Nasjonale tenester
Artikkel | Sist oppdatert: 19.03.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Nasjonale tenester er ei felles nemning for nasjonale behandlingstenester, fleirregionale behandlingstenester og nasjonale kompetansetenester i spesialisthelsetenesta.
Nasjonale tenester er etablerte for å sikre heilskapleg prioritering, rasjonell ressursutnytting på nasjonalt nivå og likeverdig tilgang til kompetanse og høgspesialisert behandling av god kvalitet for pasientane.
Nasjonale og fleirregionale behandlingstenester
Nasjonale og fleirregionale behandlingstenester tilbyr utgreiing og behandling av i hovudsak ei lita gruppe pasientar som har behov for høgspesialisert kompetanse eller bruk av spesialisert medisinsk utstyr. Ein nasjonal behandlingsteneste skal berre bli etablert ved eitt helseføretak i landet. Ei fleirregional behandlingsteneste er éin teneste lokalisert til to helseføretak i to ulike helseregionar.
Nasjonale behandlingstenester i spesialisthelsetenesta skal vere likeverdig tilgjengeleg uansett kor pasienten bur i landet.
Nasjonale kompetansetenester
Nasjonale kompetansetenester skal sikre nasjonal kompetanseoppbygging og kompetansespreiing innanfor sitt spesifiserte fagområde til ei definert målgruppe i helsetenesta.
Formålet er å sikre likeverdig tilgang til kompetanseoppbygging slik at tenesteytarar i heile landet kan ta kompetansen i bruk.
Nasjonale kompetansetenester skal ikkje drive pasientbehandling. Ei nasjonal kompetanseteneste kan enten ha funksjonen opplæring med ei verketid på fem år eller funksjonen kompetanseoppbygging med ei verketid på ti år.
Styringssystemet for nasjonale tenester
Styringssystemet for nasjonale tenester er etablert for å følge opp etablering, drift og avvikling av nasjonale tenester. Tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta er i stadig endring som følge av mellom anna den medisinske og teknologiske utviklinga.
Styringssystemet for nasjonale tenester må derfor vere dynamisk og sikre nasjonale tenester på område der det blir vurdert som fagleg nødvendig for å sikre pasientane likeverdig tilgang på spesialisert pasientbehandling av god kvalitet.
Helse- og omsorgsdepartementet fattar vedtak om etablering eller endring/avvikling av nasjonale tenester etter søknad frå dei regionale helseføretaka. Helsedirektoratet er fagleg rådgivar for departementet.
Rettleiar for nasjonale tenester
Nasjonale tenester er regulerte i eigen forskrift med heimel i spesialisthelsetenestelova. Regelverket inneber å kunne opprette, endre og avvikle nasjonale tenester, og det blir stilt krav til oppgåver og rapportering frå dei nasjonale tenestene.
Departementet har utarbeidd ein rettleiar som handlar om føresegna i kapittel 4 i forskrift nr. 1706 av 17. desember 2010 om godkjenning av sjukehus, bruk av nemninga universitetssjukehus og nasjonale tenester i spesialisthelsetenesta.
Rettleiaren blei publisert i desember 2023 og erstattar tidlegare utgitte rettleiarar.
- Rettleiaren Nasjonale tenester i spesialisthelsetenesten(PDF)
- Forskrift om krav til spesialisthelsetenester, godkjenning av nasjonale tenester i spesialisthelsetenesten og bruk av nemninga universitetssjukehus (lovdata.no)
Oppdatert utgåve i 2023
Rettleiaren som blei gitt ut i desember 2023 er oppdatert fordi Helse- og omsorgsdepartementet har oppheva forskrifta som delegerer myndigheit til Helsedirektoratet om å godkjenne nasjonale tenester.
Helse- og omsorgsdepartementet godkjenner nasjonale tenester frå 2024. I tillegg overtar dei regionale helseføretaka oppgåva Helsedirektoratet har hatt med å vurdere årsmeldingane til dei nasjonale tenestene.
Dei regionale helseføretaka har sidan 2021 styrkt sitt ansvar for etablering og drift av nasjonale tenester ved å etablere RHF-ane sitt servicemiljø for nasjonale tenester, nettverk og senter.
Servicemiljøet gir også støtte til nasjonale kompetansetenester som ved utløpet av funksjonstida er omorganiserte til nasjonalt kvalitet- og kompetansenettverk eller senter.
Rettleiaren gir utfyllande kommentarar til føresegnene i forskrifta og rettar seg mot dei som har ansvar for drift og oppfølging av nasjonale tenester i spesialisthelsetenesta, og dei som skal nytte forskrifta.
Dette omfattar Helsedirektoratet, regionale helseføretak, helseføretak og dei nasjonale tenestene. Rettleiaren inneheld også ei oversikt over roller og ansvar i styringa av nasjonale tenester.
Oversikt over nasjonale tjenester
Du finn ei oversikt over nasjonale tenester i spesialisthelsetenesten på Helsedirektoratet sin nettstad (helsedirektoratet.no). Kvar teneste utarbeidar årsrapportar.
For nærmare informasjon om søknadsprosessar, drift, rapportering osb. viser vi til dei regionale helseføretaka sine servicemiljø for nasjonale tenester, nettverk og senter (helse-vest.no).
Historikk - Fem-årig heilskapleg gjennomgang av nasjonale tenester
Helse- og omsorgsdepartementet gav oppdrag til dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet om å evaluere nasjonale behandlingstenester i 2017 og nasjonale kompetansetenester i 2018, i tråd med føringane i rettleiaren om heilskapleg gjennomgang.
På bakgrunn av gjennomgangen av nasjonale kompetansetenester såg Helse- og omsorgsdepartementet behov for å gjere endringar for å sikre eit meir dynamisk system i tråd med intensjonen.
Prosessen med å gjennomføre endringane hat gått over fleire år og blitt omtalt i dei årlege budsjettproposisjonane frå 2021 (kap. 732, post 78).