Intensjonsavtale for eit sunnare kosthald
Artikkel | Sist oppdatert: 30.01.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Matvarebransjen (næringsorganisasjonar, mat- og drikkeprodusentar, daglegvarehandelen og serveringsbransjen) og Helse- og omsorgsdepartementet har sidan 2016 hatt ein intensjonsavtale for eit sunnare kosthald. Hensikta med avtalen er at aktørane skal samarbeide om å gjere det enklare for forbrukarane å velje sunt.
Sunnare mat i kjøleskapa og kjøkkenskapa til folk flest, og eit sunnare mattilbod i kioskar, bensinstasjonar, kantinar og andre serveringsstader vil bidra til dette.
I underkant av 100 aktørar har signert avtalen om sunnare kosthald og forplikta seg til å nå måla.
Samarbeid på tvers av sektorar
Intensjonsavtalen er eit viktig verkemiddel for å få til eit meir effektivt samarbeid på tvers av sektorar. Norsk kosthald inneheld for mykje tilsett sukker, salt og metta feitt.
Dessutan et vi for lite grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk. Usunt kosthald fører til sjukdomar, helseplager og tapte leveår. I avtalane forpliktar partane seg derfor til å arbeide mot felles talfesta mål:
- Innhald av tilsett sukker i kosten er redusert til 10 energiprosent innan 2025.
- Innhald av metta feitt i kosten er redusert til 13 energiprosent innan 2025.
- Det gjennomsnittlege inntaket av salt per person er redusert til 7 gram per dag innan 2025.
- Inntaket av sunne matvarer som grønsaker, frukt og bær, grove kornvarer og sjømat er auka med 20 prosent innan 2025 samanlikna med inntaket i 2015.
- Talet på nøkkelhullsmerkte produkt målt i verdi er auka til 21 prosent innan utgangen av 2025.
Avtalen utløp 31.12.2025, men er nå til revidering.
Lett å ta sunne val
Bedriftene skal gjere det lettare for forbrukarane å ta sunnare val gjennom innovasjon, reformulering, porsjons- og pakningsstorleikar, fremming av sunnare alternativ og utvikling av nye produkt.
Helsedirektoratet har ansvar for å informere om samanhengen mellom kosthald og helse og kostråda. Helsedirektoratet har også sekretariatsansvaret for gjennomføringa av intensjonsavtalen, mens departementet leier næringslivsgruppa som er øvste organ i organiseringa av avtalen.
Evaluering av avtalen
Forskningsinstitusjonen Fafo evaluerte arbeidet med intensjonsavtalen (fafo.no) fram til utgangen av 2021. Evalueringa viste at aktørane har definert kosthaldsarbeidet som eit av sine strategiske mål i ein eller annan form, og at intensjonsavtalen gir draghjelp og retning til dette arbeidet.
Dei mest nytta tiltaka blant bedriftene var endringar av samansetninga til produkt, samt utvikling av nye produkt og marknadsføringstiltak.
FHI gjorde ei ny evaluering opp (fhi.no) mot dei kvantitative måla i avtalen i 2025. Evalueringa viser at målsettinga om auka omsetnad av nøkkelholsprodukt er nådd, og at det er ei positiv utvikling for salt med gradvis reduksjon av saltinnhald innanfor nokre viktige matvarekategoriar, mellom anna i kategoriane brød, ost, kjøttprodukt og sausar.
Elles er det låg måloppnåing for måla innan totalt forbruk av salt, tilsett sukker, metta feitt og #MeirAv-mat (frukt, bær, grønsaker, grove kornprodukt og sjømat), med få eller ingen positive endringar. I nokre tilfelle er endringane negative i dei aktuelle parameterane frå 2015 til 2023/2024.
Det kan vere fleire årsaker til at måla ikkje er nådd. Dei var i utganspunktet ganske ambisiøse. I tillegg kan parallelle hendingar i samfunnet ha påverka forbruket av salt, tilsett sukker, metta feitt, samt #MeirAv-mat i avtaleperioden, noko som gjer det utfordrande å anslå kva effektar avtalen har hatt. Til dømes har maten blitt dyrare, særleg #MeirAv-maten, og matsvinnet har gått ned i perioden.
Intensjonsavtalen sine utmerkingar
For å heidre dei som gjer ein særleg innsats for å utvikle sunnare matprodukt og oppfordre forbrukarane til å velje sunnare matvanar, oppretta helse- og omsorgsministeren i 2020 to utmerkingar for godt arbeid i medhald av intensjonsavtalen:
- Intensjonsavtalens utmerking for sunnare produkt
- Intensjonsavtalens utmerking for sunnare marknadsføring
Utmerkingane for 2025 blei delt ut 28. januar 2026.
Fakta om næringslivsgruppa
Helse- og omsorgsministeren etablerte i 2014 ei næringslivsgruppe på matområdet. Næringslivsgruppa består av aktørar frå matvarebransjen.
Hovudmålet med arbeidet er å gjere det enklare for forbrukar å velje sunt. Dette inneber å redusere inntaket av tilsett sukker, salt og metta feitt, samt auke inntaket av frukt og bær, grønsaker, grove kornvarer og fisk.
Som ei oppfølging av næringslivsgruppa, inngjekk Helse- og omsorgsdepartementet og matvarebransjen i 2016 ein intensjonsavtale for å samarbeide om betre kosthald. Hensikta var å gjere arbeid initiert av gruppa meir heilskapleg og føreseieleg.
I 2018 blei avtalen utvida slik at den også inkluderer serveringsbransjen. Ei rekke aktørar frå kiosk, bensinstasjonar og øvrig serveringsbransje har også underteikna avtalen. I underkant av 100 aktørar er no tilknytt intensjonsavtalen. Avtalen (helsedirektoratet.no) utløp i 2025, men det går no føre seg arbeid for å revidere den.