Skal gjennomgå norske utanlandsadopsjonar

- Målet er å avdekke moglege ulovlegheiter i praksisen, ta lærdom av eventuelle svakheiter ved systemet og å sikre at utanlandsadopsjonar i framtida er trygge og til barns beste, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Regjeringa har vedtatt å gjere ein gjennomgang av systemet for utanlandsadopsjonar. Gjennomgangen skal etter planen starte opp i 2023 og har ei tidsramme på inntil halvanna år. Den skal skje i regi av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

- Ein gjennomgang vil kunne avdekke om historiske utanlandsadopsjonar til Noreg har skjedd på ein forsvarleg måte. Andre land har avdekka ulovlegheiter når dei har gjennomgått adopsjonssystemet sitt, og det må vi ta på alvor. Derfor vil vi gjere denne gjennomgangen no, seier Toppe.

Bufdir skal i første omgang gjennomgå praksis og prosedyrar ved alle trinna i adopsjonsprosessen i utanlandsadopsjonar til Noreg, frå ulike opphavsland. Gjennomgangen skal bygge på undersøkingar som andre europeiske land allereie har gjort. Gjennom den undersøkinga som no blir sett i gang, vil ein også kunne sjå om Noreg har samarbeidd med same aktørar som det er funne ulovlegheiter ved i andre lands rapporter.

- Det er på høg tid å sikre ein gjennomgang av systemet for historiske utanlandsadopsjonar til Noreg. Dersom den gir klare haldepunkt for at noko ulovleg har skjedd i adopsjonar til Noreg, vil eg vurdere behovet for ytterlegare undersøkingar, seier Kjersti Toppe.

Statsråden viser også til at mykje har endra seg i det norske adopsjonssystemet. Nye lover, barnekonvensjonen og Haagkonvensjonen frå 1993 har styrka rettstryggleiken ved utanlandsadopsjonar. Etter Haagkonvensjonen gjeld subsidaritetsprinsippet – at adopsjon for det einskilde barn først skal søkast i heimlandet.

  • Konvensjonen blei etablert av fleire land i 1993. Konvensjonen trådde i kraft i Norge i 1998.
  • Konvensjonen har 105 tilslutningar, og er dermed den konvensjon i Haagkonferansen som flest statar har slutta seg til.
  • Haagkonvensjonen 1993 bestemmer at ein adopsjon berre kan finne stad dersom opphavstaten har slått fast at barnet kan adopterast (bl.a. forsikra seg om at nødvendig og frivillig samtykke er gitt), og først etter å ha undersøkt moglegheitene for å finne ein heim til barnet i opphavsstaten samt finn at barnet er best tent med ein internasjonal adopsjon (subsidaritetsprinsippet).
  • Haagkonvensjonen pålegg statane som sluttar seg til, å etablere ei sentralmyndigheit. Sentralmyndigheitene (Bufdir i Norge) har en nøkkelrolle i det internasjonale samarbeidet om adopsjon etter konvensjonen.
  • Haagkonferansen har i mange år arbeidd mot ulovlege adopsjonar.
  • Barnekonvensjonen artikkel 21 stiller krav til ein adopsjon og bestemmer mellom anna at barnets beste skal være det overordna omsynet.
  • Norge har berre samarbeidd med to land som ikkje er tilslutta konvensjonen; Sør-Korea og Taiwan. Norge kan ha eit slikt samarbeid så lenge landet har eit adopsjonssystem i samsvar med konvensjonens formål og prinsipp.
  • Norge har (etter 1998) avslutta adopsjonssamarbeid med enkelte opphavsland med den grunngiving at landet ikkje har ratifisert/tilrådt eller ikkje har overhaldt forpliktingar etter Haagkonvensjonen 1993.

  • Adopsjon til Noreg er strengt regulert. Bufdir har ansvar for kontroll og tilsyn med lov og praksis på feltet.
  • Bufdir undersøker prosedyrane i det enkelte land før det blir gitt løyve til samarbeid med eit land. Dette skal bidra til at internasjonale adopsjonar blir gjennomført på ein forsvarleg og trygg måte.
  • Adopterte som er bekymra for at noko ulovleg kan ha skjedd i deira adopsjonssak, kan ta kontakt med Bufdir. Bufdir opplyser om dette på sine heimesider.
  • Før det kan formidlast adopsjon frå eit land, undersøker Bufdir at landet har tilfredsstillande lovgiving og adopsjonssystem. Bufdir gjennomfører òg tilsynsreiser til samarbeidsland.
  • Mykje av prosessen i utanlandsadopsjonar skjer i opphavslanda.
  • Bufdir har kompetanse og kontaktar i opphavslanda og land som allereie har gjennomført undersøkingar.
  • Barn adoptert gjennom dei norske adopsjonsorganisasjonane (tabell):

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

-

2019

2020 

2021

706

582

448

426

304

347

343

304

240

144 

-

91

41

62