Potensialet for å redusere skadeverknader av stråling er størst når det gjeld:

  • UV-stråling frå sola og solarium
  • Diagnostisk og terapeutisk bruk av stråling i helsesektoren
  • Radon-eksponering i bustadar, barnehagar og skular

Strålevernstrategien

Noreg har i 2025 etablert ein nasjonal strategi for strålevern og atomtryggleik.

Dette dokumentet skisserer på eit overordna nivå Noreg sine forpliktingar for strålevern og atomtryggleik.

Noreg si målsetting er å sikre at vi gjennomfører dei internasjonale forpliktingane vi har innan strålevern og atomtryggleik. Strategien viser til handlingsplanar og dokument som inneheld tiltak for å nå dette målet.

Radonstrategien

Noreg etablerte i 2025 også ein ny radonstrategi, som skal bli gjennomført i perioden 2025–2030.  

Strategien er eit verktøy for styring og koordinering av arbeidet med radon i fleire sektorar.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) skal halde fram med å koordinere strategiarbeidet gjennom den allereie etablerte tverrsektorielle koordineringsgruppa.

Atomberedskap

Noreg har i fleire år vore ein pådrivar i internasjonalt arbeid for atomsikkerheit, særleg overfor Russland.

Noreg har sidan før krigen i Ukraina starta i 2022 hatt eit tett samarbeid med Ukraina om atomberedskap. Den russiske invasjonen av Ukraina har sett atomtryggleiken under press.

Nokre stader i landet har styresmaktene mista kontrollen over radioaktivt materiale som ein direkte følge av okkupasjonen.

Bidrag til ukrainsk atomtryggleik

Noreg har gjennom mange år bidratt til å auke atomtryggleiken i Ukraina med midlar frå regjeringa si atomhandlingsplan, og med lanseringa av Nansen-planen auka denne støtta betydeleg.

I 2025 blei støtta til atomtryggleik auka med 350 millionar kroner gjennom Nansen-programmet.

Internasjonalt vil Direktoratet for strålevern og atomtryggleik vidareføre si leiande rolle i arbeidet med å styrke internasjonal atomberedskap.

Kriseutval for atomberedskap

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit leier Kriseutvalet for atomberedskap. Kriseutvalet er oppretta for å sikre at vi har kompetanse til å handtere atom- og stråleulukker, og for å sørgje for rask iverksetjing av tiltak for å verne liv, helse, miljø og andre viktige samfunnsinteresser.

Mandatet til Kriseutvalet for atomberedskap (lovdata.no) skildrar nærare oppgåvene og samansettinga til Kriseutvalet.

I tråd med den kongeleg resolusjonen har Kriseutvalet delegerte fullmakter i akuttfasen av ei atomhending. Dette betyr at Kriseutvalet i akuttfasen kan gi nødvendige pålegg til både statlege og kommunale organ, og private og offentlege verksemder for å sikre god handtering av atomhendingar.

Gjennomgang frå internasjonale ekspertar

På invitasjon frå den norske regjeringa gjennomførte eit lag på 20 internasjonale ekspertar frå det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) ein IRRS-gjennomgang i 2019.

IRRS (Integrated Regulatory Review Service)  er eit verktøy som IAEA har utvikla for å hjelpe medlemsland med å auke kvaliteten og effektiviteten på nasjonal infrastruktur og regelverk innan mellom anna atomtryggleik og strålevern.

I perioden 24. november til 1. desember 2025 kjem IAEA på ein oppfølgingsmisjon til Noreg for å vurdere kva status er på tilrådingane og forslaga frå IRRS-rapporten.