Risikofaktorar skal reduserast, og helsefremjande og førebyggjande tiltak skal styrkast.

Departementet har lansert ein nasjonal livskvalitetsstrategi, der målet er å jamne ut sosiale skilnader i livskvalitet og gje eit betre heilskapleg mål på samfunnsutviklinga, som speglar folket si oppleving av kva som er viktig for eit godt liv. 

Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033)

I juni 2023 la regjeringa fram ein ny opptrappingsplan for psykisk helse. Det overordna målet med planen er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at dei som treng psykisk helsehjelp skal få god og lett tilgjengeleg hjelp.

Gjennom opptrappingsplanen løftar regjeringa fram ulike helsefremjande og førebyggande tiltak som kan medverke til auka livskvalitet og betre helse gjennom heile livsløpet.

To av resultatmåla i planen er å redusere psykiske plager hjå barn og unge, og å redusere delen unge som blir uføre med bakgrunn i psykiske plager og lidingar. Regjeringa vil også auke kunnskap om psykisk helse og sette i verk tiltak for å førebygge einsemd. 

Kommunane skal ha eigarskap til psykisk helse

Mange kommunar rapporterer at psykisk helse er den største folkehelseutfordringa deira, og at dei manglar kunnskap om tiltak, verktøy og metodar dei kan ta i bruk.

God psykisk helse blir ikkje skapt i helsetenestene. Eit viktig strategisk mål vidare er derfor å sørge for at dei sektorane som har dei mest sentrale verkemidla for å fremje psykisk helse, også eig området.

Barnehagar, skular, arbeidsplassar, lokal- og nærmiljø er dei viktigaste arenaene for å fremje god psykisk helse. Program for folkehelsearbeid 2017–2027 (PDF) (hdir.no) skal bidra til at gode tiltak og verktøy blir utarbeidd og evaluerte.

Livsstil og psykisk helse påverkar kvarandre

Nokre av dei viktigaste risikofaktorane for ikkje-smittsame sjukdomar er:

  • røyking,
  • risikable alkoholvanar,
  • rusmisbruk,
  • kosthaldsfaktorar, og
  • for lite fysisk aktivitet

Alt dette kan påverke den psykiske helsa. For det meste er levevanar som er bra for fysisk helse også bra for psykisk helse.

I den grad levevanar blir påverka av psykisk helse, kan innsats retta mot psykisk helse vere eit viktig grep for å redusere nokre av dei viktigaste risikofaktorane for kroniske sjukdomar.

Faktorar som bidrar til livskvalitet

Høg livskvalitet heng saman med både betre fysisk helse og færre psykiske plager og lidingar.

Dette kjem mellom anna av at nokre av faktorane som bidrar til livskvalitet ser ut til å verne mot psykiske vanskar, til dømes alvorleg depresjon og angst- og depresjonsliknande plager. Å førebygge og redusere einsemd medverkar også til betre psykisk helse og livskvalitet i befolkninga.

Høg livskvalitet kan ein sjå på som ein viktig vernefaktor mot – heller enn ein motpol til – psykisk sjukdom.

Risiko- og vernefaktorar for å utvikle psykiske plager/lidingar

Hjå personar kan kjende risikofaktorar vere låg sjølvkjensle, helseskadeleg livsstil og manglande meistringsevne. På samfunnsnivå kan det vere sosial ulikskap, arbeidsløyse og marginalisering av enkelte grupper.

Vernefaktorar blir delte inn på same måte. For personar kan det vere individuelle meistringsressursar og positive temperamentstrekk.

På samfunns- og lokalmiljønivå kan det vere samfunn prega av sosial integrasjon, gjensidig tillit, sosial støtte og samhald.

Det førebyggande arbeidet handlar om å redusere kjende risikofaktorar:

  • På samfunnsnivå – som sosial ulikskap og varig ulikskap
  • På gruppenivå – som sosial isolasjon og mangel på støttande sosialt nettverk

Det handlar også om å styrke kjende vernefaktorar, som samfunn prega av tillit og sosial støtte, og lokalmiljø der ein kan utfalde seg og som er prega av sosial integrasjon.