Villaks
Artikkel | Sist oppdatert: 22.10.2025 | Klima- og miljødepartementet
Kjært barn har mange namn: villaks, luossa (nord-samisk), loese (sør-samisk), og lohi (kvensk) er alle namn på atlantisk laks (Salmo salar). Villaksen er ein av Noregs ansvarsartar og har gjennom tidene vore ein viktig del av både norsk, samisk og kvensk kulturhistorie. Han spelar ei viktig rolle i økosystema våre og har stor verdi både rekreasjonsmessig og økonomisk. Samstundes er villaksen utsett for ei rekkje menneskeskapte påverknader, og vart i 2021 raudlista som nær trua.
Frå slutten av 1970-talet har vi sett ein kraftig nedgang i bestandane av villaks på verdsbasis, men òg i Noreg. Det samla innsiget av laks til norske vassdrag er halvert samanlikna med nivået midt på 80-talet. Årsaka til dette er samansett. Dei norske bestandane av viltlevande laks representerer ein firedel av alle gjenlevande ville bestandar av arten. Vi har derfor eit ansvar for å ta vare på laksebestandane våre. Dette har vi forplikta oss til gjennom nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar – slik som konvensjonen om bevaring av laks i det nordlege Atlanterhavet, ordninga med nasjonale laksevassdrag og lakseelvar, og kvalitetsnorm for villaks.
Villaksens livssyklus – ei fascinerande reise
Villaks startar livet som eit lite, nedgrave egg på botnen av elva. Når egget klekkjer, livnærer lakseyngelen seg på ein plommesekk som er festa til magen. Etter at plommesekken er fortært, begynner yngelen å hente næring frå virvellause dyr, som små insekt som driv med vasstraumen.
Etter kvart utviklar lakseyngelen vertikale striper, kjende som parrmerke, langs sida. Når lakseparren har blitt stor nok, førebur han seg på ei næringsvandring gjennom ein prosess kalla smoltifisering.
Smoltifiseringa tilpassar laksen til livet i havet. Ein av dei viktigaste skilnadene mellom livet i ferskvatn og saltvatn er korleis omgjevnadene påverkar kroppen sin saltbalanse. I elva må lakseyngelen halde på alt saltet han får i seg gjennom maten, medan han i havet må kvitte seg med så mykje salt som mogleg. Under denne tilpassinga blir laksen meir straumlinjeforma og sølvblank – eigenskapar som gjer han godt rusta til å symje langt og unngå rovfisk i dei øvre vannmassane.
Når han er ferdig utvikla, vender laksesmolten nasen med vasstraumen og sym med elva ut mot havet.
Når villaksen nærmar seg kjønnsmoden, finn han vegen heim til si elv for å bidra til neste generasjon. Over tusenvis av år har dette ført til at villaksbestandane er tilpassa miljøet i si eiga elv, og det er store skilnader mellom laksebestandane i de ulike vassdraga - mellom anna i kroppsfasong.
Truslar mot villaksen
Villaksen blir utsett for mange menneskeskapte påverknader som følgje av livssyklusen sin, og er derfor i tilbakegang i store delar av utbreiingsområdet sitt – frå Kvitsjøen i Russland til grensa mellom Portugal og Spania i Eurasia, og frå Ungavabukta i Canada til Connecticut River i USA i Nord-Amerika.
I Noreg har vi over lang tid arbeidd systematisk for å avgrense menneskeleg påverknad på villaksen. I ferskvatn har vi kome langt, og påverknadene har stabilisert seg. Det er derfor i havet vi i dag finn dei største truslane mot villaksen. Vitskapeleg råd for lakseforvaltning har vurdert desse systematisk, og peikar på havbruksnæringa som den klart største trusselen. Den mest alvorlege påverknaden er lakselus under utvandringa frå elv til hav, tett følgt av genetisk innblanding frå rømt oppdrettslaks.
Lakselus finst naturleg i havet, og førekomsten har tradisjonelt følgt talet på laksefisk i fjordsystema. I ein naturleg situasjon ville dette gitt ein bølgetopp om sommaren, med høgare førekomstar av både lakselus og laksefisk, og bølgedal på vinteren. Den kraftige veksten i havbruksnæringa har ført til at store mengder oppdrettslaks står i fjordsystema heile året, noko som gir vedvarande høge nivå av lakselus. Konsekvensen er at vill laksesmolt som vandrar ut frå elvane kan få så store belastningar av lakselus at dei døyr. Éin av mekanismane bak dette er at lakselusa livnærer seg på slim og hud, noko som svekkjer fisken si barriere mot saltvatn og gjer det vanskeleg å regulere saltbalansen.
Genetisk innblanding frå rømt oppdrettslaks utgjer òg en stor trussel. I over 15 laksegenerasjonar har havbruksnæringa avla oppdrettslaks med eigenskapar som gir auka lønsemd – som rask vekst, korpulent kroppsform og redusert redslereaksjon. Desse eigenskapane er tilpassa eit miljø med ubegrensa mattilgang og fråvær av predatorar. Når oppdrettslaks reproduserer med villaks, kan slike eigenskapar overførast til villaksbestandane, noko som gjer dei meir sårbare for predasjon i næringsfattige elvar. Når oppdrettslaks, som er tilpassa livet i merdane, kryssar seg med villaks, som er tilpassa det varierte miljøet i elvane, blir villaksbestandane meir like oppdrettslaks – og òg meir like kvarandre. Dette reduserer det genetiske mangfaldet både innan og mellom bestandane, og gjer dei mindre tilpassingsdyktige i møte med klimaendringar.
Dei siste åra har òg stillehavslaksen, pukkellaks (Oncorhynchus gorbuscha), blitt rekna som ei trussel mot villaksbestandane. Pukkellaksen blei satt ut av Russland i elvar på Kolahalvøya, og har dei siste åra klart å etablere seg som ein sjølvreproduserande bestand. I Noreg finst det to bestandar av pukkellaks, ein som gyter i oddetalsår og ein som gyter i partallsår. Dette kjem av at pukkellaksen følgjer ein streng toårig livssyklus – der han døyr etter gyting. Det er oddetalsbestanden som har vakse eksponentielt dei siste åra. I dag blir pukkellaksen fjerna frå elvane gjennom feller ved elvemunningane, eller ved målretta notfiske. Det blir arbeidd med å utvikle metodar som tillèt målretta fangst av pukkellaks i sjøen.
Rammeverk for vern av villaks
Når dyr forflyttar seg over store avstandar – mellom landegrenser eller til internasjonale farvatn – er det ofte eit behov for internasjonalt samarbeid for berekraftig forvaltning av arten. Konvensjonen om bevaring av laks i det nordlege Atlanterhavet trådde i kraft i 1983 og regulerer fiske av laks i internasjonale farvatn med hovudmål om å verne og byggje opp att laksebestandane i regionen gjennom rasjonell forvaltning. I dag er Canada, Danmark (på vegner av Grønland og Færøyane), EU, Noreg, Russland og USA medlemmar av den nordatlantiske laksevernorganisasjonen.
Nasjonale laksevassdrag og laksefjordar blei oppretta etter vedtak i Stortinget i 2003 og 2007. Ordninga omfattar 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar som har fått særleg vern mot inngrep og aktivitetar i vassdrag og i nærliggande fjord- og kystområde. Dette inneber blant anna at det ikkje skal etablerast nye akvakulturanlegg for produksjon av laksefisk. Det er forbode å produsere matfisk og stamfisk i 14 av dei nasjonale laksefjordane.
Evalueringa av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar i 2018 viser at vernet har ein positiv effekt ved at den flyttar havbruksaktivteten lengre unna bestandane og slik reduserer negative effektar frå lakselus. Samstundes forsinkar vernet dei negative genetiske effektane av rømt oppdrettslaks på villaks.
I 2013 blei kvalitetsnorm for villaks vedteken med mål om å bidra til at viltlevande bestandar av laks blir tekne vare på og bygd opp att til ein storleik og samansetjing som sikrar mangfald innanfor arten og utnyttar laksens produksjons- og haustingsmoglegheiter. Norma har som mål at kvar enkelt laksebestand skal oppretthalde eller nå minst god kvalitet snarast mogleg.
Måloppnåinga blir vurdert av Vitskapeleg råd for lakseforvaltning i periodar på fire år. I strid med kvalitetsnorma har det ikkje vore ei forbetring i tilstanden til laksebestandane i tre periodar på rad. I førre periode (2015–2019) var det under 20 % av bestandane som nådde målet om minst god tilstand, og omlag 40 % av bestandane var i svært dårleg tilstand.