Ved innleige er arbeidstakaren tilsett i utleigeverksemda, medan sjølve arbeidet blir utført under leiing av innleigeverksemda. Samanlikna med vanlege arbeidsforhold inneber innleige difor eit trepartsforhold.

I arbeidsmiljølova blir det skilt mellom innleige frå verksemd som har til føremål å drive utleige (bemanningsføretak) og verksemd som ikkje har som føremål å drive utleige (produksjonsbedrift). Det er ulike reglar som gjeld avhengig av om innleige skjer frå eit bemanningsføretak eller ein produksjonsbedrift.

Rettleiar om reglane for innleie av arbeidskraft

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har laga ein rettleiar om reglane for innleie av arbeidskraft i Noreg, som gir oversikt over regelverket og rettleiing om korleis dette skal forståast. Rettleiar er meint for verksemder, arbeidstakarar, tillitsvalde, tilsynsmyndigheiter og andre som i ulike samanhengar må forhalde seg til regelverket.