Erfaringane frå dei siste åra viser kor raskt ei lokal hending kan utvikle seg til ei verdsomspennande krise. Pandemiar, antibiotikaresistens, klimaendringar og krig og uro stiller nye krav til beredskapen.

Gjennom internasjonalt samarbeid kan Noreg:

  • få tidleg varsling om helsetrugsmål
  • dele kunnskap og samordne tiltak med andre land
  • overvake og analysere moglege kriser
  • tryggje tilgangen til viktige medisinar, vaksinar og medisinsk utstyr i kriser

Aktiv norsk deltaking

Noreg deltek aktivt i ei rekke internasjonale fora og samarbeidsordningar for å styrke helseberedskapen. Dette omfattar mellom anna samarbeid med Verdas helseorganisasjon (WHO), EU/EØS, Norden og NATO.

I Helseberedskapsmeldinga er seks prioriterte risiko- og sårbarheitsområde framheva:

  • samansette truslar og krig
  • digital tryggleik
  • forsyningstryggleik
  • pandemi og smittsame sjukdommar
  • trygg vassforsyning
  • atomhendingar som trugar liv og helse

For alle områda blir det understreka kor viktig internasjonalt samarbeid er for å førebyggje, oppdage og handtere hendingar.

EU/EØS

Helseberedskap og krisehandtering er eit nasjonalt ansvar for landa i EU/EØS-området. Det er likevel brei einigheit om behovet for samarbeid for å styrke helseberedskapen. Dette gjeld mellom anna konsultasjonar, varslingsordningar og standardiseringsarbeid for å kunne kommunisere og handtere ein krisesituasjon på tvers av landegrenser.

Noreg samarbeider tett med EU på helsefeltet, og dette samarbeidet er særleg viktig som eit resultat av at sårbarheitene vi står overfor i aukande grad er felles. Pandemien og krigen i Ukraina viser at Noreg ikkje kan møte desse sårbarheitene åleine.

Strategisk sjølvstende er eit hovudgrep, fordi vi treng betre kontroll over eigne råvarer og forsyningslinjer. Helseberedskapssamarbeidet i EU har utvikla seg i rekordfart sidan covid-19-pandemien trefte Europa.

Regjeringa forhandlar med EU om deltaking i EU sitt utvida helseberedskapssamarbeid. Under pandemien fekk vi god hjelp av EU. Når neste helsekrise oppstår, er det avgjerande at vi har ein avtale, som sikrar at vi er ein del av EU sin felles helseberedskap og krisemekanismar. Det er viktig at Noreg og vår befolkning er dekka når EU skaffar vaksinar, legemiddel og medisinsk utstyr under ei stor helsekrise.

Nordisk samarbeid om helseberedskap

Noreg deltek i eit nordisk samarbeid, regulert i Nordisk helseberedskapsavtale (lovdata.no) av 2002. Etter Nordisk helseberedskapsavtale pliktar dei nordiske landa så langt det er mogleg å:

  • yte kvarandre gjensidig assistanse i ein krisesituasjon
  • informere og konsultere kvarandre om tiltak som blir sette i verk i krisesituasjonar
  • fremje samarbeid ved å fjerne hindringar i nasjonale reglar mv.
  • samarbeide om erfaringsutveksling og kompetanseheving

Avtalen legg til rette for at landa kan etablere samarbeidsprosjekt, mellom anna om øvingar, innsats ved kriser i utlandet, pandemiberedskap, atomberedskap og veterinærberedskap.

Nordisk helseberedskapsgruppe (Svalbardgruppa) er eit samarbeidsorgan for oppfølging av avtalen. Leiarskapet går på rundgang mellom landa. Saker relaterte til avtalen blir rapportert til Nordisk ministerråd via ein embetsmannskomité.

Verdas helseorganisasjon (WHO)

Mange ulike aktørar samarbeider om global helseberedskap. Verdas helseorganisasjon (WHO) har ei leiande rolle. WHO set faglege standardar, samlar kunnskap og koordinerer arbeidet, slik at verda kan førebyggje og handtere helsekriser meir effektivt. I kriser og humanitære situasjonar tek WHO også del i det praktiske arbeidet.

For å unngå framtidige pandemiar må både enkeltland og verdssamfunnet bli betre til å førebyggje og handtere smittsame sjukdomar. Når ei helsekrise oppstår, er det den ordinære helsetenesta som har ansvaret for handteringa. Eit godt førebyggjande helsearbeid, ei solid helseteneste og tillit til helsestyresmaktene er avgjerande for beredskapen i kvart enkelt land.

Det internasjonale helsereglementet (IHR), som er WHO sitt internasjonale helsereglement, tredde i kraft i 2007. Reglementet gjeld ved smitteutbrot og andre alvorlege helsetrugsmål på tvers av landegrenser. Det gir retningslinjer for korleis landa og WHO skal handle, og forpliktar landa til å varsle kvarandre og samarbeide om smitteverntiltak. Reglementet skildrar kva tiltak medlemslanda kan setje i verk for å stanse smitte, inkludert avgrensingar på reiser, samferdsel og handel.

NATO

Sivil beredskap og eit motstandsdyktig samfunn er ein sentral del av NATO-pakta sin artikkel 3 (nato.int). Tanken er at sterke samfunn gjer det vanskelegare for ein motstandar å true eller angripe oss.

NATO stiller tre overordna krav til sivil beredskap:

  • nasjonale styresmakter må kunne fungere under kriser
  • befolkninga må få nødvendige tenester og kritiske samfunnsfunksjonar
  • det sivile samfunnet må kunne støtte militære operasjonar

Kvart medlemsland har sjølv ansvar for å byggje eit motstandsdyktig samfunn, samtidig som landa er forplikta til å støtte kvarandre.

Forventningar til sivil beredskap

NATO har definert sju grunnleggjande forventningar til sivil beredskap. Helse- og omsorgsdepartementet har hovudansvar for to av desse:

  • trygg forsyning av mat og drikkevatn
  • evne til å handtere mange skadde samtidig (masseskadar)

Noreg følgjer opp krava gjennom totalforsvaret. Det betyr at vi ikkje byggjer eigne, parallelle helsetenester berre for krigstid. I staden må den ordinære helsetenesta planleggje og øve for å kunne handtere kriser og krig.

Norske helsestyresmakter deltek i NATO si helsegruppe (Joint Health Group) og følgjer opp planar som Medical Action Plan. Samarbeidet mellom den sivile helsetenesta og Forsvaret blir særleg følgt opp i Utvalet for sivilt-militært helseberedskapsamarbeid.

Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA)

Det internasjonale atomenergibyrået (iaea.org) er sentrale i internasjonal handtering av atomhendingar, og relasjonane mellom ulike FN-organ (IAEA, OCHA, WMO, WHO), EU og NATO.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (dsa.no) er norsk kontaktpunkt for IAEA-konvensjonane om tidleg varsling og assistanse.