Adopsjon

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

Løyve til adopsjon må berre bli gitt når det er til det beste for barnet. Grunnvilkåret om barnets beste gjeld ved alle former for adopsjon.

Regionane i Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) behandlar søknadar om adopsjon. Dette gjeld søknadar om adopsjon av barn her i landet (innanlandsadopsjon) og søknadar om førehandsløyve til adopsjon av barn frå utlandet (utanlandsadopsjon). Informasjon om adopsjon finn du på heimesidene til Bufetat og førespurnader om adopsjon kan du rette dit. 

Vi har i dag tre adopsjonsorganisasjonar i Noreg:

  • Adopsjonsforum
  • Verdens barn
  • InorAdopt.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er klageinstans i adopsjonssaker. Direktoratet er også sentralstyresmakt etter Haagkonvensjonen 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar.

Gjennom lov av 25. april 2014 om endringer i adopsjonslova (jf Prop. 171 L (2012-2013) Endringer i adopsjonsloven mv) er det vedtatt endringar i adopsjonslova. 

Lov om adopsjon (adopsjonsloven) og lovens forskrifter - Lovdata