Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Val av formannskap/fylkesutval, kommuneråd/fylkesråd, ordførar/fylkesordførar, varaordførar, faste utval m.m.

H-4/11

Kommunar og fylkeskommunar skal i haust velje ei rekkje organ. Formannskap, fylkesutval, ordførar, fylkesordførar og varaordførar skal veljast i kommunestyret/fylkestinget sitt konstituerande møte innan utgangen av oktober månad. Val av eventuelt kommuneråd/fylkesråd skal óg finne stad i det konstituerande møtet ved vidareføring av parlamentarisk styringsform. Vedtak om innføring av parlamentarisme kan tidlegast bli fatta på det nyvalde kommunestyret eller fylkestinget sitt konstituerande møte, jf. kommunelova § 18 nr. 2. Val av faste utval og andre folkevalde organ bør i fylgje lova § 17 óg haldast  i det konstituerande møtet. Det er imidlertid ikkje noko absolutt krav at så skjer.

Departementet vil i dette rundskrivet orientere om dei lovreglane som gjeld for desse vala. Val av formannskap og fylkesutval og reglane om framgangsmåten ved valet blir omtala i kapittel 1. I kapittel 2 blir reglane for val av (eventuelt) kommuneråd og fylkesråd omtala. Kapittel 3 tar for seg val av ordførar eller fylkesordførar og varaordførar. Kapittel 4 omtalar reglane for val av andre folkevalde organ. Vi minner om at faste utval må veljast av kommunestyret/fylkestinget sjølv, jf. kommunelova § 10 nr. 3. Det vil seie at denne mynda ikkje kan delegerast til formannskapet/fylkesutvalet. Kapittel 5 gjeld val av komitear på kommunalt og fylkeskommunalt nivå. I kapittel 6 vert dei nye reglane i kommunelova § 80 a om val av styre for kommunale og fylkeskommunale aksjeselskap omtalde. Kapittel 7 omhandler spørsmålet om kva for verknader det får når eit vedtak er gjort av eit organ som ikkje er samansett i samsvar med reglane om kjønnskvotering i kommunelova. Kapittel 8 innheld ei orientering om endringar i kommunelova som gjeld møteoffentlegheit. Dei nye reglane trådde i kraft 1. juli i år. Kapittel 9 omhandlar nye føresegner om inhabilitet, som vil tre i kraft 1. november i år.

Val skal haldast som forholdstalsval dersom ein medlem av kommunestyret/fylkestinget krev det, og elles som avtaleval, jf. kommunelova § 8 nr. 2 og § 35 nr. 4. Dei nærare reglane om gjennomføringa av vala finn ein i kommunelova §§ 36 – 37 og § 38a. 
 
Som vedlegg 1 i rundskrivet er det tatt inn kopi av dei føresegnene i kommunelova som gjeld val av folkevalde organ, saman med nye føresegner om møteoffentlegheit.  Vi har óg tatt inn dei nye føresegnene om inhabilitet i forvaltningslova § 6.  I vedlegg 2 er det tatt inn døme på valoppgjer ved forholdstalsval.


Med helsing


Sølve Monica Steffensen (e.f.)
avdelingsdirektør
                                                                                                   Steinar Dalbakk
                                                                                                   rådgjevar