Regjeringa sin gransking av utanlandsadopsjonar
Barne- og familiedepartementet har teke fleire grep etter opplysningar som har komme fram i andre land og opplysningar i media om svært alvorlege forhold i utanlandsadopsjonar frå enkeltland til Noreg.
Barne- og familiedepartementet har teke fleire grep etter opplysningar som har komme fram i andre land og opplysningar i media om svært alvorlege forhold i utanlandsadopsjonar frå enkeltland til Noreg.
Barne- og familiedepartementet fekk overlevert ein delrapport frå granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar.
Les meir:
Barne- og familiedepartementet stadfester Bufdirs vedtak om avslag på søknad om ny formidlingstillatelse til Thailand.
.Barne- og familiedepartementet stadfester Bufdirs vedtak om avslag på søknad om ny formidlingstillatelse til Filippinene
Barne- og familiedepartementet stadfester Bufdirs vedtak om tilbaketrekking av formidlingstillatelse til Madagaskar
Barne- og familiedepartementet omgjør Bufdirs vedtak om avslag på søknad om ny formidlingstillatelse til Taiwan.
Regjeringa skjerpar kontrollen med adopsjonar til Noreg ved å innføre risikoreduserande tiltak. Mellom anna vil ansvaret for å kontrollere dokumenta i kvar enkelt adopsjonssak bli flytta frå adopsjonsorganisasjonane til Bufdir i 2025. Departementet vil ikkje stanse utanlandsadopsjonar mellombels medan granskinga går føre seg, slik Bufdir føreslo i januar 2024.
Les meir:
Bufdir stansar adopsjonar frå Peru, Sør-Afrika, Tsjekkia og Ungarn fordi direktoratet vurderer at det ikkje er godtgjort at internasjonale adopsjonar fullt ut gjennomførast i samsvar med internasjonale prinsipp for adopsjon. Løyvet til Colombia blir vidareført, samt eit avgrensa løyve til Bulgaria for å sluttføre ei sak. Alle vedtaka blir klaga inn til departementet.
Les meir:
Bufdir leverer ei oppdatert tilråding til Barne- og familiedepartementet. Dei oppheld tilrådinga om mellombels stans i adopsjonar frå utlandet.
Les meir:
Lova blei einstemmig vedteke av Stortinget, og skal sikre at granskingsutvalet får tilgang til nødvendige opplysningar for å få utført arbeidet sitt i tråd med mandatet.
Les meir på Lovdata:
Departementet sende saka tilbake og bad Bufdir om å opplyse saka betre, slik at departementet kunne ta stilling til tilrådinga og gjere ei forsvarleg vurdering.
Les meir:
Barne- og familiedirektoratet tilrår på eige initiativ ein generell mellombels stans i alle utanlandsadopsjonar medan granskinga går føre seg. Tilrådinga vert send Barne- og familiedepartementet.
Les meir:
Utvalet som skal greie ut om norske styresmakter har hatt god nok kontroll med utanlandsadopsjonar og avdekkje om, og i kva grad, det har skjedd ulovlegheiter ved adopsjonar til Noreg har no sett i gang med arbeidet sitt.
Les meir:
Bufdir gjorde hausten 2023 ei fornya vurdering av fire formidlingsløyve, som gjekk ut 31. desember 2023. Formidlingsløyvet til Madagaskar vart trekt tilbake i november 2023. 9. november 2023 bad Barne- og familiedepartementet om at direktoratet òg skulle gjere ei fornya vurdering av dei resterande seks formidlingsløyva, for å få oppdatert informasjon om rettstryggleiken ved alle dagens samarbeid.
Barne- og familiedepartementet utnemnte eit eksternt utval som skal granska utanlandsadopsjonar. Professor Camilla Bernt ved Universitetet i Bergen skal leia arbeidet. Utvalet skal granska adopsjonar på systemnivå og undersøkja eit utval enkeltsaker. Dei skal beskriva systema for kontroll og tilsyn med utanlandsadopsjonar, og vurdera korleis norske styresmakter har handtert varsel og informasjon om forhold i opphavslanda. Utvalet skal også sjå på pengeoverføringar i samband med adopsjonar, og vurdera endringar i regelverk og praksis etter ratifiseringa av Haagkonvensjonen 1993. Utvalet skal levere ein delrapport mellombels, og ein endeleg NOU i desember 2025.
Les meir:
Regjeringa har vedteke å gjere ein gjennomgang av systemet for utanlandsadopsjonar. Målet er å avdekke moglege ulovlegheiter i praksisen, ta lærdom av eventuelle svakheiter ved systemet og å sikre at utanlandsadopsjonar i framtida er trygge og til barns beste. I januar 2023 blir det bestemt at granskinga i staden skal bli gjennomført av eit eksternt utval, for å sikre tillit og legitimitet.
Les meir: