Departementet sitt svar på tilråding frå Bufdir om ein stans av utanlandsadopsjonar

Barne- og familiedepartementet har motteke Bufdir si tilråding om ein mellombels stans av utanlandsadopsjonar. Departementet har sendt saka tilbake og bede Bufdir om å opplyse saka betre, slik at departementet kan ta stilling til tilrådinga og gjere ei forsvarleg vurdering.

Ein mellombels stans i alle utanlandsadopsjonar vil vere inngripande. Det er derfor viktig at det blir gjort ei grundig vurdering av heimelsgrunnlaget for ein eventuell stans, alternative tiltak og kva slags konsekvensar ein stans vil ha. Utgreiingsinstruksen stiller klare krav til utgreiing av tiltak som dette.

Departementet meiner Bufdir mellom anna må sjå nærare på om ein midlertidig stans er eit nødvendig og forholdsmessig tiltak, eller om ein auka kontroll på feltet kan redusere risikoen tilstrekkeleg.

Departementet har bede Bufdir kome tilbake til departementet så snart som mogleg. Departementet har òg bede Bufdir sørge for tilstrekkeleg rettleiing til søkarar og særskilt oppfølging av tildelingar til Noreg inntil avgjerd i saka er tatt.

Hovudprioriteten til styresmaktene er at adopsjonar skal vere sikre og trygge, og i tråd med Haagkonvensjonen 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar.

Regjeringa har satt ned ei gransking for å greie ut om norske styresmakter har hatt god nok kontroll med utanlandsadopsjonar og avdekke om og i kva grad det har skjedd ulovlegheiter ved adopsjonar til Noreg.

Utvalet skal i hovudsak sjå på det norske adopsjonssystemet i eit historisk perspektiv. Utvalet skal etter mandatet også sjå på behovet for fremoverretta tiltak, og kome med tilrådingar om systemet for adopsjon i framtida.

Departementet har òg bede Bufdir om å gjere ein gjennomgang av dei konkrete formidlingsløyva til alle land Noreg samarbeider med i dag. Frist er 1. mai 2024.

Les heile svaret frå Barne- og familiedepartementet til Bufdir her.