Det er fem bevaringsstrategiar for kulturmiljø:

Fire av bevaringsstrategiane er utarbeida av Klima- og miljødepartementet, basert på fagleg underlag frå Riksantikvaren. Strategiane omfattar tema som er uavhengig av type kulturmiljø og tidsperiode. Dei speglar òg geografisk, sosialt, etnisk og næringsmessig mangfald.

Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg er utarbeida av Barne- og familiedepartementet, i samarbeid med Klima- og miljødepartementet, sidan den både er ei oppfølging av kyrkjefeltet og kulturmiljøpolitikken. Det er oppretta eit Kyrkjebevaringsfond for å følgje opp denne strategien.

Samarbeid om kulturmiljø

Bevaringsstrategiane er utarbeida for å bidra til å nå dei tre nasjonale måla om engasjement, berekraft og mangfald, som vart lansert i Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold.

Strategiane legg til rette for samarbeid på tvers av sektorar og forvaltingsnivå.

Styringsverktøy for verkemiddelbruk

Bevaringsstrategiane gjev ei oversikt over prioritering av innsats og verkemiddel for forvalting av kulturmiljø, basert på utfordringsbilete innafor dei ulike temaa.

Strategiane vil vere eit sentralt styringsverktøy for verkemiddelbruken på kulturmiljøområdet framover. Strategiane løftar fram ulike typar verkemiddel, og skal legge til rette for å sjå desse i samanheng.

Riksantikvaren har ansvar for systematisk oppfølging og koordinering av bevaringsstrategiane.