Næringsmiddelhygiene
Artikkel | Sist oppdatert: 09.02.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Næringsmiddelhygiene vil seie tiltak og vilkår i matproduksjonskjeda for at maten skal vere trygg når han blir eten.
Næringsmiddelhygiene er i regelverket (mattilsynet.no) definert som dei tiltaka og vilkåra som er nødvendige for å kontrollere farar og sikre at eit næringsmiddel er eigna til konsum. Kort sagt – tiltak og vilkår i matproduksjonskjeda for at maten skal vere trygg og eigna når han blir inntatt.
Tiltak med størst effekt
Moderne næringsmiddelhygiene legg vekt på at tiltaka blir sette inn på dei stadene i matproduksjonskjeda der ulike farar kan finnast, og der tiltaka har størst effekt.
Hovudansvaret for næringsmiddeltryggleik ligg hos driftsansvarleg for verksemdene. Alle verksemder i heile matproduksjonskjeda har derfor plikt til å sette i verk nødvendige tiltak for å sikre næringsmiddeltryggleiken og følge reglane om næringsmiddelhygiene.
Dette gjeld for alle, enten dei er:
- primærprodusentar, som bønder og fiskarar
- foredlarar, som slakteri og meieri
- importørar
- distributørar, som grossistar og transportørar
- utsalsstader, som butikkar og kioskar
- serveringsstader, som restaurantar og kantiner
Regelverket om næringsmiddelhygiene omfattar ei rekke krav til lokale der det finst næringsmiddel, og til utstyret som blir brukt.
Krav til driftsrutinar
Vidare fastset regelverket krav til driftsrutinar som:
- kjøling
- varmebehandling
- innpakking
- reinhald
- personleg hygiene
- vassforsyning
- avfallshandtering
Kravet til opplæring er også viktig for å sikre at dei som arbeider med mat, har kunnskap om næringsmiddelhygiene som står i forhold til oppgåvene.
Dei enkelte verksemdene si etterleving av regelverket skal til saman sikre at maten er trygg og eigna når vi skal innta han. Mattilsynet fører tilsyn med at lover og reglar i samband med produksjon og omsetnad av matvarer blir overhaldne.