1 Innleiing
1.1 Bakgrunn
Tilstanden og utviklinga for villreinen (Rangifertarandus) i Noreg er dårleg. Som heim for over 90 % av den ville fjellreinen i Europa har Noreg eit særskilt ansvar for å bevare arten og leveområda til arten. Trass i mange tiltak over fleire tiår, som verneområde og regionale villreinplanar, er utviklinga framleis negativ. For å snu utviklinga må påverknadsfaktorane avgrensast og nye tiltak setjast i verk, sjølv om dette kan råke andre samfunnsinteresser.
Villreinmeldinga1 legg dei overordna føringane for korleis tilstanden for villreinen i Noreg skal forbetrast. Det følgjer av meldinga at tiltaksplanar etter kvalitetsnorma for villrein vil vere regjeringa sitt viktigaste enkelttiltak for å snu den negative utviklinga og forbetre tilstanden i villreinområda.
Bakgrunnen for tiltaksplanen er Kvalitetsnorm for villrein (Rangifertarandus) frå 20202, og klassifiseringa av dei nasjonale villreinområda frå 20223. Klassifiseringa frå 2022 viser at villreinen har betydelege utfordringar i dei fleste av villreinområda. Av dei nasjonale villreinområda har ingen område god kvalitet, fire område middels kvalitet (Forollhogna, Reinheimen-Breheimen, Setesdal Austhei og Sølnkletten) og seks område dårleg kvalitet (Hardangervidda, Knutshø, Nordfjella, Rondane, Setesdal Ryfylke og Snøhetta).
Dersom ein kvalitet som er fastsett i ei kvalitetsnorm etter naturmangfoldlova ikkje blir oppnådd, eller det er risiko for at han ikkje blir det, følgjer det av naturmangfoldlova § 13 tredje ledd at myndigheitene bør lage ein plan for korleis målet likevel kan bli nådd.
Denne tiltaksplanen gjeld to villreinområde; Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei.
Tiltaksplanen er resultatet av ein langvarig og brei prosess med bakgrunn i faggrunnlag utarbeidd av lokale prosjekt leia av statsforvaltaren. Klima- og miljødepartementet har deretter, både i forkant av og gjennom allmenn høyring, gjennomført ei brei involvering av lokalsamfunn, kommunar og organisasjonar, og fått verdifulle innspel til arbeidet med tiltaksplanen. Tiltaksplanen for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde har som mål å bidra til å styrkje levekåra til villreinen ved å balansere den samla aktiviteten i villreinområda opp mot målet om ein robust villreinbestand. Det er samstundes nødvendig å ta omsyn til og leggje til rette for fortsatt landbruksverksemd.
1.2 Om Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde
1.2.1 Setesdal Ryfylke villreinområde
Setesdal Ryfylke villreinområde er om lag 7 900 km2 stort. Området omfattar areal i kommunane Bygland, Bykle, Gjesdal, Hjelmeland, Hægebostad, Kvinesdal, Sandnes, Sirdal, Suldal, Ullensvang, Valle, Vinje og Åseral i Agder, Rogaland, Telemark og Vestland fylker.
Villreinområdet er det mest sørvestlege i Noreg, og det nest største villreinområdet i landet. Villreinområdet er omtala som eit villreinområde med rike sumarbeiter, men marginale vinterbeiter. Området har eit fuktig og oseanisk klima. Det kan vere store mengder snø i området. Tidlegare hadde Setesdal Ryfylke naturleg kontakt med både Hardangervidda villreinområde og Setesdal Austhei villreinområde. Europaveg E134 over Haukelifjell, rv. 9 gjennom Setesdal og større hyttefelt med tilhøyrande ferdsel, medfører i dag at trekkmogelegheitene for villreinen mellom desse områda i dag er sterkt redusert.
Setesdal Ryfylke villreinområde vart i kvalitetsnorma klassifisert til dårleg kvalitet. Klassifiseringa kom som ei følgje av at både delnorm 1 om bestandsforhald og delnorm 3 om leveområde og menneskeleg påverknad, vart sett til dårleg kvalitet. Delnorm 2 om lavbeiter vart sett til middels kvalitet.
1.2.2 Setesdal Austhei villreinområde
Setesdal Austhei villreinområde er om lag 2 500 km2 stort. Området omfattar areal i kommunane Bygland, Bykle, Fyresdal, Tokke, Valle, Vinje og Åmli i Agder og Telemark fylker.
Villreinområdet har eit tørrare innlandsklima enn Setesdal Ryfylke villreinområde. Området har eit varierande landskap, med fjellvidder i nord og skogsområde med enkelte toppar som stikk over skoggrensa i sør. Fv. 450 går gjennom området, mellom Valle og Tokke kommunar. Den største delen av bestanden i villreinområdet har vinterbeite i dei nordlege delane av området, og kalvingsområde og sumarbeite ligg i dei sørlege delane av området.
Setesdal Austhei villreinområde vart i kvalitetsnorma klassifisert til middels kvalitet. Klassifiseringa kom som ei følgje av at alle tre delnormer, delnorm 1 om bestandsforhald, delnorm 2 om lavbeiter og delnorm 3 om leveområde og menneskeleg påverknad, vart sett til middels kvalitet.
Figur 1.1 Oversiktskart over Setesdal Ryfylke villreinområde (vest) og Setesdal Austhei villreinområde (aust)
1.3 Målsetjingar
Kvalitetsmålet etter kvalitetsnorma er at minimum middels kvalitet blir oppretthalden eller nådd snarast mogeleg, og på lengre sikt er det òg eit mål at dei nasjonale villreinområda skal ha god kvalitet. Målsetjingane i villreinmeldinga, som eit samla Storting har slutta seg til, er:
- å stoppe den negative utviklinga i alle villreinområda innan 2030
- å oppnå minimum middels kvalitet for alle villreinområda innan 2050
- å oppnå god kvalitet for alle nasjonale villreinområde innan 2100
Det overordna målet med tiltaksplanen for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei er å heve alle måleparametrane til ein god tilstand, so raskt som mogeleg. I Setesdal Ryfylke villreinområde er det, i lys av dei måleparametrane som vart klassifisert til dårleg kvalitet gjennom kvalitetsnorma, utfordringar med kjønnsbalansen og funksjonelle trekkpassasjar. I Setesdal Austhei er kvaliteten klassifisert til middels kvalitet. Det vil seie at ingen av delnormene etter kvalitetsnorma er klassifisert som dårleg. Samstundes blir det trekt fram i faggrunnlaget at hovudutfordringane i dette villreinområdet er knytte til villreinen sine trekk- og vandringsmogelegheiter, og til fragmentering av leveområda. For både Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei er det viktig å forvalte villreinen og villreinområdet på ein slik måte at parametrane som vart klassifisert til middels tilstand i kvalitetsnorma ikkje blir dårlegare i framtida, samstundes som det blir gjort tiltak for å heve desse til ein god tilstand.
Målet med tiltakspakkene er at Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei skal ha ein villreinbestand som er livskraftig, og som har nok tilgjengelege areal til å tole ytre påverknader som sjukdom, predasjon og kommande klimaendringar. Det vil krevje tiltak for å hindre ytterlegare fragmentering av leveområda og for å forbetre trekkpassasjane. Lokale kulturtradisjonar skal bli tatt vare på gjennom å ha ein sunn villreinbestand av ein slik storleik at han toler årleg jaktuttak. Intensjonen er å leggje til rette for at villreinen kan ha ei framtid i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei ved å balansere den samla aktiviteten og belastninga.
Måleparametrane som låg til grunn for at Setesdal Ryfylke villreinområde vart klassifisert til dårleg kvalitet:
- Andel eldre bukk per vaksen simle
- Funksjonelle trekkpassasjar: Trekkpassasjane er forringa, slik at villreinen sitt leveområde er fragmentert.
Måleparametrane som låg til grunn for at Setesdal Austhei villreinområde vart klassifisert til middels kvalitet:
- Slaktevekter på kalv
- Lavbeiter
- Funksjonell arealutnytting: Infrastruktur og menneskeleg aktivitet fører til at reinen vik unda område han elles ville ha nytta.
- Funksjonelle trekkpassasjar: Trekkpassasjane er forringa, slik at villreinen sitt leveområde er fragmentert. Særleg er trekket ved Bjørnevatn vurdert som særleg sårbart.
1.4 Format og status
Tiltaka i tiltaksplanen er ikkje juridisk bindande. Ingen av tiltaka som oppfordrar kommunar, fylkeskommunar, private aktørar eller andre organisasjonar til å gjennomføre tiltak, er pålegg frå staten si side. Kommunar, fylkeskommunar, private aktørar og andre organisasjonar kan søkje om tilskot til statleg medfinansiering. Utover tiltak som statlege myndigheiter sjølve er ansvarlege for å gjennomføre, er tiltaka hovudsakleg oppfordringar til aktørane om bruk av verkemiddel dei rår over sjølve.
Tiltaksplanen er ikkje eit verkemiddel for handteringa av skrantesjuke, men er utforma slik at han er foreinleg med den nasjonale oppfølginga av sjukdommen og understøttar målet om levedyktige villreinbestandar.
Tiltaksplanen gjev ei oversikt over tiltak som ein skal søkje å få gjennomført innanfor villreinområdet. Oppfølginga av ei rekkje enkelttiltak i tiltaksplanen vil skje gjennom andre prosessar, til dømes gjennom at tiltak blir vedtatt, avtala eller på andre måtar gjennomført i samsvar med eit sjølvstendig rettsgrunnlag eller gjennom frivillig tilslutning. Formålet med tiltaksplanen er å samle dei konkrete tiltaka som er, kan eller skal bli vedtatt eller gjennomført i ein felles plan, som alle aktuelle aktørar kan bruke som eit referansepunkt for arbeidet med å forbetre tilstanden for villreinen i villreinområda. Sektormyndigheitene som er råka skal involverast i prosessar knytt til oppfølginga av tiltaka i planen.
Gjennom høyringa har kommunane, fylkeskommunane og private aktørar som frivillige organisasjonar, grunneigarar og vegeigarar gjeve si tilslutning til gjennomføringa av ei rekkje av dei konkrete tiltaka. Andre tiltak oppfordrar kommunane til å gjennomføre tiltak på sine ansvarsområde, til dømes gjennom planvask eller tilpassing og reduksjon av motorferdsel.
Ein del tiltak må i tillegg følgjast opp gjennom ordinære prosessar etter sektorregelverk, til dømes gjennom prosessar etter energi- og vassdragslovgjevinga, plan- og bygningslova eller for å fastsetje lokale forskrifter etter friluftslova.
Enkelte av tiltaka er allereie sett i gang eller i prosess, nokre tiltak kan gjennomførast innanfor dagens lovverk og med avgrensa økonomiske kostnadar, medan andre tiltak krev regelverksendring, enkeltvedtak, ytterlegare prosess, utgreiing, detaljering og/eller planlegging før dei kan gjennomførast.