Fyrste møte i granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar

Utvalet som skal greie ut om norske styresmakter har hatt god nok kontroll med utanlandsadopsjonar og avdekke om, og i kva grad, det har skjedd ulovlegheiter ved adopsjonar til Noreg har no sett i gang med arbeidet sitt.

Redigert av utvalgsleder og statsråd.jpg

– Hovudprioriteten til styresmaktene er at adopsjonar skal vere sikre og trygge. Det har kome fram opplysningar i andre land om ulovlegheiter i internasjonale adopsjonar, og opplysningar om alvorlege tilhøve i enkelte utanlandsadopsjonar til Noreg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Utvalet skal granske adopsjonar på systemnivå. For å belyse systemet skal dei mellom anna sjå på eit utval einskilde saker. Dei skal skildre kva system som har eksistert for kontroll og tilsyn med utanlandsadopsjonar, og vurdere korleis norske styresmakter har handtert situasjonar der dei har fått varsel eller kunnskap om omstende i opphavslanda med behov for oppfølging.

– Granskinga blir omfattande og skal omhandle alle land som Noreg har hatt adopsjonssamarbeid med. Målet er å greie ut om systemet for adopsjonar til Noreg har vore forsvarleg. Dette inkluderer spørsmål om regelverk og praksis. Utvalet skal sjå på om omsynet til rettstryggleik og menneskerettslege forpliktingar, irekna barnets beste, har vore ivaretatt. Utvalet skal kome med tilrådingar om adopsjonssystemet i framtida, seier Toppe.

Utvalet har ein frist på å levere utgreiinga innan to år etter oppstart. Utvalet skal levere ein eller fleire delrapportar om tilhøva i enkeltland eller andre tema som er eigna.

Vi har fått på plass eit godt samansett utval med fem svært kompetente personar. Dei har ein god kombinasjon av fagkompetanse og erfaring for å løyse den viktige oppgåva med å granske internasjonale adopsjonar. Det vil òg bli sett ned ei referansegruppe, seier Toppe.

Om utvalet

Utvalet skal leiast av professor Camilla Bernt, frå Det juridiske fakultet ved Universitet i Bergen. 

Utvalet har elles desse medlemane:

  • Torunn Elise Kvisberg, lagdommar, Lillehammer
  • Rudolf Christoffersen, statsadvokat, Bergen/Haag
  • Anne Balke Staver, forskar ved NIBR, OsloMet – storbyuniversitetet, Oslo
  • Ketil Eide, professor i sosiologi ved Universitetet i Sørøst-Norge, Porsgrunn

Ein kan følgje arbeidet til utvalet på nettsida www.utenlandsadopsjonsutvalget.no.

Nye tiltak for adopterte og familiane deira

Regjeringa har prioritert etteradopsjonstiltak høgt. For å hjelpe og støtte adopterte og familiane deira har følgjande tiltak blitt gjord:

  • Bufdir har oppretta ei kompetanseteneste for adopterte og familiane deira. Tenesta gir individuell rettleiing til adopterte og familiane deira om tenestetilbodet etter adopsjon, samt informasjon og fagstøtte om adopsjonsspesifikke problemstillingar til bruk for aktuelle tenester
  • Bufetat region øst har drifta ei ny teneste for bistand til søk etter biologisk opphav sidan 1. september.
  • Familiar som har adoptert skal frå 2024 få tilbod om kurs, der rasisme og utanforskap er blant temaa som skal inkluderast. Målet er å gi god foreldrestøtte og rettleiing om tenestetilbodet, samt gi moglegheit for å danne nettverk. Bufdir skal vurdere om eit tilbod til adopterte barn og ungdomar bør inngå her.
  • Bufdir har utvikla ei teneste for gratis samtalestøtte til adopterte. Denne tenesta vil etter planen vere operativ frå januar 2024.
  • Når samtalestøtte og kurs kjem på plass, vil kompetansetenesta ha meir spissa tilbod til adopterte og familiane deira.

Kontakt:

Dersom du har informasjon som du meiner er interessant for utvalet, kan du ta kontakt med dei. Du finn kontaktinformasjonen deira på utvalet si nettside.

Utvalet skal ikkje granske konkrete einskilde saker. Viss du er adoptert frå utlandet og har spørsmål om adopsjonssaka di, kan du kontakte Bufdir. Du finn informasjon om dette på nettsidene til Bufdir.