Folkehelselova
Artikkel | Sist oppdatert: 26.09.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova) trådde i kraft 1. januar 2012. Revidert lov trer i kraft 1. januar 2026. Folkehelseloven skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, inkludert å jamne ut sosiale helseforskjellar.
Folkehelselova (lovdata.no) fastset at folkehelse er eit ansvar i alle sektorar, ikkje berre i helsesektoren, og på alle forvaltningsnivå, dvs. kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova gir heimel til å fastsette krav til verksemder om forhold med betydning for befolkninga si helse (miljøretta helsevern), og gi kommunar verkemiddel som til dømes stansing og retting mv. overfor verksemder.
Folkehelselova bygger på fem grunnleggande prinsipp for folkehelsearbeidet:
- prinsippa om å jamne ut sosiale helseforskjellar
- helse i alt vi gjer (Health in All Policies)
- berekraftig utvikling
- føre-var
- medverknad
Langsiktig og systematisk innsats
Lova set krav til politisk forankring av folkehelsearbeidet og for ein langsiktig og systematisk innsats. Kommunar og fylkeskommunar skal fremme helse innan dei oppgåvene og med dei verkemidla dei er tillagt.
Eit systematisk folkehelsearbeid inneber at kommunar og fylkeskommunar skal ha oversikt over helsetilstanden til befolkninga i sin kommune/sitt fylke og dei faktorane som påverkar helsetilstanden. Denne kunnskapen og identifiserte folkehelseutfordringar skal bli lagt til grunn i arbeidet med planstrategi og som grunnlag for fastsetting av mål og strategiar gjennom kommuneplanarbeidet.
Lova bygger på, og er samordna med plan- og bygningslova (lovdata.no) som er det generelle regelverket for å fremme berekraftig utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar. Kommunen skal setje i verk nødvendige tiltak for å møte folkehelseutfordringane.
Skal vurdere befolkninga si helse
Statlege myndigheiter skal i si verksemd vurdere konsekvensar for befolkninga si helse der det er relevant. Stortinget føresette i si innstilling om folkehelselova (stortinget.no) at statlege myndigheiter skal velje ein tilsvarande arbeidsform som er pålagt kommunane gjennom folkehelselova.
Statsforvaltarane og Helsedirektoratet skal vidare bidra til å setje i verk nasjonal politikk på folkehelseområdet, og vere pådrivarar for kunnskapsbasert folkehelsearbeid lokalt, regionalt og nasjonalt. Helsedirektoratet skal vidare utvikle nasjonale normer og standardar for godt folkehelsearbeid.
Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet sine roller
Folkehelseinstituttet har i oppgåve å forske, oppsummere og formidle kunnskap innan folkehelseområdet.
Helsedirektoratet skal gjere tilgjengeleg opplysningar om helsetilstand og påverkningsfaktorar som grunnlag for kommunane sine oversikter. Dette inneber at det kvart år blir utarbeidd folkehelseprofilar for kvar einskild kommune og fylkeskommune.
Helsedirektoratet har ansvar for å gi rettleiing til folkehelselova, mellom anna gjennom utvikling av nasjonale normer og standardar for godt folkehelsearbeid.
Dei viktigaste endringane i forslaget til revidert folkehelselov
- Kommunen sitt ansvar for folkehelse, som er spreidd fleire stader i dagens lov, blir samla i kapittel 2. Dette omfattar mellom anna at kommunen sitt ansvar innan miljøretta helsevern, som i dag står i kapittel 3, blir flytta og harmonisert med det øvrige folkehelsearbeidet.
- På bakgrunn av koronakommisjonen og utvalet sine rapportar blir beredskapsbestemmingane tydeleggjorde. Det inkluderer:
- enkelte føresegner som er i forskrift i dag blir flytta til lov
- krav til forsvarleg samfunnsmedisinsk beredskap, og
- krav til kompanserande tiltak, mellom anna for å beskytte sårbare grupper
- Det systematiske folkehelsearbeidet blir justert, mellom anna blir det stilt nye krav til at vurdering av oppfølgingsbehov, inkludert planbehov, inngår det i kommunale og fylkeskommunale grunnlaget for avgjerd
- Fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør blir utdypa gjennom ansvar for å tilrettelegge for forsking og utvikling, mellom anna evaluering av folkehelsearbeidet i kommunane.
- To nye omsyn blir løfta fram spesielt. Dette gjeld kravet om å vurdere omsynet til barn sitt beste, og å vurdere situasjonen for den samiske befolkninga.
- Staten får det same kravet som kommunar og fylkeskommunar om å beskytte, fremme og jamne ut helse i befolkninga. Forslaget inneheld krav til systematisk folkehelsearbeid for statlege helsemyndigheiter.