Nasjonal helseberedskapsplan

Den nasjonale helseberedskapsplanen er det overordna rammeverket for helse- og omsorgssektoren si førebygging og handtering av alle typar kriser og katastrofar. Helseberedskapsplanen bygger på Helseberedskapsmeldinga frå 2023.

Planen skildrar prinsipp, rammer, regelverk og ressursar. Den omtalar ansvar, organisering og oppgåvefordeling, og det blir lagt vekt på betydninga av å ha oversikt over verdiar og sårbarheiter.

Ansvarsforhold og rutinar

Avklarte ansvarsforhold, tydelege varslings- og rapporteringsrutinar og god samhandling mellom aktørane ved kriser er særleg viktig. Det inkluderer samverke med andre sektorar, både sivile og Forsvaret. For at samverke skal fungere når hendinga inntreff, må aktørane vere førebudde.

Alle verksemdene i helse- og omsorgssektoren har ansvar for å koordinere eigne førebuingar med samarbeidspartnarane sine, slik at alle aktørane kan ivareta si rolle og sitt ansvar i godt samverke med dei andre aktørane i eigen og andre sektorar.

Planen skal bidra til å styrke sektorens evne til å handtere kriser, sikre grunnleggjande funksjonar som mellom anna helse og omsorg, trygg vassforsyning og atomberedskap, bistå og vere førebudd ved krig og skape føreseielegheit både for ansvarlege myndigheiter, beredskapsansvarlege og i befolkninga.

Verdiar og sårbarheiter

Planen skildrar prinsipp, rammer, regelverk og ressursar. Den omtalar ansvar, organisering og oppgåvefordeling, og det blir lagt vekt på betydninga av å ha oversikt over verdiar og sårbarheiter. Det blir framheva at planverk inngår i eit planhierarki og at øvingar blir følgde opp og bidrar til læring.

Betydninga av samarbeid innanfor helse- og omsorgssektoren, mellom sektorar i Noreg og internasjonalt blir vektlagt.

I Helseberedskapsmeldinga lanserte regjeringa ein ny modell for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i helse- og omsorgssektoren med eit Helseberedskapsråd, utval på særskilte risikoområde, helseberedskapssekretariat i departementet og ekspertutval som kan bli sett ned i samband med kriser. Denne innretninga er nærare omtalt i planen.

I tillegg er følgande forhold vektlagt i denne revisjonen:

  • Endra ansvars- og arbeidsdeling mellom verksemdene i helseforvaltninga, inkludert den utvida rolla til Direktoratet for medisinske produkt
  • Behovet for samarbeid, koordinering, fleksibilitet og prioritering
  • Omsynet til sårbare grupper, inkludert barns beste
  • Næringslivet og frivillig sektors rolle og betydning
  • Kommunikasjon og kunnskapsberedskap

Samhandling internasjonalt

Fleire kriser og katastrofar er internasjonale. Dei norske helsemyndigheitene si samhandling med internasjonale aktørar om beredskap er derfor også omtalt i planen.

Dei omtalte aktørane skal ta utgangspunkt i denne planen når dei lagar beredskapsplanar for eigen krisehandtering.

Aktørane skal jamleg evaluere og oppdatere planane sine, og læring frå øvingar og hendingar bør bli innarbeida i planane gjennom eit systematisk forbetringsarbeid.

Fjerde utgåve

Dette er den fjerde utgåva av planen. Den første blei fastsett 31. januar 2007 som oppfølging av flodbølgekatastrofen i Sør-Aust-Asia jula 2004, mens den tredje versjonen blei fastsett 1. januar 2018 – mellom anna på bakgrunn av erfaringar med Ebola-utbrotet i Vest-Afrika i 2014, nye tryggingspolitiske rammevilkår etter Russlands annektering av Krim i 2014 og auka asylinnkomstar til Noreg i 2015–2016. 

Mykje har skjedd sidan 2018. Vi har vore gjennom ein verdsomspennande pandemi med omfattande samfunnskonsekvensar. Det er krig i Europa etter Russland sitt fullskala angrep på Ukraina i februar 2022, og situasjonen i Midtausten er meir spent enn på lenge etter krigen mellom Israel og Hamas sidan 7. oktober 2023.

Innan fleire område har sårbarheita i samfunnet kome tydelegare fram – klimaendringar, digitalisering, stormaktsrivalisering og avhengigheit av sårbare internasjonale forsyningslinjer er nokre stikkord. Samansette truslar med bruk av ulike verkemiddel der det også kan vere uklart kven som står bak, kan utfordre evna vår til å forstå og handtere situasjonen.

Internasjonale sårbarheiter og avhengigheiter

Samtidig har forståinga for internasjonale sårbarheiter og avhengigheiter auka, og det er ei felles oppfatning om behovet for sterkare vektlegging av motstandsdyktigheit, forsvar, samfunnstryggleik og beredskap.

Det gjeld ikkje minst innanfor helse- og omsorgssektoren. Kriser og uønskte hendingar har ikkje nødvendigvis sitt opphav i helse- og omsorgssektoren, men det er vanskeleg å sjå for seg ei alvorleg hending der sektoren overhovudet ikkje er involvert.

Sektorens evne til å mobilisere ressursar og prioritere innsatsane for å verne liv og helse i ei krisesituasjon kan bli sett under press.