Planen er eit årleg vedlegg til statsbudsjettet som samanfattar kor langt Noreg har komme i arbeidet med å kutte klimagassutslepp, og kva tiltak som er planlagde for å nå klimamåla.

Planen blir også kalla «Grøn bok» og vart første gong lagt fram i 2022.

Dokumentet inneheld mellom anna

  • ei oversikt over Noregs utslepp fordelt på sektor
  • status for klimamåla – eit oppdatert overslag over korleis Noreg ligg an til å nå klimaforpliktingane som er melde inn under Parisavtalen
  • eventuelle forslag til nye tiltak og verkemiddel

Noregs klimamål for 2030 er å redusere klimagassutsleppa med minst 55 prosent samanlikna med 1990-nivå. Klimamålet for 2035 er å redusere klimagassutsleppa med minst 70–75 prosent samanlikna med 1990-nivå. For å få til dette må store delar av samfunnet omstillast. Begge måla er lovfesta i klimalova og melde inn til FN under Parisavtalen.

Klimastatus og -plan byggjer på tal frå mellom anna Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå (SSB). I tillegg til nasjonale utsleppskutt kan klimamåla for 2030 og 2035 nåast i samarbeid med EU. Dette inneber at Noreg deltek i EUs klimaregelverk, mellom anna EUs system for klimakvotar.