleiast betre om einskapleg rapportering av slaktevekter, særleg for kalv, vegeplikt ved bemanna stasjonar for veging og digitale informasjonsmøte for alle jegerar. Vidare kan det vurderast om det er behov for å innarbeide ein informasjonsstrategi i den femårige bestandsplanen. Dette kan bidra til å imøtekomme behov for informasjon frå brukarar av villreinområda. Tiltaket oppfordrar til at aktørane frivillig sluttar opp om gjennomføringa av tiltaket.
Tiltak 27:
Vurdere jaktfrie soner langs vegar eller i andre viktige trekkområde
Hovudansvar: Rettshavarane
I trekkpassasjar generelt kan det oppstå ei uynskt opphoping av jegerar, då sjansen for å felle dyr er stor når reinen passerer. For mange jegerar på eit lite område kan føre til at det oppstår ein uynskt barriereeffekt. Jaktforbod i ei sone vil kunne løyse slike utfordringar om nødvendig.
Tiltaket inneber at rettshavarar blir oppfordra til å vurdere jaktfrie soner langs vegar der kryssing av veg allereie kan vere ei utfordring, eller i andre viktige trekkområde.
Tiltak 28:
Vurdere justeringar i jaktorganiseringa og jaktutøvinga for å redusere forstyrringar frå villreinjakta
Hovudansvar: Rettshavarane
Ev. delansvar: Landbruksdirektoratet
Jakt er det primære verkemiddelet for å forvalte villreinen i samsvar med beitegrunnlaget og for å oppretthalde sunne og friske bestandar i alle norske villreinområde. Ferdsel i samband med villreinjakta, både sjølve jakta og uttransport av jaktutbytte, vil i ulik grad uroe villreinen. Korleis jegerar og sjølve jakta forstyrrar villreinen, heng saman med mange faktorar, mellom anna jaktorganiseringa, talet på jegerar, topografien, storleiken på villreinområdet og vegdekninga. Fordi villreinen er eit nomadisk flokkdyr, kan organiseringa av jaktområde og tilrettelegginga for jaktutøvinga vere ein del av utfordringane, men òg ein del av løysingane for bestandsforvaltninga. Utover dei krava som går fram av hjorteviltforskrifta, kan grunneigaren/kortutskrivaren – gjennom privatrettslege avtaler med jegerar som kjøper fellingsløyve på villrein – stille vilkår som kan dempe forstyrringar og stress for villreinen under jaktperioden.
Tiltaket inneber at rettshavarane blir oppfordra til å vurdere justeringar i jaktorganiseringa og jaktutøvinga med formål å redusere forstyrringar frå villreinjakta gjennom privatrettslege avtaler med jegerar. Døme på tiltak som kan vere aktuelle å vurdere er mellom anna kveldsfreding, reduksjon i lagjakt med fleire jegerar som kan jakte på same jaktkort, kanalisering av overnatting av jegerar i jaktområdet og obligatoriske informasjonsmøte i forkant av jakta.
Tiltak 29:
Vurdere omfang, tidspunkt og alternative område for andre typar av jakt, jaktprøver og trening av hund i viktige funksjonsområde for villreinen
Hovudansvar: Rettshavarane
Det går føre seg betydeleg aktivitet i villreinområda knytt til andre former for jakt enn villreinjakt, og ulike treningsaktivitetar i samband med jakt som kan forstyrre villreinen. Med forstyrringseffekten jakt, jaktprøver og trening av laus hund kan ha for villreinen, bør likevel omfanget og alternative område vurderast.
I gjeldande jakttidsforskrift er det opna for jakt på rype og hare ut februar. Òg trening av laus hund kan skape forstyrringar. Enkelte treningsfelt for fuglehundar er opne òg i vinterperioden etter jul. Jakt, jaktprøver og trening av laus hund i vinterperioden kan vere uheldig, og særleg i viktige funksjonsområde for villreinen.
Tiltaket inneber at rettshavarane blir oppfordra til å vurdere justeringar av omfang, tidspunkt og alternative område for andre typar av jakt, treningsfelt og prøver der dette kan bidra til å redusere forstyrringar i viktige funksjonsområde for villreinen. Særleg viktig er det å vurdere tilpassingar av aktiviteten som går føre seg i perioden etter jul, som tradisjonelt er ein roleg periode i villreinfjellet og ei krevjande periode for villreinen.
Tiltak 30:
Bestandsdynamisk analyse
Hovudansvar: Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet
For å føreta eventuelle endringar i bestandsforvaltninga, er det behov for meir kunnskap om klassifiseringsresultat og trendar i bestandsutviklinga. Eit nytt verktøy for bestandsdynamiske analyser, som er under utvikling hjå NINA, vil kunne vere eit hjelpemiddel for å forstå i kva for grad parameter som vêr-, klima- og miljøvariablar, jaktuttak, sauetettleik, endringar i arealbruk, rovviltpredasjon og bestandstettleik kan forklare utviklingar i villreinbestandar.
Tiltaket vil bidra med ny informasjon om korleis ulike kvoter påverkar bestandsstorleiken og -struktur, og kan potensielt bidra til å forklare trendar i slaktevekter og kalveproduksjon. Modellen vil òg berekne berekapasiteten for området som gjer at ein kan evaluere dagens bestandsmål. Tiltaket vil på sikt kunne bidra til å setje inn meir målretta tiltak i bestandsforvaltninga for villreinområda. Det er behov for å sjå prosjekt-metodikk i samanheng mellom villreinområde og delområde.
Tiltak 31:
Prioritere ressursar til teljingar av villrein
Hovudansvar: Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet
Kvart år blir det gjennomført teljingar av villreinbestandane for å få oversikt over talet på dyr, struktur og kalveproduksjon. Gjennom, so langt som mogeleg, å sikre at desse teljingane av villrein kan gjennomførast på ein god måte kvart år, får vi kunnskap om kva for tilstand villreinbestanden er i, data og mogelegheiter til å overvake utviklinga på ein god måte. Tiltaket vil bidra til å betre kunnskapsgrunnlaget for bestandsforvaltninga og vil dermed kunne gje effekt i løpet av få år. Tiltaket er langsiktig, og det er avgjerande at det blir prioritert ressursar slik at overvakinga er stabilt god over år.
Tiltak 32:
Vurdere tilpassingar av bestandsforvaltninga i randsoner
Hovudansvar: Villreinnemnd og rettshavarane
Tiltaket oppfordrar til at rettshavarane frivillig sluttar opp om gjennomføringa av tiltaket, og inneber ikkje statlege pålegg eller statleg myndigheitsutøving dersom aktørane ikkje ynskjer å gjennomføre tiltaket.
Tiltaket inneber at jaktrettshavarane vurderer jaktfrie soner i randområda, samt differensiert minsteareal og fordeling av jaktkort.
Tiltaket kan bidra til å auke villreinen sin arealbruk i randområda, og vil òg skjerme «tradisjonsberarar» i villreinbestanden som kan føre til auka bruk av randområda. Redusert jakt i områda vil òg bidra til mindre forstyrringar. Langsiktig vil auka bruk av randområda kunne ha ein positiv effekt på både opplevingsverdiar, inntekt for rettshavarar og innbetalte fellingsavgifter. Tiltaket vil samstundes gje redusert grunnlag for sal av jaktkort, og dermed mindre inntekter for grunneigarar på kort sikt.
2.4.3 Forventa effekt og konsekvensar
Tiltakspakka inneheld fleire mindre tiltak som kan bidra til å redusere forstyrringa frå jakt samla sett, og at jakta gjev ei effektiv bestandsregulering. Dei fleste tiltaka krev innføring frå lokale rettshavarar, og det må vurderast lokalt når og kor dei kan ha effekt for villreinen. Samla sett blir tiltakspakka vurdert å ha liten til middels effekt på noverande tilstandsutfordringar.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av prosessen med tiltaksplanen.
Prioritering av villreinteljingar vil kunne innebere noko meir arbeid for dei ansvarlege for teljingane, men medfører òg fordelar for bestandsforvaltninga. I enkelte tilfelle vil tiltaket kunne bety auka forstyrring av villreinen, men dette må òg sjåast i samanheng med tiltak om betre metodar for villreinteljing. Dei andre tiltaka gjeld primært jegerar som driv med villreinjakt, men òg andre former for jakt, gjennom at rettshavarar oppfordrast til å gjennomføre ulike tiltak for å redusere forstyrringar knytt til korleis jakta blir utøvd eller liknande. Tiltakspakka vil òg kunne gjelde grunneigarar og lokale næringsaktørar gjennom noko inntektsbortfall. I tillegg vil enkelte av tiltaka kunne krevje ressursar for forvaltninga ved gjennomføring, til dømes i form av betre villreinteljingar, informasjonsarbeid og å vidareutvikle digitale tenester på dette området. Tiltaket om å betre mengda av og kvaliteten på jegerrapportering kan krevje ressursar både i forvaltninga og for jegerar.
2.5 Målretta restaurering av villreinen sine leveområde
2.5.1 Innleiing
Eitt av dei fem strategiske områda i villreinmeldinga er målretta restaurering av villreinen sine leveområde, og for å forbetre tilstanden til villreinen er det behov for målretta naturrestaurering i villreinområda og i nærleiken av dei. Naturrestaurering er tiltak som bidreg til å forbetre eller gjenopprette tilstand i økosystem som er vorte forringa eller øydelagt. Det kan òg vere verknadsfullt å la naturen vere i fred slik at han reparerer seg sjølv. Eventuelle framtidige restaureringar av trekkvegar over magasina vil òg kunne bøte direkte på dei negative effektane av eksisterande arealinngrep utan at det går utover andre brukarar av området. Restaurering av trekkvegar er òg i tråd med målsettinga i villreinmeldinga om målretta restaurering av leveområda til villreinen, og er dessutan i samsvar med FNs tiår for naturrestaurering som går fram mot 2030.
Tiltakspakke 5: Målretta restaurering av villreinen sine leveområde
- Tiltak 33: Samla vurdering av nasjonale infrastrukturprosjekt for å gjenopprette trekk mellom villreinområde og forbetre tilstanden til villreinen fram mot 2050
- Tiltak 34: Overordna vurdering av behovet for restaurering av villreinen sine leveområde
- Tiltak 35: Operasjonalisering av villreinfond
2.5.2 Nærare om tiltaka
Tiltak 33:
Samla vurdering av nasjonale infrastrukturprosjekt for å gjenopprette trekk mellom villreinområde og forbetre tilstanden til villreinen fram mot 2050
Hovudansvar: Miljødirektoratet
Delansvar: Statens vegvesen
Naturrestaurering kan definerast som tiltak som bidreg til å forbetre eller gjenopprette tilstanden i økosystem som er vorte forringa eller øydelagt. Regjeringa har i Meld. St. 35 (2023–2024) mellom anna varsla at ho innan 2030 vil klargjere omfanget av landareal som er forringa eller øydelagt, og vurdere målretta og effektive naturrestaureringstiltak gjennom mellom anna arbeidet med menyar av tiltak.
Historisk har det vore utveksling av villrein både melom Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde, og mellom desse villreinområda og Hardangervidda villreinområde. Utvekslinga med Hardangervidda sikra genetisk variasjon og vinterbeite for villreinen, særleg i Setesdal Ryfylke. Det går framleis føre seg utveksling mellom områda, men denne er avgrensa og sporadisk. Villreinen hadde tidlegare større arealbruk nord for E134, men vegen er i dag ei tilnærma fullstendig barriere for villreintrekket. Påvising av skrantesjuke på Hardangervidda medfører foreløpig avgrensingar for gjennomføring av tiltak for å forbetre trekkmogelegheitene for villrein mellom Hardangervidda og Setesdalsområda. Likevel er det viktig å leggje til rette for tiltak for å forbetre mogelegheitene for utveksling ved ei eventuell framtidig friskmelding av villreinstamma på Hardangervidda.
Det er i faggrunnlaget for tiltaksplanen for Setesdal Austhei og Setesdal Ryfylke villreinområde, som for fleire av dei andre faggrunnlaga, foreslått overordna nasjonale infrastrukturtiltak knytt til nasjonale vegar for å forbetre mogelegheitene for trekk mellom villreinområda. Klima- og miljødepartementet meiner det er viktig å gjere ei samla vurdering av foreslåtte tiltak knytt til veg og annan infrastruktur, for å prioritere eventuell vidare innsats knytt til overordna infrastrukturprosjekt i villreinområda fram mot 2050. Arbeidet med bygging av tunnel på E134 over Haukeli, på strekninga mellom Røldal og Seljestad, vart sett i gang våren 2025. Prosjektet skal etter planen vere ferdigstilt i 2030 og vil bidra til å auke utvekslinga av villrein mellom Hardangervidda og Setesdal Ryfylke villreinområde.
Miljødirektoratet skal på dette grunnlaget gjere ei samla vurdering av tiltak i dei respektive faggrunnlaga i samråd med Statens vegvesen. I vurderinga skal det leggjast vekt på størst mogeleg nytte for villreinen sett opp mot kostnadene og eventuelle naturinngrep. Fram til ei slik vurdering ligg føre er det viktig at det ikkje blir etablert annan irreversibel infrastruktur i det aktuelle området, og at trekkkorridorar blir skjerma mot utbygging som kan hindre mogelegheitene for å gjenopprette gamle trekkvegar. Dette er i tråd med villreinmeldinga der det vart lagt vekt på at det skal vere høg terskel for nye inngrep i villreinområda. Frå Stortinget si handsaming av meldinga følgjer det òg at statsforvaltarane gjennom mellom anna tiltaksplanane får eit tydelegare mandat til å gripe inn mot tiltak i villreinområde for å sikre at målet om ein høg terskel for nye inngrep blir følgjd opp i praksis.
Tiltak 34:
Overordna vurdering av behovet for restaurering av villreinen sine leveområde
Hovudansvar: Miljødirektoratet
Delansvar: Statsforvaltarane
Tiltaket inneber at det blir gjort ei overordna vurdering av behovet for naturrestaurering i villreinområda. Restaurering av villreinen sine leveområde vil kunne vere eit viktig tiltak for å leggje til rette for meir utveksling av villrein mellom villreinområde, og for at villrein i større grad skal kunne røre seg fritt innanfor villreinområda. Dette krev målretta restaurering av villreinen sine leveområde, og er særleg aktuelt i tidlegare trekkområde som har gått ut av bruk på grunn av menneskeleg aktivitet. I samband med tiltaksplanarbeidet er det foreslått både konkrete prosjekt for restaurering av leveområde og trekkpassasjar, og peika på behov for ei meir overordna planlegging av naturrestaureringsarbeidet i villreinområda for å restaurere og sikre viktige funksjonsområde for villreinen. Det bør òg vurderast om spesifikke område og tiltak for restaurering bør følgjast opp gjennom regionale og kommunale planar, jf. tiltakspakke 1. Det kan òg vurderast om det skal etablerast meir heilskaplege restaureringsprosjekt for heile eller delar av villreinområdet i samarbeid med relevante aktørar som mellom anna grunneigarar og lokale og regionale myndigheiter.
Tiltak 35:
Operasjonalisering av villreinfond
Hovudansvar: Energidepartementet og Klima- og miljødepartementet
Delansvar: Norges energi- og vassdragsdirektorat (NVE) og Miljødirektoratet
Stortinget har, etter framlegg frå regjeringa, oppretta Statens villreinfond til tiltak for å forbetre tilstanden for villreinen. Dette er ei oppfølging av villreinmeldinga, som seier at energi- og vassdragsmyndigheitene i framtidige revisjonssaker vil påleggje vasskraftkonsesjonærane å bidra til finansiering av villreinfond, i tråd med ny berekningsmetode, der det ikkje finst eigna avbøtande tiltak.
Det ligg per no pålegg om å innbetale 54 millionar kroner til villreinfond frå vasskraftkonsesjonærar. Det kan i tillegg kome nye innbetalingar i komande år som følgje av nye pålegg.
Miljødirektoratet skal forvalte fondet, medan NVE har ansvaret for å krevje inn eingongsbeløpa. Miljødirektoratet skal forvalte og lyse ut tilskotsmidlane.
For samanhengens skuld, kan det og nemnast at det òg følgjer av villreinmeldinga at regjeringa vil greie ut om og korleis villreinfondet òg kan gjerast på tvers av sektorar og i tråd med miljøpåverkar-betaler-prinsippet i naturmangfaldlova § 11, i samband med tyngre tekniske inngrep som vil påverke areal som blir brukt av villrein. Klima- og miljødepartementet vil følgje opp dette gjennom oppfølginga av villreinmeldinga i samarbeid med involverte departement.
2.5.3 Forventa effekt og konsekvensar
Effekten for villrein av tiltaka knytt til vurdering av overordna nasjonale infrastrukturprosjekt for å gjenopprette trekk mellom villreinområde og vurdering av restaurering av villreinen sine leveområde, avheng av om vurderingane resulterer i restaureringsprosjekt, og i so fall kva for prosjekt. Potensielt kan restaureringstiltak ha store positive effektar for villreinen på lengre sikt. Eventuelle framtidige tiltak for å gjenopprette trekk mellom villreinområde vil ha stor effekt på eksisterande tilstandsutfordringar, og kan dempe framtidige negative påverknadsfaktorar. Samstundes er det betydeleg usikkerheit knytt til om aktuelle infrastrukturprosjekt for veg og annan infrastruktur vil bli gjennomførte, og eventuelle tiltak ligg uansett mange år fram i tid. Dersom villreinomsyn blir vektlagt i oppfølginga av tiltaka, vurderer departementet at tiltakspakka har middels til stor effekt.
Klima- og miljødepartementet har vurdert dei administrative og økonomiske konsekvensane av tiltakspakka på bakgrunn av det som går fram av faggrunnlaget, samt det som har kome fram i løpet av prosessen med tiltaksplanen.
Tiltaka knytt til vurdering av restaurering av villreinen sine leveområde og vurdering av nasjonale infrastrukturprosjekt, blir i seg sjølve vurdert til ikkje å få direkte konsekvensar for aktørane. Tiltaka vil ha administrative konsekvensar for miljømyndigheitene og aktuelle sektormyndigheiter knytte til utgreiingsarbeid. Tiltaket om operasjonalisering av villreinfond vil innebere at midlar som vasskraft-konsesjonærar i samband med revisjon av konsesjonsvilkår allereie har vorte eller vil bli pålagt å bidra med inn i fondet, kan nyttast til gjennomføring av tiltak som betrar levevilkåra for villreinen. Dette gjeld hovudsakleg for villreinbestanden som er påverka av vasskraftutbygginga, inkludert tiltak som ikkje har direkte tilknyting til kraftutbygginga. Tiltaket vil ikkje krevje vesentleg auka bruk av administrative ressursar for departementa.
Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no